Gå til indeksside for faglege artiklar | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP | Fagleg utval
For vel tre hundre år sia starta den danske slavehandelen som førte tusenvis av slavar frå Guinea-kysten til dei vestindiske øyene St Thomas, St Croix og St Jan. Fortenesta gjekk til danske borgarar og til den danske staten. Somme hadde nok litt problem med at det skulle drivast handel med menneske. Men kva er det ein har prestar og biskopar til? Biskop Erik Pontoppidan - ein av dei store åndelege fedrane i den tida - hjelpte til med å produsera den teologiske forankringa som trongst. Han tok utgangspunkt i at "Christendommens Aand ikke vel ville tillate at drive Kiøbmandskap med Mennisker skabte," og argumenterte seg raskt fram til at "de Guineiske Slavers Tilstand i deres eget Land er saa ganske elendig, at den aldrig kand blive meget elendigere. Følgelig meener jeg, at den Neger som derfra overføres til Vestindien, bliver langt mindre elendig." Meir skulle ikkje til, så var slavehandelen teologisk korrekt.
Kva har så ei slik innleiing med aktuelle faglegpolitiske tema å gjera?
Ein skal sjølvsagt vera varsam med å trekka drastiske parallellar. Slavehandelen med all sin råskap kan ikkje seiast å ha direkte parallellar i dagens Noreg. Om nokon av dei nolevande bispane måtte kjenna seg i slekt med salig Pontoppidan, er i og for seg heller ikkje spesielt interessant i vår samanheng.
Mitt spørsmål er om det er mogleg å trekka prinsippielle samanlikningar mellom slavehandel og forretningsmessig utleige av arbeidskraft. Slaveeigaren avgjorde lagnaden til slavane, han rådde over arbeidskrafta deira, og kunne selja dei vidare om han ville. Slaven hadde inga styring over kven han skulle arbeida for. Slaveeigaren hausta all inntekt av slaven sitt arbeid, medan slaven berre fekk knappe matrasjonar.
Den som driv utleige av arbeidskraft, gjer dette for å tena pengar, og den som arbeider for utleigefirmaet er avhengig av å te seg slik at alle er nøgde om det skal gå greitt å få nye oppdrag. T.d vil det ikkje vera lurt å bli sjuk, ha ungar som blir sjuke, eller å vera "vanskeleg" på anna vis. Av det oppdragsgivaren betaler for utført arbeid, går ein del til den utleigde og ein del til utleigefirmaet.
I Blaalid-utvalet si innstilling som vart lagt fram sist veke, ser vi ikkje berre at LO-representanten seier ja til alt NHO kan ønska seg av frislepp når det gjeld både formidling og utleige av arbeidskraft, men også at LO-representanten saman med YS og AF i ein særmerknad reknar med at styresmaktene skal leggja vilkåra til rette for at arbeidsmarknadsetaten skal etablera sitt eige vikarbyrå på line med private aktørar.
LO-representanten er altså ikkje berre på kollisjonskurs med det meste av fagrørsla i synet på formidlingsmonopolet og utleige, men ho går også inn for at staten skal starta eigen butikk for å konkurrera med dei private byråa. Dette samsvarar med arbeidsdirektøren sin visjon, men han har til no ikkje lyktest i å overtyda dei tilsette i etaten om at dette er rette vegen å gå.
Framlegget reiser ei lang rekke spørsmål om korleis eit statleg AS Vikarbyrå som skulle driva utleige - som er noko heilt anna enn den Vikartjenesten med gratis formidling som eksisterer i dag - i praksis skulle organiserast i forhold til dei tenestene A-etaten har ansvar for.
Men viktigare er det prinsippielle spørsmålet om kva det betyr at meir og meir av arbeidskrafta skal vera super-fleksibel arbeidskraft som ikkje skal få vera tilsett på vanleg vis hos arbeidsgivaren, som ikkje får høve til fagorganisering i lag med dei dei arbeider i lag med, som skal kunna flytta rundt på kort varsel, og som heile tida vil vera underlagt marknadskreftene sine krav til å vera flink, frisk og samarbeidsvillig for å vera sikker på ny jobb i neste runde. Og likevel måtta rekna med at det kan bli periodar utan arbeid innimellom, med tilsvarande redusert inntekt.
Fagorganiserte har lenge åtvara mot den aukande bruken av såkalla "mellombels tilsettingar". Paragraf 58A i arbeidsmiljølova set klare grenser for når mellombels tilsetting er lovleg, men det har vist seg at det ikkje på nokon måte stoppar vikarbyråa. Fiktive tilsettingsvilkår i vikarbyrået blir argument for å omgå arbeidsmiljølova - og når oppdraget er over, er vikaren like avhengig av dagpengar som andre arbeidslause.
Spørsmålet ein må venta at både LO-leiinga og arbeidsdirektøren svarar på, er da om det skal vera ei statleg oppgåve å starta eigen butikk for å skunda på denne utviklinga som på sikt gjer ein aukande del av arbeidsstyrken til lausarbeidarar. Eit statleg AS Vikarbyrå må tena pengar, i denne bransjen tener ein pengane på at oppdragsgivarane kjøper seg fri frå arbeidsgivaransvar, og dermed frå arbeidstakarane sin rett til fast tilsetting.
Arbeidsdirektøren har friskt tatt på seg eit pontoppidansk ansvar for den "teologiske" tilrettelegginga. Ein generell argumentasjon om at når marknaden vil ha utleige, må A-etaten vera "fullserviceleverandør", er kanskje ikkje så overraskande. Men han har også forklart at inntekta frå denne verksemda - som sjølvsagt ikkje har noko med slavehandel å gjera - kan støtta opp om resten av A-etaten sine aktivitetar når løyvingane frå statsbudsjettet ikkje strekk til. Vi ser fram til å få høyra korleis finansministeren vil velsigna dette framlegget.
Men med eller utan finansministeren si velsigning - for fagrørsla er dette uakseptabelt. Høringsfristen for Blaalid-utvalet si innstilling er tre månader. Kanskje bør det også gå nokre direkte meldingar til LO om korleis fagforeiningar og forbund ser på LO-representanten sine standpunkt i innstillinga?
Gå til indeksside for faglege artiklar | Hovudside kronikkarkiv | Heimesida til AKP | Fagleg utval