AKP-arkivet

Når vart det radikalt å krevja lite?

av Magnhild Folkvord Oversikt over e-post-adresser

Trykt i Klassekampen 6. januar 1999.


Gå til indeksside for faglege artiklar | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP | Fagleg utval

"Det er ikke de som har de største kravene som oppnår mest," seier Torgny Hasås i innleiinga til sin kommentar i KK 8.12., og held fram: "Parolen om sekstimers arbeidsdag gjør det vanskeligere å oppnå en virkelig arbeidstidforkortelse."

Oppmoding om ikkje å krevja for mykje har vore framført av mang ein predikant som kunne argumentera for at den verkeleg lønna først kan ventast i det neste livet - og av ein og annan samarbeidsvennleg tillitsvald som har ønska å roa ned fagforeiningsmedlemmer. Men skal vi for alvor tru at dette er ei brukbar line for å oppnå noko i fagleg kamp? Skal det same brukast på lønnsoppgjera, blir meldinga: Vi må ikkje krevja for mange kroner i lønnstillegg, for da får vi kanskje ingenting. - Er det slike haldningar som har ført til det norsk fagrørsle trass alt har oppnådd fram til i dag?

Var det slik dei argumenterte dei som fekk hala 8-timarsdagen i land i 1918? Nei, faktisk ikkje. Tvertom brukte fagrørsla den gongen makta si til å seia at får vi ikkje 8-timarsdagen, så tar vi den!

Er det så ei vanleg usemje om kva som er rett taktikk i fagleg kamp dette handlar om? Eller er det noko særeige med kravet om 6-timarsdagen som gjer at både tillitsvalde og andre som elles ikkje er redde for å stilla offensive krav, ryggar tilbake for å fremja dette kravet?

Kvifor er det for eksempel slik at så ulike krav som lågare pensjonsalder, kortare dagleg arbeidstid og lengre ferie stadig skal setjast opp mot kvarandre? Når opplever vi elles å få spørsmål om vi ønsker å få ein hundrelapp eller om det passar betre med berre ein tikrone?

Dersom den femte ferieveka skulle takast ut i dagleg forkorta arbeidstid, ville det bli mindre enn ti minutt pr dag, medan reduksjon frå 7,5 til 6 timar pr dag betyr å forkorta arbeidsdagen med 20 prosent. Og dersom tilsvarande arbeidstidsforkorting skulle takast ut som ei senking av pensjonsalderen, måtte pensjonsalderen seinkast langt under 60 år. Sånn sett er det heilt rett at kravet om 6-timarsdagen er eit stort krav.

Det kan sjå ut til å ha vore ein genistrek frå arbeidsgivarsida å få sett dei ulike typar arbeidstidsforkortingar opp mot kvarandre. For det første kan diskusjonen om "kva som er viktigast" brukast til å utsetja alle krav, og til å splitta folk. Dei eldste (og makta i fagrørsla er framleis forvalta av eit fleirtall av menn godt over middagshøgda) og mest slitne ser ikkje monn i noko anna enn å seinka pensjonsalderen, dei yngre utan familieansvar vil heller ha meir ferie enn kortare dagleg arbeidstid, og kvinner med barn i skole- og førskolealder treng både kortare arbeidsdag og lengre ferie - og drøymer kanskje om seinka pensjonsalder ein gong i framtida. Fagrørsla har i stor monn kasta seg på utviklinga av ideologien om fleksibiliteten og livsfasane. Valfridom er løysinga. Men kor mykje hjelper det med valfridom, dersom det er tid vi har for lite av?

Kvifor er det så vanskeleg å samlast om at først må normalarbeidsdagen forkortast, og så kan vi diskutera korleis ein kan laga avtalar som gjer det mogleg å møta flest mogleg av dei ønska som finst? Kampen for 6-timarsdagen handlar ikkje at alle pendlarar skal tvingast til å arbeida 6 timar alle dagar, men om at alle skal få verdsett arbeidskrafta si så høgt at gjennomsnittleg 6 timars arbeid er nok til å få ei vanleg lønn. Tilpassa arbeidstidsordningar har eksistert i årevis, både for skiftarbeidarar, pendlarar og oljefolka i Nordsjøen. Men får vi innført 6-timarsdagen, vil alle desse også få kortare arbeidstid, anten dei no tar det ut på den eine eller andre måten.

Kva er det som gjer at når kvinnerørsla og kvinner i fagrørsla reiser kravet om 6-timarsdagen, ryggar fleirtalet av mannfolka tilbake og hamnar på arbeidsgivarane sine banehalvdel? Heldigvis er det fleire og fleire menn som gjennom å ta sin del av familieansvaret erfarer at 6-timarsdagen ville gjort livet enklare, men dessverre er dei enno altfor få. Kvifor er det ikkje fleire menn som er bekymra over kor godt "livsfase-ideologien" samsvarar med arbeidsgivarane sine aukande krav til fleksibilitet? Kor blir det av ryggmargsrefleksen som slår ut når dei tillitsvalde blir plagsamt einige med arbeidsgivarsida?

Er det allergiske reaksjonar på ordet "kvinnekrav"? Det skulle etter kvart vera vel kjent at fleirtalet av kvinnene er avhengige av andre arbeidstidsordningar enn det fleirtalet av mannfolk ser som tenlege. Er det problematisk å finna ut kva solidaritet i fagrørsla skal bety i arbeidstidsspørsmål?

"Borgerskapet hersker når mannen hersker litt," heiter eit kapitel i Kjersti Ericsson si bok Søstre, kamerater. Der seier ho m.a: "... kvinneundertrykkinga trekker den mannlige delen av det arbeidende folket inn i borgerskapets maktutøvelse." - Kva har det med 6-timarsdagskampen å gjera? Det har eg ikkje noko sikkert svar på. Det ville vore bra om vi kunne seia at det har ingen samanheng. Men eg er ikkje heilt sikker. Men skal vi til botns i denne diskusjonen, må vi også ta med i vurderinga at 6-timarsdag med full lønnskompensasjon vil bety ei omfordeling av makt og pengar mellom kvinner og menn. Dersom ikkje den samla fagrørsla maktar å kjempa til seg ein vesentleg større del av meirverdien, må det bli relativt mykje meir til kvinner enn til menn når lønna skal fordelast. Er det det ein del menn fryktar? Eller er det den konsekvensen at ei slik omfordeling vil føra til at mange kvinner vil bli noko meir økonomisk sjølvstendige enn dei er i dag?

Det kunne bli mange spennande diskusjonar av det dersom både menn og kvinner i fagrørsla våga å ta utgangspunkt i kjønnsmotseiinga i den vidare vurdering av strategi og taktikk for 6-timarsdagskampen.


Gå til indeksside for faglege artiklar | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP | Fagleg utval

Til AKP si heimeside