Til heimesida til Rødt!
Temaregister | Forfattarregister | Blad for blad | Heimesida til AKP

Om framtida

av Gudrun Kløve Juuhl

Rødt! nr 1, 2006

Gudrun Kløve Juuhl er 26 år, kjem frå Indre Arna, ved Bergen, bur i Oslo.
Skriv masteroppgåve i nordisk litteratur om diskursen i ei diskusjonsspalte for barn
i Norsk Barneblad frå 1970-talet til i dag. Politisk aktiv i målrørsla og Ottar.


Framtida mi er i orden. Eg har snart ferdig utdaning, eg har ein mann og ein stad å bu. Berre me får produsert nokre ungar no, so har me alt me drøymer om. Me får vel sikkert jobb båe to, kan henda. Det ordnar seg nok.

Draumane mine om framtida er ikkje so store.

I dag er det slik at kvar gong eg møter ein gut eller mann som snakkar med meg som om eg er ein person som har noko å seia som kan vera interessant for han å høyra på, og ikkje som ei jente som skal vera eit lydig publikum til hans sjarmeringskunstar eller Førelesingar om Verda, so vert eg glad. I framtida vonar eg at eg ikkje vert spesielt glad, for då er det sjølvsagt å verta møtt som ein person, og ikkje som ein (dårleg, ukvinneleg) representant for kjønnet mitt.

I framtida er det ikkje sånn at damer har ei medfødd plikt til å oppføra seg "kvinneleg". I framtida er det ein absurd kritikk å seia at "Ottar er ikkje noko kule, for dei er jo nesten menn", som ein av dei unge framåtstormande mennene i SV sa til meg på ein fest ein gong. I framtida vil ikkje ei slik slutning: "kvinner som liknar menn = dårleg" gje meining. Det vil vera ein av dei uforståelege tinga norsklærarar kjem til å slita med å forklara ungane når dei les tekstar frå gamle dagar.

I framtida slepp me å slåss for ein ting som pornosladden, for me har ikkje porno.

Og om eg og mannen min greier å laga desse ungane, kanskje me greier å laga både gutar og jenter, veks alle opp til å verta trygge og bråkete og skitne små drittungar, som klatrar høgt i trea og står bak garasjen og luskar på ungdomane som klinar, og ikkje kjem heim når dei skal. Det er ingen store gutar som tvingar jentene til å visa tissen. Gutane og jentene gler seg i lag over alle dei nye bannorda dei lærer av dei store ungane.

Når dei byrjar på skulen og vert litt eldre, er det ingen som klyp jentene i puppane og kallar dei horer, og difor slepp dei òg å høyra frå lærarane at det er slik gutane oppfører seg mot deg når dei likar deg. Alle dei vanskelege tinga med å vera forelska og syna det og kanskje få ein kjærast må ordnast utan vald. Korleis skal det gå?

Eg har ein jobb der er kan sitja på eit kontor på universitetet og forska og finna på nye ting frå ni om morgonen til ni om kvelden om eg vil. Me har ein middagspause der me et i lag med ungane, so stikk dei ut i gata og leikar, so stikk eg tilbake til kontoret mitt, so går mannen min inn på datarommet sitt, og kosar seg med å reparera og byggja om gamle datamaskinar. I framtida finst det billeg, rask og sunn ferdig laga mat, ingen må stå i ein time og laga middag om ikkje dei har lyst. Ingen er dårlege mødrer om dei ikkje prioriterer tid til å laga middag, heller ikkje om ein elskar jobben sin. Etter middag leikar me alle med dei tinga me likar best til det er leggjetid, og alle er trøytte og glade.

Dersom framtida verkeleg vert slik at damer og menn er like frie, kjem sjølvsagt ikkje verda og livet mitt til å sjå ut slik eg har skildra det no. Det kjem til å sjå heilt annleis ut, ting kjem til å verka og ordnast på måtar som er umoglege å tenkja seg i dag. Måten ein ser føre seg fridom på når ein er ufri, må nødvendigvis vera annleis enn det ein erfarer etter at ein har brote seg fri. Sjølv om alt vert annleis enn ein har drøymt om der ute i den frie verda, kan ein ikkje lata vera å sjå føre seg ting. På same måten som ein heller ikkje kan lata vera å freista bita seg gjennom sprinklane i buret.

Slik Uma Thurman i Kill Bill, nedgraven fem fot under jorda, slår og slår mot kistetaket for å bryta seg ut. Uma veit at ho må ut av kista og opp på jorda, og arbeider systematisk og desperat. Slik er det å arbeida for frigjering, og når ein er komen ut er ingenting som ein hadde tenkt seg.