Til heimesida til Rødt!
Temaregister | Forfattarregister | Blad for blad | Heimesida til AKP

Serbia etter Milosevic.
Fred til evig tid?

av Jan Erik Skretteberg

Rødt! nr 4, 2006

Jan Erik Skretteberg studerer slaviske språk ved Universitetet i Oslo og er med i AKP og NKS.


Etter at Slobodan Milosevic vart styrta gjennom eit fredeleg opprør 5. oktober 2000, har det gått seks år. I Serbia har desse seks åra tyda økonomiske reformar, drapet på ein statsminister, strid om Kosovo og ei jakt på tiltalte krigsforbrytarar, som regjeringa helst vil unngå. I det siste har også Serbia vedteke ny konstitusjon. Er landet i ferd med å stabilisera seg?

Den serbiske journalisten Milos Vasic gav i 2005 ut boka Atentat na Zorana (Attentatet på Zoran), som var den første og til no einaste boka som handsamar drapet på den sosialdemokratiske statsministaren Zoran Djindjic 12. mars 2003. Etter å ha markert seg som ein av dei tydelegaste opposisjonelle og vestlegvende under Milosevic, tok Djindjic over som statsministar då Milosevic vart styrta i 2000. Bak på boka heiter det: "Kartellet myrda 12. mars 2003 Zoran Djindjic, ... som hadde gjeve teikn til at det neste for han var å returnera Serbia til Europa." (1) Dette skulle altså kosta Djindic livet, hevdar forfattaren. Å leia eit land "attende til Europa", kan tyda fleire ting. I dette ligg mest sannsynleg at Serbia skulle bli som dei fleste EU-landa i Vest-Europa, nemleg eit land utan særleg korrupsjon, kor ein har relativ kontroll over den organiserte kriminaliteten, og der ein ikkje har folk tiltald for krigsbrotsverk som lurer i dei politiske kulissane.

Kven styrta eigentleg Milosevic?

Opposisjonen mot Milosevic i presidentperioden hans frå Den sosialistiske føderasjonen Jugoslavia sprakk til han sjølv vart styrta i 2000, var umogeleg å sameina. Dei to hovudstraumingane var Djindjics sosialdemokratiske parti Demokratska stranka (Det demokratiske partiet) og Vuk Draskovics Srpski pokret obnove (Den serbiske rørsla for fornying). Trass i ein viss framgang i åra 1996–97, kor valfronten Zajedno (Saman) gjorde det godt og Djindic vart borgarmeister i hovudstaden Beograd, sprakk til slutt opposisjonsrørsla. Analytikarar har peikt på at det var umogeleg å sameina den vestvende Djindic og den opportunistiske og nasjonalpatriotiske Vuk Draskovic over tid.

Milosevics siste år ved makta i Serbia vart i stadig større grad enn tidlegare prega av korrupsjon, vanstyre og politisk sensur. (2) Likevel var det slik at mange rekna med at Milosevic skulle koma styrkt ut av konflikten med verdssamfunnet om Kosovo. Folket ville samla seg bak leiaren sin, når dei var utsett for ein krig som mange, også i Vesten, fann urettferdig. Røyndomen skulle syna seg å bli annleis. Det var ungdomen som skulle organisera den nye motstanden – med god hjelp av vestleg kapital.

Otpor – ein knytta neve av folkeleg motstand,
eller berre sponsa av George Soros?

Heller ikkje etter bombekrigen mot Serbia i 1999 klarte opposisjonspartia å samla seg i motstanden mot Milosevic. Men eit framlegg frå regimet til ein ny universitetspolitikk skulle gjera at det likevel veks fram ein kraftig motstand mot regimet. Organisasjonen Otpor (motstand) spratt opp som paddehattar over heile Serbia, og regimet var ikkje vand med denne typen organisering. At dei opposisjonelle klarte å sameina seg i valalliansen DEMOS før presidentvalet 24. september 2000, skulle også få avgjerande tyding. Hovudutfordraren til Milosevic i dette valet var formannen i Srpska demokratska stranka (Serbias demokratiske parti), Vojislav Kostunica. Milosevic-regimet hevda hardnakka at dei vann valet, noko opposisjonen motsette seg. Då Milosevic krevde omval, samla aktivistane seg på plassen framfor parlamentet og stakk parlamentsbygninga i brann. Då politisjefen i Beograd valde å avstå frå maktbruk, forstod Milosevic at tida for han var ute, og at den einaste løysinga var å gå av. Alt dagen etter vart Kostunica sett inn som president.

Otpor var ein av organisasjonane som mottok pengar frå organisasjonen The National Endowment for Democracy (NED), som vart oppretta av den amerikanske kongressen tidleg på åttitalet. (3) Til saman skriv Radio Free Europe at NED sponsa Otpor med meir enn 282.000 dollar berre i år 2000, slik at Otpor kunne byggja seg opp over heile Serbia. (4) Dette var altså metoden amerikanske/vestlege interessentar skulle nytta, når bombing ikkje fungerte som middel for å styrta Milosevic-regimet.

Problem trass i regimeskiftet

Samarbeidet mellom dei to hovudpersonane Vojislav Kostunica og Zoran Djindjic i den gamle opposisjonen skulle likevel ikkje vera problemfritt, trass i suksessen dei hadde opplevd no. Dette hadde ein også merka tidlegare; til dømes hadde Kostunica vore sterkt kritisk til Nato-bombinga, medan Djindjic var meir pro-vestleg i synet sitt på dette. Økonomisk skulle Serbia likevel oppleva ei viss betring. Dei internasjonale sanksjonane som vart retta mot landet medan Milosevic var president, vart oppheva, og arbeidsløysa, som vart anslått å liggja på kring tredve prosent, byrja bli mindre. Djindjic valde å ta opp kampen med den organiserte kriminaliteten og gjekk inn for å gripa dei som vart tiltalte for brotsverk mot menneskeætta under krigane på 1990-talet. Som Vasic hevdar, var det desse grunnane som skulle syta for at Djindjic til slutt vart drepen. Valresultata frå parlamentsvalet same hausten skulle gjera den politiske situasjonen endå meir uoversikteleg. Ingen parti fekk fleirtal, og størst vart Vojislav Seseljs (5) yttarleggåande, høgrenasjonalistiske parti Srpska radikalna stranka (Det radikale partiet). Partiet vann om lag ein tredel av røystene, og etter lange forhandlingar kunne ei mindretalsregjering kor Seseljs parti var isolert, bli stabla på beina.

Montenegro lausriv seg – er Kosovo neste?

Etter regimeskiftet i Beograd pressa omverda på for at Jugoslavia, som landet enno heitte, skulle bli avløyst av ein lausare union mellom dei to (6) delrepublikkane som framleis utgjorde den gamle føderasjonen. Resultatet vart ein "statsunion" av Serbia og Montenegro. Men heller ikkje dette var godt nok for Montenegro. Helst ville leiande politiske krefter ha sjølvstende.

Årsakene til dette var samansette. Eit av argumenta for sjølvstende var at Montenegro i ein union med Serbia var ein uskuldig gissel når verdssamfunnet handsama styresmaktene i Beograd hardt av di dei ikkje klarer (eller vil? eller vågar?) å arrestera general Radovan Karadzic og Ratko Mladic, som båe er tiltalte for brotsverk mot menneskeætta ved den internasjonale krigsforbrytardomstolen i Haag. Dette gjer igjen at EU ikkje vil setja i gong med forhandlingar om ein plan for korleis Serbia kan bli med i EU innan overskodeleg framtid. Men mange montenegrinarar oppfattar seg sjølv som serbarar, og då 55,5 % av dei frammøtte (heile 86 %) røysta for sjølvstende 21. mai 2006, frykta mange, mellom anna underteikna (7), for væpna konfliktar mellom dei to partane. Heldigvis har me unngått dette.

Men det herskar ikkje tvil om at Serbia såg på montenegrinsk sjølvstende som eit stort politisk nederlag. Først tapte serbarane eit Jugoslavia som i stor grad vart serbiskdominert etter at Tito døydde i 1980, så tapte dei krigane på 90-talet, før dei sjølv vart utsette for kraftige øydeleggingar under Nato-bombinga i 1999. Det Serbia ein drøymde om, eit stor-Serbia, er fjernare enn nokon gong. At Montenegro lausreiv seg, var enno ein strek i denne rekninga.

I tillegg er Kosovos status meir uklar enn nokon gong. Den etniske konflikten i Presevo-dalen (8) blussa opp att i 2004, noko som sytte for søkjeljos på den skjøre freden i Kosovo. Kosovo har i dag status som sjølvstyrt område innanfor Serbia, men albanarane, som utgjorde drøye 80 % av folkesetnaden i 1991, ynskjer sjølvstende eller innlemming i Albania. Den serbiske minoriteten har sett seg hardt mot dette, og etter Nato-krigen i 1999 har Kosovo i realiteten vore eit internasjonalt protektorat under styring av UNMIK (ei forkorting for United Nations Mission to Kosovo). I skrivande stund er det vanskeleg å sjå for seg noka løysing på problemet Kosovo. Albanarane i republikken kan ikkje godta ei anna løysing enn fullt sjølvstende – serbiske styresmakter på andre sida strekk seg så langt som mogeleg for å halda på dette, men kan ikkje akseptera å gje frå seg området. 30. oktober i år røysta serbarane for ein ny grunnlov for staten Serbia (som framleis inkluderer dei tidlegare sjølvstyrte områda Vojvodina i nord og Kosovo i syd), kor ein stadfesta at Kosovo var ein integrert del av Serbia. Med det som utgangspunkt blir det berre endå vanskelegare å finna ei løysing på problemet kring Kosovos status.

Ein ny storkrig?

Det er vanskeleg å seia noko om framtida på Balkan. Som sagt er det vanskeleg å finna ei løysing på Kosovo-problemet som er til å leva med for alle partar. Skulle det koma til væpna konflikt i Serbia om dette, er det ikkje godt å seia kva for ringverknader dette vil ha på resten av Balkan. Tilhøvet mellom grannelanda Serbia og Albania vil mest sannsynleg frysa heilt til, ein har ein stor albansk minoritet i Makedonia som kan finna på å gripa til våpen, dersom undertrykkjinga held fram også der. Strida om Kosovo vil mest sannsynleg også bidra med å styrka dei yttarleggåande kreftene i Serbia og piska opp negative nasjonalistiske stemningar hjå eit folk kor mange kjenner seg svikne av Vesten – igjen. Då kan det nok ein gong vera klart for væpna konflikt i Europa.

Noter:
Kjelder: