Kommunistar og Gud

Av Bjørn Olav Utvik

(Røde Fane nr 3 1989)


I Guds, den Barmhjertiges, den Nåderikes navn: RV vil . . . Slik innleier Oslo RV ein løpeseddel på urdu ved kommunevalet 1987. I 1.mai-toga i Oslo fortel transparentar oss at det finst berre ein Gud og Muhammad er hans profet. Kva er det som skjer? Her reknar med norske radikalarar oss for ferdige med religionen. Han var blitt eit uviktig spørsmål som dei stadig færre aktive kristne kunne sulla med i fred for oss, sjøl om me kunne mora oss med sporadiske apedebattar med Bondevik.

Den som vil driva politikk i "det fargerike fellesskapet" kjem ikkje utanom: Det er på tide me lærer oss å kjenna den Gud som Oslo RV uttaler seg i namnet til. Elles kjem det til å bli stadig verre å vita kva fot me skal stå på.

Gud finst og er ikkje til å spøka med

Gud er eit uttrykk for veldige, verkelege krefter.

Ein religionskritisk modell som Hedningesamfunnet, som stoppar ved å seia at Gud ikkje finst, og latterliggjera trua på Han, er grunn og ubrukeleg. Om me ser på religiøse rørsler som ein rørete opptatthet med fantasifoster har med sjøl mista det materialistiske fotfestet vårt. Religionen har vore, og er framleis, ei slik enorm kraft fordi han alltid snakkar om verkelege forhold, forhold som er grunnleggande i livet til samfunn og einskildmenneske. Han bruker eit språk me ikkje er fortrulege med, men me kan ikkje få hetta av den grunn. Det er vanleg å diskutera religion som uttrykk for menneskelege behov, men når Gud kan brukast til å fylla psykologiske behov er dett fordi Gud er eit namn på , eit forsøk på å beskriva, noko som faktisk finst, og er av enorm betydning.

Ein materialistisk religionskritikk må stilla spørsmålet: Kven er Gud?

Gud er oss

Gud uttrykker einskapen mellom menneska.

Einskapen mellom menneska er biologisk i den forstand at me alle i følge dei nyaste teoriane stammar frå same urmor. Viktigare er det at mennesket er eit flokkdyr. For å bli menneske er individet avhengig av samhandling med andre. Eit barn som lever opp utan samkvem med andre utviklar seg derfor ikkje til menneske – jfr historiene om "ulvebarn".

Einskapen blir altså heile tida skapt på ny i samhandling mellom folk. Men korleis blir han erkjent? Historisk har dette i stor grad vore gjennom religiøse forestillingar:

- Gudar forener dei som dyrkar dei. I den tidlege utviklinga av menneskesamfunnet er det avgjerande å skilja menneska i ei gruppe frå andre dyr, å inngå ein pakt om ikkje-aggresjon mot kvarandre. Ofte tar dette form av totem-system, gruppa knytter seg til eit bestemt dyreslag, som då og blir tabu. Dyrking av ein sams stammfar, eller mor, som gud viser i meir rein form korleis det guddommelege i røynda er det felles opphavet, slekta. Etterkvart som samfunnet og religionen utviklar seg ser ein framleis korleis lojalitet til den eine eller andre guden eigentleg dreier seg om lojalitet til gruppa. Gud eller gudar konstituerar einskap mellom grupper, slik nasjonale myter gjer det.

- Gud gir lovene, særleg ettersom samfunnet blir meir samansett og klassemotsetningane utviklar seg. Menneska blir meir framandgjorte frå den grunnleggande einskapen seg imellom. Lovgiving på ting har blitt uråd fordi motsetningane er for store. Samstundes har ikkje dei dominerande sosiale gruppene eller klassane legitimitet til å diktera lovene. Løysinga blir lovgiving pr. satellitt. Moses sender sine lovidear opp til Herren og får dei att på himmelske steintavler. Slik er satellitt-effekten: Moses er berre ein mann med meiningar som andre, men når Gud stiller seg bak strålar boda ut ovafrå og ingen slepp unna.

- Gjennom lovgivinga og gudsryrkinga organiserer religionen samfunnet. Gud forordnar ein dag for samling, då Hans ord blir preika i kyrkjer og moskear. Kyrkja tar hand om viktige delar av det sosiale livet: ekteskap, innviing til voksen (konfirmasjon), registrering av fødslar, gravferder. Og eigne religiøse organisasjonar forvaltar kontakten med Gud: kyrkja, munkeordenar, sekter.

- Politisk svarer kamp og einskap i himmelen til kamp og einskap på jorda. Kampen for monoteisme, trua på at Gud er ein, er ein kamp for politisk samling og sentralisering. Det er slik sett ikkje noko tilfelle at kristninga av Norge gjekk parallelt med samlinga til eitt rike, og at nettopp kongane var så ivrige i kristningsarbeidet!

- Politiske rørsler har i det heile svært ofte definert programmet sitt som religiøst. Opprørarar har stått fram som religiøse sekter – slik radikale protestantar gjorde under Bondeopprøret i Tyskland på 1500-talet, slik samane i Kautokeino gjorde i 1852 og slik islamske "fundamentalistar" gjer i dag.

- Men menneska har og behov for å oppleva einskapen med andre menneske med kjenslene, å finna styrke til åleva i denne verda. Her spelar kjærleiken til og tilliten til Gud ei avgjerande rolle. Det me kallar "høgtid" har mykje med dette å gjera: å oppleva samkjensle med andre, at me står i ein storslått samanheng saman med andre menneske nå og i andre slektledd. Mykje av funksjonen til religiøse sermoniar, gudstenester og lignende ligg her. Men folkerørsler som ikkje er religiøse er og avhengige av å formidla denne kjenslemessige einskapen mellom folk gjennom ulike slag "sermoniar" – som kollektiv avsynging av Internasjonalen t.d.

Gud si rolle endrar seg etterkvart som klassesamfunnet utviklar seg. Dei framvoksande herskarklassane gjer gudane til sine, og helst skal det vera snakk om ein gud. Å tillata dei undertrykte å dyrka eigne gudar/ein annan religion er å setja autoriteten i fare. Tenk i dette perspektivet på kven muslimane i Europa i dag er – arbeidarar, og det av den mest utnytta og underbetalte sorten!

Men det at Gud tar klassestandpunkt endrar ikkje på det faktum at Han uttrykker einskapen mellom menneska. Det er nettopp denne einskapen herskarklassane prøver å ta monopol på ved å sette Gud i si teneste, og å utrydda andre gudar.

Gud er naturen

Gud uttrykker einskapen mellom menneska og naturen.

"Av jord er du kommet, til jord skal du bli", heiter det i begravelsesritualet. Nett som ein materialist ville sagt det! Me er alle barn av Stoffet, "materia". Me er materie i si mest kompliserte, utvikla form. Gud formidler denne einskapen med anna levande liv og i siste instans med alt som finst. Klarast er dette hos panteistane, dei som meiner Gud er sjølve Altet.

At einskapen mellom mennesket og naturen er ei reell kraft hos menneska ser med kvar dag tusenvis av døme på. I den amerikanske filmen "The River" er det ein scene som kan sjåast som eit særleg vakkert uttrykk for dette. Ein stad i filmen er hovudpersonen saman med andre forgjelda bønder streikebrytar på eit stålverk. Streikebrytarane er sperra inne på fabrikkområdet som er beleira av dei streikande. Dei jobbar i bråk, skit og varme, søv i overfylte brakker. Dei er ei rå, demoralisert mannsverd. Inn på fabrikken forvillar det seg eit rådyr. Dei fangar det, har det i ein sekk og heile flokken på 100 mann følger det andektig ut og er vitne til at det varsomt blir sett fri i naturen.

Gud er naturen og menneska i eit trollspeil

Menneska er framandgjorde frå kvarandre og frå naturen, ute av stand til å sjå den grunnleggande einskapen ope slik han er.

Ved att einskapen blir erkjent ikkje som det han er, men som ei makt utafor oss, som står over oss, blir mennesket gjort lite. Det store, flotte, mektige tilværet er ikkje einskapar ved oss, men ved ein fullkomen, perfekt Gud. Målt mot Han sviktar me Ynkeleg. Trua på Gud blir lett for undertrykkarregime å ta i si teneste, fordi menneska i prinsippet blir umyndiggjorte i høve til guddommen. Slik blir dei prisgitte eit presteskap, eller ein overklasse "av Guds nåde" og dei lovene dei fastset. (Dette er ikkje eintydig. Guds lover kan og vera eit forsvar mot vilkårlighet frå herskarane si side.)

Kva følger har dette for oss?

Ein slepp ikkje fri synda ved å lukka augene for Gud

Ingen spørsmål kan avvisast som "religiøse" og dermed uinteressante for ateistar.

Kritikken si oppgåve må vera å avkle religionen dei forvanska formene for å blottstilla det reelle innhaldet i dei spørsmåla han tar opp. Spørsmål som gjeld moral, død, synd, skuld, er allmennmenneskelege, og me kjem ikkje utanom dei fordi om me ikkje trur på Gud.

Religionane tilbyr svar på viktige spørsmål som marxismen ikkje tar opp, t.d. om moral. Marxistar si behandling av dette er i beste fall svært mangelfull. I praksis har haldninga til vold t.d. ofte vore prega av jesuittanes maksime "hensikten helliger midlet".

Og kva med tilhøvet mellom individet og kollektivet? Dei kinesiske kommunistane, som me har studert flittig, opererer med eit krav om fullstendig underordning av individet, og den fullstendige bekjempinga av eigennytten (dette gjaldt t.d. både Liu Shaoqi og dei kulturrevolusjonære). Denne idealistiske haldninga har fostra mykje dårleg handsaming av folk, mykje tyning av einskildpersonar, og mykje hykleri, både i Kina og Norge.

Eg nemner dette dømet her, fordi det med kraft har reist spørsmålet om synd, og soning. Synda, dvs. det å bryta med normene for rett handling er ikkje mindre alvorleg for oss kommunistar enn for kristne. Rett nok hamnar me ikkje i helvete, men me har heler ingen Jesus til å sona for oss. Når me har krav om nærmast å vera det perfekte mennesket hengande over oss, kan ein ikkje undrast over at det har vore mykje sjelenød i rørsla vår gjennom tidene. Les t.d. vedtektene til AKP(m-l), og tenk over dei idealbilda me har fora oss med av revolusjonære leiarar før oss. Med begge beina i ein kristen kultur der skulda lurer over alt, skal det god rygg til å bera slike ideal, noko dei mange mange utslitne førtiåringane våre er prov på.

ML-rørsla er vår tids pietistar

Ml-rørsla har klare religiøse trekk både fordi me kjem frå ein religiøs tradisjon og fordi mange trekk ved religiøs organisering er allmenngyldig.

Religion har vore hovudforma for tenking og organisering i størsteparten av menneskas historie. Me bryt med dette. Me må definera oss i høve til det, og setja skilje. Men me må og sjå einskapen – på vondt og godt. Me må ikkje bli hysteriske om me blir skulda for å ha "religiøse trekk", men analysera slike likskapar og skilja dritt frå mat. Religiøs tenking og organisering må ha mange allmenngyldige trekk. Det ville vore svært merkeleg om ikkje me, som attpåtil historisk sett ikkje er tørre bak øyrene som "ikkje-religiøse", skulle vera frie for fellestrekk med denne tradisjonen. Ved å fornekta den religiøse tradisjonen, fornektar me den samanhengen me sjøl står i, og blir blinde for viktige trekk ved oss sjøl.

Vår soge er ikkje berre Wergeland og Thrane, men og Hans Nielsen Hauge! Hauge var ein viktig føresetnad for seinare revolusjonære i Norge, han tok monopolet på å meina og snakka om dei djupaste spørsmål frå kyrkja og dermed frå overklassen. Han fullførte i Norge reformasjonens verk med å bryta ned "arbeidsdelinga" mellom dei geistlege og almuen. Nå skulle det vanlege menneske vera heilag.

Hauge snakka om ein "apostolisk kommunisme" blant dei truande, og tordna mot presteskapet og byborgarane som sugde ut landsbygda. Altfor ukritisk har radikale her i landet slått seg til ro med borgaren Kiellands utdriting av Haugianarane i "Skipper Worse".

Me må innsjå at me sjøl er kristne, like under overflata. Dei fleste av oss skal toppen gå to generasjonar tilbake i slekta, før den folkelege pietismen i ei eller anna form står der som ein moralsk kommando: Frykt Gud i tankar og gjerningar!

Me må forstå oss sjøl for å forstå andre

Å skjøna vår eigen religiøse bakgrunn og utvikla eit gjennomtenkt forhold til norsk kristendom er eit vilkår for å kunna opptre fornuftig i høve til religiøse rørsler frå andre kulturar.

For å læra å kjenna oss sjøl betre, på godt og vondt, treng me å studera historia til dei pietistiske lekmannsrørslene i Norge. Ikkje minst vil det læra oss mykje om fordommane våre, som blir viktige om me skal få eit avbalansert forhold til andre kulturar.

Ikkje berre det – me treng ikkje minst eit avbalansert forhold til våre "eigne" religiøse. I norsk radikal tradisjon finst ei fordomsfull avvising av alt som smaker av religiøsitet – ei avvising som blander saman ulike religiøse strømningar uansett klasseinnhald, og som stenger for sjølinnsikt. Sjå berre på den sjølsagte stemplinga av kristne abortmotstandarar som generelt reaksjonære i "smørsyredebatten". Men kan me bygga opp ein bra revolusjonær politikk overfor religiøse klassefrender frå andre kulturar om me ikkje greier det overfor våre heimlege? Muslimane er undertrykte, javel, er norske vestlandske, sørlandske pietistar ikkje undertrykte? Må folk frå bedehusmiljø fornekta bakgrunnen sin for å bli godtatt hjå oss? Kvifor er partiet vårt særleg svakt på Sør- og Sørvestlandet?

Korleis skal me stilla oss til politiske rørsler som framtrer som religiøse? Idealisme som sådan er me mot, men dette er eit filosofisk spørsmål og avgjer ikkje direkte den politiske karakteren av ei religiøs rørsle, her må det politisk analyse til.

Ser me t.d. på den islamske bølga som går over verda, må me analysera ho på to plan:

Som kommunistar ønsker me at Gud skal sjå seg sjøl i speilet og erkjenna kven han er.

Men til så lenge må me samarbeida med han når han er på folkets side og slåss mot han når han tar sida til herskarane. Prøver me å nekta for at han finst, å le han bort, er det nok stor fare for at det går med oss som med mannen:

Og mannen han ville fra nissen flytte
men reisen ble ham til ingen nytte
for høyt på vognlasset nissen lo
jeg tror vi flytter i dag vi to

Tilbake til Røde Fanes hjemmeside