Temaregister | Forfattarregister | Blad for blad | Heimesida til AKP |
Då Israel gjennomførte bombinga av Libanon frå sjøen og lufta 12. juli, var eit erklært mål å hente dei to israelske soldatane som vart tatt av Hizbollah i eit åtak over grensa tidlegare på dagen. Åtaka på sivil infrastruktur - som byrja med den internasjonale lufthamna i Beirut og heldt fram med mindre flyplassar, bruer og vegar så vel som hamneanlegg i Beirut, Jounieh, Amshit og Tripolis - var naudsynte for å hindre Hizbollah i å smugle fangane ut av Libanon, hevda israelske talsmenn.
Denne artikkelen ble publisert første gang 25. juli i Middle East Report Online - midt i Israels storoffensiv.
Israel nemner ein annan grunn til den samanhengande konsentrasjonen om dei sørlege delane av Beirut (dahiyaen), og landsbyane og byane i Beka'adalen og Sør-Libanon. Med eit språk som ukritisk vart gjentatt av vestlege medium, blei det sagt at desse områda var "Hizbollah-bastionar", som husa viktige møteplassar for politiske og militære leiarar i islamistpartiet, og inneheldt rakettbatterier som blir brukt til å sende rakettar inn over det nordlege Israel. Ifølge libanesiske tjenestemenn hadde bombinga som konsentrerte seg om dahiyaen, Beka'adalen og i sør, drepe over 380 libanesarar, det store fleirtalet av dei sivile, og fordrive mellom 500.000 og 750.000. Flesteparten av dei døde og fordrivne er sjiamuslimar, ettersom luftåtaka i hovudsak har vore konsentrerte om sjiaområde.
Med påstått siktemål om å "treffe Hizbollahs infrastruktur" har Israel bomba kraftstasjonar, eit fyrtårn, meieri og fabrikkar, lastebilar som fraktar medisinske forsyningar frå Syria, minibussar fullpakka med flyktande libanesarar, basestasjonar for mobiltelefonnettet og fjernsynssendarar. Dei siste åtaka slo ut sendarane til al-Manar-stasjonen til Hizbollah og to andre store kanalar samtidig.
Når ein ser bort frå alle unnskyldningane, blir det klart at Israel, med støtte frå USA og kampanja for å "nøytralisere" Hizbollah, har tatt steget inn i libanesisk politikk igjen. Tanken ser på lengre sikt ut til å vere å bruke auka sekterisk spenning i Libanon til å få Hizbollahs militære kapasitet inn under konvensjonane i internasjonal lov. På same tid, slik det går fram av gjentatte fråsegner frå president George W Bush, håper Israel og USA å unngå å svekke den libanesiske regjeringa. Det verkelege formålet med det "overraskande" besøket til Condoleeza Rice i Beirut 24. juli var truleg å forsikre seg om at regjeringa ikkje ville falle saman. Men særleg etter som krigen held fram, kan Israels innblanding med bomber bli meir enn det den skrøpelege libanesiske staten kan tåle.
Libanon har ei lang historie med internasjonale intervensjonar, ofte invitert av ein del av det libanesiske statsapparatet mot ein annan. Den syriske inngangen i den libanesiske borgarkrigen i 1976, var til dømes ønska av den dåverande president Sulayman Franjieh for å stå opp mot dei i namnet venstreorienterte, vesentleg muslimske, styrkane til Lebanese National Movement.
I dag er "internasjonaliseringa" pakka inn som resolusjon 1559 frå Tryggingsrådet i FN, vedtatt i september 2004 med kraftig oppbakking frå USA og Frankrike, og nå marknadsført like kraftig av Israel. Resolusjonen kravde syrisk militær tilbaketrekking frå libanesisk territorium og "oppløysing og avvæpning av alle libanesiske og ikkje-libanesiske militsgrupper", ei tilvising til Hizbollahs Islamsk motstand [den militære vingen til Hizbollah] og dei Damaskus-støtta militante gruppene i palestinske flyktningleirar.
Resolusjon 1559 var eit varsel om den syriske tilbaketrekkinga, takk vere drapet på milliardæren og tidlegare president Rafiq al-Hariri, eit brotsverk mange libanesarar skuldar Syria og deira libanesiske klientar. Hariri var mannen som blei skulda for hemmeleg lobbyverksemd med Frankrike og USA for å fremme resolusjonen.
Washingtons libanesiske klientar er "14. mars-kreftene", ei blanding av trusgrupper som går frå Framtidsrørsla (det politiske apparatet til Hariri-familien, framleis den fremste sunnifamilien i Libanon) og deira nære allierte, druserleiaren Walid Jumblatt, til den liberale kristne Qurnat Shahwan Gathering og Libanes Forces til det maronittiske kristne høgre. Den mest markante sekulære delen av 14. mars-kreftene er det demokratiske venstrepartiet, ideen til den drepne akademikaren og al-Nahar-redaktøren Samir Kassir.
Det tungvinne namnet på koalisjonen stammar frå dei massive folkelege demonstrasjonane 14. mars 2005, dei største i Libanons historie, sett i verk for å overgå Hizbollahs demonstrasjon 8. mars - som var organisert for å "takke" dei syriske styrkane som reiste frå Libanon for hjelpa dei hadde gitt landet. Fastgrodde i det som skjedde etter drapet på Hariri har 14. mars-kreftene få felles interesser utanom å få fjerna restane av Syrias hegemoni - det betyr i hovudsak president Emile Lahoud - og å tøyle Hizbollah.
Det er nettopp desse spørsmåla som blir tatt opp i den "nasjonale dialogen" i Libanon som samla dei sekterisk-politiske leiarane i sentrum av Beirut i ni møter frå mars til juni i 2006. Det er eit teikn på at det libanesiske systemet med å fatte vedtak på grunnlag av konfesjonsmessig konsensus kjem til kort at dei etter tri månader med forhandlingar ikkje løyste nokon av problema - verken Lahouds mandat eller Hizbollahs våpen. Resultatet av dei to siste møta, 8. og 29. juni, gir eit bilde av kva slags statsmannskunst som ligg i den nasjonale dialogen. Passande nok skulle desse møta vere via våpna til Hizbollah og kva for "nasjonal forsvarsstrategi" (mot Israel) ein skulle legge opp til etter avvæpninga av sjiamilitsen.
8. juni-møtet gjekk i kjølvatnet av mindre opptøyar leia av Hizbollah-tilhengarar 2. juni, etter at Hasan Nasrallah, generalsekretæren i Hizbollah, vart gjort til latter i eit satirisk program som går på LBC, ein fjernsynskanal grunnlagt av Libanese Forces. Her blokkerte sjiaungdommar gater, sette fyr på bildekk og øydela eigedom, og det vart meldt om åtak i enkelte kristne og sunnimuslimske område. Det viktigaste resultatet av 8. juni-møtet kom då deltakarane offentleg slutta seg til Nasrallahs framlegg om ein "æreskode" for å få slutt på skittkastinga som starta opptøyane.
Når det gjeld forsvarsstrategi, var debattantane samde om å vere usamde. Tidlegare president Amin Gemayel sa til media at 14. mars-kreftene hadde slutta seg til "allmenne prinsipp utan å diskutere detaljar, og me vart samde om bare dei libanesiske styresmaktene skulle ta seg av våpen og forsvar av landet". For sin del avviste Nasrallah nasjonale og internasjonale krav om avvæpning eller om å integrere den militære delen av Hizbollah i den libanesiske hæren, og gjorde derimot framlegg om ein forsvarsstrategi som tillet Islamsk motstand å ha våpna sine som avskrekking mot mauleg israelsk aggresjon. Talsmenn for 14. mars-kreftene svarte med å spørre "om Libanon aleine skulle halde fram med å stå mot Israel militært, og bere byrdene av ein slik konfrontasjon".
Møtet 29. juni var likeins utan konklusjon, sjølv om deltakarane var samde om at det internasjonale samfunnet skulle gå inn for å stanse Israels offensiv på Gaza-stripa. "Alle sluttar opp om Libanon, som ein sterk, sameina og suveren stat," sa presidenten i parlamentet, Nabih Berri. Som leiar for den sjiamuslimske Amal-rørsla har han lenge vore Hizbollahs rival, men har komme nærare Hizbollah etter parlamentvala i 2005. "Og fordi alle er uroa for same sak og samde om at Israel er fienden, så vil me bli samde [om ein nasjonal forsvarsstrategi]."
Rett før møtet 29. juni sa ein talsmann for 14. mars-kreftene til pressa at folk ikkje måtte vente seg for mykje av samtalane. Mens verda konsentrerte seg om det kjernefysiske programmet til Iran; Irak og Palestina, ville det vere lite truleg at ein kunne finne ei løysing på problema i Libanon, sa han.
Korfor tok Hizbollah dei israelske soldatane på det tidspunktet dei gjorde? Det er spørsmålet i den nåverande krisa som forvirrar erfarne kommentatorar og dei som har følgt den sjiamuslimske rørsla. Nasrallah sa til al-Jazeera 20. juli at svaret er ganske enkelt: den pågåande fengslinga av tri libanesarar i Israel er eit svært viktig libanesisk klagemål mot Israel som "ikkje kan tåle noka utsetting". Han sa vidare at han hadde informert samtalepartane i den nasjonale dialogen "ved meir enn eitt høve at me tar fangespørsmålet svært alvorleg, og at det bare kan løysast ved kidnapping av israelske soldatar". Men han varsla dei ikkje om tidspunktet for ein slik operasjon, som han stillteiande framstilte som tilfeldig.
14. mars-politikarar og delar av media (mange av dei viktige politiske gruppene i Libanon har eigne fjernsyns- og radiostasjonar og aviser) har lenge ynda å framstille Nasrallah som nikkedokke for Iran og Syria. Men sidan det israelske åtaket starta 12. juli er det bare Walid Jumblatt som framleis snakkar i slike ordelag, der han sit gjømt i festninga si i Mukhtara.
Tilhøvet mellom Hizbollah, Syria og Iran er meir komplisert enn det blir framstilt i karikaturane. Kommentatorar er samde om at partiets tilhøve til Damaskus er pragmatisk og at det har blitt mindre viktig etter som Syria har blitt isolert internasjonalt etter drapet på Hariri. "Syria har ingen politisk innverknad på Hizbollah," seier den libanesisk-amerikanske universitetsprofessoren Amal Saad-Ghorayeb, forfattar av ei bok om sjiarørsla. "Om noko, så har tilhøvet blitt snudd, det vil seie at Teheran stør Damaskus. Me har faktisk sett det etter Israels åtak på Libanon, då Iran åtvara om at dei ville gå inn i krigen om Israel gjekk til åtak på Syria."
Visst er grunnleggarane av Hizbollah heilt tydeleg inspirerte av den islamske revolusjonen i Iran i 1979, og analytikarar er samde om at dei åpenbart deler ideologiske og geopolitiske mål med Teheran. Men ingen av dei vil redusere Irans knyttingar til Hizbollah til eit enkelt herre-og-tjenar-tilhøve. "Leiarskapen i Hizbollah viser betydeleg sjølvstende når dei fattar vedtak, og partiet har eit levande indre liv," seier Timur Goksel, veteransjefen for dei midlertidige FN-styrkane i Libanon (Unifil), nå pensjonert, men med tiårs erfaringar med Hizbollah på grunnplanet.
Men omfanget av konflikten nå har fått analytikarane til å undrast. Både tilhengarar og motstandarar har hatt respekt for Hizbollah under Nasrallah for den strategiske og taktiske kløkten som ligg i utforminga av politikken. Når det er sagt, så må Hizbollah ha forstått kva for risiko det var å ta to israelske soldatar på det tidspunktet.
"Operasjonen har fått meg til å tvile sterkt," seier Goksel. "Å risikere eit åtak med eit slikt omfang nå, kan ikkje vere i Hizbollahs interesse. Det er mot interessene til Sør-Libanon og Libanon. Det blei absolutt ikkje gjort for Syrias skyld. Men det gir heller ikkje meining at Hizbollah skulle handla på vegner av Iran. Korfor skulle Teheran ønske å miste ein støttespelar som Hizbollah nå, mens dei er i konflikt med USA? Eg trur det er mange innanfor Hizbollah som spør seg sjølve: 'Korfor nå?'"
Saad-Ghorayeb kan heller ikkje forklare tidspunktet. "Dei har freista slike bortføringar før [etter dei vellykka operasjonane i 2000],",seier ho. "Det var eit mislykka forsøk i november 2005. Slik kidnappinga fell saman med det som skjer i Gaza, kan ein spørre om ho er samordna med Hamas, eller kanskje det bare var tilfeldig."
"Handlinga er heilt klart ikkje inspirert av Hamas," seier Goksel. "Ho må ha vore planlagt atskillige månader på førehand. ... Palestinarane elskar å sjå Hizbollah audmjuke den israelske hæren, men som det vart peika på nyleg, stjal Hizbollah rampelyset frå Hamas sine aktivitetar i Gaza, og det er truleg folk i leiinga av Hamas som misliker det."
Oppfatninga om at Hizbollah sette i scene raidet over grensa 12. juli for eit utanlandsk publikum vil komplisere forsøka på å få til politisk forsoning i Libanon etter at dei israelske luftåtaka og inntrengingane er slutt. Framtidsrørsla og deira allierte i 14. mars-kreftene vil truleg bruke øydeleggingane skapt av Israels hemn til å argumentere for at Hizbollah nå er nøydde til å underordne dei regionale interessene sine dei nasjonale interessene som den libanesiske regjeringa dikterer.
Nå har Israel sett verkeleg etterleving av resolusjon 1559 - avvæpning og tilbaketrekking frå grensa frå Hizbollahs side - som vilkår for å stanse bombinga. Israel har slik tildelt seg rolla som utøver av politikken til USA i Libanon. Ved å gjøre det understrekar dei for opinionen i Libanon og i verda at resolusjon 1559 gir uttrykk for de facto felles syn blant Washingtons klientar i Libanon og Israel. Resultatet skal vere ei ytterlegare delegitimering av Hizbollahs politikk for verdsopinionen, samtidig som fiendskapen skal auke mellom tilhengarane av partiet og den libanesiske staten.
Israel har gladeleg spelt på sekteriske skille i Libanon med bombemønsteret sitt, og med flygeblad som seier at Nasrallah står under utanlandske herrar. Sjølv om sjiamuslimane i Libanon ikkje er programmerte til å støtte Hizbollah, og mange gjør ikkje det, så straffar den uopphørlege bombinga av sørlege Libanon, Beka'adalen og dei sørlege bydelane i Beirut sjiamuslimane for å vere den gruppa Hizbollah først og fremst vender seg til. Israel kopierer au internasjonale sanksjonar mot palestinarane for at dei var dumdristige nok til å røyste på Hamas i dei palestinske vala i januar 2006.
Mens innbyggarane i dahiyaen døydde eller vart fordrivne, lever innbyggarane i nordlege Beirut i djup angst. Mindre, men like fullt drepande slag mot mål utanfor dahiyaen og Sør-Libanon - eit byggeområde i det kristne bustadområdet al-Ashrafiyya til dømes - er retta mot å auke innanlandske motsetningar til Hizbollah, ja sjiamuslimar generelt, utan eksplisitt å rette seg mot tilhengarane av dei libanesiske allierte til Bush-administrasjonen.
Slaga mot infrastrukturen har vore harde, men (på eit vis) merkeleg tilbakehaldne (NB. Artikkelen publisert 25. juli, red.): Israel kunne (og har faktisk gjort det tidlegare) slått ut alle dei libanesiske kraftstasjonane på ei einaste natt. Dei gjorde ikkje det nå. Men brennstofftankane og rullebanane på den internasjonale lufthamna i Beirut blei bomba, dei som har sett det seier at sjølve terminalbygninga er uskadd.
Slike utval kjem ikkje av humanitære instinkt. Gjennom kvelinga og angsten for kva neste mål skal bli, håper Israel å vekke sovande harme mot Hizbollah framfor sjokkert harme over heile nasjonen mot ein ytre fiende.
Alle påstandar frå Israel om at desse åtaka har vore til Libanons beste blir ståande absurde i den krisa åtaka har skapt. Internasjonale menneskerettsorganisasjonar omtalar dei menneskelege og materielle tapa etter den israelske offensiven - kopla med den militære blokaden av Beirut - som ei gryande humanitær krise.
Sivile libanesiske aktivistar som gjekk inn i tomrommet etter den ineffektive sosialministeren Nayla Mu'awwad frå 14. mars-kreftene, sa det gjekk rykte om mangel på ris og linser før det var gått ei veke av beleiringa. Ein av dei spekulerte i om libanesiske grossistar heldt produkta sine unna marknaden for å drive opp prisane.
Utan effektiv intervensjon er manglar uunngåelege, ettersom åtak frå lufta og sjøen systematisk øydelegger lagra, og slag mot infrastruktur og sjøblokaden gjør det ennå vanskelegare å fylle opp igjen lagra. Om blokaden held fram i meir enn eit par veker, vil mangel på rimeleg mat, bensin og reint vatn gjøre det verre for dei fattige. El-forsyninga vil bli dårlegare, stadig fortare, ettersom staten så langt har følgt eit svært liberalt rasjoneringsregime - i langt større grad enn under tallause åtak på infrastrukturen frå 1998 til 2000.
Israelske lovnader om å la hjelp komme inn i landet lyder hole for flyktningane, så lenge Israel kan lukke slike "humanitære korridorar" med kva for helst unnskyldning, eit effektivt reiskap for å presse libanesarane til forhandlingar.
"Me er verkeleg i krig og Hizbollah prioriterer å stanse den ville sionistaggresjonen mot Libanon," sa Nasrallah i eit intervju med Beirut-avisa al-Safir. "Me er ikkje interesserte i å diskutere idear eller initiativ akkurat nå." Men partiet hans må diskutere initiativ før eller seinare.
Analytikarar som ser på maulege scenarium etter krigen undrar på kva for pragmatiske tiltak som kan avgrense Hizbollahs sjølvstende når støvet etter krisa har lagt seg. Det viktigaste spørsmålet er om den militære greina til partiet kan bli integrert i den libanesiske hæren.
For Saad-Ghorayeb er det eit ikkje-spørsmål. "Israel vil ikkje eliminere Hizbollah, men om Israel lukkast i å få i stand ei våpenkvile på sine eigne vilkår, om 1559 blir sett ut i livet og libanesiske troppar blir sett ut langs grensa, då er partiet ferdig: det blir ikkje noko behov for å integrere dei i hæren." Andre analytikarar og observatørar seier integrasjon er langt meir sannsynleg nå enn før 12. juli. "Etter åtaket," seier Goksel, "skyldar Hizbollah dette landet noko."
Hizbollah-kjennar og professor ved det amerikanske universitet i Kuwait er samd i den vurderinga. "Det er usannsynleg at Hizbollah vil halde fram åtak [over grensa] utan regional støtte," seier han. "Om dei gjør det, betyr det at einkvan i den militære leiinga i Hizbollah er blitt gal. Å forhandle fram ei løysing betyr enten å gi soldatane tilbake, eller å bytte dei ut mot libanesiske fangar og trekke seg 20-25 km tilbake frå grensa. Tomrommet vil bli fylt av ein dobbel barrière: ein forsterka internasjonal militær kontingent med den libanesiske hæren sett ut bak dei."
Enkelte tviler sjølvsagt på om denna løysinga er effektiv. Når alt kjem til alt, har Hizbollah framleis rakettar som kan nå djupt inn i Israel. Men trass i alt skrik om å forsvare borgarane sine, kan det vere nok for Israel. Ein trussel om åtak frå upresise Katusja-rakettar på israelske sivile vil ganske enkelt styrke oppfatningar ute i verda om at Hizbollah er ein terroristorganisasjon. Meir viktig er behovet for å gjøre slutt på at Islamsk motstand kan drepe og ta til fange israelske soldatar.
Det er verdt å legge merke til at i krigen fram til i dag har Hizbollah drepe fleire israelske soldatar enn sivile, og sett støkk i den stolte israelske marinen med rakettåtaket sitt på ein kanonbåt utanfor kysten av Beirut. Slikt et opp moralen til den israelske hæren og opinionen - som lever høgt på myten om den uovervinnelege israelske militærmakta. Viktigare er at åtaka aukar moralen til dei arabiske folka, med leiarar som gir etter for USA og Israel, og som trur at Israel er uslåeleg på slagmarka. Det som gir den israelske militærleiinga mest grunn til uro, er sjølvsagt den palestinske motstandsrørsla, som alt har vist seg som ivrige elevar som vil ta etter suksessen til Hizbollah.
Hovudspørsmålet som plagar analytikarane, er likevel ikkje om styrkane til Hizbollah vil bli integrerte i den libanesiske hæren, men om Libanon etter beleiringa vil vere så politisk stabilt at slike forhandlingar er mauleg. Det er meir truleg at dei sekteriske gruppene vil vere meir polarisert når alt er over.
Enkelte motstandarar av Hizbollah ser mangelen på samtalar med dei viktigaste politiske kreftene før operasjonane 12. juli nærmast som eit de facto kupp. Den følgande uønska konflikten med stormakta i regionen har øydelagt økonomien og forsøk etter krigen på å rehabilitere bildet av landet som ein liten europeisk kile i Midtausten.
Dei fleste sjiamuslimane i Libanon og andre som ikkje ser noko framtid for seg sjølv i Hariris nyliberale draum for Libanon, vil legge skulda på Israel for denne øydelegginga. Mange vil bli knytt ennå tettare til Hizbollah, særleg om velferden til fleirtalet av dei fordrivne blir liggande i hendene på det sosiale apparatet til partiet. "Politisk sett er ikkje spørsmålet om partiet er levedyktig, avhengig av internasjonale eller militære vurderingar," seier Hamzeh. "Det som betyr noko, er graden av støtte frå veljarane etter at konflikten er slutt - og det kan dra ut til august og etter det."
"Etter at detta er over, er det viktigaste spørsmålet om Libanon vil bli kasta tilbake i borgarkrig. Grunnlaget for det er ganske visst der. Spørsmålet er då om det internasjonale samfunnet i det heile tatt er interessert i om Libanon er stabilt eller ikkje. Sikkert er at Israel ikkje bryr seg om kva som går føre seg innanfor grensene i Libanon. Alt dei ønskar er at Hizbollah skal nøytraliserast militært - enten det betyr avvæpning eller å sette ein effektiv internasjonal og libanesisk buffer mellom dei militante og den israelske grensa."
"Me må vente og sjå om Iran og Syria er like likegyldige," held Hamzeh fram. "Syria har meir å tjene på at landet er kronisk ustabilt. Iran er ein mykje viktigare spelar og kan vere villig til å samarbeide indirekte med Amerika - slik som det er i Irak. Me må vente og sjå."
Dei viktigaste religiøse gruppene i Libanon