Til Røde Fane si heimeside
Artikkeloversikt sortert på forfattar
Artikkeloversikt sortert etter utgåve
Artikkeloversikt sortert på tema
Til heimesida til AKP

Kurdistan -
26 år etter stiftinga av PKK

av Erling Folkvord

Røde Fane nr 4, 2004

Erling Folkvord sitter i kommunestyret for RV i Oslo og er medlem av AKP


Mange kurdarar ventar spent på vedtaket som Det europeiske rådet skal gjere 17. desember. Då skal EU-toppane seie JA eller NEI til å godta Tyrkia som søkjarland. Denne avgjerda er viktig sjølv om eventuelt tyrkisk medlemskap i Europaunionen kan liggje 10 år eller lenger inn i framtida.

I slutten av november vil mange kurdarar markere 26-årsdagen for stiftinga av PKK - Kurdistans arbeidarparti. PKK finst ikkje lenger, men frigjeringskampen går vidare innafor Kongra Gel - Kurdistans folkekongress - som vart oppretta i november 2003. Kongra Gel har ikkje deltatt i aksjonar mot den amerikanske okkupasjonshæren i Irak.

20 år sia den første væpna PKK-aksjonen

I august var det 20 år sia det framleis uerfarne PKK gjennomførte den første militære aksjonen sin. Aksjonen hadde størst verdi symbolsk og politisk: Den kurdiske rørsla tok i 1984 opp igjen den kampen som vart knust gjennom massakreringa av titusenar i Dersim i 1938. Då sa den tyrkiske innanriksministeren: "Det finst ingen kurdarar i Tyrkia, berre tyrkarar som bur oppe i fjella. Desse røvarane må siviliserast med vald."

Kurdayetî - kurdisk sjølbevissthet - er det viktigaste resultatet av 20 års kamp, ei sjølbevissthet som ikkje er nasjonalistisk og ikkje ser ned på dei som ikkje er kurdarar.

Splitting i Kongra Gel

Ved siste årsskiftet vart det kjend at ei gruppe rundt Osman Öcalan hadde bryti med Kongra Gel. Dei reiste frå dei kurdiske fjella og ned til Mosul i grenseområdet mellom arabisk og kurdisk del av Irak. Tyrkisk presse boltra seg i meldingar om splitting i Kongra Gel. Etter ei sterk oppfordring frå Abdullah Öcalan - den tidlegare PKK-leiaren som sit med livstidsdom på fengselsøya Imrali - reiste gruppa rundt Osman i mars tilbake til fjella for å diskutere dei politiske stridsspørsmåla med leiinga i Kongra Gel. Då eg besøkte Kongra Gel i april, var desse diskusjonane så vidt komi i gang. Som vi no veit, vart ikkje usemja løyst. Osman Öcalan har no bryti endeleg med Kongra Gel, og gjer ein del for å sverte organisasjonen. Dei satsar på å byggje eit legalt parti innafor dei USA-dikterte rammene som gjeld i den kurdiske delen av Irak.

Kurdisk opprør i Syria

I den syriske delen av Kurdistan vart mars månad prega av eit omfattande opprør som var annsleis enn tidlegare. Like etter opprøret var knust, møtte eg Shilan Baghi som er med i styret i PYD (Demokratisk unionsparti) i Syria. Ho oppsummerte slik:

"Det var ein reaksjon på Syrias langvarige politikk mot kurdarane. Men det som utløyste det heile, var at nokre arabiske ungdomar på ein fotballkamp i Qamishlo ropte slagord mot kurdarane og skulda dei for å vere medhjelparar for USA. Dette utvikla seg til slagsmål. Tre unggutar mista livet i dette slagsmålet. Så reagerte folk på dette og det utvikla seg nærmast til krig mellom kurdarar og arabarar. Det spreidde seg til andre stader i byen og. Og politiet gjekk til åtak på demonstrantane mange stader. I fleire tilfelle klarte sivilbefolkninga å avvæpne nokre av politifolka. Dei tok våpna frå dei, men brukte dei ikkje til å skyte tilbake.

Politiet støtta òg paramilitære arabiske ekstremistar som gjekk til åtak på kurdiske bygningar og privathus. Nokre av dei køyrde rundt på motorsykkel og kasta brannbomber inn i butikkar og private heimar. Ved fleire gravferder vart det ropt slagord og det utvikla seg til nye trefningar. Trefningane i Qamishlo vara i tre dagar, men spreidde seg og til andre byar. I sjølve Qamishlo har omlag 50 vorti drepne.

I byen Amud vart oppstanden så kraftig at staten stort sett trekte seg frå dei offentlege bygningane i byen. Dette vara ved i eit par dagar. Så sende staten militære styrker og andre forsterkningar for å ta kontrollen tilbake, både i Amud, i Qamishlo og i dei andre kurdiske områda."

- Var det eit organisert opprør?

"Det starta jo heilt spontant. Men etter kvart som det utvikla seg, såg vi at den organisasjonen og strukturen som har vorti etablert, betydde mykje. Utan den styrken den organiserte strukturen har oppnådd, hadde det ikkje vorti slik."

Tyrkisk militær opptrapping

Ei tid etter at CIA i februar 1999 kidnappa Abdullah Öcalan utafor den greske ambassaden i Kenya og utleverte han til Tyrkia, kunngjorde PKK at dei ville trekke alle geriljastyrkene sine vekk frå tyrkisk landområde. Dette vart gjennomført hausten 1999. Håper var å oppnå resultat gjennom legalt politisk arbeid i Tyrkia. Etter fleire år utan vesentlege politiske endringar, starta ei forsiktig gjenoppbyggjing av geriljastyrker i den kurdiske delen av Tyrkia.

Innafor Kongra Gel er dei militære styrkene organisert i HPG - Folkets forsvarsstyrker. HPG har eit visst sjølvstende i forhold til leiinga i Kongra Gel. Ei geriljagruppe kan forsvare seg mot åtak utan godkjenning frå øvste hald. Men eventuelle større aksjonar krev godkjenning frå den valde politiske leiinga i Kongra Gel. Tidleg på våren 2004 var om lag ein tredjedel av HPG-geriljaen spreidd i den tyrkiske delen av Kurdistan. Storparten av dei andre var i dei kurdiske fjella lengst nord i Irak. Sannsynlegvis var det og mindre grupper i kurdisk del av Iran. Geriljaen som igjen var på plass i Tyrkia, følgte ei defensiv linje. Dei var pålagt å halde fast på våpenkvila frå 1999 og kunne berre forsvare seg mot direkte åtak.

Utover seinvinteren og våren trappa den tyrkiske regjeringa opp dei militære åtaka på kurdisk gerilja og på kurdarar som dei meinte var gerilja. 1. juni kom svaret frå Kongra Gel: Dei oppheva den einsidige våpenkvila dei hadde handheva i nesten fem år. Samtidig understreka talsmenn for organisasjonen at dei ikkje ønskjer ny krig.

Irak - skjerpa kurdisk-arabisk konflikt

Sett frå amerikansk synsvinkel er den kurdiske delen av Irak (Sør-Kurdistan) ein suksess. Samanlikna med resten av Irak er det ordna samfunnsforhold der. USA får inn til vidare utteljing for den økonomiske og politiske støtta som sia 1991 er gitt til dei kurdiske leiarane Mesûd Barzanî (KDP - Kurdistans demokratiske parti) og Celal Talebanî (PUK - Kurdistans patriotiske union).

Men fordi Barzanî og Talebanî har gått så heilt og fullt i amerikansk teneste, har konflikten mellom kurdarar og arabarar vorti skjerpa. Det historiske skiljet mellom arabisk og kurdisk busetjing er Dei raude fjella, ei fjellkjede på tvers av Irak litt sør for Mosul. Sett med arabiske augo har Barzanî og Talebanîs tedd seg som quislingar. Det har gitt ny næring til arabisk sjåvinisme. "Alle kurdarar" blir likestilt med det USA-lojale leiarsjiktet. Enkelte arabiske motstandsfolk i Irak ser bort frå at Baath-regimet i Irak gjennom tiår tedde seg som eit brutalt okkupasjonsregime i den kurdiske delen av staten Irak.

Den verste enkelthendinga i Sør-Kurdistan hittil i 2004 var dei samordna sjølvmordsattentata i februar mot hovudkvartera til PUK og KDP i Hewler (Erbil på arabisk). Mange av leiarsjiktet i dei to partia og mange andre vart drepne. Aksjonane hadde eit omfang og vart utført med slik presisjon at førebuinga må ha kravt store ressursar, høg kompetanse og god organisasjon. Mistanken vart derfor retta mot dei hemmelege tenestene i Tyrkia som er dyktige og har lang erfaring i organisering av attentat utanlands, gjerne med innleigde drapsmenn.

Aust-Kurdistan

Dette året har det vori færre nyhetsmeldingar frå den kurdiske delen av Iran. Men det betyr ikkje at presteregimet i Teheran har letta på undertrykkjinga. Dei kurdiske partia er framleis ulovlege. Dei som arbeider politisk for KDP-I (Kurdistans demokratiske parti - Iran) eller for Komala blir forfølgt, fengsla og mishandla med ein brutalitet som likner på det som er vanleg i Tyrkia.

I april møtte eg 60 år gamle Haci Ahmadi, ein av veteranane i den politiske frigjeringskampen i kurdisk del av Iran. Han vaks opp i ein landsby ikkje langt frå Mehabad, men har ikkje vori i Iran sia 1979. Han var tidlegare Europarepresentant for KDP-I, men var no med i leiinga av eit nystifta parti som har slutta seg til Kongra Gel. Førebuinga til partistiftinga starta i 1998/99, og den første kongressen vart avvikla tidleg i 2004.

Ahmadi meiner det trengst ei einhetleg, allkurdisk rørsle og seier at demokratisk føderalisme er den beste løysinga for folka i Kurdistan og Midtausten. Han legg vekt på arbeidet for felles forståing mellom dei ulike kurdiske partia.

Han meiner at tida med nasjonalstatar av europeisk type er forbi. Det er bruk for å skape ei samfunnsordning bygd på demokratisk føderalisme. Dette tar utgangspunkt i dei historiske erfaringane i Midtausten. Ahmadi seier det ikkje er ei vidareføring av politisk teori frå Europa, men dei vil bruke erfaringar frå Europa og.

Eg veit ikkje kor stor oppslutning desse ideane har på grasrota i heimlandet.

Det nye amerikanske hundreåret

Det er nok å kaste eit blikk på kartet. Når du ser korleis Kurdistan er plassert, forstår du at eit fritt og samla kurdisk folk vil vere eit hinder for dei amerikanske strategane som fører krig for å skape det dei kallar det nye amerikanske hundreåret.

Vi bør heller ikkje gløyme at dei norske regjeringane og Stortinget har støtta desse amerikanske krigane - med unntak for dei 4-5 første månadene av den krigen mot Irak som enno ikkje er slutt. Det starta med eit nærmast symbolsk norsk kystvaktskip som sjukehus under Golfkrigen i 1990. Den første norske offiseren som fall i kamp på amerikansk side, kom heim frå Afghanistan i mai 2004.

Fordi Kurdistan er plassert der det er, fører USA ein dobbel politikk. Amerikanske politikarar - og i endå større grad diplomatar og agentar - uttrykker sympati med kurdarane sin sak. Samtidig var USA gjennom 1980- og 90-åra støttespelar og våpenleverandør for dei regima som førte krig mot kurdarane.

Saddam Hussein hadde USA i ryggen då han øydela den kurdiske byen Halabja i 1988, og då han systematisk utsletta tusentals kurdiske landsbyar.

Generalene i Ankara hadde full støtte frå USA i krigen mot PKK og den kurdiske befolkninga. CIAs kidnapping av Abdullah Öcalan utafor den greske ambassaden i Kenya i februar 1999, var så viktig for USA at president Bill Clinton vart orientert om utviklinga frå minutt til minutt. Presidentrådgiver Antony Blinken fortalde dette i et intervju på tyrkisk CNN to år etterpå.

Tyrkisk CNN omtalte ein annan USA-inspirert plan sommaren 2003. Viss den kurdiske geriljaen var villig til å gi opp all væpna kamp, skulle dei fleste få vende tilbake til sivilt liv. Mens dei fremste leiarane skulle få politisk asyl utanlands. 100 av dei skulle få opphald i Norge. Erna Solberg eller Jan Petersen har aldri kommentert den planen som tyrkisk CNN hevda å ha frå pålitelege kjelder. Men sjefen for tyrkisk CNN er kjend for å ha svært gode kontaktar i dei innerste miljøa i den politiske eliten i Tyrkia. Ettersom ingen på tyrkisk eller amerikansk regjeringshald har stadfesta opplysningane offisielt, kan vi ikkje vite sikkert om ein slik plan verkeleg var utarbeidd eller om lanseringa gjennom tyrkisk CNN berre var eit ledd i det psykologiske og diplomatiske arbeidet for å splitte den kurdiske frigjeringsrørsla.

Om vi ser litt stort på korleis USA og EU agerer overfor kurdarane, synst eg situasjonen no i 2004 liknar på situasjonen rundt 1920. Frankrike og England kunngjorde då at målet dei hadde hatt med den første verdskrigen, for Midtausten sin del, var "den fulle og hele frigjøring av de folkene som så lenge har vært undertrykt av tyrkerne, og å bygge opp nasjonale regjeringer og administrasjoner som skal hente sin makt fra den innfødte befolknings frie utøvelse av initiativ og valg." (1)

Norge var og med på sin måte. USA-president Woodrow Wilson fekk i 1919 Nobels fredspris, fordi han tok så sterkt til orde for nasjonane sin sjølvråderett. Han sa at alle folka som hadde vori under tyrkisk styre, skulle ha rett til å avgjere si eiga utvikling.

Men den retten skulle ikkje gjelde for kurdarane. For Kurdistan låg slik til, da som no, at imperialiststatane ikkje kunne godta eit fritt og samla Kurdistan.

Ein britisk offiser som underviste troppar som skulle til Irak og sørlege Kurdistan, var ærlegare da han i 1923 forklarte sakas kjerne:

"For det første er vi alle sammen imperialister, og vi ønsker å se imperiet forsvart så sikkert som mulig. For det andre er vi alle skattebetalere, og vi ønsker derfor at forsvaret skal være så sparsommelig som mulig." (2)

Han forklarte korfor koloniminister Churchill og fleire andre hadde utvikla den nye metoden med å kontrollere befolkninga i Irak med flybombing istadenfor med kostbare infanteristyrkar.

I dag ser både George Bush og John Kerry at eit samla og sjølvstyrt kurdisk folk er eit trugsmål mot planane om det presidentens menn kallar "eit nytt amerikansk århundre". Derfor prøver USA på ulike måtar å skape splid i det kurdiske folket. Dei legg særleg stor vekt på å splitte eller nedkjempe Kongra Gel, som dei ikkje utan grunn, ser på som ei fortsetjinga av den kampen PKK stod i spissen for. "Tilbodet" som vart lansert på tyrkisk CNN, og Osman Öcalans brot med Kongra Gel må vurderast mot denne bakgrunnen.

USA har samtidig satsa mykje på å kjøpe seg lojalitet frå Mesûd Barzani (i KDP-Irak) og Celal Talebanî (i PUK).

EU - alliert med kurdarane eller med kurdarane sine fiendar?

To vener av meg besøkte i mars i år ein av dei øydelagte landsbyene i Cewlik-provinsen (på tyrkisk: Bingöl). Dei reiste sammen med Necla, ein kurdisk arbeidskamerat som vaks opp i denne landsbyen som hæren øydela for drygt 10 år sia. Der Necla og familien hadde budd, var det ikkje anna igjen enn stein på stein.

Framfor 17. desember er det mange kurdarar som spør seg om leiarane i EU har gløymt at EU-toppmøtet i København i 1993 - det året landsbyen til Necla vart øydelagt - vedtok politiske krav som ein stat må oppfylle for å bli godkjend som søkjarland: Eitt av desse såkalla Københavnkriteria for nye søkjarland er:

"Kandidatlandet må ha utviklet stabile institusjoner som garanterer demokrati, rettsstatsprinsipper, menneskerettigheter samt respekt for og beskyttelse av minoriteter."

Derfor har Tyrkia gjort fleire lovendringar dei siste to åra. Unntakstilstanden er oppheva og dødsstraffen er avskaffa. Ei lov om totalt forbod mot kurdisk språk i radio og fjernsyn er oppheva.

Men sjølv EU-kommisær Verheugen som i fleire år hadde styringa av arbeidet med EU-utvidinga, seier at dette først og fremst er endringar på papiret. Både årsrapportane frå Amnesty og IHD (Menneskerettsføderasjonen i Tyrkia) og samtalar med aktivistar og lokalpolitikarar i tyrkisk del av Kurdistan, fortel at tortur framleis er vanleg. Politiet og dei militære utviklar nye torturformer som ikkje gir synlege spor. Kvardagen er framleis prega av undertrykkjing av alt som er kurdisk.

EU har ikkje stilt seg bak kravet om at den tyrkiske staten skal betale erstatning til dei som budde i dei 4.000 øydelagte landsbyane og la dei som vil, få flytte tilbake.

Eg forstår at mange kurdarar likevel håper på eit JA frå EU-toppmøtet 17. desember. Dei reknar med at det skal blir lettare å slåst for kurdiske rettar i eit Tyrkia som forhandlar om medlemsskap i EU, enn i eit Tyrkia som endå ein gong har fått NEI frå Brussel. Og dei tar lett på at Tyrkia som EU-medlem betyr at Schengen-grensa vil dele Kurdistan på midten.

Sakleg sett er det liten grunn til å forvente anna enn at EU framleis vil alliere seg med Ankara-regimet mot kurdarane. Da EU 3. april i år førte opp Kongra Gel på lista over terrororganisasjonar, var det ei godkjenning av den linja Ankara-regimet har stått for og står for.

"EUs terrorstempling av Kongra Gel (Kurdistans folkekongress) er rettsleg like uhaldbar som ein dødsdom avsagt utan rettargang," sa partileiar Zubeyr Aydar (43) da eg møtte han eit par veker etter EU-vedtaket.

"EU si grunngiving for å setje meg og Kongra Gel på terrorlista er tatt ut av tomme lufta. Det finst jo inga vurdering bygd på lov eller på eit rettsleg grunnlag. Det har ikkje vori reist ei einaste rettssak mot Kongra Gel nokon stad i verda. Kongra Gel har ikkje ein gang knust ei vindusrute."

- Korleis vurderer du EUs vedtak om å likestille deg og Kongra Gel med Osama bin Laden i forhold til folkeretten?

"Folkeretten har ingen eintydig definisjon av terror. Alle definerer terror på sin eigen måte. Likevel: Det er det som går ut over sivile som bør reknast som terror. Viss slike åtak på sivile er systematisk utført av ein organisasjon, er det ein terrororganisasjon. Om åtak på sivile er utført ein gong eller to, er det snakk om terrorhandlingar. Er det ein stat som systematisk utfører åtak på sivile, er det og terrorisme. Det er statsterrorisme.

Ein må vurdere heilt konkret om den kurdiske frigjeringsrørsla er ein terroristorganisasjon eller ikkje. Tidlegare - da rørsla vart styrt av PKK - var det 15 år med krig i full skala i tyrkisk del av Kurdistan. PKK hadde aldri åtak på sivile som eit mål. Måla var alltid militære. Men trass dette vart målet nokre gonger krenka, og sivile mista livet. Slikt hender i alle krigar. Vi ser det og i dei pågående krigane i Irak og Afghanistan. For eksempel vart gjestene i eit bryllup i Afghanistan drepne.

Den kurdiske frigjeringsrørsla har eitt mål: Språk og kulturelle rettar, folket sine behov. Det at du tar våpen i handa for å kunne forsvare deg mot undertrykkjing, betyr ikkje at du er terrorist."

Aydar meiner kurdarane er det folket som har vori mest utsett for terror, og at dette er årsaka til at dei så sterkt avviser terrorisme som kampmetode:

"Om vi ser på Irak, Syria, Tyrkia og Iran, har kurdarane i alle desse statene vori utsett for statsterrorisme. Eg har sjølv opplevd det i Tyrkia. Ein av venene mine, Vedet Aydin, var leiar for eit lovleg parti i Diyarbakir. Han gjekk heim etter å ha følgt meg til bussen då eg 4. juli 1991 skulle reise til Ankara. Ved midnatt banka politiet på døra hans og tok han med til stasjonen. Seinare fann vi liket hans i ei veggrøft langs vegen mot Elazig. Det er tusentals slike tilfelle i Tyrkia."

I kampen om kontroll i Midtausten og i Kurdistan vil dei nærmaste åra bli prega av både rivalisering og samarbeid mellom USA og EU. Begge vil vite at ideen om at demokratisk føderalisme er den beste løysinga for folka i Kurdistan og Midtausten, står i vegen for framtidig imperialistisk kontroll og utnytting. Å splitte Kongra Gel og liknande organisasjonar vil derfor vere eit høgt prioritert mål for leiarane både i Washington og Brussel.


Noter:

1) Felleserklæring i oktober 1918 like etter våpenkvileavtalen med Det osmanske riket. [Tilbake]

2) Forelesning av Wing-Commander C. Edmonds 12. desember 1923 ved The Royal United Services Institution. [Tilbake]


Noen fakta om Kurdistan

Kurderne utgjør folkeflertallet i et område som siden 1. verdenskrig er blitt delt mellom Tyrkia, Iran, Irak og Syria. Dette området - Kurdistan - er litt større enn Spania. Folketelling av kurdere er forbudt, men antallet anslås å være mellom 30 og 40 millioner. Halvparten bor i Tyrkia. I Irak bor det trolig ca 5 millioner kurdere, de aller fleste i den nordlige landsdelen. Antall kurdere i Iran er anslagsvis 8-9 millioner. I Syria bor det rundt 1,5 millioner kurdere.

Mange kurdiske organisasjoner har i løpet av de siste 40 årene ført væpnet frigjøringskamp mot statene Irak, Iran og Tyrkia. Tapene av menneskeliv har vært størst i Irak. I årene 1984-99 drev PKK (Det kurdiske arbeiderpartiet) geriljakrig mot den tyrkiske staten. PKK oppløste seg selv i april 2002. En flerleddet omdanningsprosess la grunnlaget for danning av det allkurdiske Kongra Gel (Kurdistans folkekongress) høsten 2003. Flere av lederne har bakgrunn fra andre partier.

I det sørlige Kurdistan - som er en del av Irak - har de kurdiske partiene PUK (Patriotisk union Kurdistan) og KDP (Kurdistans demokratiske parti) - med støtte fra USA - hatt et slags selvstyre siden et regionalt parlamentsvalg i mai 1992. Lederne i disse to partiene var med i det USA-opprettede administrasjonsrådet i Irak fram til den nåværende regjeringen ble utpekt av USA. Sammenlignet med det øvrige Irak er det i dag stabile forhold i det kurdiske området lengst nord i Irak, men mange konflikter ulmer under overflata.

Kurdistans folkekongress (Kongra Gel) har sitt hovedkvarter i Candilfjellene i kurdisk del av Irak. Kongra Gel kan beskrives som en paraplyorganisasjon hvor partier, kvinne- og ungdomsorganisasjoner i hver av de fire statene er tilsluttet. Den militære greina av bevegelsen er Folkets forsvarsstyrker (HPG), en geriljahær som er bygd opp av små enheter og som har en stor grad av uavhengighet, samtidig som den godtar politisk ledelse fra Kongra Gel. Geriljahæren kan ikke iverksette større aksjoner uten at det er politisk vedtatt av Kongra Gel. Geriljagruppene er i dag i det vesentlige fordelt mellom irakisk og tyrkisk område.

I dag er Kongra Gel trolig den sterkeste politiske bevegelsen i regionen som ikke er alliert med USA eller andre utenforstående makter. Kongra Gel deltar ikke i motstanden mot den amerikanske okkupasjonen av Irak, men har heller ikke støttet USAs krigføring slik PUK og KDP har gjort.


Fra militærdommer i Tyrkia
til kurdisk frigjøringsleder

Zubeyr Aydar

ble født i 1961 i landsbyen Dêrawat, i Siirt-provinsen lengst øst i Tyrkia, og noen få mil fra grensa mot Irak. Uteksaminert fra juridisk fakultet ved Istanbul universitet i 1983. Utførte militærtjeneste i årene 1985/86 og var da også militær dommer i ett år. Etter militærtjenesten i 1986, reiste han til Siirt og åpnet advokatpraksis. Som advokat ble han snart engasjert i menneskerettsspørsmål og ble også med i SHP (Sosialdemokratisk folkeparti). Først som sekretær i Siirt-avdelinga.

På grunn av menneskerettsarbeidet han drev, ble den unge advokaten i 1989 forvist av spesialguvernøren som administrerte unntakstilstanden for 11 kurdiske provinser. Han ble tvinga til å oppholde seg utenfor området med unntakstilstand. Etter 3 måneder i Ankara og Istanbul var det reist så sterke protester at vedtaket ble omgjort. Han husker enda dagen da han kom tilbake til Siirt: 10. desember 1989, dvs den internasjonale menneskerettsdagen. Siden har han arbeidet med menneskerettsspørsmål og var i en periode president i Siirt-avdelinga av Menneskerettsføderasjonen i Tyrkia (IHD). I 1990 ble han valgt til visepresident i IHD.

På denne tida engasjert han seg og i det kurdiskvennlige partiet HEP (Folkepartiet) og ble valgt inn i det nye partiets ledelse. I 1991 ble han valgt inn i nasjonalforsamlinga fra Siirt. HEP ble forbudt 13. juli 1993. Omtrent samtidig ble landsbyen hvor Aydars familie bodde, helt ødelagt. De militære kom flere ganger i tida før den fullstendige ødelegginga ble gjennomført sommeren 1993.

Da var Demokratipartiet (DEP) allerede stiftet og Zubeyr Aydar var med i DEPs første sentralstyre. Staten åpnet sak også mot DEP for at partiet skulle forbys.

DEP ble forbudt med en rettslig kjennelse 16. juni 1994. Leyla Zana og halvparten av parlamentsgruppa ble arrestert samme dag. Zubeyr Aydar klarte sammen med noen andre fra parlamentsmedlemmene å komme seg ut av Tyrkia. Han fikk politisk asyl i Sveits. Leyla Zana og de andre som ble arrestert, ble i desember 1994 idømt fengselsstraffer opp til 15 år. De fire siste av dem ble løslatt i juni 2004.

Siden han kom til Europa for 10 år siden har Zubeyr Aydar vært engasjert i politisk og diplomatisk arbeid for kurdernes sak. I sitt diplomatiske arbeid har han besøkt samtlige parlamenter i Europa for å legge fram kurdernes sak. Da Det kurdiske eksilparlamentet ble åpna 12. april 1995, ble han valgt til president i arbeidsutvalget. Men han var ikke med da Eksilparlamentet hadde en av sine sesjoner i Oslo høsten 1996. Da deltok Aydar i meklingsarbeide i den irakiske delen av Kurdistan, for å prøve å få slutt på innbyrdeskrigen mellom de to kurdiske partiene der. KDP hentet da militær støtte fra Saddam Hussein, mens PUK fikk våpenhjelp fra Iran til en blodig kurdisk innbyrdeskrig.

Seinere var han med i det forberedende arbeidet som førte fram til opprettinga av Kurdistans nasjonalkongress 24. april 1999. Denne institusjonens arbeid kan sammenlignes med den rollen PLOs nasjonalråd hadde i perioden før PLO kunne vende tilbake til Vestbredden og Gaza.

Den kurdiske bevegelsen i Kurdistan har gjennomgått store endringer de siste årene. Det kurdiske arbeiderpartiet (PKK) oppløste seg selv våren 2002. En ny organisasjon, Kadek, ble oppretta. Den eksisterte bare i drøyt halvannet år og ble nedlagt i oktober 2003. Dette la grunnlaget for oppretting av en flere nye organisasjoner, der Kongra Gel, Den kurdiske folkekongressen, er den viktigste.

Høsten 2003 tok Zubeyr Aydar en ny beslutning. Den tidligere militærdommeren og eksparlamentariken sa seg villig til å bli øverste leder av Kurdistans folkekongress som hadde sitt stiftelsesmøte med 300 delegater i sørlige del av Kurdistan fra 27. oktober til 6. november.