AKP-arkivet

Den norske revolusjonen

av Leiv Olsen

Artikkelen er publisert i Klassekampen januar 2006


| Heimesida til AKP |

"Den revolution som Norges statsråd och stortinget gjort mot sin konung och sitt broderland, ... har gifvit mitt hjärta ett djupt, ja, ett oläkligt sår," skreiv kong Oscar 2. då unionen med Sverige blei oppløyst i 1905. 1883, då regjeringa hans blei stilt for riksrett, hadde han skrive at kongen ikkje plikta bøya seg for "revolutionära eller unionsfiendtlige syften". H.r.adv. Hansteen, medlem av riksretten, skreiv: "Det er harmeligt for ærlige Mænd som mig ... at skulle sidde som bisiddere i et saadant Revolutionstribunal." Feirar me hundreårsminnet for ein revolusjon?

Striden om parlamentarisme og union,1884-1905, var ein maktkamp mellom konge og embetsstat på den eine sida og eit folkevalt Storting på den andre. Då Stortinget i 1872 vedtok at regjeringa skulle møta i Stortinget, slik at folkevalde representantar kunne stilla dei til ansvar, blei det oppfatta som brot på maktfordelingsprinsippet i Grunnlova. Stortinget gjentok vedtaket i 1874, 1877 og 1880, alle tre gongene med likelydande tekst til ny grunnlovsbestemmelse. Kongen nekta kvar gong. 9. juni 1880 vedtok Stortinget at lova om regjeringas adgang til Stortinget var gjeldande grunnlov. Vedtaket starta ein fireårig krig mellom statsmaktene.

Utanfor Stortinget var det organisert bondevennsselskap; ildsjelane for folkehøgskolar og landsmål støtta opposisjonen, det same gjorde bedehusfolket og avholdsfolket, og mange handverkarforeningar, arbeidarforeningar og skyttarlag utvikla seg til støtteforeningar for folkepartiet. Sånn voks det fram ei mangslungen og ueinsarta, men svært pågåande, folkebevegelse til støtte for opposisjonens krav. Til slutt blei det stifta veljarforeningar, kalla Venstre; den fyrste i 1880, landsmøte januar 1884.

Eit nytt Storting skulle avgjera om regjeringa skulle stillast for riksrett. Stemmeretten var den gongen begrensa til menn med eigedom eller borgarbrev. Venstre fekk stykka ut verdilause jordstykke som blei selde for ein slikk og ingenting, slik at dei som kjøpte, fekk stemmerett. Desse blei forakteleg kalla "myrmenn". Med hjelp av myrmennene vann Venstre ein knusande valseier, og dermed makt til å stilla regjeringa for riksrett: fleirtal både i påtalemakta (Odelstinget) og domstolen (Lagtinget i lag med Høgsterett). Då dommen til slutt fall, stemte alle høgsterettsdommarar for frifinning og alle lagtingsmedlemmer for domfelling. Dommen var politikk, ikkje jus.

Retten blei sett april 1883 og arbeidde i tre kvart år. Under opptakten til riksrett vakla kongen mellom tankar på statskupp og kompromiss. Ein anonym skribent i det norske Morgenblad (17.10.1882) og ein svensk brosjyre utgitt av pseudonymet Marcellus hadde oppfordra til statskupp. Stod Stortinget på sitt, og ville dømma regjeringa, måtte Stortinget oppløysast med makt. Kongen fekk den norske statsministeren med på planane.

I denne situasjonen blei dei uavhengige folkevæpningssamlaga danna. Folket sjølv skulle væpna seg og danna ein folkehær! Dette var demokratiske organisasjonar med valde leiarar; alle medlemmer hadde stemmerett, og snart blei også kvinnene med - elles uhøyrt i dei tider. "Rifleringen" blei dei kalla; med dei skulle folket verna friheten og fedrelandet mot kongen, og mot statskupplanane. Bjørnson dikta ein marseillaise til denne "rifleringen":

Gamlingen paa Thinget
skal faa stemme trygt og kjækt
bagom Rifleringe
af den unge Slægt

(frå "Opsang til de norske Skytterlag", oktober 1881)

Fellesstyret i samlaga vedtok august 1883 å gripa til våpen om det blei nødvendig for å forsvara forfatninga mot angrep frå regjeringa. Så gjekk det ut eit opprop frå Rifleringen: "Giv - Akt! Riflerne i Halv-Spænd! Begaas Statskup saa: Kreds om Stortinget! og Giv - Fyr! paa Fædrelandsforræderne!!!"

Riksrettsdommen fall i februar 1884. Regjeringa blei dømd. Etter eit kort mellomspel valde kongen å bita i det sure eplet og be Venstre-leiaren Sverdrup danna ny regjering. Men dommen innførte ikkje parlamentarisme. Riksretten slo bare fast at det var ulovleg av regjeringa å nekta å møta for Stortinget. Dommen blei eit vendepunkt i kampen mellom statsmaktene, men det var utviklinga i åra som følgde som sikra parlamentarismens seier: Fyrst ved at den konservative opposisjonen, Høgre, felte Sverdrup ved eit mistillitsvedtak i Stortinget i 1889, deretter ved at den nye, konservative regjeringa sjølv stilte kabinettspørsmål i 1891, og gjekk av, då den fekk fleirtalet imot seg. Dermed hadde Høgre godtatt parlamentarismen i praksis. Den endelege seieren for parlamentarismen kom i 1905, då Stortinget gjekk så langt at dei avsette kongen.

Den parlamentariske staten opphever unionen

Den folkelege bevegelsen blei splitta straks den hadde seira. Bedehusfolket braut ut som Moderate Venstre, radikalarane samla seg i det Rene Venstre og gjekk til angrep på unionen med krav om eigen norsk utanriksminister.

I den svensk-norske unionen hadde kvart rike eiga regjering, lovverk og nasjonalforsamling. Og kvart sitt forsvar! Bare konge og utanriksvesen var felles. Fekk Norge eigen utanriksminister, kunne unionen falla frå kvarandre. Venstre danna regjering, men nøydde seg med å kreva eigne konsular for å ta seg av norske interesser i utanrikshandelen. Kravet blei vedtatt av Stortinget både i 1892 og 1893; kongen la ned veto kvar gong. Venstre ville ikkje vika, og Sverige truga med invasjon. Krisa glei over 7. juni 1895 då Venstre slo retrett. Krav blei avløyst av forhandlingar.

Men dei gravla ikkje konsulatsaka. No rusta dei opp det norske forsvaret, med moderne fregattar, forbetra festningsverk og nye sperrefort. Stortinget oppretta Det frivillige Skyttervesen ved å legga skyttarlaga frå den kongetru "Centralforeningen for Udbredelse av Legemsøvelser og Vaabenbrug" inn under dei radikale Folkevæpningssamlaga. Desse blei trente i geriljakrigføring for å kunna seinka ei eventuell svensk framrykking. I tillegg blei stemmeretten utvida til alle vaksne menn. Slik mobiliserte ein massestøtte til den norske sjølvstendetanken, som hadde stått sterkt i heile hundreåret.

Det var på denne tida industrialiseringa slo gjennom i Norge. Ein snøgt veksande og radikal arbeidarbevegelse danna i 1899 Arbeidernes Faglige Landsorganisasjon (LO). Bergens-redaren Christian Michelsen tok til orde for at dei borgarlege måtte samla seg for å møta den nye faren - arbeidarbevegelsen. Unionsstriden måtte ut av verda.

Høgre og Venstre gjekk saman i regjeringa Michelsen. 7. juni 1905, på dagen 10 år etter den ærelause retretten, og idet regjeringa Michelsen offisielt gjekk av, la den fram ei utsegn som vel er det merkelegaste Stortinget nokon gong har vedtatt:

Da statsraadets samtlige medlemmer har nedlagt sine embeder, da Hans Majestæt kongen har erklæret sig ude af stand til at skaffe landet en ny regjering, og da den konstitutionelle kongemagt saaledes er traadt ud af virksomhed, bemyndiger storthinget medlemmerne af det idag aftraadte statsraad til indtil videre som den norske regjering at udøve den kongen tillagte myndighed i overensstemmelse med Norges riges grundlov og gjældende love - med de ændringer, som nødvendiggjøres derved, at foreningen med Sverige under en konge er opløst som følge af, at kongen har ophørt at fungere som norsk konge.

Ettertida har karakterisert dette som at unionen blei oppløyst i ei bisetning. Logikken var: Regjeringa går av. Ingen vil danna ny regjering. Utan regjering er kongen ikkje lenger konge (!). Men står landet utan konge, må andre ta ansvaret, derfor oppnemner Stortinget den avgåtte regjeringa som ny regjering (!). Realiteten var at regjeringa slett ikkje gjekk av, men tvert om heldt fram, no oppnemnt av Stortinget! Samtidig som regjering og Storting tok seg rett til å avsetta kongen. Oscar 2. hadde all grunn til å karakterisera vedtaket som revolusjon.

Deretter blei dei mest omfattande grunnlovsendringane sidan 1814 vedtatt - etter få timars behandling. Klart i strid med grunnlovas prosedyrekrav, men paragrafar er bagatellar når den politiske viljen er til stades.

Regjeringa frykta svensk invasjon. 23.000 våpenføre menn blei sende som grensevaktar mot Sverige. 40.000 skyttarar i Det frivillige skyttervesenet førebudde seg på å operera mellom norske og svenske stillingar. Ville det bli krig?

8. juni var det antinorske demonstrasjonar i Stockholm, og fleire i dei neste vekene, med oppfordringar om å bruka våpenmakt for å slå ned den norske revolusjonen. Den svenske arbeidarbevegelsen sette inn motstøtet. Titusener marsjerte for fred i demonstrasjonar som socialdemokratane tok initiativet til: 2.000 i Gävle, 2.000 i Västerås, 1.000 i Södertälje, 1.500 i Karlstad, 500 i Sundsvall, 1.000 i Arboga, 2.000 i Uppsala, 10.000 i Göteborg, 8.000 i Stockholm! Dei tok luven av krigsopinionen.

Regjeringane forhandla i Karlstad. Eit svensk krav var folkeavstemning i Norge om unionen. Folkeavstemninga blei tillyst 13. august. 99,98 % av dei som hadde stemmerett, menn over 25 år, stemte "ja" til å oppløysa unionen - 368.392 mot 184. Kvinnene hadde lenge kjempa for at dei òg skulle få stemmerett. Fredrikke Marie Qvam tok initiativ til eit særskilt kvinneopprop til støtte for unionsoppløysinga, gjenomført på tjue dagar - mens kvinneeliten hadde ferie og bondekvinnene hadde travlaste tida i slåtta. Det kom inn heile 245.000 underskrifter!

Det blei ikkje krig. Forhandlarane i Karlstad blei einige om eit kompromiss, der Norge måtte riva nokre grensefestningar, mens Sverige godtok at Norge hadde trådd ut av unionen. I ettertid har denne unionsoppløysinga stått som eksempel på korleis brødrefolk kan løysa tvistar på fredeleg vis - om dei vil. Men korfor gjekk det slik?

Militært var Sverige overlegent, men det var ikkje opplagt at det svenske overtaket var stort nok. I tillegg ville dei møta motstand frå dei norske skyttarlaga, og dei måtte ta omsyn til krigsmotstanden i eigne rekker. Endeleg vitna den norske folkeavstemninga og kvinneoppropet om sterk og samstemt frihetsvilje i Norge. Den breie folkelege mobiliseringa, blant kvinner og menn i Norge, i dei norske skyttarlaga og i den svenske arbeidarbevegelsen, tvang dei svenske leiarane til å gi opp krigsplanane.

Den norske revolusjonen - for revolusjon var det - enda fredeleg. Men skal ein forstå korfor, må ein kjenna til engasjementet blant vanlege folk. Dette engasjementet er langt på veg radert ut frå historiebøkene. Rifleringen, skyttarlaga og krigsmotstanden i den svenske arbeidarbevegelsen er tidd ihel, dei forkludrar bildet av det generøse og fredelege borgarskapet. Alle som er opptatt av at historia fyrst og fremst er folkets historie, må sørga for at desse erfaringane ikkje blir gløymde.


Kjelder:


| Heimesida til AKP |

Til AKP si heimeside