AKP-arkivet

"Kvalitetsreformen"

av Jan Erik Skretteberg

Innleiing om på Motmakt-konferansen på Blindern 29. mars 2003


Fleire artiklar om skole og forskning | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |

Den såkalla "kvalitetsreformen", som gradvis skal bli innført på universitet og høgskular innan haustsemesteret 2003, vart førebudd av Mjøs-utvalet og Stortingsmeldinga nr 27: Gjør din plikt - krev din rett. Eg vel å ikkje kalle reformen "kvalitetsreformen", då eg meiner at reformen ikkje er ein kvalitetsreform, men heller ein kvantitetsreform som er vorte til for å få flest mogleg studentar gjennom studia på kortast mogleg tid. Det er sjølvmotseiande å seie at studentane skal lære meir på kortare tid - utan at det blir løyva middel til at undervisninga skal bli betre, eller for den saka si skuld at studentane økonomisk skal bli heiltidsstudentar, altså at det skal vera mogleg for alle å leva på lån, eller helst stipend frå Lånekassa.

Alt i 2000 sa Kristin Clemet til Universitas, studentavisa på Blindern, at tilhøvet mellom universitetet og næringslivet er for dårleg, at forskarane ved universitetet var for arrogante, at dei set foten ned for eit tettare samarbeid mellom næringslivet og forskningsinstitusjonane. Kristin Clemet var nok nøgd med å ta over Trond Giskes reform, som båe to har auka graden av høgrepolitikk innanfor norsk utdanning.

Vidare viser Hans Geelmuyden, som ber den nye og fine tittelen kommunikasjonsrådgjevar, til at norske universitet vinn for få prisar utanlands. I Noreg er forskarane i følge denne mannen for lite resultatorienterte og sløser dessutan med midla dei rår over. Dette trur jeg de aller, aller fleste faglege tilsette her i salen er usamde i, dei opplever vel heller at dei i stor grad har for lite tid til å utvikle seg fagleg, og at det er vanskeleg å til dømes få middel til å kunne ta del på internasjonale seminar kor dei kan treffe og diskutere med dei forskarane som vinn internasjonale prisar.

Mellom dei beste universiteta i verda trekk Geelmuyden fram Harvard i Sambandsstatane og Oxford i Storbritannia. Vel, dette har Geelmuyden høgst sannsynleg rett i, men det som ikkje blir nemnd, er at både Storbritannia og Sambandsstatane er fullt av dårlegare universitet med dårlege tilhøve for dei tilsette, utdanningsinstitusjonar som ikkje lukkast i kampen om reklamekronene (eller -punda og -dollarane). Staten ber færre og færre av dei kostnadene til universitetsforskning som dei tidlegare har bore. I staden er det maknadskreftene som rår. Kampen om pengane er hard, og dei studia som næringslivet (i augneblinken) ikkje er tent med, må li for det. Næringslivet krev representasjon i styre og stell (kvar frå kjem dei eksterne representantane ved Universitetet i Oslo? Nettopp, NHO-topp Paul Chaffey), dei krev sine reklamelogoar synlege i studentane sin kvardag, dei krev annonsar i lærebøker og eineretten på ein del forskning osb. Ein klok mann som heiter Knut Kjelstadli, professor i historie her på Blindern, skildrar dei same tilhøva i Australia, der systemkritikarar som han sjølv får problem med å gje ut bøker og til dømes misser kontorplassen sin av di over helvta av dei midla universitetet rår over, er gjeve frå det private næringslivet. Desse set naturlegvis harde vilkår for kva som skal skrivast og ikkje minst for kva som skal gjevast ut.

Den internasjonaliseringa, som er det honnørordet reformvenene nyttar på dette, vil koma i stor stil. Eg reknar med sjølv som ein ganske progressiv gut og ser sjølvsagt positivt på at vi i Noreg blir betre kjend med andre kulturar og at vi blir betre i språk og sånn, men denne internasjonaliseringa peiker i den leia at det blir straumlineforming og einsretting etter ein EU/Sambandsstatane-lest. På same viset som med all anna arbeidskraft, har kapitalen det målet at også akademikarar skal flyte fritt og uhindra på den frie marknaden. Difor blir det vestleg kultur og vestlege språk som vi kjem til å bli endå betre kjend med, særleg frå den angloamerikanske verda, sjølvsagt.

Vel, korsom er så vil den frie flyten av akademikarar syte for at ein får A- og B-universitet, sånn som i andre land, særleg i den engelsktalande verda. Dette vil skje av di arbeidskrafta forsvinn din kor ein blir betald best. Ikkje sånn å forstå at alle akademikarar heile tida går etter pengar, men av di det faktisk er sånn i dag at ein ikkje tener så fordømt godt at ein kan velje og vrake utan å ta omsyn til løn som akademikar. For å bli akademikar må ein studere i mange år slik at studiegjelda berre ballar på seg, og Oslo er ikkje akkurat den rimelegaste byen å busetja seg i. Undersøkjingar av Geir Høgset ved Universitetet i Oslo syner at ein tener like mykje som stipendiat i Wien som om ein er professor i Oslo. Det er klårt at det lokkar i ein situasjon gjerne før ein er bunde opp av ungar, huslån og det som verre er. Med fri flyt av akademikarar fråskriv staten (høgreregjeringa) seg ansvaret for full sysselsetnad av akademikarar. Så eg veit ikkje om det stemmer at "dette blir tidenes stode utdanningsreform, det blir store og dramatiske endringer, men de er sårt etterlengtede", som Kamil Azhar sa til Dagbladet 14. august 2002.

NSU har hylla denne reformen utan reservasjon. Reformen blir kalla for studentanes reform og Giske som studentanes helt. Visst er ikkje universitetet perfekt pr i dag, og eg kunne ynskje meg store endringar i norsk utdanningspolitikk sånn som han er i dag. Dei siste åra har tilhøva ved universitetet vortne dårlegare. Sidan eg byrja som student hausten 2000 er det såpass at det faktisk er merkbart. Det manglar ljos og kritt i undervisningsromma, dørene vil ikkje halde seg igjen, lesesalplassar blir stengde utan at det blir oppretta noko tilsvarande tilbod, med det som resultat at studentane må stå i kø og vente på lesesalplass om dei då ikkje tek til takke med ein plass i sofaen. Det same skjer med tilgangen på datamaskiner. Det meste av dagen er det kamp om å få bruke PD-ane på HF-fakultetet, og ein er heldig om skrivarane fungerer sånn nokonlunde. Samstudes legg ein på semesteravgifta med ein tiar i ny og ne, og den nyaste avgifta er ei kopiavgift på 200 kroner frå neste semester. Avgifta er lik for alle, uavhengig av kor mange kopiar ein tek i mot i løpet av året. Ein minskar studentrabattane (med unnatak for på kollektivtransporten, det skal NSU, men også Natur og Ungdom ha kjemperos for) på det meste, og husleiga for ein samskipnadshybel byrjar å nærme seg den private marknaden. Det er tragisk i oljelandet Noreg, som ein ville sagt på TV2.

Dei mange småfaga, særleg på HF-fakultetet, vil merke reformen hardt, og mest sannsynleg vil mange bli truga av nedleggjing. Dei siste fem åra har mange fag, særleg små språkfag vortne hardast råma av kutta, og dei afrikanske språka som vart tilbodne, vart skore vekk, i likskap med finsk og samisk, to språk som talast innanfor landet sine grenser. Dei baltiske språka, som talast i land vi driv meir og meir handel med, er også kutta vekk. Mange studentar ville desse faga aldri hatt, men dette er likevel kompetanse landet har bruk for. Døme: Kva skulle ein gjort i norske media i 1992 om ein ikkje hadde Svein Mønnesland (professor i bosnisk/kroatisk/serbisk ved Universitetet i Oslo) tilgjengeleg når krigane braut ut på Balkan i 1992?

Denne sparepolitikken vart gjennomført for at universitetet skulle tryggje pengar til forskning (det sa i alle høve Even Hovdhaugen, dåverande dekan ved HF-fakultetet, og det er ein mann ein kan høyre på), og det er neppe det siste åtaket ein kjem til å sjå på det mangfaldet og faglege breidda som Universitetet i Oslo faktisk tilbyr. Etter kvart som det indre sjølvstyret aukar og styresmaktene kjenner seg mindre og mindre forplikta til å stø høgare utdanning, vil etter alle solemerke fleire fag - og forskningsmiljø forsvinne. Dette er av di private aktørar snik seg inn litt etter litt for å finansiere forskninga og studia i Noreg etter sine interesser. Då forsvinn småfaga. Dessutan lammar det den frie forskninga; da forskarar ved Universitetet i Århus i Danmark fann ut at V6-tyggegummien ikkje motverker hol i tenna, så freista dei gje forskarane munnkorg.

Ein konsekvens av reformen, er at hovudfagsoppgåva forsvinn. Det er synd. Dette er det første høvet for mange til å prøve seg på sjølvstendig forskning, fordjuping i kjeldemateriale, vise den verkelege evna si til å jobbe sjølvstendig og å prøve og å feile (noko ein verkeleg lærer av). Dessutan er hovudfagsoppgåvene og den forskninga som blir gjort der, eit verkeleg tilskot til det vitskaplege arbeidet som blir gjort elles på instituttet. Mange blir kritiserte for å bruke for lang tid på hovudfaget. Denne kritikken kan nok bli opplevd som urettvis veldig ofte. Å skrive hovudfagsoppgåve kan nok vera vanskeleg., det tek tid å finne fram til kjeldene, ein må kanskje lære seg heilt nye ting undervegs (det er til dømes ikkje usannsynleg at ein som tek hovudfag i historie kan hende må setja seg ned og lære seg å lese gotisk skrift), ein er gjerne i etableringsfasa i livet med ektefelle og ungar og flytting osb. Å tilby hovudfag er ikkje ein kostnad, men ei investering. I Sverige, kor ein gjennomførte ein liknande reform for 30 år sidan, så har vegen fram mot doktorgrad nærast vorten sperra. Det har hatt noko å seie for forskninga. Det løner seg ikkje alltid å følgje svenskane, og i likskap med i spørsmålet om EU, så bør vi ikkje følgje dei her heller, men i staden stå som det litt rare landet langt mot nord.

Obligatorisk frammøte, mappeevaluering og deleksamenar støtt og stadig vil knyte studentane opp mot ein bestemt mal kor lærarane står i sentrum. Bortfallet av ekstern sensor kan fort føre til at karaktersnittet hamnar jamnt over det gamle for rett og slett å kunne tryggje middel til eige institutt. Gode resultat og eit jamnt gjennomsig av studentar er nemleg eit kriterium for å sikre seg offentlege løyvingar. Dette fråtek studentane den fridomen vi har i dag; i dag kan vi gå og koma som vi vil og er sjølv ansvarlege for eige læring. (Dette er forresten noko vi vart tuta øyra fulle med då vi gjekk på gymnaset.) Frametter skal altså 25-åringar bli notert fråver på. Skal kjærasten min skrive melding for meg når eg blir sjuk frametter?

Faga blir også moduliserte. Det kan faktisk ha noko føre seg, at det blir auka valfridom til å velje bort det som ein ikkje er så interessert i, men samstundes er dette å bryte med den heilskaplege tankegangen som har råda innanfor fagmiljøa tidlegare (altså at faga er sette saman ut frå ein heilskapleg synsvinkel, at studentane skal ha breidast mogleg kompetanse etter eit studium. Rune Slagstad kalla dette for "service-universitetet" i Klassekampen 14. september 2002 der yrkesinnretta kurs for kundene (dvs næringslivet) vinn fram). Ved ein høgskule i London tilbyr dei russisk. Her kan ein velje modulen "Aspect use in the perfect tense of the verb" (aspektbruk i fortid av verb). Kva med aspektval i dei to andre verbtidene i russisk? Skal det bli sånn i Noreg også? Skal modulane bli så små at dei blir heilt meiningslause?

Studiekontrakta er eit kapittel for seg sjølv. Fridom og fleksibilitet blir berre tomme ord i den samanhengen. Fagkombinasjon og progresjon skal avtalast med student og studiestad på førehand, og avtalen er bindande. Det må då tyde innskrenkinga av fridom?

Sjølvsagt er det rett at mange studenter i dag opplever mangel på oppfølging på mange fag. Eg som bulgarskstudent kan ikkje klage på maglande oppfølging, medan folk på til dømes sosialantropologi nok kan kjenne seg usynleggjorte. Mappeevaluering kan sjølvsagt vera ein del av ei løysing på det. Dagens eksamensordning er langt frå ideell, eg er sterkt i mot at dagsform skal vera avgjerande for karakteren, men prisen for mappeevaluering vil vera at mange studentear må velje bort høvet til i kortare periodar å nytte tida si på til dømes politikk, sport eller kultur. Det er frå før av nok klaging på at dagens ungdom tek for lite del i samfunnet dei lever i; med denne reformen blir høvet berre endå mindre. Ein annan pris ein må betale, er at fagkritikken mest sannsynleg vil forstumme. Kven tør vera fagkritisk når personen du retter kritikken mot, også skal setja karakteren?

Dei tilsette får også dårlegare arbeidsvilkår etter at reformen er gjennomført. Kven er tent med undervisarar som ikkje får tid til å forske, som ikkje får tid til å fordjupe seg i dei emna dei skal undervise i? Spør ein dei tilsette kva som går føre seg angåande reformen, så får ein høgst sannsynleg svaret at dei ikkje veit noko som helst. Dei tilsette har jobba med moduliseringa ubetalt. Dei har jobba ettermiddag etter ettermiddag. Det skulle ikkje forundre meg om nokon har jobba seg sjuke av det. Det er i alle høve sikkert at dette har gått utover studentane og den undervisninga dei har fått. Kort sagt er det på ein del fag for få tilsette som det er. Når reformen trer i kraft, vil ikkje forskarane få tid til å forske, rett og slett. Til slutt vil dette gå ut over studentane. Kven er for ein fagleg tilsett som ikkje har hatt sjansen til å fordjupe seg i det han skal undervise i? Det verkar på meg som om NSU av og til vil dei tilsette til livs. Dei tilsete skal undervise meir og følge kvar student tettare opp. I andre land, ved gode universitet, har ein lågare vitskapleg tilsette til å ta seg av dette; dette er gode arbeidsrøynsler for dei som ikkje er så bunde opp av forskning som professorar og amanuenar. At hovudfagsstudentar og stipendiatar skulle gjera dette i Noreg så lenge løyvingane ikkje er større enn det dei er i dag til høgare utdanning. Studentar og tilsette må sameinast i kampen mot reformen!

Gjennomføringa av reformen, og om reformen blir "vellukka", er korsom er avhengig av statens tilførsel av ressursar. Eg trur Kristin Clemet i likskap med høgrefolk flest drøymer om eit universitet som er sjølvfinansiert, dvs som finansierast gjennom støtte frå næringslivet, ei støtte universitetet stort sett aktivt må finne sjøl. Det offentlige og regjeringa sitter uansett med esset i ermet, statsbudsjettet. Fleire kritikarar av reformen seier at ho er pressa på ovanfrå, men at løyvingane er utilstrekkjelege. Bondevik IIs statsbodsjett gjev berre 220 millionar til gjennomføringa av reformen, det er 580 millionar for lite i høve til berekningane til Universitets- og høgskulerådet.

Eit anna resultat av reformen, er innføringa av bokstavkarakterar. Dette har dei prøvd på juss i fleire år, og der er dei ikkje nøgde, rett og slett av di karakterskalen er unyansert. At ein har nyanserte talkarakterar i Noreg er ikkje noko problem, jamvel om det skil seg ut i internasjonal målestokk. På alle universitet sit det internasjonale koordinatorer som har god oversikt over korleis systemet er i ulike land. Å tru at desse folka ikkje veit korleis systemet er i Noreg, er ein slags form for nisseluementalitet. Vi er mange som nå får problem med utregninga av snittkarakterar. Eg fekk sjølv 2,3 på russisk grunnfag, og eg vonar å få minst B, kan hende A på russisk storfag. Vi søkte om å få dispensasjon til å få talkarakterar endå eit semester, men det nekta styresmaktene. Kva blir då snittkarakteren min? kva skil mellom ein B og ein A? På russisk sa dei at A vil vera meget sjelden, i likskap med dei utdaterte 1,6 og 1,7. På statsvitskap sa dei at A vil tilsvare 2,4 og oppover. Kva skjer eigentleg? Kvifor blir ikkje studentane orienterte?

Det viktigaste resultatet av reformen vil mest sannsynleg vera at den normerte studietida blir kortare. Kan verkeleg lengre semester veie opp for det? Dei fleste studentane er dessutan avhengig av å jobbe om sommaren for å kunne konsentrere seg om studia i studieåret. Når skal vi eigentleg ha ferie?

For oss som var til stades i går på opningsmøtet, så var det deilig å høyre Bernt Hagtvet snakke om sine visjonar for høgare utdanning. Jamvel om eg ikkje delte alle hans tankar, så var det godt å høyre nokon som har visjonar. Eg må vedgå at det er verkeleg noko av det som har mangla i ordskiftet, visjonar om korleis høgare utdanning i Noreg bør vera. Men likevel er det viktig å markere sin motstand mot endringane som kjem no, og dette er 5 korte, gode grunnar:

  1. Universitetet blir knytta tettare opp til næringslivet og marknadskreftene, mellom anna gjennom sterkt fokus på eksterne representantar i styre og stell som Paul Chaffey, eks-SV, no næringslivstopp. Desse folka set meir fokus på oppdragsforskning, effektivisering og vekttal/poengproduksjon.
  2. Når ein nyttar honnørordet "internasjonalisering", er det i røynda angloamerikanisering/EU-fisering det er snakk om. Studielengda, gradssystemet og karakterane er baserte på det såkalla ECTS-systemet (European Credit Transfer System) som EU og ERT (European Roundtable of Industrialists) støtter aktivt opp om. At ein har innført engelsk som språk på medisin, er ei skandale! Universitetet er ein kulturinstitusjon som skal halde den norske kulturarven i hevd!
  3. Små, ikkje veldig populære fag vil bli truga av nedleggjing, anten dei er små over ein lengre periode eller er nede i ein "lågkonjunktur". Argumentet om kutte grovt i småfag (som til dømes nygresk og rumensk, dei baltiske språla og Afrika-forskning) i 1998 var som sagt for å frigjera middel til forskning. Fleire greiner innafor forskninga vil også lide under dette. Næringslivet avgjer.
  4. Alt vi høyrde om AFEL på gymnaset, blir berre svada. Den relativt store fridomen studentar har hatt til sjølv å leggja opp studia til no, vil forsvinne til fordel for ungdomsskulemetodar som tentamenar, innleveringar, osb. Ordninga med store eksamenar ved slutten av semesteret er heller ikkje ei super løysing, men tryggjar i alle høve den relative fridomen studentane har i dag.
  5. Folk som av ulike årsaker slit med å gjennomføre studiet på normert tid, vil tape økonomisk på det. Det kan vera mange ulike årsaker til dette. Det eine er at studentøkonomien i høgste grad er trang nok som han er, slik at folk må jobbe deltid ved sidan av studia, det andre er at mange studentar er i ei etableringsfase av livet kor dei kan hende får ungar osb, noko eg meiner er ein helt legitim grunn til å bruke lenger tid på studia og heller gjennomføre på skikkeleg vis.

Nei til marknadsstyring av høgare utdanning! Nei til effektivisering og auka press på studentane! Dette er ikkje studentane sin reform, det er kapitalen sin reform!


Fleire artiklar om skole og forskning | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP |

Til AKP si heimeside