Til Røde Fane si heimeside
Artikkeloversikt sortert på forfattar
Artikkeloversikt sortert etter utgåve
Artikkeloversikt sortert på tema
Til heimesida til AKP

Bokomtale

Tredje venstre
- for en radikal individualisme

ved Ingrid Baltzersen

Røde Fane nr 4, 2004

Tredje venstre

Magnus Marsdal og Bendik Wold: Tredje venstre - for en radikal individualisme,
Oktober forlag 2004, 250 sider, ISBN 82 495 0293 0


Magnus E Marsdal og Bendik Wold har skrive eit manifest for "det tredje venstre", ei bok dei ynskjer at skal påverka korleis venstresida skal sjå ut framover.

Boka er hovudsakleg ei grundig analyse og kritikk av den borgarlege individualismen, og dei tre formene denne har: nyliberalismen, "postmodernismen" og underhaldningsindustrien. Andre del av boka handlar om individualismen, om kven dei nye rørslene er, og til slutt forfattarane sitt ynskje om det tredje venstre, og ynskja deira (ti bod) for korleis denne rørsla skal vera.

Den første delen er svært grundig og godt dokumentert. Tredelinga av den borgarlege individualismen fungerer bra, og forfattarane viser korleis nyliberalismen, postmodernismen og underhaldningsindustrien legitimerer kvarandre, sjølv om bodskapen ikkje er den same på dei tre områda. Som dei skriv:

"Man møter det samme verdensbildet overalt. Holdninger hos økonomer, politikere, reklameguruer, kultursynsere og mannen i gata bekrefter hverandre gjensidig. Klassedelingen, klasseinteressene og alt det som fulgte med hører fortiden til. Arbeiderklassen finnes ikke mer." (Side 15.)

Boka analyserer utviklinga først og fremst idehistorisk, ikkje historisk-materialistisk. Dette er eit problem i kapittelet om nyliberalisme, fordi forfattarane ikkje viser det økonomiske grunnlaget for framveksten av nyliberalismen. Dette er til gjengjeld godt dokumentert i boka Privatisering - en kritikk av Eilertsen og Bjerke, som også er omtala i dette nummeret av Røde Fane. Det økonomiske grunnlaget for nyliberalismen er at profitten har sunke, og det manglar profitable stader i privat sektor å investera i, difor hiv kapitalistane seg over offentleg sektor. Sidan Marsdal og Wold ikkje har ei økonomisk forklaring på utviklinga, manglar dei også en imperialismeteori. Kapitla om postmodernismen og underhaldningsindustrien fungerer betre, nettopp fordi dei knyter ideologi saman med den økonomiske utviklinga.

Det siste kapittelet i boka, "Det tredje venstre", handlar om kor forfattarane vil vidare. Dei presenterer 10 bod om korleis dei vil at venstresida skal sjå ut i framtida. Dei meiner at den nye venstresida ikkje har kome enno, men at me ser kimane til det i det dei kallar det tredje venstre. Boda dei har laga, er ynskja dei har for den nye venstresida.

Manglar klasseperspektiv

Eit gjennomgåande problem i boka er at forfattarane ikkje ser på klasse som viktig. Marsdal og Wold forhold seg til eit fragmentert samfunn der dei som er i den utdanna middelklassa ikkje får auge på klare frontar eller klasseskilje, mens arbeiderklassa og storborgarskapen framleis er homogene grupper (side 65). Forfattarane ser bort frå arbeiderklassa, og ser på den utdanna middelklassa som den revolusjonære krafta. Det tredje venstre har som oppgåve å byggja allianse mellom den moderne middelklassa og den organiserte arbeiderklassa. Forfattarane identifiserer seg sjølv som middelklasse, og skriv i ein kronikk i Dagbladet 9. november 2004: "Selvsagt er livsnytersosialismen forlokkende for oss i Oslos skrivende middelklasse. Men den er noe mye større. Den er for dem som vasker kontorene våre." Det å laga ein sosialisme på vegne av "dem som vasker kontorene våre" smakar for meg av sosialisme ovanfrå, som dei sjølv kritiserer gjennom heile boka.

Marsdal og Wold skriv om møtet sitt med venstresida, at dei møtte ein "arbeiderisme som dyrker forestillingen om 1930-tallets sixpencekledte arbeidskar som om han hadde Sosialismens hellige gral gjemt under sin loslitte lue" (side 223). Eg meiner ikkje at arbeidarmenn er dei einaste som kan definera sosialismen. Mange har skrive før meg om at kvinner er størstedelen av arbeidarklassa. Men eg meiner at grunnen til at arbeidarklassa er den viktigaste revolusjonære krafta er fordi dei har umiddelbare økonomiske og praktiske interesser av ein revolusjon. Store deler av middelklassa kan også vera revolusjonære, fordi dei også blir proletariserte og har interesse av eit anna samfunn slik som Marsdal og Wold også skriv om. Viss arbeidarklassa ikkje er viktig, så er det sikkert greitt å skriva slik som Marsdal og Wold om "dem som vasker kontorene våre", eller "Vi ler av en arbeiderklasse som gir sin egen LO-leder 800.000 kroner i årslønn" (side 229).

Kor er feminismen?

Det er bra at Marsdal og Wold set i gang ein diskusjon om korleis venstresida skal bli sterk og viktig. Men me hadde kanskje kome litt vidare viss dei også hadde bruka tidlegare norske teoretikarar som har skive om mykje av det dei stiller krav om, demokrati og fokus på behova til individet. Dei har over 300 henvisningar i boka, men ikkje ei henvisning til Kjersti Ericsson.

Det er spesielt å laga ei bok som først og fremst skal handla om demokrati, der ein ikkje nemner teoriutviklinga fleire damer i AKP starta på 1980-talet. Kjersti Ericsson sine to bøker Søstre, kamerater! og Den flerstemmige revolusjonen er vel dei mest kjente bidraga. For meg blir det tomt prat om demokrati og individuelle rettar når det einaste konkrete forslaget dei har er at økonomien må inngå i demokratiet. Feministiske sosialistar har vist at viss ikkje kvinner er ein viktig del av den revolusjonære rørsla og den revolusjonære teoriutviklinga, så kjem dei i alle fall ikkje til å bli viktige under og etter revolusjonen. Kjønns- og minoritetsundertrykkjing vil ikkje forsvinna berre ein får kollektivisert økonomien. Her meiner eg faktisk me kan læra noko også av akademisk forsking under postmodernismen, i å sjå minoritetar og forskjellar, ikkje berre kollektive fellestrekk og interesser. Eller som Kjersti Ericsson skriv i Den flerstemmige revolusjonen (side 14-15): "En felles kamp kan ikke bygge på at alle er like. Den må bygge på en allianse der ulike utgangspunkt blir respektert, der motsetninger og undertrykkingsforhold tas opp og bearbeides."

Dei nye rørslene

Marsdal og Wold har stor tru på dei nye rørslene. Men dei skriv ikkje noko om korleis dei skal organisera seg for å fungera som ei revolusjonær kraft, det tredje venstre. Eg meiner noko av problemet med antiglobaliseringsrørsla og antikrigsrørsla er at det er mange folk og veldig mange retningar. Dei fleste som møter opp i demonstrasjonar og konferansar har ikkje nødvendigvis noko ynskje om å endra dei grunnleggjande maktforholda i verda. Det bør førast ein offensiv diskusjon om revolusjon og reform i desse foruma, men boka Tredje venstre fungerer meir som ei avgrensing mot den organiserte venstresida.



Ti bud for den nye venstresiden

Fra boka

1. Venstresiden må være individualistisk. Kollektive løsninger er til for å gi individet økt frihet.

2. Venstresidens mål er demokratiet. Hvis vi er mot kapitalismen, er det fordi den står i veien for demokratiet.

3. Venstresiden må gjenreise kampene og slutte å dyrke pampene. Vi ler av en arbeiderklasse som gir sin egen LO-leder 800.000 kroner i årslønn.

4. Venstresiden kan ikke godta skillet mellom politikk og økonomi. Politikken får ikke ny kraft før den utfordrer kapitaleiernes rett til å forvalte fellesskapets ressurser som sin private "eiendom".

5. Venstresiden må ikke gjenta sosialdemokratiets største feil og la kapitaleierne beholde den økonomiske makten. Da får vi bare en ny Thatcher i 2050.

6. Venstresiden må utvikle konkrete, realistiske løsninger. Folk tror ikke på allmenne fraser om "en annen verden".

7. Venstresiden må utløse kollektiv handling og mobilisere mange mennesker. Fokus må gå utover og nedover, ikke innover og oppover.

8. Venstresiden må ut av de ideologiske skyttergravene fra 1900-tallet. Verken Ap, SV eller RV har svarene for Det tredje venstre.

9. Venstresiden må dyrke det mennesker lever for, like mye som det vi lever av. For mange er fritid viktigere enn arbeidstid.

10. Venstresidens prosjekt må være større valgfrihet og mer fritid for folk flest. Det gode samfunn kommer med livsnytersosialismen, selv for oss pietistiske nordmenn.