KOMMUNISTAR OG PARLAMENTA
av Asgeir Bell
Denne artikkelen sto i Røde Fane nr. 2/96.
Dei parlamentariske organa kan bare inntas for å hente informasjon
om borgerskapet si maktutøving, avsløre dei borgarlege arbeidarpartia
og gje massekampen ein talarstol.
Kommunistane har store oppgåver å løyse på den teoretiske
fronten. Svært mange spørsmål i revolusjonsstrategien ligg
innhylla i tåke. Og vi har lite samanfatta kunnskap om vilkåra
for kommunisme i Norge og vår del av verden.
Men dei sentrale teoriane i marxismen om revolusjon,
kommunisme og imperialismen si historisk avgrensa rolle, ligg nå
an til å vinne fram. Det teoretiske arbeidet vårt vil først og
framst bestemme kor vidt vi kan løyse ut eit opprør mot den
kapitalistiske staten når høvet byr seg. Dinest om teoretiske
mangler skal halde attende stabiliseringa av ei sosialistisk
statsforfatning. Og vi kunne legge til: Utan grundig teoretisk
arbeid vil vi kunne bukke under i ein politisk tilbakegang av
typen vi opplevde på 80 tallet. Vi har som kjent ikkje garantier
for tempo og utfall i denne striden.
Parlamentarisk arbeid har gjeve kommunistar i Norge mykje
hovudbry siste tiåret. Truleg er det enkle grunnar for det. Den
eine er mangel på teoretisk arbeid på feltet. Den andre er
manglande grep om prinsippa vi skal forsvare i den politiske
striden i til dømes RV.
AKP si line ligg ennå i botnen av RV sin plattform - så nær
som i organisasjonslina. På det området har AKP teke utviklinga i
RV til etterretning. Framtida til RV er uviss. Tendensen no er
organisatorisk stagnasjon for partiprosjektet samstundes som
stemmepotensialet utvides. Fortsatt kan nokon gå berserk i ein
sving og kreve "eit endelig oppgjer" med ein annan part i
alliansen. Det kan ende RV sine dagar. Likeeins kan forsøka på å
smale inn RV, føra til at RV vert hengjande i baklegsa på eit
tidspunkt der fronten kan og må utvidas. Og la det vera klart:
Før var RV meir å rekne for eit "parti" i tydinga politisk
einskap - og mindre ein allianse. Nå er det programmatisk å
rekne for eit parti, men i gavnet ein allianse meir enn nokon
gong. For alle som vil noko med RV, kan det vera lurt å legge seg
dette på minnet.
Eg legg i denne artikkelen fram til debatt nokre punkter som
eg meiner tek utgangspunkt i prinsippa våre for arbeid i
parlamentariske organ sidan partiet vart stifta. Det omfatter
analysen av dei parlamentariske organa, vårt høve til begrepet
demokrati, forholdet til einskapsfronten og vår line for leiinga
av dette arbeidet. Sist i artikkelen skal eg ta opp nokre områder
vi må studere og utforske for å komme på høyden i det teoretiske
arbeidet på dette feltet.
DET BORGARLEG PARLAMENTARISKE SYSTEMET
Utviklinga av dei parlamentariske maktorgana i Norge, i si
form og innhald, er uløyseleg knytta til utviklinga av
kapitalistiske produksjonsforhold og forminga av eit økonomisk
herskande borgerskap. Følgjeleg må dei parlamentariske organa på
den eine sida ivareta demokratiet i den økonomisk herskande
klassen og på den andre sida heile tida gjenskape ein plattform
som gjev klassen politisk handlekraft ut frå eit minimum av
politisk legitimitet i folket.
Av desse grunnane følgjer at det parlamentariske
systemet uavbrutt må evna å bryte opp arbeidarkulturen og
demokratiet og handlekrafta i arbeiderklassen og alt det som
kan utvikla kravet om politisk makt over staten for
arbeiderklassen.
Det parlamentariske systemet framtrer som eit
folkestyre, mens det i sitt vesen, dvs. i sin grunnleggjande
funksjon, ivaretar borgerskapet si uinnskrenka makt over
økonomien. Når denne makta trues, vil anten innebygde sanksjoner
mot kreftene som truer, bli sett i verk, eller systemet vert
oppheva til fordel for unntakslover eller fascistiske tilstander.
Av denne analysen følgjer at dei parlamentariske organa i
Norge må oppløysast og erstattas med ei nasjonalforsamling som
utgår frå arbeidarklassen, og som kan gje landet ei sosialistisk
forfatning og grunnlov. Den noverande forfatninga gjev ikkje makt
til arbeidarklassen. Dei parlamentariske organa kan bare inntas
for å hente informasjon om borgerskapet si maktutøving, avsløre
dei borgarlege arbeidarpartia og gje massekampen ein talarstol.
Utan partier som frir til den radikale opinionen og
arbeidarklassen, og som langt på veg talar deira sak i aktuelle
politiske spørsmål, samstundes som dei forsvarer forfatninga og
demokratiet, ville maktutøvinga miste eit av sine viktigaste
stabiliserande element. Denne analysen er overlag viktig og må
ikkje utelatast. Det tillegg dei sosialdemokratiske partia
garantist ansvaret for borgerskapet sitt diktatur i den
borgarleg demokratiske forma. Sjølv revolusjonære parti og
allianser vil bli dradd inn i denne rolla og må motvirka den
gjennom meir enn å proklamera seg mot forfatninga.
Den parlamentariske institusjonen er ikkje statisk og laga
ein gong for alle, den endrar seg heile tida for å gje
borgarskapet det apparatet som gjev det mogleg å styre og sikre
optimale akkumulasjonsforhold. Endringane tar form av strid
mellom fløyer innan borgarskapet. Dette ventilerer systemet -
gjev det skin av valfridom. Men først og framst er det ein
nødvendig strid for å nedfelle ei line og ei leiing andsynes
andre nasjoner og i striden mot dei arbeidande klassane.
Til dømes har det ført til endringer i den parlamentariske
situasjonen og forskyving av makt innanfor ulike deler av
statsapparatet etter at den leiande gruppa innan borgerskapet ga
opp nasjonen og gjekk inn for innlemming i EEC (EU). Det har
gjort partioppslutninga meir ustabil og gjeve ei stadig lågara
valdeltaking i lokalval utover 80 talet. Og bak desse fenomena
ser vi ei mykje sterkare sentralmakt med utvida fullmakter til
byråkratiet og deira bånd inn mot borgarskapet. Lokalt er den
statlege kontrollen styrka gjennom rådmannstillinga og
budsjettdisiplineringa frå eit auka antal heildagspolitikarar.
For å ta opp i seg rørsler som kan utvikle eit revolusjonært
program eller vera basis for revolusjonære strømninger, oppstår
det anten partier for ei sak eller kampområde - som
Pensjonistpartiet - eller så må partia og statsformene opne for
rørslene i programma sine og gje dei posisjonar og taburettar.
Dette var tilfellet andsynes kvinneeksplosjonen i nærings og
samfunnsliv dei siste tiåra. Her vart det ikkje skapt eit
kvinnepolitisk parti, mellom anna fordi kvinnekvotering og
spissposisjoner som var godt synlege, kom kvinnerørsla
midlertidig i møte.
Kampen for nasjonen og vår nasjonale sjølvråderett inneheld
forsvaret av grunnlova og retten til å ha ei nasjonal forfatning.
Men bare i denne samanhengen kan vi forsvare grunnlova og det
gjeld konkret dei artiklane som vernar om suvereniteten. Elles er
oppgåva vår å kritisere grunnlova og vise at ho er sjølve
forsvarslina for privat eigedomsrett og kapitalens fridom.
DET BORGARLEGE DEMOKRATIET OG DEI DEMOKRATISKE RETTANE.
Demokratiet er knytta til klassesamfunna og definerer
styreforma for ein klasse over ein annan. Det vil verta oppheva
med kommunismen og erstatta av menneska si direkte leiing og
forvaltning av det livsnødvendige arbeidet og fordelinga av
produkta.
Det borgarlege demokratiet er uløyseleg knytta til
borgarleg rett og fridomsbegrep; nemleg kapitalens rett til
åutbytte menneskeleg arbeid. Bare andsynes retten til fullt ut
åselge arbeidskrafta si på marknaden, gjev det borgarlege
demokratiet arbeidaren "demokratisk makt". I alle andre
samanhenger gjev denne styreforma arbeidaren demokratiske rettar
som kan settas til side. Den eksisterer difor bare når det tjener
borgarskapet eller fordi arbeidarane har makt å setja bak
forsvaret av dei.
Arbeidarklassen si organisasjonsform går utapå det
borgarlege demokratiet fordi det bare kan verkeleggjera
interessene til arbeidarklassen dersom det dialektiske sambandet
mellom sentralisme og åpne diskusjoner (demokrati) vert svært
aktivt og har ein praktisk karakter (alle tek del i prosessane).
I konsolideringa av ei stabil, proletarisk statsmakt er difor
høvet til statleg byråkrati ein tilsynelatande akilleshæl.
Dei reformistiske partia hyllar ofte det borgarlege
demokratiet. Særleg når dei angrip revolusjonære og stiller seg i
rekka til dei som har funne at sosialismen og kommunismen er
avgått ved døden. Det vitner for det første om kor innvevd dei er
i statsmakta til kapitalistklassen. Men det inneheld også to
andre viktige årsaker: Den borgarlege styreforma framtrer både
gjennom posisjonen og opposisjonen og er heilt avhengig av denne
splitta framtoninga. Difor kan media vera fulle av kritiske
merknader til overgrep i klassesamfunnet. Men kritikken er
oppsplitta og gjev ikkje samanhengen til klassediktaturet.
Reformistane trur difor langt på veg at dei i opposisjon
bekjempar systemet. Realiteten er at dei ventilerer det. Dinest
så er det innafor ramma av det borgarlege samfunnet ikkje mogleg
å "feste tiltru" til eit revolusjonært program. Det synes heile
tida utopisk. Kritikken av den borgarlege økonomien og
demokratiet kan difor bare forankras i marxismen si analyse av
kapitalismen si historiske og forbigåande rolle med andre ord
ein revolusjonær teori.
Kjennetegna for eit fullt utvikla borgarleg parti - eit
systemlojalt parti - er strategien med å vinne oppslutning i val,
ein partiøkonomi basert på statsstøtte og organisatorisk
tyngdepunkt knytta til dei parlamentariske organa. Når desse
kjennetegna er til stades, er medlemsdemokrati og fraser om
ålegge vekt på utenomparlamentarisk kamp, bare eit skilje mellom
opne borgarlege partier og venstresosialdemokratiske partier.
Slike parti vert byråkratiske i lengda og treng eigentleg ikkje
medlemmar. Dei er ikkje demokratiske i den forstand vi krev for
eit parti til arbeidarklassen, men det vil kunne ivareta eit
minimum av den borgarlege demokratiske retten.
Valallianser som eit kommunistisk parti deltar i, utviklar
seg også spontant i retning kjennetegna til borgerlege partier.
Åerstatte fleksibel organisering og begrensa målsettinger for
alliansen, fastlagt gjennom avtaler mellom partane i alliansen -
og ut fra deira styrkeforhold - med medlemsbasert, demokratisk
organisasjon, kan bety at alliansen legg seg åpen for denne
utviklinga. Alliansen vert ein arena for å løyse ideologiske
konfliktar mellom partane og vil etterkvart misse evna til å få
valgt revolusjonære talspersoner inn i Storting og kommunestyrer.
EINSKAPSFRONTEN OG OPPGÅVENE FOR KOMMUNISTANE I DEI
PARLAMENTARISKE ORGANA
Vilkåra for ei revolusjonær omveltning er mellom anna
knytta til at masseorganisasjonane veks i styrke og at dei
knytter seg til en revolusjonær einskapsfront. Det
parlamentariske arbeidet til kommunistpartiet må følgjelig bli
underlagt heilskapen i partiet sin politikk. I denne motseiinga
og bare ved å ta utgangspunkt i denne motseiinga, er det mogleg å
analysere den konkrete politikken for det parlamentariske
arbeidet.
Den nasjonale kampen - forsvaret av nasjonen - samlar
ein breiare front med støtte i borgerskapet. Denne fronten sine
oppgåver, politiske som organisatoriske, fastset også dagsorden
for revolusjonære parlamentarikarar.
Allment vil oppgåvene til parlamentarikarane vera:
*Å forbinde og synleggjera dei opprørske og revolusjonære masse
og interesseorganisasjonane i arbeidarklassen og folket.
*Å fremja krava til dei fattigaste og mest undertrykte i
samfunnet og bidra til at dei organiserer seg. Kommunistane tek
ikkje ansvaret for budsjetta i staten sin rekneskap - korkje
lokalt eller sentralt.
*Å avsløre rolla til dei borgarlege arbeidarpartia. Dette krev
svært ulike metoder ut frå ei konkret vurdering av styrken til
dei revolusjonære og opportunistane i masseorganisasjonane.
*Å leggja fram kommunistane sitt maksimalprogram der det er
mogleg.
Ofte vert politikken for einskapsfronten blanda med
parlamentarisk arbeid. Det rår i det minste forvirring. Særleg
kom dette til uttrykk i partikampane seint på 80 tallet.
For det første er einskapsfronten dei samfunnsmessige
kreftene som politisk, økonomisk og til sjuande og sist militært,
er i stand til å styrta kapitalismen - som kan oppløyse
parlamentet og etablere ei forsamling som kan vedta ei
sosialistisk forfatning. Dette er ikkje den parlamentariske
fronten. Snarare tvert imot. Det er masseorganisasjonene og dei
organa som bind dei saman.
For det andre er ikkje einskapsfronten noe som vert laga.
Det er ein front som er, og som bare unntaksvis og i enkelte
faser har ei særskilt form eller navn. Fronten vil sprenges og
gjenoppstå, og vil vera underlagt ulik leiing og linje for
kampen.
Teorien om einskapsfronten er veldig skremmande for
borgerskapet og særleg for dei sosialdemokratiske partia. Det
rokker ved deira stilling. Deira styrke i norsk politikk er
kjennetegna ved den makta dei får ved å dreie eitkvart opprør inn
i parti, inn i dei parlamentariske organa. Derfor oppstår det
tankar om nye partiskipnader ved eitkvart oppsving i klassekampen
(og den nasjonale kampen). Denne kampen utspelte seg i
organiseringen av kampen mot EU, og vil fortsatt gjera det.
Strømninger i RV er i ferd med å innynde seg hos Hågensen eller
underlegge seg hans leiing og taktstokk. Det skyldes blant anna
at dei ikkje ser for seg at folk kan kaste av seg slike leiarar.
Samtidig drømmer dei om masseoppslutning omkring eit nytt RV som
har kasta frå seg kommunistane.
Når vi studerer einskapsfrontpolitikken og utvikler den, vil
vi også styrke det revolusjonære parlamentariske arbeidet. Rolla
blir tydelegare. Både fordi det ut frå sitt formål styrker
einskapsfronten - underlegger denne sine oppgåver - og det at det
avslører dei andre partiene si systembevarande rolle. For
kommunistane kan ikkje spørsmålet om å delta i det
parlamentariske arbeidet stillas som eit anten eller. Det er eine
sida i ein dialektisk einskap og vert difor bare fastlagt i
samband med å analysera oppgåvene i einskapsfronten.
VILKÅR FOR DELTAKING I VAL OG LEIING AV DET PARLAMENTARISKE
ARBEIDET
Dei tre viktigste vilkåra for å stille til valg (ved
eigne lister eller i allianser) er:
A.At den revolusjonære masseorganiseringa ikkje har nådd eit
nivå som gjer den istand til å ta den politiske makta.
B.At kommunistpartiet har ein styrke som tilsvarar:
1.Forankring i arbeidarklassen
2.Har eit minimum av programmatisk einskap og
3.Har overskrede fasen som studieorganisasjon.
C.At de parlamentariske organa ikkje er under kontroll av
framande makter.
Partiet sitt sjølvstende.
Partiet kan inngå alle typer valtaktiske alliansar som:
A.Ivaretar arbeiderklassen sine grunnleggande interesser.
B.Ivaretar partiet sitt sjølstende innafor alliansen og
retten til å legge fram sitt maksimalprogram offentleg.
Leiing av det parlamentariske arbeidet.
Medlemmar av kommunistpartiet innvalgt på eigne lister eller
lister i allianse med andre partier og organisasjoner, er
ansvarlege ovafor minimumsplattformen i programmet og elles
underlagt partiet si leiing. Dette svarer til partiet sin
politikk under sosialismen med å sikre at leiing og organisasjon
vert forankra i arbeidarklassen og folket og ikkje i
statsapparatet.
Vi kjenner mønsteret godt. Det er bare eit spørsmål om tid
før stortingsgruppa "veit best". Eller representanten i
kommunestyret. I dei reformistiske partia er det instituert. Dei
flyttar gjerne leiinga av partiet til Stortinget fordi det er den
viktigste arenaen for deira politiske arbeid. Vi hugsar
bikkjeslagsmålet for å få Erik Solheim inn i Stortinget. Og vi
har sett unge politikarar ta avgårde til Stortinget med feiande
ord og uttrykk - heilt forsvarslause - ettersom dei partia dei
representerer, har som line å omforme dei i systemet sitt bilde.
Systemdisiplineringa må aktivt motverkas og i utgangspunktet
fastsette kor avgjerda skal ligge når det tårner seg opp til
strid mellom partiet og gruppa - eller mellom einskapsfronten
sine krav og dei parlamentariske krava. Ein legitim form for
åoppkaste seg til leiing over feltet har i våre rekker vore at
partiet forsømmer parlamentarikarane. Ergo veit dei best sjølv.
Sjølsagt er ikkje dette ein legitim grunn for å flytte leiinga.
Det er eit sjukdomstegn i partiet sin heilskaplege politikk.
Oftast ikkje som eit "venstreavvik", men rett og slett fordi
partiet sine grunnorganisasjoner forsømmer livsinteressene til
arbeidsfolk i bydelen og dermed ikkje finn bruk for
parlamentarikarane.
Erling Folkvord har gjeve oss ein forbilledleg praksis på
kor viktig det er å "gå på tvers inn i galehuset". Utan erfaring
med arbeid innafor Stortinget har det truleg vore avgjerande
åverne seg mot etiketten for å få tid til å utvikle gruppa sitt
arbeid etter ein revolusjonær strategi.
Gjennom åttiåra vart det ofte klaga over det manglande
demokratiet i RV. Dette var med å sikre gjennomslag for at AKP
måtte gje frå seg dei juridiske rettane i RV. Det tvilsame i
denne omlegginga må mest av alt vurderast opp mot analysen av
demokratiet som er handsama tidlegare i artikkelen. Men kravet om
fristilling vart sett fram i ei tid då AKP handsama RV som ein
front med demokrati og utstrakt sjølvstende innafor dei
arbeidande delane av RV - kommunestyregruppene. AKP samrådde seg
gjennom landsmøterørslene med dei som ville ta aktiv del i
valkampen og i dei parlamentariske gruppene. Elles holdt partiet
kommandoen over området når det kom til prinsippa. Historia om
AKP og RV kunne lett vore annleis: AKP kunne i 1973 vorte
godkjend som navn på vallistene. Det er truleg at det rundt
valarbeidet ville bli utvikla samarbeid med uorganiserte -nettopp
fordi denne lina for parlamentarisk arbeid direkte støtter
enkeltpersoner og organisasjoner. Ville kravet om demokratisering
eller oppløysing av partiet blitt framsett då? Kanskje ikkje, men
merk at korleis vi enn hadde organisert denne typen arbeid, så
tenderar det til å ville frigjera seg frå partiet si leiing.
Dersom leiinga av det parlamentariske arbeidet følgjer
prinsippa ovafor, vil bruken av dei statlege midlene som staten
pøser ut til partia, få ein svært positiv funksjon. Statlege
midler betaler eit informasjonsnettverk som arbeider saman med
masserørsla som ein trojansk hest innafor borgerskapet sin stat.
Det er valuta for skattekronene.
NOKRE UTFORDRINGER
Erling Folkvord har i mange samanhenger - i skrift og tale - tatt
opp problema og utfordringane til dei revolusjonære andsynes
Storting og kommunestyrer. Særleg drøfter Erling problema med å
mobilisere og organisere folk slik at dei får tiltru til eigne
krefter og riv til seg makt over eigen lagnad. Sjå mellom anna
innleiinga hans på folkevaldkonferansen gjengjeve i Opprør
nr.2/95. Samstundes greier Erling å formidle den enorme makta og
arrogansen som ligg i aksen mellom det statlege byråkratiet og
stortingspartia. Dette er del av ein nyvunnen kunnskap som vil få
stor tyding for RV si oppslutning om det vert popularisert og
ligg føre i god tid før neste valkamp.
Men desse erfaringane gjev også material til nokre viktige
teoretiske floker vi har forsømd. Den eine er maktgrunnlaget for
sosialismen. Vi må studera etableringa og utviklinga av
Sovjetstaten svært nøye - saman med andre historiske eksempler -
for å finne ut kva politikk vi kan legge fram for korleis
arbeidarklassen kan skifte ut det borgerlege statsapparatet og
kontrollere "sitt eige byråkrati". Dette spørmålet har ei
metodisk side. Korleis løyser ein det i praksis?. Dinest har det
ei materiell side: Kva utgangspunkt vil arbeiderklassen ha for
maktovertakinga? Dette spørsmålet kan vi nærme oss gjennom
klasseanalyse og analyse av utviklinga i imperialismen. Men vi
kan truleg bare operere med sannsynlege og usannsynlege utfall.
Til sist vil vi gjennom klasseanalysen kunne seie noko om kva
sannsynlege kortsiktige krav revolusjonen må løyse for folk sine
nære livsinteresser. Kven må vi rekne med at i kraft av styrke og
konsentrasjon vil føre an i revolusjonen og gje den karakter.
Og vi må ta fatt på kritikken av grunnlova - dette lille
skriftet som i teksten mest av alt handsamer høvet mellom kongen
og gud(sic!). Det er skreven i eit kansellispråk slik at det bare
er embetsmenn og jurister som kan forstå teksten. Vi må bryte
koden for å finne dei vesentlege trekka i grunnlova, og halde dei
opp mot liknande lover i sosialistiske stater. Ein slik debatt
peiker framover og endrar forestillingane våre om kva retter vi
faktisk har under dette regimet. Kor mykje av dei som er
illusjoner?
Boks 1:
STATEN
"Det noverande samfunnet" er eit kapitalistisk samfunn som finst
i alle kulturland. Det er meir eller mindre fritt frå
mellomaldersk tilsetjing, meir eller mindre forma til av den
særskilde historiske utviklinga i kvart land, meir eller mindre
utvikla. På den andre sida endrar "den noverande staten" seg med
landegrensene. Han er ein annan i det prøyssisk-tyske keisarriket
enn i Sveits, og ein annan i England enn Sambandsstatane. "Den
noverande staten" er difor er difor ein fiksjon.
Trass i den brokute skilnaden mellom dei i form, har dei
ulike statane i dei ulike kulturlanda like fullt det sams at dei
alle grunnar seg på det moderne borgarlege samfunn. Difor har dei
og ein del vesentlege kjenneteikn sams. I denne tydinga går det
an å snakka om "den staten som er no" i motsetning til framtida,
då den rota han no har - det borgarlege samfunnet - vil ha døydd
bort.
Så reiser spørsmålet seg: Kva samfunnsfunksjonar vil verta
att som ein kan sidestilla med statsfunskjonar no? Dette
spørsmålet kan berre svarast på vitskapleg, og ein kjem ikkje eit
høneføt nærare problemet om ein så finn tusenvis av måter å setje
ordet folk saman med ordet stat.
(Henta i utdrag frå Lenins "Staten og revolusjonen", Oktober
Forlag, side 105 - Marx:Kritikk av Gothaprogrammet 1975.)
Boks 2
OM DEMOKRATI
"Engels uttrykte dette framifrå i brevet sitt til Bebel då han,
som lesaren hugsa, sa at "proletariatet treng staten, ikkje til
beste for fridomen, men for å halda motstandarane sine nede. Og
så snart det vert mogleg å tala om fridom, sluttar staten som
slik å vera til."
Demokrati for det store fleirtalet av folket, og
undertrykking med makt, dvs. utestenging frå demokratiet, av dei
som utbyttar og held folket nede det er forandringa som skjer med
demokratiet gjennom overgangen frå kapitalisme til kommunisme.
Fyrst i det kommunistiske samfunnet, der motstand frå
kapitalistane har vorte fullstendig knust, der kapitalistane har
forsvunne, der det ikkje lenger er klassar (dvs. der det ikkje
lenger er noko skilje mellom samfunnsmedlemmene når det gjeld
tilhøvet dei står i til produksjonsmidla i samfunnet), fyrst då
"slutter staten å vera til" og "det vert mogleg å tala om
fridom" - Fyrst då vil eit verkeleg fullstendig demokrati ta til
å visna bort, som fylgje av den enkle røyndommen at når folk har
vorti fri frå kapitalistisk slaveri, frå den uhorveleg mengda
redsler, villskap, vanvit og vondskap som fylgjer den
kapitalistiske utbyttinga, då vil dei etter kvart verta vane med
å halda seg til dei grunnleggjande omgangsreglane i samfunnet som
har vorte kjende i hundreår og tekne opp at i tusenår i alle
regelverk for skikk og bruk. Dei vil verta vane med å halda seg
til dei utan maktbruk, utan tvang, utan underordning, utan det
særskilte apparatet for tvangsbruk som vert kalla staten.
Uttrykket "Staten visner bort" er særs godt vald, for det
peikar både mot at prosessen går smått om senn, og at han går
fram av seg sjølv. (Frå Lenin: "Staten og revolusjonen", side
109, Oktober Forlag.)
Boks 3
FRÅ AKP SINE PROGRAM
AKP har handsama dei parlamentariske organa og politikken
andsynes dei, ulikt i programma sine frå 1973 og fram til idag.
Her er nokre kutt frå fire av programma:
1973
"Det parlamentariske systemet som finnes i Norge i dag er et
system som i hovedsak er bygd opp på en slik måte at det hindrer
det arbeidende folket i å kunne delta i og ha innflytelse på det.
I den nåværende situasjonen deltar likevel kommunistene i
valg til Storting og kommunestyrer, dels for å benytte de
begrensede muligheter til å støtte folkets kamp som finnes der,
dels for å avsløre at de parlamentariske organene - særlig
Stortinget - ikke kan fungere som noe annet enn en
sandpåstrøingsmaskin overfor avgjørelser fattet i
monopolkapitalens apparat." (Utdrag punkt 17,Parlamentariske
organer", side 77.)
1976
"Dei parlamentariske organa, Storting og kommunestyra, har ingen
verkeleg makt. Dei er sette til å strø sand på dei avgjerdene
kapitalen eller staten tek. Men av di dei er folkevalde og folk
har illusjonar om dei, er dei ein viktig lekk i det borgarlege
diktaturet - for borgarskapet. Desse organa kan berre nyttast som
talarstolar om kommunister vert valde inn i dei. Partiet må aldri
gje folk illusjonar om at dei kan oppnå noko gjennom desse
borgarlege klasseundertrykkingsorgana." (Siste avsnitt av punkt
13.)
1984
"2.2.5. Parlamentsval kan ikkje føre til sosialisme.
Dersom eit fleirtal røystar for sosialisme ved val, så
avskaffar herskarane parlamentet og undertrykkjer fleirtalet med
vald. Derfor kan sosialismen aldri sigra så lenge arbeidarklassen
trur at " den fredelege og parlamentariske vegen" kan føre til
sosialisme." (Sjå og punkt 4.5.6 på side 43.)
1990
"Klassekamp og folkelig organisering må samtidig forbindes med
kampen om innflytelse i folkevalgte organer. Valg og
representasjon i kommunestyrer, fylkesting og Storting må brukes
for å fremme sosiale, økonomiske og politiske krav, øke
kunnskapene om offentlig styring og samtidig synliggjøre hvor
udugelig det kapitalistiske systemet er når det gjelder å ivareta
folks rettigheter og velferd. Korrupsjon og kameraderi i det
politiske systemet må avsløres. Folkevalgte organers makt og
innflytelse må forsvares mot angrep fra kapital, statsbyråkrati
og organisasjonseliter.
Parlamentariske valg er derfor en viktig gradmåler på den
politiske strømningene i folket. Men den herskende klassen vil
aldri akseptere at folket gjennom valg og parlamentariske vedtak
truer kapitalismen eller innfører et sosialistisk samfunnssystem.
Det finnes ingen parlamentarisk vei til sosialismen." (Dei siste
avsnitta i punkt 5.1, side 16.)
Tilbake til Røde Fane-sida