AKP-arkivet

Tarifforslaget for lærarane
- ei glideflukt bort frå kompetanselønn

av Leiv Olsen; arbeidsplastillitsvald i Utdanningsforbundet ved Øksnevad vidaregåande skole
og medlem av Stavanger AKP

14. juni 2004


Gå til indeksside for faglege artiklar | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP | Fagleg utval

Forslaget til nytt tarifforslag ser brukbart ut - i fyrste omgang. Det er lagt mykje pengar på bordet, og tilsynelatande har vi fått behalda kompetanselønnssystemet. Tilsynelatande. Det bør ringa ei klokke for folk når dei les forslaget nøyare, for der står det - heilt tydeleg - at dette er eit minstelønnssystem. Minstelønn og kompetanselønn er ikkje det same.

Kompetanselønn vil seia at du får lønn ut frå kva kompetanse du har, slik at to som har den same kompetansen, får den same lønna.

Minstelønn vil seia at du ut frå visse kriterium er garantert ei minstelønn, og så kan arbeidsgivar - ut frå andre kriterium - gir meir til nokre og ikkje til andre. Det betyr blant anna at to som ha nøyaktig lik kompetanse, ikkje treng få den same lønna.

Det nye tarifforslaget slår fast at ut frå kompetanse skal alle bli garantert ei minstelønn, men så kan arbeidsgivar vurdera trynet til den enkelte, og gi meir til den som dei liker best. Arbeidsgivar vil sjølvsagt ikkje bruka slike ord, dei skal vurdera kva for ein lærar som er "flinkast", mest "initiativrik" eller "iderik" eller andre honnørord som ærleg talt er umulig å måla med noko som kan kallast objektive kriterium.

I tillegg står det at den forma for kompetanselønn som er bygd inn i dette forslaget (og som bare sikrar ei minstelønn), bare gjeld inntil vidare - det blir nedsett eit partssamansett utval som skal komma med ny innstilling om kva lønnssystem lærarane skal ha i framtida, og den innstillinga skal vera klar innan 31. desember 2005. I god tid før neste tariffoppgjer. I verste fall kan vi få tredd ned over oss ein ny særavtale, med virkning frå 1. januar 2006, som avskaffar kompetanselønnssystemet alt før det nye tariffoppgjeret er i gang. I beste fall får vi ein ny, utmattande strid om kompetanselønn i samband med det neste tariffoppgjeret, bare med eit dårlegare utgangspunkt enn i dag - fordi vi då alt i to år har praktisert eit minstelønnssystem som sørger for å gi ulik lønn til folk med lik kompetanse.

Det å forsvara kompetanselønnssystemet var hovudutfordringa ved dette oppgjeret. Forhandlingane har ikkje makta dette, men tvert om laga eit opplegg som undergrev dagens ordning, og som fører til ei glideflukt bort frå kompetanselønn og over til minstelønn. Kommunenes Sentralforbund (KS) måtte nok legga ein del pengar på bordet, men det er bare kva dei må betala for å få gjennomslag for hjertesaka si: minstelønnssystem der personlege avlønningar og trynetillegg er ein del av systemet.

Dette forslaget er ei felle. Stem nei!


Gå til indeksside for faglege artiklar | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP | Fagleg utval

Til AKP si heimeside