Til heimesida til Rødt!
Temaregister | Forfattarregister | Blad for blad | Heimesida til AKP

Nytt parti

av Ingrid Baltzersen

Rødt! nr 4, 2006

Ingrid Baltzersen er leiar i AKP


Både AKP og RV sine landsmøte har vedteke at dei vil samla kreftene i eitt revolusjonært parti.

Me treng betre organisering av klassekampen og eit sterkare press frå venstre på regjeringa.

Den såkalla raud-grøne regjeringa har fortsett Jern-Erna si strame line mot asylsøkjarar og åtaka på sjukehusa og øydelegg folkepensjon og AFP. Noreg er i krig i Afghanistan, hjelper USA i Irak og boikottar Palestina. Noreg er eit kapitalistisk og imperialistisk land: Pengar til dei få før velferd for dei mange.

Det trengs eit parti som stiller den store oppgåva på dagsordenen: Ei revolusjonær omvelting av samfunnet for å skapa eit utan klasser.

Fram for ei samling av dei revolusjonære kreftene i eitt parti - med kommunismen som mål!

Bli med!