Til heimesida til Rødt!
Temaregister | Forfattarregister | Blad for blad | Heimesida til AKP

Bokomtale

Allahs sorte enker

ved Jan Erik Skretteberg

Rødt! nr 4, 2005

Allahs sorte enker

Julia Jusik: Allahs sorte enker - kvinnelige selvmordbombere fra Tsjetsjenia
Ganesa forlag, 2005 - 190 sider


Det byrjar etter kvart bli tilgjengeleg ein god del litteratur på vestlege språk om konflikta i Tsjetsjenia. Bøkene tek stort sett for seg politikken rundt det eller den tsjetsjenske soga. Julia Jusiks Allahs sorte enker er den første reportasjeboka om dei kvinnelege sjølvmordsbombarane som har prega det russiske samfunnet den siste tida.

Folk som sprengjer seg sjølv i lufta og tek med andre, uskuldige i same slengen er eit fenomen me kjenner særleg frå Midtausten og Sri Lanka i tillegg til Russland. Julia Jusik er den første russiske journalisten som har freista gå inn bak sjølve terrorhandlingane - ho vil finna ut kva som driv "Allahs sorte enker" til dette skrittet. På eige initiativ reiste den unge kvinnelege journalisten rundt i Tsjetsjenia for å snakka med etterlatte av fleire kvinnelege sjølvmordsbombarar; ho nærast fotfølgde dei for å finna ut korleis ekstreme fundamentalistar (menn) klarer å rekruttera eit så stort tal potensielle (kvinnelege) reiskap for å åtaka russarane på russarane sitt eige territorium. Jusik beskriv godt korleis dei som ender opp som sjølvmordsbombarar oftast har ei forhistorie som inkluderer nærast total utsletting av fleire mannlege slektningar, noko som er ei tragedie i eit så patriarkalsk samfunn som Tsjetsjenia.

Og det er her boka har sin verkelege styrke. Gjennom å dra dit og sjå med eigne auge kva kvinnene er utsette for, leverer Jusik eit godt bidrag til å forstå det tsjetsjenske samfunnet og endringa som har gått føre seg i den tsjetsjenske motstandskampen sidan den første tsjetsjenske krigen braut ut i 1994. At kampen no går meir på å oppretta ein islamsk republikk og ikkje berre lausriving frå Russland, er eit aspekt ved spørsmålet om Tsjetsjenia som russarane utnyttar til fulle - dette har nok også vore ein viktig faktor for å knekka vestleg støtte til den tsjetsjenske frigjeringskampen.

Men Jusik har ei hovudtese som går på at den russiske etterretningstenesta FSB (1) veit om dette. Dei veit om at det finst treningsleirar kor den mannlege leiinga "trener opp" kvinner til å bli sjølvmordsbombarar. Det er berre det at dei ikkje gjer noko med det, hevdar Jusik. Difor vart også boka drege vekk frå den russiske marknaden rett etter at ho kom ut. Dette sytte óg for at Jusik sjølv vart arrestert og forhøyrd om arbeidet sitt, noko ho óg beskriv i boka.

Heldigvis valde Jusik ikkje å halda kjeft, slik så mange andre kritiske journalistar i Russland har vald grunna trugsmål frå etterretningspolitiet om både fengsel og øydelagde karrierer.

Jusik skriv også om korleis desse kvinnene er fullstendige reiskap for mennene og at dette faktisk går så langt som å gje seg utslag i at mange ikkje veit kva dei går til når dei blir sjølvmordsaksjonistar. Kvinnene går rett og slett rundt med fjernstyrte bomber som blir sprengde når ein bakmann trykkjer på utløysarknappen. Dette er med på å setja fokus på den heilt opne kjønsdiskrimineringa i Tsjetsjenia - eit samfunn kor kvinnene tradisjonelt sett blir sett på som mannens eigedom og som ikkje kan venda attende til opprinningsfamilien etter å ha gifta seg. Om ektemannens familie ikkje er interessert/har evne til å ta seg av kvinna om ho blir enkje, driv mange kvinner til desperasjon. Dette er med på å gje grobotn for ekstremistane.

Jusik har i fleire intervju sagt at dei russiske styresmaktene har eigeinteresse av å halda konflikta i Tsjetsjenia gåande. Etter mi meining lukkast ho ikkje så godt med dette som med sjølve menneskeskildringane. Det ville også vore vanskeleg som russisk statsborgar. I eit intervju med Aftenposten 13. april i år seier ho også at dette er umogeleg å seia rett ut og å prova dette i boka. Likevel vonar ho at lesaren sit att med det same inntrykket etter å ha lese ho.

Denne meldaren meiner at det ikkje er her boka har si styrke. Det gjenstår mykje arbeid før Jusik kvalifisert kan underbyggja påstanden sin. Dessutan finst det alt ein god del materiale på dette området (2) som er betre både i oppbyggjing, argumentasjon og kjeldebruk. Kor som er må boka reknast som verdifull. I den norske boka er dei grufulle bileta som er med i den russiske originalutgåva fjerna. Skildringa av dei grufulle overgrepa som er med på å "ekstremifisera" kvinnene, er likevel tindrande klår. Boka er heller ein dokumentasjon av desse kvinnene si historie enn det er ei politisk bok.

Boka er lesarvenleg og kort. For ein filolog er det irriterande med feil transkribering av russiske namn, men så lengje dette er gjort konsekvent, får vel omsetjaren sleppa unna med dette.


Noter:

(1) FSB står for Federalnaja Sluzjba Bezopasnosti (norsk: Den føderale tryggleikstenesta), og er etterfølgjaren til KGB.

(2) Interesserte kan til dømes byrja med Novaja Gazeta-journalisten Anna Politkovskajas omfattande bøker på området.