Til heimesida til Rødt!
Temaregister | Forfattarregister | Blad for blad | Heimesida til AKP

Bokomtale

Fremmer EU freden?

ved Jan Erik Skretteberg

Jan Øberg: Fremmer EU freden? Analyse, kritik og alternativer
Tænketanken NyAgenda, 2005

Rødt! nr 3, 2006


Forskningsrapporten Fremmer EU freden? er ei einmannsutgreiing skrive av Jan Øberg, freds- og framtidsforskar og direktør for forskningsstiftinga TFF, www.transnational.org, i Lund, Sverige. Rapporten er skrive på oppdrag av den sterkt EU-kritiske danske tenkjetanken NyAgenda, www.nyagenda.dk, og er fritt tilgjengeleg i pdf-format.

Rapporten tek føre seg omgrep, verdiar og målsetnader EU som institusjon har på eit overordna plan innanfor feltet fredsarbeid. Øberg går medvite ikkje inn på einskildproblem knytte til EU som "fredsprosjekt", men nyttar fleire døme i teksten for å eksemplifisera problem på eit generelt plan. Det er nyttig.

Øberg kritiserer EUs omtale av seg sjølv som eit fredsprosjekt. Kritikken går på to ting: For det fyrste at EU etter Øbergs meining legg opp til feil bruk av militære styrker for å oppnå målet om fred (side 4). For det andre at EU verkar å vera fullstendig umedvitne om kva type rolle dei leiande landa innanfor EU-samarbeidet har historisk sett spelt i verda. Både Tyskland, Frankrike, Storbritannia, Danmark, Spania, Portugal og Nederland har fortid som kolonimaktar. Heller ikkje har nokon av desse landa tenkt å gjera opp for seg for fortida si som koloniherre.

Dokumentene Øberg tek fatt i for å greia ut om EUs fredsarbeid, er framlegget til EU-grunnlov, som førebels er lagt på is etter nei til det i folkerøystingar i Nederland og Frankrike. I ljos av fire ulike dimensjonar av vald analyserer Øberg EUs fredspolitikk. Desse dimensjonane er:

(Denne modellen innanfor fredsforskning vart i si tid utarbeidd av Johan Galtung i boka EF - en supermagt i verdenssamfundet frå 1973. Øberg tilrår å nytta denne boka for å skjøna EU-systemet, nesten 35 år etter at boka kom ut.)

Ut frå desse perspektiva gjev Øberg ei god og lettfatteleg utgreiing om kva problem EU-systemet har i dag for å skapa fred både i Europa og elles i verda. Det siste er nemleg eit av EUs overordna mål ifylgje EU sjølv. EU skal etter kva som står i EUs overordna tryggleiksstrategi (utarbeidd av Javier Solana i 2003) ikkje berre syta for eit fredeleg Europa, men også opptre som ein aktør for å skapa fred andre stadar i verda kor dette måtte vera naudsynt. Øberg påviser i rapporten sin at dette ved tidlegare tilfelle har vore så som så, mellom anna både på Balkan og i ulike afrikanske land. Dette er av di, meiner han, at EUs tenkjing om tryggleik og mangelen på oppgjer med eigen kolonial tradisjon hjå mange av dei leiande aktørane i EU-samarbeidet.

Det danske språket i rapporten er lettfatteleg og flyt fint også for lesarar som ikkje er vande med å lesa forskningsrapporter. I motsetnad til kva som er vanleg i dansk faglitteratur, etterstrebar også Øberg å finna danske omsetjingar av utanlandsk (engelsk) terminologi. Forfattaren gjer ein god jobb med å forklåra vanskelege omgrep slik at arbeidet hans skal bli spreidd best mogeleg. Og det er eit godt arbeid Øberg har gjort. Skal ein utsetja noko frå ein politisk synsvinkel, må det vera Øsergs klåre haldning mot nasjonalstaten. Dette diskuterer han ikkje i det heile, men markerer klårt sitt subjektive syn på nasjonalstaten si rolle i historia.

I dag er kan henda ordskiftet om tenestedirektivet den viktigaste einskildsaka for oss EU-motstandarar. Men det er samstundes viktig å kunna møta EU-tilhengjarane sine argument om EU som eit fredsprosjekt med konkrete analysar av EU og fredspolitikken deira. Difor er rapporten viktig for EU-motstandarar.