Til heimesida til Rødt!
Temaregister | Forfattarregister | Blad for blad | Heimesida til AKP

Ikkje bli kalla hore

av Ingrid Baltzersen

Rødt! nr 1, 2006

Ingrid Baltzersen er 25 år og tar ein mastergrad i midtausten- og nordafrikastudier.
Ho er nestleiar i AKP og er leiar i Palestinakomiteen i Oslo


Det som opprører meg mest med kapitalismen, er at han gjer menneskelege behov til salsobjekt. Behovet for bekrefting frå andre folk, for vennskap, kjærleik, sex, spenning, flørt, alt kan kjøpast og selgast, og viss ein ikkje får den ekte varen, kan ein kjøpa eit substitutt. Reklamen viser at viss ein kjøper den sjokoladen eller det bindet eller det vaskemiddelet, så blir ein lukkeleg.

Eg meiner det er nødvendig å gjera om på dette systemet, for at folk skal ha det bra med seg sjølv og kvarandre. Eg trur og håpar at forholdet mellom folk kjem til å endra seg etter ei sånn omgjering, fordi me er prega av samfunnet me lever i.

Mitt draumesamfunn er kome til ut i frå korleis eg ville hatt det viss eg fekk bestemma. Eg trur samfunnsendringar kjem til gjennom samarbeid og meiningsbrytning, så eg meiner ikkje min utopi er det einaste moglege utfallet.

Eg synst det er best å organisera fleire ting kollektivt. Husvære burde byggast sånn at det var enklare å bu kollektivt og samtidig ha ein del privatliv. I dag blir det bygga masse bitte små leiligheter, som ein og ein kan bu i åleine. Middagslaging for ein liten familie er dårleg bruk av tid. Ein person, gjerne ei dame, brukar i dag fleire timar om dagen for å handla inn til, laga og rydda etter middag. I staden kunne ho og ungane eller vennene hennar gått ut og spist eit godt og næringsrikt måltid, og bruka tida dei elles hadde bruka på middagslaging på kvarandre. Eg likar godt å laga mat sjølv, men då kunne eg gjort det når det var noko spesielt på gang, eller meldt meg frivillig til å laga mat til fleire.

I mitt draumesamfunn er ein ikkje avhengig av å vera gift eller sambuar med nokon for å ha ein unge. Det er ein ikkje no heller, men i dag er det andre valet å vera aleine. I min utopi er ikkje ungar avhengige av berre ein forelder, det er fleire som oppdrar ungane saman. Eg trur ungar har godt av stabile vaksenpersonar, men foreldra behøver ikkje å vera to personar som er kjærestar. I dag er lovverket lagt opp til at eit barn skal ha to foreldre av motsatt kjønn.

Eg ynskjer å oppheva ekteskapet og sambuarskapet som økonomisk einleik, og eg trur at det vil endra måten folk ser på kjærleik. Viss ikkje det å bu godt, ha stabil økonomi og støtte frå andre er avhengig av å ha ein ektefelle, vil nok fleire forhold enda. Det ser ein i dag også, at når det er juridisk og økonomisk enklare å skilja seg, så gjer fleire det. Men eg trur også ei slik endring vil føra til at fleire forhold vil vara, fordi dei ikkje lengre blir knytt til felles økonomiske problem og mangel på tid. Viss fleire ting er gjort samfunnsmessig, vil det ikkje bli folk sine private problem.

Ein har sett slike endringar i forholdet mellom folk i vår tid også. Det romantiske ekteskapet er ein ny institusjon i vårt samfunn. I vårt samfunn er ein anten hetero eller homo, ein er gift, sambuar, kjærast eller "berre vener". Eg trur at ein kunne hatt fleire typar familieformar eller forhold viss ein ikkje knytte det å ha ein partnar til det å vera vellukka. Noko av desse endringane ser ein i dag også, vennefamilien blir viktigare enn den biologiske familien for mange, og det oppstår nye omgrep som pulevenner. Eg er for at folk skal kunna vera livslange monogame kjærastar, men eg trur også at det er mogleg å leva annleis, og eg vil at det skal vera respekt for ulike måtar å leva på.

Eg trur at fleire av tabua som finst i vårt samfunn er knytt til patriarkatet, altså mannsstyret. Kapitalismen tener på patriarkatet, men desse haldingane kan fortsetta i andre samfunn viss ein ikkje kjempar mot dei. Eksempel på tabu er at jenter som har fleire partnarar, blir stempla som horer, det at homser, lesber, bifile og andre som ikkje passar inn i heteronormativiteten framleis blir diskriminerte og framleis føler seg utstøytt frå delar av samfunnet.

I mitt drøymesamfunn blir eg ikkje behandla annleis fordi eg er jente. Eg må ikkje velja mellom å vera attraktiv eller kamerat, hore eller madonna. Eg må ikkje kjempa dobbelt så mykje for å bli sett som det gutar gjer. I min utopi blir ikkje gutar som oppfører seg respektfullt mot jenter, disiplinert til å tru at det er veikt, og jenter blir ikkje opplært til å respektera gutar som undertrykker.

Me blir disiplinerte av kvarandre til å følgja dei partiarkalske normene i vårt samfunn. Når nokon oppfører seg annleis, truger det dei som stør dei tradisjonelle kjønnsrollene og maktforholdet mellom kjønna. Også kvinner er ein del av dette, dei dominerte undertrykker seg sjølv også for å sleppa meir problem.

Alt dette går det an å prøva å endra i vårt samfunn. Men kvar gong ein prøver å leva annleis går ein på ein vegg. Kjærleiken blir kommersialisert og seld, anten ein lev i ekteskap eller utan kjærast, som sambuar eller åleine med ungar. Eg trur det er bra å prøva å leva annleis no også, fordi det er nødvendig for ein del av oss, og dei forsøka ein gjer i dag, er viktige for å læra meir om kva ein kan gjera i morgon viss ein har betre vilkår. Men det er alltid ein fare for at det opprørske i å prøva noko nytt blir kommersialisert og seld tilbake.