Til heimesida til Rødt!
Temaregister | Forfattarregister | Blad for blad | Heimesida til AKP

Religion og politikk

av Olav Randen

Rødt! nr 4, 2006

Olav Randen (fødd 1948) er småbrukar, skribent og bokutgivar


Folk flest er religiøse, og religion sit djupt i folk. Me vestlege ateistar og religiøst likesæle er globale unntak. Difor må me vere varsame med å gå til åtak på religion og religiøse. Framtida ligg i staden i at me respekterer og samarbeider med folk som høyrer til ulike religionar. For det er verdas religiøse småkårsfolk som har minst å tape og mest å vinne i arbeidet for ei berekraftig og rettferdig verd, skriv Olav Randen.

Romanfiguren Fjord i Dag Solstads Roman 1987 var, som dei fleste i hans og min generasjon, oppvaksen med ei kristen barnetru. Når han tenkjer attende, dukkar minne frå kristeleg ungdomsarbeid opp. Men på eitt eller anna vis vart han avkristna, vikla ut av kristendommens nett som Solstad skriv. "En eller annen gang under oppveksten har jeg altså slutta å tro på Gud, jeg kan ikke huske når det har skjedd, og sannsynligvis kan det ikke dateres til noe bestemt tidspunkt eller noen bestemt hendelse." Truleg var det, tenkjer han i ettertid, så enkelt som at han ikkje lenger fekk til å tru på Gud.

Godt over 40 år gammal tek Fjord ei lengre utanlandsreise, og gjer då ei oppdaging. Han oppdagar at folk flest har ei sterk gudstru, eller med Solstads ord "at Menneskeheten, som en regel, er en religiøs art, som lever i en tilværelse hvor gud er sjølve fundamentet, det som i ytterste forstand og oftest på en helt sjølsagt måte gir menneskelivet dets egentlige dimensjon".

Eg som skriv dette, deler oppfatning med Fjord etter utanlandsreisa. Det å ha ei gudstru er normalsituasjonen i verda, særleg i den største menneskegruppa, småkårsfolk i den tredje verda. Det å ikkje ha ein religion er unntaket og knytt mest til vårt hjørne av denne kloden.

Eg ser det også slik at om vår skakkøyrde klode skal kome på rett kjøl att, er det småkårsfolk i den tredje verda som må gå i spissen. Kampen for ei anna verd vil altså bli ført av folk med religionar meir enn folk utan, av muslimar, kristne, buddhistar, hinduar og andre. Me vestlege med våre ateistiske eller religiøst likegyldige holdningar kan nok støtte og hjelpe til, iallfall enkeltvis, men som gruppe har me så mykje å tape og så lite å vinne på arbeid for global likskap og berekraft at det er lite sannsynleg det blir me som kjem til å drive dette arbeidet framover.

Denne artikkelen handlar om kva for tenking me vestlege ateistar og religiøst likegyldige bør og ikkje bør leggje til grunn i samarbeidet med religiøse folk for ei rettferdig og berekraftig verd. Det er eit komplisert tema, og før eg kjem til konklusjonar, tek eg nokre omvegar, til ein debatt om religion og spesielt islam i Dag og Tid og Klassekampen våren 2006, til vår heimlege, 200 år gamle haugianisme og til Arnulf Øverland og kultur- og religionsdebatten på trettitalet. Men aller først litt om religion.

Religion er på veg ut

Etter mitt skjøn er religionar tenkjemåtar som oppstår på grunn av folks uvitskaplege og ufullstendige forståing av samfunn og natur. Over tid er dei difor på veg ut. Til meir innsyn me menneske får i naturens lover, til mindre rom blir det for religion.

No for tida ser mange det annleis. Dei hevdar at religion og religiøs tenking styrkjer seg. Den dagen dette blir skrive, les eg om eit møte i Oslo der vitskapsjournalist Bjørn Vassnes, kjend frå Klassekampen, skal snakke om religion. Temaet blir presentert slik:

"Til tross for spådommer om det motsatte, har religiøsitet bare blitt en stadig viktigere faktor – for menneskers liv, for verdenssituasjonen. Hva er det som gjør det så vanskelig å kvitte seg med gudstroen?"

Arrangørane av møtet kan nok ikkje dokumentere sine oppfatningar om at religion styrkjer seg. Eg kan heller ikkje dokumentere mitt syn om at religion svekkjer seg. Det eg byggjer på, er at i vår del av verda og i land av vårt slag er religion i ferd med å bli eit margfenomen. Det har skjedd i løpet av eit par generasjonar. Bordbøner og kveldsbøner var vanleg i min barndom. No er slik åtferd fjernt frå dei fleste, kyrkjegang like eins. Gudstru høyrer til ritualar, dåp og gifting og gravferd og jul og kanskje pinse, men er ikkje lenger ein del av folks kvardag.

Slik er det, om me målar med brei penn, i dei fleste tidleg-industrialiserte land. Unntaket er USA. Men der er gudstrua ein del av den rådande politiske tenkinga. Difor avsluttar George W. Bush alle sine talar med sitt ekle og sjåvinistiske "God bless America!".

Mest truleg vil den sekulariseringa me har vore gjennom dei siste generasjonane, spreie seg til andre delar av verda. Det å nedkjempe religion er såleis ei vinnarsak, men også over tid ei unødvendig kampoppgåve. Om tusen år vil truleg religiøs tenking vere globale unntak.

Det avheng kanskje likevel av om menneskelivet på denne planeten utviklar seg i positiv eller negativ lei. For religion er menneskes trøyst i usikre tider og med forvirra tankar. Viss krigar og øydelagd natur, svolt og sjukdommar blir folks kvardag i framtida, kan religionar få nytt vekstgrunnlag.

Ein debatt om religion og spesielt islam

Våren og forsommaren 2006 gjekk ein debatt i norske aviser, spesielt Dag og Tid og Klassekampen, om religionar og særleg islam. Politisk islam er ein "militant reaksjon mot vitale og verdifulle trekk ved det moderne samfunnet", skreiv han som utløyste debatten, filosofi-professor i Bergen Gunnar Skirbekk, i Dag og Tid 20. mai. Han etterlyste tilslutnad til denne synsmåten frå andre representantar for den gruppa han inkluderte seg sjølv i, dei han kalla etablerte intellektuelle. Seinare utdjupa og gjentok han dette i mange artiklar. Hovudpoenget var, med hans eigne ord: "Det trengst ei 'sosio-kulturell modernisering' (av muslimars tenking, OR), som kan samanfatast i tre stikkord: 'pluralitetens faktum', vitskapanes kunnskapsmessige forrang og rettens livssynsnøytralitet."

Filosofiprofessor i Tromsø Jon Hellesnes (Klassekampen 28.6 og fleire seinare innlegg) støtta Skirbekk og skreiv ut frå ein ståstad han sjølv kalla moderne. Kjernen i tenkinga er, slik eg forstår han, mangfaldet. Hellesnes retta sin kritikk mot religiøs iver generelt og ikkje berre mot det kollegaen kalla politisk islam.

Eg som skriv, deler somme synsmåtar med dei to, både når det gjeld religion og verdiar i samfunn av vårt slag. Eg er samd i at forståing for mangfald er noko av det mest verdifulle i vår felles tenking. På ein del område har forståinga og respekten auka dei siste tiåra. Det gjeld ytringsrett, respekt for andre politiske og religiøse holdningar, aksept av ulik seksuell åtferd, aksept for jamstelling mellom kjønna, forståing for at barn er sjølvstendige individ, respekt for folk med annan bakgrunn med meir.

Når eg les artiklar av det slaget eg har sitert frå i dei føregåande avsnitta, får eg likevel ei kjensle av at ideen om mangfald er selektiv heller enn generell. Testen på vilje til mangfald er synet på andre, for oss ikkje-religiøse til dømes på muslimar eller på religiøse generelt. Hellesnes skriv såleis:

"I den monn vi grip inn i det offentlege rommet med reglar eller handlingar som har konsekvensar for andre, må vi alle ... ta omsyn til relevant ekspertise, fagleg framgangsmåte og rasjonelle argument. Reine trusoppfatningar, same kor glade vi er i dei, må vi då setje i parentes. Dette bør religiøst truande av alle slag ta inn over seg, og det inkluderer også muslimar ... Er ikkje det sjølvsagt?"
Imperativet: Tenk moderne!

Om me følgjer Jon Hellesnes, må altså vår moderne og ikkje-religiøse bodskap til dei religiøse vere: Trua di må du setje i parentes. Det bør du ta inn over deg. Dette er sjølvsagt. Og Skirbekks parole blir, formulert i tråd med det kommunistiske manifestet: Muslimar i alle land, moderniser dykkar religiøse medvit!

Dei bruker ikkje argument og ikkje dialog. Dei vender seg ikkje til kristne eller muslimar og seier: Eg meiner de som ser det slik at Guds vilje står over vitskap og mellommenneskelege ordningar, tek feil. De står etter mitt skjøn for ei lite klok og lite framtidsretta tenking. Eg vil gjerne setje mi tenking opp mot dykkar, for eg trur eg forstår noko de ikkje innser.

Den eine seier i staden: Truande må setje trusoppfatningane sine i parentes. Den andre bruker det upersonlege og allmenne: Det trengst ei modernisering av muslimsk tenking. Dei det gjeld, muslimane, blir altså objekt og ikkje subjekt. Ikkje: De muslimar bør tenkje annleis, men i staden: Det trengst ...

Difor kan krava Skirbekk stiller – ja, han kallar dei krav – omformulerast til dette: Nokon, norske styresmakter, styresmakter i islamske land, internasjonale organ, verdssamfunnet, må ta grepet, slik at religiøse menneske og særleg muslimar kastar vrak på eiga tenking og i staden tek til å tenkje slik me moderne menneske vil at folk skal tenkje.

Professorane går likevel ikkje inn på korleis dette skal skje. Dei skisserer altså ikkje kva for metodar dei meiner bør takast i bruk for å få folk til å setje sin religion i parentes eller modernisere sitt religiøse medvit. Dei nøyer seg med å skrive at det må gjerast. Men dei set fram sine krav i ein periode der mange statsleiarar og statar koplar islam og terrorisme og bruker bomber meir enn argument for å fremje sine interesser. Det kan føyast til at dei professorane som stiller krav til verdas religiøse småkårsfolk, ikkje er kven som helst. Dei er representantar for eliten i eit land som er i eliten av verdas land. Norske filosofi-professorar er både nasjonal og global overklasse. Og desse der oppe gir ikkje berre instruksar om korleis folk nede i samfunnet skal oppføre seg, dei gir endåtil instruksar om korleis folk skal tenkje.

Både islam og kristendom vil bli verdsreligionar

Det er ikkje alltid lett å skjøne kva professorane meiner. Ta denne formuleringa frå Gunnar Skirbekk, som han brukte i fleire innlegg og tydelegvis oppfatta som eit konsentrat av sitt syn: "Politisk islam omfattar ein ekstrem kjerne som bruker sjølvmordsbombing som politisk verkemiddel." Kva tyder det? Legg me vekta på kjerne, kan me omformulere påstanden slik: Kjernen i politisk islam er bruk av sjølvmordsbombing som politisk verkemiddel. Legg me derimot vekta på omfatta, kan me omformulere påstanden slik: Politisk islam omfattar også folk som bruker sjølvmordsbombing ... Den sistnemnde tolkinga er etter mitt skjøn sann, den første ravgalen. Men Skirbekk berre gjentok og gjentok, han presiserte ikkje.

Liknande, slumsete formuleringar har vore vanlege om islam dei siste åra, ikkje berre av Bush og tilhengjarar av hans tenkjemåte, men også i norske media. Kommentatorane byrjar med fordømming av terrorisme, som dei har grunn til, går vidare til islamisme eller politisk islam utan å definere eller avgrense og avsluttar på måtar som i røynda inkluderer heile islam, slik at verdas over ein milliard muslimar framstår nærast som terror-tilhengjarar og religiøse ekspansjonistar.

Men er det ikkje sant at Koranen set som mål å islamisere heile verda? Jau visst, på same viset som Bibelen set som mål å kristne heile verda. La oss ikkje ta for oss Det gamle testamentet med si boltring i blod, drap, hemn, kvinneundertrykking og slaveri, og der endåtil Vårherre framstår som så hemngjerrig og rasistisk at hans plass ville vere på tiltalebenken i menneskerettsdomstolen i Haag. La oss i staden sjå på Det nye testamentet, som har ord på seg for å vere ei samling humane tekster. Der finst fornuftige formuleringar som at alt det du vil at andre skal gjere mot deg, det skal du gjere mot dei. Men det finst sanneleg også andre ting: "Eg hev fenge all makti i himmelen og på jordi," sa Jesus ifølgje denne skribentens konfirmasjonsbibel, og heldt fram: "Gakk ut og gjer alle folki til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og den Heilage Ande, og lærer dei å halda alt det som eg hev bode dykk."

Misjonsbefalinga kallast dette i kristenlæra. Altså ikkje misjonsoppmodinga og ikkje misjonsbøna. Jesu ord var ei befaling, ein ordre.

Dei som ikkje lystrar og som til dømes vil lære barn å bli sjølvstendig tenkjande menneske, slik at dei sjølve blir i stand til å avgjere kva dei skal tru og kva dei skal mistru, blir møtte med desse orda:

"Den som freistar nokon av desse små som trur på meg, han var betre faren dei hadde hengt ein kvernstein um halsen på han og søkkt han ned i djupaste havet."

Det kan vere på sin plass å bruke nokre ord på den fremste av alle våre bibeltolkarar, Martin Luther, mannen som har tolka Bibelen for norske skulebarn og konfirmantar like sidan folkeskule og konfirmasjon vart innført på tidleg 1700-tal, og som er den einaste personen som er nemnt i Norges grunnlov. Om det demokratiske bondeopprøret i hans samtid under leiing av Thomas Müntzer sa han: "Knus, kvel og drep dei opprørske bøndene som ville hundar." Om jødane brukte han ord av same slaget. Då Vietnam-soldatane frå USA forma slagordet "Kill a communist for Christ!", opererte dei altså innanfor ein sterk tradisjon.

Det må føyast til at dette er ytterpunkt. Det er ikkje denne brutale og kyniske tenkinga som dominerer blant kristne. Men skal me samanlikne kristendom og islam, må me anten bruke ytterpunkta i begge religionane, eller me må bruke den dominerande tenkinga i begge religionane. Same kva samanlikningsgrunnlag me vel, dominerer likskapane over skilnadene.

Det må også føyast til at i ein konkurranse om kva for ein av dei store religionane som har vore mest ekspansjonistisk og blodtørstig, tek kristendommen ein suveren siger. Når arabarar har hatt makt over framande, har dei vanlegvis late undersåttane tru kva dei vil. Når kristne har hatt makt over andre, har dei tvangskristna. I år 711 vann maurarane Spania frå visigotane. I 500 år hadde dei makta der, og Spania var sterkt knytt til Midtausten. Det fanst unntak, men hovudtrekket er at kristendom, jødedom og islam levde side om side på Pyrenear-halvøya desse fem hundreåra. På liknande vis var Palestina og Hellas i mange hundre år under arabisk og muslimsk herredømme, men utan å bli islamiserte.

Vår eigen nasjonalhelt, Olav Haraldsson med tilnamna den digre og seinare den heilage, oppførde seg annleis. Han innførde kristendommen med plyndring og herjing og brenning og drap. Ei av omvendingane han stod for, skjedde på den måten at han sette ein bolle med kokande varm graut på magen til ein heidning. "Vender du ikkje om til Gud, snur eg bollen," sa han. Dei kristne var ikkje meir humane i andre land. Då krossfararane i 1099 nådde Jerusalem, massakrerte dei muslimar og jødar i Jesu namn. Då dei kristne gjenerobra Spania på 1200-talet, oppstod eit religiøst terrorvelde. Slik kunne me halde på og syne kristen brutalitet, men det nemnde er truleg tilstrekkeleg for å vise kristendommens tetplass i brutalitet. La oss i staden vende augo mot ei heilt anna side ved kristen åtferd.

Haugianismen – fundamentalistisk og framtidsretta

I 1796 vart bondesonen, gardsarbeidaren og handverkaren Hans Nielsen Hauge frå Tune i Østfold inspirert, etter kristen språkbruk vekt, til religiøst framfor verdsleg arbeid. Med store talegåver, organisatorisk talent og ein veldig energi bygde han eit landsomfattande nettverk rundt si tenking.

Var haugianismen fundamentalistisk? Vanlegvis blir uttrykket fundamentalistisk religion knytt til tenking der a) dei kanoniserte, religiøse skriftene gjeld absolutt og b) religion står over verdslege lover og reglar. Gudens vilje har altså forrang. Eg skal ikkje gi meg ut på teologiske utlegningar, men nøye meg med å skrive at haugianismen hadde fundamentalistiske trekk, endå om tenkinga oppstod lenge før uttrykket religiøs fundamentalisme kom i bruk. Og at desse trekka var minst like sentrale i haugianismen for 200 år sidan, som dei er i mykje av den religiøse tenkinga som no blir gitt merkelappen fundamentalistisk.

Haugianismen var eit religiøst opprør, og reaksjonane frå det etablerte samfunnet var sterke. Det kom altså ein ulærd bondegut og trudde han var i stand til å forstå Guds vilje betre enn prestane med mange års vitskaplege studiar i København. Ikkje nok med det, han utfordra levemåten til prestane, der dei budde på sine staselege prestegardar med tenarskap, løn frå staten og gåver frå folket. Dette var ei tid då konventikkelplakaten frå Christian 5. si tid framleis galdt. Denne plakaten eller forordninga innebar at det var det var ulovleg for lekfolk å samle folk til religiøse møte. Han galdt frå 1741 til 1842. Dette var ei tid då rikfolk hadde namneskilt og dører på benkene sine fremst i kyrkjene, og husmenn og gardsarbeidarar hadde sine simple plassar bakarst, der dei knapt nok høyrde kva presten sa. Det var ei slik rangordning Gud og Staten ville ha.

I dei åtte åra Hans Nielsen Hauge fekk virke med møte og skrifter, avbrote av stuttare fengselsopphald, spreidde det religiøse opprøret seg i veldig fart. Haugianarane samla folk rundt seg i bondestover eller utandørs. Dei oppførde seg svært ulikt presteskapet. Dei snakka slik at folk forstod dei. Dei gjekk kledd som andre småkårsfolk. På deira møte var bønder og husmenn like viktige, dei vart ikkje plasserte etter stand og stilling. Og medan kvar einaste prest var av hankjønn, kunne kvinner og endåtil ungjenter få lov til å tale på Hauge-møta og jamvel reise rundt og forkynne. Det var analyseevner og talegåver det kom an på meir enn eigedom og kjønn.

Hauge vart arrestert gong på gong. Frå 1804 og frametter tilbrakte han nesten sju år i fengsel, og var ein resignert mann med nedbroten helse då han endeleg slapp ut.

Historikaren Berge Furre skriv at Hans Nielsen Hauge "bruka eit språk mot prestane, kongens embetsmenn, så grovt at eg ikkje vil bruka det blant sømelege folk som helst ikkje bannar. Han hånte dei rike. Og han gjekk på tvers av einveldets strenge lover som regulerte ny næringsverksemd. Han reiv styringa med religionen ut av Kongens og embetsmennenes hender og ville at lekfolk skulle tenkja sjølve, lesa skrifta, finna sanninga om livet sjølve, fri frå dei mektige. Han var ein 'fare for rikets sikkerhet'."

Halvdan Koht og seinare Furre og fleire har vore opptekne av korleis nye grupper har kjempa og organisert seg til ein plass i det norske demokratiet. Haugianismen var byrjinga, eller iallfall ein del av byrjinga. Seinare kom bondekommunalismen, fråhaldsrørsla, bedehuskristendommen, venstrerørsla, målrørsla, arbeidarrørsla og kvinnerørsla. I dei siste generasjonane kan me føye til solidaritetsrørsla med undertrykte land og folk, miljørørsla og EU-motstanden – og me kan vone at også innvandrarane finn sin plass i denne organisasjonsveven.

Det er mykje i mange av desse folkerørslene som ikkje fortener positiv omtale. Men hovudtrekket er at folkerørslene i hop har prega landet vårt, gjort samfunnet meir inkluderande og demokratiet meir reelt. Dei har tilført dette landet verdiar me hadde vore fattigare utan.

Fundamentalistisk religion, eller iallfall religiøs tenking og utøving med fundamentalistiske islett, var altså eitt av startskota.

Kulturstriden i tredveåra

21. januar 1933 heldt Arnulf Øverland foredraget "Kristendommen – den tiende landeplage" i Det norske Studentersamfund i Oslo. Han gjekk i strupen på kristen tru og gudsførestelling og spesielt på nattverdsordninga. "Gud er et vesen som i utvortes henseende ligner os. ... Han er en mann, han har meget hår og især skjegg, han har nese og munn og tarmkanal, tror jeg da, og for alt hvad jeg vet om ham, har han vel også kjønnsorganer." Nattverd kalla han vemmeleg kannibalsk magi, og den heilage ande "et underlig surrogat", oppstått fordi nevrotiske kyrkjefedrar fann det nødvendig å skyve Jesu mor unna skapingshistoria.

Foredraget var eit retorisk meisterstykke, underhaldande, drivande og, som sitata over viser, grovt og gjennomtenkt fornærmande overfor mange kristne. Statsadvokaten tok ut tiltale for blasfemi etter straffelova. Øverland vart frikjend med seks mot fire røyster. Etterpå vart saka drøfta i regjering og Storting fleire gonger, og 4. august 1933 bad Stortinget "regjeringen å overveie og eventuelt fremkomme med forslag om hvorledes man effektivt kan påse overholdt grunnlovens bestemmelse angående dem som viser eller tilskynder til ringeakt for religionen". Året etter vart blasfemiparagrafen i straffelova skjerpa av eit knapt stortingsfleirtal.

Rundt dette bølgja kulturstriden. På eine sida stod kultureliten representert ved folk som Sigurd Hoel, Helge Krog og Øverland og kulturradikale aviser. På hi sida fanst dels lekmannsrørsla og dels det offisielle kristen-Norge.

Av dette kan me lære noko om å setje dagsorden. Debatten mellom delar av kristenfolket og kulturradikalarane fann altså stad og fylte media i første halvdel av 1930-åra. Dette var medan landet hadde ei arbeidsløyse på mellom 30 og 35 % av dei fagorganiserte. Det var medan skogs- og industriarbeidarar førde desperate kampar for å overleve, for organisasjonsrett og ryddige forhold i arbeidslivet. Det var medan folk arrangerte hungermarsjar. Det var medan kommune etter kommune vart sett under administrasjon. "Det ligg under Stortingets verdigheit å engasjere seg i dette," sa Johan Nygaardsvold og såg heile stridsspørsmålet som ei avsporing frå dei avgjerande spørsmåla i samtida: "Jeg føler mig på Stortingets vegne beskjemmet og uvel over alt det hykleri som er prestert i forbindelse med denne sak, bare for å opnå et for de borgerlige partier høvelig agitasjonsgrunnlag til høsten."

Kampen om religiøse ytringar pågjekk også i ein internasjonal situasjon der fascismen hadde fått makta i Italia og nazismen var i ferd med å festne grepet i Tyskland, og der vår eigen forsvarsminster heitte Vidkun Quisling og alt hadde markert seg som det som i ettertid har vorte heitande ein quisling. Medan så vel kommunistar som sosialdemokratar i mange land mana til einskapsfront mot nazismen og rådde til å skuve uvesentlege og splittande spørsmål til sides, krangla altså den norske kultureliten og dei kristne som hund og katt om religion. Det var i reaksjon mot slik avsporing frå dei viktige spørsmåla i tida at Nordahl Grieg i 1936 starta sitt antifascistiske tidsskrift Veien Frem.

Nokre år etter vart landet vårt okkupert. Øverland og andre fridomskjemparar kom til å oppleve at store delar av kristen-Norge, også folk han (ikkje utan rett) hadde hengt ut i foredraget i januar 1933, vart sentrale i frigjeringskampen. Ikkje veit eg kva tankar Øverland og hans miljø desse førkrigs- og krigsåra gjorde seg om sitt eige kulturpolitiske engasjement nokre år før, men kanskje tenkte dei at frigjeringskampen hadde gått lettare om dei hadde late dei kristne ha si tru i fred og heller brukt tid, engasjement og retorisk talent til å byggje opp den antifascistiske einskapsfronten.

Religion, moderne tenking og respekt for andre

La meg etter desse sidestega i norsk og europeisk historie, det første for å vise at fundamentalistisk religion kan fungere både positivt og negativt og det andre for å vise at kampen omkring religion kan stå i vegen for viktigare tema, vende attende til yrkesfilosofane Skirbekk og Hellesnes. Dei – og eg som skriv dette – meiner til skilnad frå mange, kanskje fleirtalet av verdas innbyggjarar, at vitskap og universelle rettsreglar bør stå over religion. Men for dei to er dette ikkje ein synsmåte som kan vegast mot andre. Det er heller ikkje eit framtidsmål. Det er, slik dei formulerer det, eit grunnleggjande krav som må stillast i dagens samfunnsorganisering. Eit must. Det er sjølvsagt at det må vere slik!

Skirbekk sine ord lydde altså slik: "Det trengst ei 'sosio-kulturell modernisering', som kan samanfatast i tre stikkord: 'pluralitetens faktum', vitskapanes kunnskapsmessige forrang og rettens livssynsnøytralitet." Og Hellesnes ordla seg slik: "Reine trusoppfatningar ... må vi setje i parentes. Dette bør religiøst truande av alle slag ta inn over seg, og det inkluderer også muslimar ... Er ikkje det sjølvsagt?"

Eg skreiv tidlegare at Skirbekk ordlegg seg upresist. Hellesnes deler denne eigenskapen med kollegaen. Han legg ei tenking om mangfald og verdien av mangfald til grunn. Men når det kjem til stykket, finst i hans hovud to slags mangfald, eit akseptabelt og eit uakseptabelt. Det å meine at religiøs tru kan setjast over sosiale fellesreglar for menneskeleg åtferd, er ikkje ein del av det akseptable mangfaldet.

Her skil me lag. Etter mitt skjøn må tenking om mangfald vere generell og ikkje selektiv. Etter mitt skjøn må den synsmåten at (eigen) religion står over vitskap og rett og difor skal vere retningsgivande for politiske handlingar, vere like legitim som tanken om vitskapens og rettens forrang. Vegen framover må gå gjennom ei meiningsbryting mellom dei to fundamentalt ulike synsmåtane. Etter mitt syn er det på sin plass både å kritisere religion og å argumentere overfor verdas milliardar religiøse menneske for å få dei til å endre tenking, men å stille slik endring som eit universelt krav blir respektlaust og uklokt.

Viss me følgjer tankegangen til dei to, blir neste spørsmål kva som skal gjerast med alle dei som ser det annleis. Skal demokratiet, retten til å vere samfunnsaktørar og til fri meiningsbryting, også femne om desse? Skal andre land til dømes ha same retten som vårt land har hatt til å bruke generasjonar og nasjonal suverenitet for å avklare såvidt grunnleggjande spørsmål? Skal dei ha retten til å gå gjennom sine fasar med haugianisme eller indremisjonstenking eller andre religiøse variantar, til å gjere sine feilsteg og trekkje sine lærdommar, eller skal me her og no diktere kva dei skal tru og tenkje?

Kva ville Jon Hellesnes ha sagt til Hans Nielsen Hauge? Om me tek han på ordet, ville han ha sagt: Trua di, Hauge, må du – sjølvsagt – setje i parentes. Og med det ville han ha forsvara eineveldet, presteskapet, klasseskilja, kvinneundertrykkinga og den avleggse økonomiske tenkinga haugianarane gjorde opprør mot.

På liknande vis vil han, om me altså tek han på ordet, argumentere overfor dagens religiøse leiarar i den tredje verda. Og med det vil han forsvare dagens verdsordning, tjue/åtti-samfunnet der 20 % av innbyggjarane har 80 % av ressursane og 80 % av innbyggjarane har 20 % av ressursane, mot alle opprør nedanfrå der religion er ein del av innhaldet.

Skirbekk resonnerer omkring kvifor den gruppa han plasserer seg sjølv innanfor, dei etablerte intellektuelle, ikkje tek skarpare avstand frå politisk islam. I ein av hypotesane sine om dette tek han for seg kulturfaga på universiteta. Desse faga utgjer "akademiske subkulturar utan den begrepsanalytiske og refleksive kompetansen som trengst for å kunne meistre grunnleggjande diskusjonar om kontekst-overskridande normative gyldigheitsspørsmål. ... Fordi dei ikkje meistrar dei grunnleggjande normative problemstillingane, er dei ikkje skikka (kursivert av OR) til å føre ein prinsipiell og kritisk diskusjon om eit fenomen som politisk islam".

Ikkje skikka altså. Dette er tydelege – og elitistiske – ord. Dei inneber ei innsnevring av ytringsrett og difor demokrati. Det er ein elite, truleg filosofane og deira næraste, som er skikka til – som har "den begrepsanalytiske og refleksive kompetansen som trengst ..." – å ytre seg om slike spørsmål. Kva andre yrkesgrupper, til dømes me småbrukarar, er skikka til å ytre oss om, kan ein knapt nok tenkje på. Når folk i akademiske "subkulturar" ikkje er i stand til å føre ein prinsipiell og kritisk diskusjon, er nok ikkje me vanlege småfolk det heller, anten me bur i Norge eller i den tredje verda. Tenking må me overlate til dei kompetente.

Det er ein av våre fremste yrkesfilosofar som uttrykkjer seg slik, med reservasjonslaus støtte frå ein kollega i faget. Dette er folk som blir refererte og intervjua i media, som får publisert tankane sine på universitets heimesider og i trykte rapportar, som blir brukte som foredragshaldarar i inn- og utland, som har makt over kven som skal rekrutterast til dette viktige faget og kva tankar som skal leggjast til grunn ved rekrutteringa. Dette er folk som formar eller iallfall formulerer Norges framtidige, offisielle tenking. Etter salva frå Skirbekk bør vel slike som eg halde oss til graset og dyra og overlate høgare tenking til eliten, til dei som er skikka. Det er berre det at framtida vedkjem oss også.

Ein annan ståstad

Min ståstad er ikkje modernismen, men ønsket om ei rettferdig og berekraftig verd. Og då er konflikten mellom på eine sida arbeidet for rettferd og berekraft og på andre sida "moderne" verdiar som eg deler med mange i mi norske samtid, eit dilemma.

Eg ser det som nemnt innleiingsvis slik at det er berre fattigfolk i den tredje verda som har den handle- og opprørskrafta som må til for å få skikk på denne skakk-køyrde kloden. Framtida ligg i at dei mange og små opprøra blir samordna og retta mot dei som dreg nytte av at fleirtalet blir halde nede.

Men samtidig er det slik at svært mange av dei småkårsfolka som kan kome til å gå fremst i arbeidet for ei anna verd, har verdiar og oppfatningar som eg ikkje deler. Dei er altså, fleirtalet av dei, djupt religiøse. Men ikkje berre det, dei har også andre verdiar eg ikkje deler. Dei kan praktisere og forsvare kvinneundertrykking, dei kan vere absolutte motstandarar av homofili, dei har liten sans for ytringsfridom, dei meiner foreldre har rett til å diktere eller iallfall leggje seg borti kven ungane skal gifte seg med, dei kan stutt skrive stå langt unna den respekten for andre menneske, kulturar og tenkjemåtar som eg ønskjer lagt til grunn for framtidssamfunnet.

Kva så? Hellesnes og truleg Skirbekk har det dei kallar det moderne som sin grunnleggjande ståstad. Av det følgjer, viss me tenkjer problemstillinga til endes, at dersom opprøret og det moderne kjem i klinsj, vel dei det siste. Eg har ein annan grunnleggjande ståstad. Viss opprøret og det moderne kjem i klinsj, vel eg opprøret. For etter mitt skjøn har ikkje kloden noko val. Modernismen av det slaget mange norske intellektuelle bekjenner seg til, er ikkje samla sett eit alternativ for framtida. Modernismen går i mange høve så godt i spann med undertrykking og naturnedbryting at han kan fungere som ein tenkjemåte både for å halde fast ved vår urettferdige verdsorden og for å øydeleggje livsgrunnlaget for generasjonar etter oss.

Det er ein grunn til til at eg vel slik eg gjer: Eg trur arbeidet nedanfrå for å få til ei betre verd vil gi aktørane ny innsikt og ny forståing. Det vil, trur eg altså, føre til at verdiar av det slaget Skirbekk, Hellesnes og eg deler og ønskjer skal bli universelle, får gjennomslag.

Men sikkert er det ikkje. Eit globalt demokrati er noko heilt anna enn vårt vestlege, eksklusive "demokrati". Me kan ikkje sjå bort frå at globalt demokrati kan truge mange av "våre" verdiar. Me kan ikkje sjå bort frå at om verda etter eit opprør nedanfrå og frå den tredje verda blir meir demokratisk, vil dette demokratiet resultere i verre kår for ytringsfridom, religiøs fridom, likestilling mellom kvinner og menn, respekt for ulike seksuelle legningar med meir.

Valet mellom vår vestlege modernisme og arbeidet nedanfrå for ei rettferdig verd er neppe så enkelt som det høyrest ut til for Skirbekk og Hellesnes og folk av deira slag. Det er heller ikkje alltid enkelt for slike som meg. Men i staden for å gå til frontalåtak på politisk islam (Skirbekk) og på religion som grunnlag for samfunnsengasjement generelt (Hellesnes) bør me diskutere korleis me ikkje-religiøse i nord og vest kan få til eit konstruktivt samarbeid med opprørske og handlekraftige folk frå ulike religionar for å få til ei anna verd – og der "våre" verdiar ikkje blir borte under vegs.

For dei som har kraft og vilje til å gå fremst for å få til ei anna verd, småkårsfolk i den tredje verda, vil bli verande kristne eller muslimar eller hinduar eller buddhistar, og deira etterkommarar i hundre eller mange hundre år til vil følgje i fotspora. Så djupt sit religiøs tenking. Men det er no arbeidet for ei anna verd må drivast.