Til heimesida til Rødt!
Temaregister | Forfattarregister | Blad for blad | Heimesida til AKP

Bokomtale

Samisk skole eller Norsk standard

ved Jon-Arne Jørstad

Rødt! nr 2, 2005

Samisk skole eller Norsk Standard? Sámi skuvla vai Norsk Standard?

Svein Lund:
Samisk skole eller Norsk Standard? Reformene i det norske skoleverket og samisk opplæring
Sámi skuvla vai Norsk Standard? Norgga oahpahusođastusat ja sámi oahppi
Davvi Girji 2003, 112 sider
ISBN 82-7374-515-5 (norsk), 82-7374-157-5 (samisk)


"Denne boka handlar om fornorskingspolitikken og arbeidet for å utvikle ein samisk skole. Dette er ikkje bare historie. Reformene på 90-talet førte med seg fleire tilbakeslag for samisk opplæring. Mens Regjering og Sameting kranglar om kompensasjon for tidligare fornorsking, ser vi klare teikn på at fornorskingspolitikken held fram. Derfor er denne boka meir aktuell enn ein skulle ønske." (Frå forfattaren sitt forord.)

Svein Lund si bok frå 2003 er ei fortetta innføring i ein del av Norge si historie som kolonimakt i nord. Gjennom korte glimt frå historia maktar han å vise rasismen og det enorme tvangselementet i norsk samepolitikk.

Utdrag frå boka:

"Men når det fordres at tjenere, barn og barnebarn skal stå under husfarens velde, så stemmer dette ikke med samisk tradisjon og moraloppfatning. Heller ikke når det heter at mannen skal regjere kvinnen og forsørge henne, og hun skal være mannen underdanig. Slik har det aldri vært blant samer. ... Slik søktes gjennom katekisme og hustavle innpodet i samene en moral og sosial ordning som ikke stemte med deres egen moraloppfatning og livsmåte."

(Bård Tvete: Skolebøker for samebarn i Norge fra Thomas von Westen til i dag. 1935)

"Det er misforstaaet Humanitet at søge at kalde tillive og nære denne Nationalitet. ... Den som stræbte at opelske den lappiske Nationalitet var deres værste fjende, thi han indviede dem til Undergang. ... Den eneste Redning for Lapperne var at absorberes af den norske Nationalitet."

(Stortingsrepresentant, seinare statsministar, Johannes Steen 1863)

"Ett sprog i Finmarken. Det er maalet. I de siste ti aar, og særlig da efter internaternes oprettelse, har fornorskningsarbeidet her oppe for alvor tat fart, Saa langt er man nu kommet, at de fleste av den yngre generation taler norsk med lethet, og gaar utviklingen i samme spor som hittil, vil inden tyve aar kanske maalet være naaet. Under disse forhold at ville indføre lappisk og kvænsk i norske skoler er intet andet end forloren sentimentalitet, opalet i feminine hjærner sydpaa."

(Nils Collett Vogt i 1918: Smaa breve fra Finmarken)

Nokon som hugsar Carl I. Hagen i forrige stortingsvalkamp?

Det fantest motstand mot denne politikken utan at det fekk følger for den norske staten sin fornorskingspolitikk.

Finnmark Arbeiderparti - sameprogram stortingsvalet 1906:

"Folkeskolen: Samisk skal være undervisningssprog hele skoletiden ut i alle fag undtagen norsk. Norskundervisningen skal begynde først fra 12. aar."

(Isak Saba blei valt inn på Stortinget for Finnmark Arbeiderparti, men fekk lita støtte frå partigruppa si på dette feltet.)

Presten Jens Otterbech og læraren Johannes Hilde i kampskriftet Fornorskningen i Finmarken(1917):

"Paa denne maate er dette lille folk søgt berøvet ved statens hjælp det helligste og høieste et folk eier - sit morsmaal. Vi føler os forvisset om at det norske folk, naar det faar hel og sand oplysning om dette forhold, ikke lenger vil fortsette slik. Det er os uværdig."

Svein Lund viser også eit særs grotesk utslag av rasismen ved å sitere skuledirektør i Finnmark 1923-33, Christen Brygfjeld:

"De få individer som er igjen av den opprinnelige lappiske folkestamme er nu så degenerert at det er lite håp om noen forandring til det bedre for dem. De er håpløse og hører til Finnmarkens mest tilbakesatte og usleste befolkning og skaffer den største kontingent herfra til vore sindsykeasyler og åndsvakeskoler."

Og verre blir dette når avisa Nordlys for få år sia kunne rapportere at samiske ungar i Spansdalen i Troms heilt fram til 1960-åra blei stempla som ådssvake av dei lokale skuleleiarane og sendt til Trastad Gård i Harstad avdi dei ikkje kunne snakke skikkeleg norsk. Eit folkemøte i bygda vedtok på 1960-talet å slutte å snakke samisk av omsyn til ungane.

Boka viser at det har vore positive endringar i høve til samane og samisk skulepolitikk, særleg etter at samane blei betre organisert og ikkje minst etter Alta-kampen. Men trass i endringar i lovar og retningsliner, viser Svein Lund at situasjonen langt frå er rosenraud for utviklinga av ein samisk skule i Noreg. Han siterer Ole Henrik Magga (Sametingets første president) frå 1994:

"Vi er kommet dit hen at mange snakker om en samisk skole. Sannheten er vel heller at det vi i dag har, er ikke "en samisk skole", men en slags delvis oversettelse av norsk skole. Og dessverre er heller ikke oversettelsen så fullstendig og god. Vi har ingen samisk skole verken når det gjelder innhold eller organisering."

Svein Lund presenterer skulereformane i Noreg og ein del av den pedagogiske debatten (og mangel på sådan). Ein interessant debatt, men som liksom historieglimta, kanskje i for liten grad knytta til dei sosiale og økonomiske endringane som låg/ligg til grunn.

I boka går han gjennom utviklinga på alt frå barnehagar til vaksenopplæringa og viser også korleis dette slår ut i høve til samisk opplæring - og korleis det i dei generelle reformane blir "gløymt" at det finst samar. For dei mange kritikarane på "venstresida" kan dette vere ei viktig påminning - at dette ikkje berre er eit spørsmål om minoritetspedagogikk, men også om problematikken kring det nasjonale spørsmålet.

Når Svein Lund peiker på at fornorskingspolitikken ikkje er over, er det ikkje berre eit spørsmål om manglar i norsk politikk, men konsekvens av medvite politiske val.

På eit større møte i Tromsø, då Gudmund Hernes sin siste reform skulle presenterast, var det ein og entusiastisk statssekretær som snakka om "den nye nasjonsbygginga". Både eg og andre i salen reagerte spontant. Eg hugsar eg kalte innrettinga for halvfascistisk og skjelte ho ut etter notar. Den unge statssekretæren var kanskje ikkje den rette mottakaren av reaksjonen, men som ukritisk formidlar meiner eg det var på sin plass å adressere ho og.

Hernes sin sentralistiske og "nasjonalistiske" line følger ein raud tråd gjennom norsk politikk. Særleg skremmande er det at dette har vore eit varemerke for "venstresida" i Arbeidarpartiet, etter siste verdskrig først og fremst representert med "mot-dagistane", ikkje minst Karl Evang og hans elitistiske og til dels halvfascistiske "skape det nye mennesket"-politikk. Noko som forklarer overgrep ovafor m.a. sigøynarar, brutale utslag innafor psykiatrien, og også korleis Spansdalen-saka kunne finne stad utan offentlege motreaksjonar før i byrjinga av 1990-talet.

I parantes kan nemnast den triste opplevinga mi av våre tidlegare politiske vener på Sri Lanka, JVP (Folkets frigjeringsfront) - "stalinistane", som predika: klassekampen er viktigast - og då vi spurte kva syn dei hadde på det nasjonale spørsmålet og tamilane, berre gjentok: klassekampen er viktigast, og som i praktisk politikk har hamna på ei ultra-nasjonalistisk line ovafor tamilske sjølvbestemmelsekrav.

Eg seier ikkje at alle på "venstresida" i norsk politikk har hamna der i høve til samiske sjølvbestemmelsekrav, men gud betre kor mange som har det. Så har Svein Lund rett i at fornorskinga ikkje over? Ja, og kanskje verre - det er teikn på at vi er inne i ein kritisk fase - vil samisk språk og kultur overleve?

I ein rapport, referert på Troms fylkeskommune sin samekonferanse i fjor, blei det ropt eit alvorleg varsko for samisk språkoverleving i fylket. Og fylkesordføraren ga utrykk for at berre ein ekstraordinær innsats kunne sikre samisk som levande språk i fylket. Trass i ein del positive lovendringar osb. i skulen, synk talet på elevar som har samisk som første- og andre-språk i vidaregåande skule.

Universitetet i Tromsø får kritikk i media for mangelfull og dårleg samisk språkopplæring. Forsvaret søker å fjerne store delar av reindrifta i Troms, gjennom ekspropriasjonskrav i Mauken-Blåtind og øydelegge livsgrunnlaget for dei fremste bærarane av samisk språk og kultur. Og vi får rapportar om sterk nedgang i fiskeflåten og talet på fiskarar som dreg i same retning - også dei sjøsamiske bygdene blir blodtappa. Livsgrunnlaget for samisk språk og kultur blir svekka.

Når no debatten om Finnmarkloven - som skulle danne grunnlaget for sikring av samisk kultur, språk og samfunnsliv - bringer samehetsen sine mest primitive former fram i lyset igjen, er historia med eitt nærverande og vi skjønner at rasisme ikkje er eit musealt omgrep.

Når ein veit at fiskeria, olje- og gassverksemda og gruvedrift blir forsøkt halde utafor ei ny forvaltning av Finnmark, så skjønner ein kva for materielle grunnar som ligg bak og nærer opp under rasismen.

Svein Lund sluttar boka si med ei oppmoding:

"Det er på tide å komme lenger enn å kritisere reformene og foreslå litt flikking her og der. Både samisk og norsk skole treng no ein diskusjon om alternativ til Norsk Standard."

Jo-o, men viss det blir alt, trur eg at vi i beste fall ender opp med ein glitrande samisk skule for stadig færre og i verste fall ei fortreffeleg grunngjeving for enda meir privatisering - oppretting av alternative skular.

Trass visse kritiske merknader, vil eg oppmode folk å skaffe seg boka. Det er ei bok som yppar til debatt og inneheld i tillegg ei stor litteraturliste for dei som ønsker å skaffe seg meir kunnskap.