Til heimesida til Rødt!
Temaregister | Forfattarregister | Blad for blad | Heimesida til AKP

Porno og prostitusjon
- vold og massekultur

av Anne Kalvig

Rødt! nr 3, 2006

Anne Kalvig er universitetslektor i religionshistorie, sit i landsstyret i Kvinnefronten
og er leiar for lokallaget i Stavanger. Ho har sitte i bystyret i Stavanger for Raud Valallianse


Der er eit nært samband mellom porno og prostitusjon, idet båe fenomen dreier seg om at nokre menneske betaler for at andre menneske skal stilla kroppane sine til rådvelde for seksuell utnytting. Pornografi tyder "avbildning av prostitusjon", så ordet ber etymologisk i seg den ovannevnte definisjonen. Likevel ser me at debatten om prostitusjon - som særleg har dreid seg om kriminalisering av prostitusjonskjøp eller ei - og debatten om porno - som særleg har dreid seg om korvidt porno kan vera god og seksuelt frigjerande (for kvinner) - sjeldan blir kopla saman. I denne artikkelen presenterer eg ulike emne i debattane og peiker på det som etter mitt syn er naudsynte, logiske måtar å forholda seg til problemkompleksa på, dersom ein ønsker komma dei til livs.

Som kjent ønsker slett ikkje alle at ein skal få slutt på porno og prostitusjon. Ein har dei som nyttar desse "tilboda": prostitusjonkundar og pornokonsumentar, og ein har dei som tjener pengar på porno og prostitusjon. Når det gjeld prostitusjonen, er dette t.d. hallikar, formidlarar og bakmenn og -kvinner innan transnasjonal prostitusjon og andre i hallikposisjon: aviser med annonseinntekter, dei som leiger ut husvære, teleoperatørar, reiseoperatørar, slekt som får pengar frå familiemedlem sin prostitusjon osv. I statar som har legalisert prostitusjon, som Nederland, Tyskland og Australia, blir også staten å rekna som hallik, idet prostitusjonsverksemd er skattepliktig. Der er sterke økonomiske drivkrefter i prostitusjonen, både i innanlands og transnasjonal sådan, og prostitusjon og handel med kvinner og barn er som kjent verdas raskast voksande illegale økonomi. Dei som tjener pengar på porno, er sjølvsagt dei som er direkte involvert i pornoproduksjonen, og alle dei som i ulike ledd får profitt gjennom formidling av porno, som Narvesen-kjeden her heime, og i global samanheng framfor alt nettstadeigarar og nettannonsørar.

At det er store pengar å tjena på andre menneskes, i sær kvinners, sårbare og utsatte stilling, er ikkje noko nytt. Det som heller ikkje er nytt, men som på ny er kome meir i søkelyset i det siste, er at folk i andre sjikt av det kapitalistiske samfunnet - aktørar innan massekulturen/populærkulturen og innan akademia - ope omfavnar porno og prostitusjon som legitime trekk ved det seinmoderne samfunnet. Me som slåst mot porno og prostitusjon, har dermed ei samansett gruppe av aktørar å forholda oss til, når me motarbeider desse skadelege kulturelle praksisane og "industriane", og argumentasjonen vår skal kunna holda vatn i møte med den pornoliberale, kåtheitsjagande akademikaren, så vel som med prostitusjonskunden, som med politi, politikarar, lovgjevarar, og i det offentlege ordskiftet i det heile.

Er det vanskeleg? Er porno og prostitusjon noko veldig komplisert og kulturelt "uryddig og ureint" som det vanskeleg kan gjerast endegyldige fråsegner og vedtak om, utan at ein fremmar såkalt puritanisme eller også antisolidariske, kvite, mellomklasse-interesser? Etter mitt syn er ikkje fenomena og debatten vanskelege i det heile tatt, men det tyder ikkje at eg ikkje innser at feltet er stort, omfattande, samansett, til dels flytande. Det handlar om kultur, eller snarare ukultur, og det handlar om folk og begjær (sjølv om eg meiner begjær kjem langt ned på lista av bestemmande faktorar). Fyrst og fremst handlar det nemleg om makt og avmakt, mellom kjønn, klassar og nasjonar.

Prostitusjon som vold

Kjensgjerningane me må forholda oss til, er ikkje tenkte scenario à la: "i ei verd der alt burde vera frigjort og herleg, og der pengar ikkje er eit problem, går porno- og prostitusjonsbransjen foran som den seksuelle friheitskampens fanebærarar". Kjensgjerningane me har overveldande dokumentasjon om, er at kvinner tar skade av å vera i prostitusjon, og at det er etterspørselen - horekunden sine ønske - som skaper prostitusjon. Me definerer prostitusjon som vold mot kvinner. Kva tyder det eigentleg, å insistera på å definera prostitusjon som vold? Er det ein logisk karakteristikk av eit fenomen, eller er det prostitusjonsmotstandarane sitt desperate forsøk på å tvinga ei spesiell og radikalfeministisk verdsforståing på andre?

Voldskarakteristikken av prostitusjon har røter som stikk djupare enn til oppkomsten av moderne kvinnerørsle på 1960- og 70-talet. FN-konvensjonen av 2. desember 1949 er sentral her, som eg kjem tilbake til nedanfor. Men fyrst vil eg sjå på orda og fenomena vold og prostitusjon, og visa korleis dei logisk vanskeleg kan skiljast.

I følgje elektroniske ordbøker ved Universitetet i Oslo, tyder ordet vold å ha makt, herredømme over nokon, eller brutal bruk av fysisk makt, maktmisbruk. Dette tør vera allminnelege forståingar av ordet vold. Ordet prostitusjon har meir kuriøse forklaringar i same ordbøker, nemleg som mellom anna offentleg utskjemming og ervervsmessig utukt. Verken prostitusjonsmotstandarane eller prostitusjonslobbyen nyttar slike forståingar i den politiske kampen om prostitusjon. For motstandarane er nettopp makt, maktmisbruk og fysisk makt essensielt for å forstå prostitusjon, medan aktørar som vil at prostitusjon skal bli forstått som eit normalt arbeid, bruker omtrentleg "sex mot betaling" som definisjon.

Ordet sex ønsker me som forstår prostitusjon som vold mot kvinner, å avgrensa til villa handlingar mellom voksne, der betaling ikkje inngår. Ei Dagblad-forside i mars i år, som med krigstypar erklærte at nigerianske kvinner i prostitusjon i Norge måtte velja mellom "SEX ELLER DØDEN", blir tragikomisk - kven ville vel ikkje heller valt å ha sex enn å bli drepen? Journalistar har blitt flinkare til å skilja orda sex og overgrep/incest, men framleis kan ein sjå overskrifter à la "Far hadde sex med datter i 7 år". Orda prostitusjon og sex, derimot, framstår ofte som synonym. Kva tyder det? At å bli kjøpt til å gje seksuell utløysning for ein mann, fordi du er fattig eller i desperat behov for dop, er same sak som når kjærastar ligg med kvarandre, eller to voksne finn kvarandre for ei natt?

Viss prostitusjon skal definerast som vold, kva då med alle gråsonene, spør kritikarane. Ein kan få inntrykk av at kjønnsspelet etter deira syn meir enn noko har preg av kyniske forhandlingar og marknadsmekanismar. Og ja, viss ei kvinne eller ein mann ute på byen har latt seg oppvarta av ein person, der målet for den spandable har vore sex, så er det eit stykke frå dei tradisjonelle, romantisk-puritanistiske forestillingane om kva "god sex" er. Slike samhandlingsmønster er ikkje naudsynleg veldig konstruktive for individa som er involverte, men dei er ikkje det same som prostitusjon forstått som vold. Då det for ikkje så mange år sidan blei forbode å utøva vold mot ungar (fysisk avstraffing), var der mykje debatt om korleis i alle dagar eit slikt lovforbod skulle handhevast, og kva med alle gråsonene? Og ja, veit me alle kor grensa går mellom å ta ungane hardt i armen, halda dei fast - og det å gjera seg skuldig i brot mot lova som forbyr fysisk avstraffing? Neppe. Like fullt vil dei færraste vera i mot ei slik lovgjeving som skal verna ungane, med argument om at gråsonene gjer lovforbodet meiningslaust.

Menns vold mot kvinner i heimen har blitt, og blir framleis, kalt husbråk. Det har vore ein seig kamp for kvinnerørsla å få vold i den såkalla privatsfæren inndefinert i samfunnet si forståing av vold som eit lovbrot individet (kvinna) har krav på vern frå, eit lovbrot som skal straffeforfølgast. Til og med når kvinner, og kanskje ungane deira, blir drepne av ektemenn eller eksmenn, ser me den tilslørande benevninga "familietragedie". Orda viser kva forståing me legg til grunn: ein familietragedie, eit æresdrap, sex med mindreårige eller med kvinner i prostitusjon - alt dette er ord som distanserer oss frå det som er kjernen i fenomena: nokon sitt maktmisbruk (vold) mot andre.

Dersom prostitusjon ikkje er vold, men "sex mot vederlag", korfor ikkje legalisera? Korfor ikkje legga til rette for denne måten å tjena pengar på for dei som ikkje kan eller vil anna? Det er denne definisjonen både vårt nasjonale Pro-senter og regjeringa forholder seg til, jamfør til dømes nettstaden sexhandel.no. Eller: viss prostitusjon volder (!) skade - jmf. norsk Amnesty si fråsegn om at prostitusjon er skadeleg for kvinner, men ikkje vold - kva er grunnane for å ikkje kalla det vold?

"Luksusprostituerte"

Prostitusjon er vold fordi det å kjøpa seg tilgang til eit anna menneske sin kropp og intimitet er ei handling som volder alvorleg skade på dette mennesket sine grenser og integritet - herom levnar forskinga ingen tvil. Ingen kjem uskada frå prostitusjon. Heller ikkje dei "lukkelege, frivillige luksusprostituerte", som filmen Pretty Woman så fatalt reklamerte for på 1990-talet. Dorit Otzen ved Reden, hjelpesenter for kvinner i prostitusjon i København, kan fortella korleis terapigruppa med "eks-luksusprostituerte", er ei gruppe kvinner som per i dag er ute av stand til å arbeida, dei er så nedbrotne i sinn og kropp at dei lever på ulike stønadsordningar og forbannar den som trur at å kjøpa kropp er "easy business". For øvrig veit me at over 60 % av kvinner i prostitusjon lir av posttraumatisk stressyndrom, slik torturoffer og krigsoffer gjer, at over 80 % opplever omfattande fysisk vold frå kundar og hallikar, og at 65-90 % av kvinnene har opplevd overgrep og omsorgssvikt i barndommen (www.reden.dk, www.catwinternational.org). Norsk lovgjeving er også hjelpelaust dobbeltkommuniserande: det er forbode å kjøpa prostitusjon av kvinner under 18 år - men den seksuelle lågalder er 16 år, og det er ikkje forbode for folk å arbeida og tjena pengar før fylte 18 år - så her er der noko som ikkje stemmer: den jenta som er 17 år og 364 dagar gammal, har lova sitt vern i forhold til å forstå at det som skjer med henne når ein mann kjøper tilgang til kroppen hennar, er eit overgrep, medan same jenta neste dag, er ei kvinne som fritt nyttar dei høve kroppen gjev henne, til å tjena pengar.

I 1949 vedtok FN konvensjonen mot handel med mennesker og utnyttelse av andres prostitusjon. Denne konvensjonen erklærer at prostitusjon ikkje er foreineleg med mennesket sitt verd og verdigheit. Den som utnyttar andre sin prostitusjon, skal straffast, og kvinner i prostitusjon skal beskyttast som offer, sjølv der dei har gjeve samtykke til prostitusjon. Konvensjonen er direkte inspirert av abolisjonistrørsla på slutten av 1800-talet. Josephine Butler heiter den engelske kvinna som starta kampen mot prostitusjon i 1866, den gong forstått som sexslaveri på linje med anna slaveri. Dette viser svært tydeleg at ordbruken har endra seg i takt med auka liberalisering av det økonomiske området, ved den globale og uhemma kapitalismen sin framvokster. For 60 år sidan såg ein prostitusjon som del av verdsomspennande undertrykking av kvinner, som slavehandel. I dag er prostitusjon legalisert og institusjonalisert i mange land, og der har blitt konstruert eit politisk forblindande skilje mellom heimleg og transnasjonal prostitusjon - mellom frivillige stakkarar her heime og verdige offer over landegrensene.

FN, ved Kofi Annan, har erklært at menns vold mot kvinner er det største menneskerettsbrot og hinder for utvikling i verda overhovud i dag. Vold mot kvinner innbefattar prostitusjon. Viss ikkje, viss det er eit fritt, om enn skadeleg val, har me lite å stilla opp med i ein globalisert økonomi - til sist har jo alle kvinner gullgruva mellom beina å ty til om det skulle røyna på. Lar me voldskarakteristikken vera rettleiande for korleis me forholder oss til, og lovregulerer, prostitusjon, vil der vera større håp om at denne skadelege kulturelle praksisen vil enda der han høyrer heime i ei verd som navigerer etter menneskerettane: i historia sitt skrekkabinett.

Liv Jessen og Pro-senteret

I 2004 delte Amnesty Norge for fyrste gong ut ein menneskerettspris, og han gjekk til Liv Jessen, Pro-senteret, for hennar "utrettelige arbeid for de prostituertes rettigheter i over 20 år". Tildelinga skapte strid og diskusjon, og Kvinnefronten i Stavanger utfordra Amnesty Norge til å svara på om dei vurderte prostitusjon som vold mot kvinner, noko dei etter ein del om og men konkluderte med at dei ikkje gjorde, prostitusjon er ikkje del av menns vold mot kvinner, i menneskerettsorganisasjonen si forståing.

Store delar av norsk kvinnerørsle er som kjent djupt ueinige med Jessen og Pro-senteret i den linja som er valt i forhold til forståinga av prostitusjon, og kva som er naudsynt for å få bort prostitusjon. Pro-senteret skal vera eit nasjonalt kompetansesenter på prostitusjon, Jessen er tilsett der, og senteret får årlege løyvingar over statsbudsjettet (driftsbudsjett 9 millioner), i tillegg til gåver og bidrag. For eit par år sidan nytta dei sponsing frå eit reklamebyrå til å laga ein tjukk folder kalt "Ting er ikke alltid slik de ser ut". Bileta av smilande prostituerte, og venninner av dei som fortelte kor kult dei var kledte og kor god råd dei hadde, og kundar som sto fram som bare litt ekstra "kontaktsøkande", skapte eit inntrykk av prostitusjon som noko kvardagsleg, greitt og til dels lukrativt. Lesaren fekk inntrykk av at personane på dei mange bileta var stolte prostituerte som ikkje frykta identifisering - bare dei som hadde tilgang til følgjebrevet til foldaren, fekk i lita skrift vita at personane på bileta ikkje var identiske med dei omtalte personane. Dette skulle vera ledd i ein kampanje for å bryta ned fordommar mot prostitusjon. Folderen skapte reaksjonar langt utanfor kvinnerørsla sine rekker, fordi svært mange oppfatta innhaldet som trivialisering og normalisering - nærmast invitasjon til - prostitusjon som "yrke".

Europap-lobbyen

Eit nasjonalt kompetansesenter på prostitusjon har aldri fått som mandat å styrka prostitusjon, tvert i mot ligg det i deira retningslinjer å arbeida for å redusera prostitusjon. Men korleis skal ein då tolka at Liv Jessen er norsk koordinator for Europap, ein EU-lobby som omtaler prostitusjon som "sex work", og som arbeider for endra lovgjeving (legalisering)? Kva tyder det når Jessen stadig framheld at "den vonde" prostitusjonen, det er den som kvinner er tvungne til, gjennom handel over landegrenser (trafficking), medan heimleg prostitusjon dreier seg om frivillige val som kvinner må respekterast for? Dette er fullstendig på kollisjonskurs med kva internasjonale dokument som Palermo-protokollen legg opp til, og som Norge har underskrive, som ettertrykkeleg slår fast at "offerets samtykke er utan tydning", å utnytta eit menneske sin sårbare posisjon er ei straffbar handling (om trafficking). Tilsvarande kompetanse- og hjelpesenter i andre land, som Reden i Danmark, har valt å utvetydig slå fast at prostitusjon er vold mot kvinner, og at menn må stillast til ansvar.

Det er ikkje noko vesentleg skilje mellom prostitusjon som følgje av trafficking, og heimleg prostitusjon. I båe tilfelle dreier det seg om menns utnytting av kvinners sårbare stilling. I båe tilfelle gjeld at menn kjøper seg tilgang til kvinners kroppar, med dei alvorlege skader, på kort og lang sikt, som dette fører med seg. I båe tilfelle er det menn som må stillast til ansvar. Utan eit heimleg marked, heller ingen trafficking. Dei aller, aller færraste kvinner planlegg ein prostitusjonskarriere, gjeve andre val. "Frivilligheita" som det alltid refererest til, frå legaliseringslobbyen heime og ute, og også frå Pro-senteret, er søt musikk i øyra på kundar, hallikar og bakmenn, som slik får forbli usynlege.

Men det er som kjent ikkje bare Pro-senteret som skil lag med radikalfeministar i høve forståinga av porno og prostitusjon. Ein debatt som har kome og gått dei siste åra, blir gjerne hevda av ei blanding av akademiske, urbane og medietilsette kvinner, med gode høve til å få målbåre og få merksemd om deira nokså uklare agenda: dei hevdar å vera feministar, ein ny generasjon sådan, og markerer avstand til organiserte feministar, mellom anna utfrå vår analyse av porno/prostitusjonsproblematikken.

Ny feminisme og porno

Til åttandemars-nummeret av Klassekampen (KK) i 2004, var det ulike reportasjar og ytringar i høve dagen, men det som kom på framsida, var jentene bak boka Femkamp (om ung feminisme i dei nordiske landa) si oppfordring om å legga ned åttandemarstoget. Dei advarte mot organisering i grupper som Kvinnefronten og Ottar, "på grunn av vår motstand mot porno og prostitusjon", samstundes som dei etterlyste måtar å realisera deira eige feministprosjekt på utover e-post-kontakt mellom jenter med same ståstad og utgjeving av antologiar. Desse ytringane kom i kjølvatnet av eit debattmøte som ein journalist i KK hadde skipa til, der temaet var ny feministisk organisering. Der hadde kjønnsforskar Harriet Bjerrum Nielsen ved Senter for kvinne- og kjønnsforskning (SKK), UiO, oppfordra dei unge jentene til å melda seg inn i Kvinnesaksforeininga, nettopp for å unngå Kvinnefronten og Ottar sin radikalisme. Dermed var ordskiftet i gang i avisa, og mange til dels ulike debattar blei førte i saman og oppå einannan i dei følgjande skriveriane. Sjølv blei eg intervjua fordi eg straks etter 8. mars tok kontakt med avisa og ba om å få komma med synspunkt på Femkamp-jentene sin bodskap, nemleg at dei var feministar, men ville ha seg fråbedne å bli assosierte med dei organiserte feministane som oss i Kvinnefronten, og at deira prosjekt høyrte framtida til, medan me andre var historiske. Eg kom på trykk under overskrifta "Har disse jentene ingen problemer", men ei av mine hovudmotforestillingar, nemleg mot kvinne- og kjønnsforskarar som sit trygt på sine kontor og tener pengar på forskingsobjektet sitt utan å gå offensivt ut mot uretten gjennom å organisera seg, fekk mindre plass. Deretter følgte innlegg frå og/eller intervju med Femkamp-jentene fleire gonger, Kvinnesaksforeininga, Kvinnefronten, Ottar med fleire.

Rosa Prosa

Sidan dette debattoppsvinget, har nok ein "ung, feministisk" antologi komme ut, nemleg Rosa Prosa, som var, til liks med Råtekst, forfattarar og/eller medietilsette kvinner sine personlege historier, nå om kåtheit. Denne gong var det porno som så blei debattert, mellom annna fordi ein bidragsytar i Rosa Prosa, Heidi Sinding-Larsen, gjorde seg til talskvinne for porno, og dermed blei båre fram av media på sedvanleg, høglytt vis. For øvrig fungerte Anne G Sæbø, SKK, som framste talsperson i media for den for kvinner "demokratiserande og frigjerande" pornoen. I ein kronikk i KK, som reaksjon på den voldsomme medieeksponeringa av Sæbøs pornonormaliseringsframstøyt, hevda eg at det akademisk-feministiske pornoforsvaret var blotta for empati, og var antisolidarisk, klasseblindt og kvinneundertrykkande. I eit svarinnlegg i same avis hevda Sæbø at ho godt kunne tenka seg å delta i ein pornofilm sjølv. Korvidt det forblir ein pirrande fantasi for kåtheitsforskaren eller realisert, er etter mitt syn mindre interessant, det interessante og forstemmande er at ein meiner det vil vera frigjerande for kvinner flest å normalisera prostitusjon foran kamera. Ein definerer då ikkje porno og prostitusjon som vold mot kvinner, men som arbeid. Sæbø var i alle fall ærleg nok til å flagga sitt syn på prostitusjon i svarinnlegget, nemleg som noko som burde legaliserast og leggast til rette for.

Der er ein grunnlærdom frå førre feministbølgje som heiter det personlege er det politiske. Det er mitt favorittutgangspunkt når eg orienterer meg i verda. Det opnar opp røynda for meg, og plasserer meg sjølv meiningsfullt inn i dei maktstrukturane eg ønsker arbeida med og mot. Nett denne innsikten synast å vera noko mindre i bruk mellom dei yngre, eller ny-definerte feministane. Eller dei drar andre slutningar enn meg når det gjeld realiseringa av det feministiske prosjektet. Eg må føya til at eg sjølv er 33 år, og såleis på alder med mange av dei såkalte nyfeministane, men det har etablert seg ein språkbruk der jentene bak bøkene Råtekst, Femkamp og Rosa Prosa og deira meiningsfellar, som Sæbø, i eigen eller andre sin ordbruk blir framstilte som ein ny generasjon feministar, eller nyfeministar. Eg er ueinig i at der er eit generasjonsskilje her, og at deira tankar er nye, eg meiner dei i mykje har gått mange tiår tilbake.

Det personlege er det politiske

Kva vil det seia at det personlege er det politiske? Det tyder at når me vurderer hendingar i våre eigne liv, så må dei sjåast som politiske hendingar, dei skjer aldri i eit kulturelt eller sosialt vakuum, men mellom menneske allereie situerte i ei politisk røynd, med alt dette inneber: viss eg blir slått eller voldtatt, skjer det fordi det går an i vårt samfunn, av heilt spesifikke grunnar. Ein kvinnekropp kan invaderast, og blir det, i eit voldsomt omfang. Og tida etter at eg har blitt slått eller voldtatt, følgjene det får for meg og gjerningsmann, er politiske vitnesbyrd om korleis makt er fordelt. Innlysande og enkelt - det som er vanskelegare, er å finna ut korleis einskilde, personlege historier om urett og ulikskap, skal omdannast til ein slagkraftig motstand. Då kan me enten fortella kvarandre om kva me opplever, og skapa eit "systerfellesskap" me får styrke og kraft igjennom - men det blir eit fellesskap for dei som er innanfor det, og der strategiar utad ikkje er sentralt, eller me kan arbeida med konkrete politiske strukturar, slik at våre personleg-politiske opplevingar får konsekvensar for alle andre, og kommande generasjonar, på meir effektivt vis.

Kva gjeld professor Bjerrum Nielsen si oppfordring sitert ovanfor, så er eg usikker på korfor me i Kvinnefronten blir opplevd som så uspiselege, og om me blant folk flest er så stigmatiserte, eller om det er ein mediamyte som folk med ulike agendaer friskar opp frå tid til annan. Det har altså blitt opplyst frå akademisk-feministisk hald at vår kamp mot porno og prostitusjon er ei sperre, og at me er altfor venstreradikale, at me er militante, med låg takhøgd innad i organisasjonen (dette kjem gjerne, bramfritt, frå folk som aldri har vore på eit einaste kvinnefrontmøte). Kan ein forventa slagkraftig, feministisk endring av kultur og samfunn utan å vera mot porno, prostitusjon, og utan å vera venstreradikal? Eg meiner nei, fordi ein kamp mot kjønnsuretten og kvinneundertrykkinga som ikkje også er ein kamp mot kapitalisme og utbytting, og for kollektiv organisering, uhyre lett vil spisast opp av kommersielle krefter som speler på lag med - tilslørt eller utilslørt - kvinneundertrykkinga og utnyttinga av kvinnekroppen.

Fashionfeminist Helle Vaagland

Helle Vaagland, skribent og medredaktør av Råtekst, skreiv i spalta "Feminist - ja visst" i KK, under tittelen "Jeg - en fashionfeminist", følgjande om porno (eitt år eller to før Rosa Prosa): "Jeg blir kåt av porno. Til og med den pornoen som er kjip. Jeg kan ikke noe for det. Det bare skjer av seg selv. Men jeg kan bli lei meg av den samme pornoen. For jeg føler at dama som ligger der og skrever er meg. Det er vanskelig å forklare. Og jeg har nesten gitt opp". Dette er eit krondøme på manglande forståing av at det personlege er det politiske. Vaagland skriv her medfølande om seg sjølv, men trekk ingen vidare slutningar av dette. For det fyrste er det ikkje spesielt å bli kåt av porno, du er ikkje spesielt sexy eller potent ved at du reagerer på porno, du er bare ein vanleg pornokonsument; pornoen er laga for at folk skal bli kåte, og me er alle innvovne i, og responderer på, dei seksualitetsstrukturane som til ei kvar tid rår i kulturen. For det andre, at Vaagland blir kåt av porno, tyder ikkje at pornomotstandarar ikkje blir kåte, men me tar følgjene av at me meiner pornoen ikkje er seksualitetsfremmande på bra vis, og at han ikkje er ein god industri, verken for kvinner, barn eller menn: me lar vera å kjøpa og støtta opp under porno, og me arbeider aktivt med å få porno vekk frå samfunnet. Me har ei lovgjeving, nå under endring, der ulovleg porno er den som blir oppfatta som nedverdigande og forråande, men denne paragrafen blir aldri tatt i bruk når Kvinnefronten eller Ottar anmelder Narvesen-pornoen nettopp på dette grunnlaget. Me synst ikkje me er gode og empatiske som blir "lei oss" viss me tidvis skulle "tenka oss inn i" situasjonen til kvinna som "ligger der og skrever", me er empatiske og solidariske når me nektar å godta at dette skal vera kvinners "lønsarbeid", og at dette motstandslaust skal få veksa fram som profittindustri nr 1 i verda. Me les porno gjennom politisk medvitne briller: kva føringar blir gitt på kva seksualitet skal bli forstått som her? Me har kontakt med kvinner som har arbeidd i pornoindustrien, og som gjev oss innspel og råd i forhold til korleis me skal slåst. Vaagland "har nesten gitt opp". Om ho har gitt opp å forklara kor lei ho synst pornogleda hennar er, eller kva det er ho har gitt opp, framsto ikkje som klart i teksten hennar, men me gammalfeministar har altså ikkje gitt opp kampen. Me ser at den seksualiteten me sjølve ber på, og den me ser rundt oss i samfunnet, i aukande grad nytta som salsfremjande middel, eller salsobjekt i seg sjølv, at den kan vera til glede eller undertrykking, og at vår personlege kåtskap eller orgasme, ikkje kan forstås lausrive frå dette samfunnet og denne kulturen. Me meiner i fullt alvor at når nokre kvinner kan seljast, kan alle seljast. Når nokre menn kjøper nokre kvinner, har dette relevans for alle sine liv. Vaagland ba i si spalte dei som ikkje synst ho er kvalifisert til å kalla seg feminist, om å dra til helvete. Det synst eg er ein merkeleg og uinteressant måte å diskutera på. Faktum er at kampen om definisjonane er uhyre viktig, om det er definisjonen på prostitusjon, porno, eller feminisme.

Jentebladet Inside har i julinummeret i år ein reportasje kalt "Bak kamera på en pornofilm". Grunnen til at dei har valt å trykka ein fem-siders sak om pornoproduksjon i Budapest, er i følgje redaktøren Marianne Jemtegård at porno omgjev oss heile tida, men som ho spør i leiarspalta "hva vet du egentlig om hvordan en pornofilm blir laget?" "Informasjon er helt grunnleggende. [Reportasjen] gir verken et rosenrødt eller et svinsk bilde av pornoindustrien". Teksten er meint å vera "nøytral", fordi bladet altså tar oppgåva som folkeopplysar alvorleg i tilfellet porno, men så avsluttest leiaren med følgjande konklusjon: "For de fleste av pornoskuespillerne vi snakket med i denne saken, var det uansett bare en vanlig, kjedelig dag på jobben." Så mykje for den nøytraliteten: pornoinnspeling er vanleg, kjedeleg, trivielt, ein jobb på linje med andre jobbar, som å vera på kontoret, altså. Reportasjen er ei nokså inkjeseiande sak om kva pornoskodespelarar gjer når dei speler inn pornofilm, noko dei fleste vel har ein ide om uansett, og ingenting blir formidla om bakgrunnen desse menneska har, eller kva dei ville svart på pornoproblematiserande spørsmål. Men redaktøren trekk fornuftig nok fram pornoen på MTV, deira "hardcore nude-sendinger" etter klokka 1, som døme på den normaliserte pornoen, og framheld at desse langt overgår såkalte mjukporno-innspelingar, noko eg kan vera einig med henne i, etter å ha blitt sjokkert over desse sendingane tidlegare.

Puritanisme som den store satan

Frykta for å vera puritanistisk gjennomsyrer store delar av debattane, hos dei kriminaliseringskritiske som hevdar at me ikkje kan "forby alt vi ikke liker", til pornoliberalarane som jublar over retten til å ha andre menneskers prostitusjon foran kamera som sexhjelpemiddel. Men få definerer kva dei meiner med puritanisme, det synast tidvis å vera det å vera "snerpete", som når nokre av oss hevdar at det også må vera mogleg å sleppa mas om sex i alle moglege og umoglege samanhengar, til også å gjelda alle som er i mot porno og prostitusjon utfrå eit kristent livssyn. Men den radikalfeministiske porno- og prostitusjonsmotstanden har aldri hevda heteronormativitet eller kjernefamiliediktatur, tvert i mot. Gjennom konkrete analysar, som Kvinnefrontens rapport Porno - kvinneforakt og løgn (Jorun Gulbrandsen, 2001), har me avdekt korleis nettopp heteronormativitet, rasisme, pedofili, synet på seksualitet som noko skittent, grisete og forbode, er det som gjennomsyrer til dømes Narvesen-pornoen. Det er denne konkrete pornoen, og denne konkrete industrien me går til åtak på, og det er framfor alt dette som er vårt mandat, å visa korleis pornoen og prostitusjonen er avhengig av eit seksualfiendtleg samfunn, der pengar, tabu og puritanistiske (seksualitet forstått som ureint og forbode) idear utformar korleis maktulikskapen mellom kvinner og menn blir seksualisert. Seksuell friheit er ikkje mogleg utan økonomisk sjølvstende for alle kvinner.

Det er avgjerande tider i Norge nett nå - debatten om kriminalisering av prostitusjonskjøp har fått ein oppsving på grunn av meir synleg prostitusjon ved menns kjøp av nigerianske kvinner i Norge, og ei ny pornolovgjeving er på trappene. Nye alliansar er i kjømda for å kunna stå sterkare i denne alt meir omfattande kampen, i tillegg til dei breie alliansane som alt finst, som Nettverk mot prostitusjon og handel med kvinner. Me skal svara pornoforherligande akademikarar, unge skrivande jenter som ser med drit i augene på organisert feminisme, og alle våre andre meir tradisjonelle motstandarar, men framfor alt må me bygga vidare på dei viktige nettverka me har, innan kvinnerørsle, fagrørsle og radikale grupper, mellom menneske som bryr seg og lar solidaritet vera utgangspunkt for orientering, kvinner som menn. Bare slik kan kampen mot sal av kvinnekroppen, mot menns vold mot kvinner, vinnast.