Til Røde Fane si heimeside
Artikkeloversikt sortert på forfattar
Artikkeloversikt sortert etter utgåve
Artikkeloversikt sortert på tema
Til heimesida til AKP

Å gå på slakk line

av Jan Myrdal

Røde Fane nr 3, 2004

Jan Myrdal er skribent, en aktiv debattant og har skrevet flere bøker
Artikkelen er omsett fra engelsk av Gunnar Danielsen

Andre artiklar av og om Myrdal i denne utgåva av Røde Fane: 1 ||| 2


Eg er nett tilbake frå Kina. Det var åttande besøket mitt; i alt har eg vore rundt 3 år i Kina på desse førti åra, og Kina har vore i sentrum for verdsbildet mitt i rundt seksti år. Eg er imponert. Eg er djupt uroleg.


Teksten vart opprinneleg skriven på engelsk for eit fransk publikum. Det er grunnen til at eg viser til franske utgaver av Rapport fra en kinesisk landsby og Revolusjonen går videre, som begge er utgitt på forlaget Gallimard (og som dei framleis sel).

Ein kan sjå detta som min sluttrapport om Kina. Ei oppsummering av femti års arbeid med Kina og kinesiske kameratar.

Hausten 2002 var Gun Kessle og eg i Kina. I Beijing møtte eg kinesiske kameratar som eg arbeidde saman med i 1952. Ikkje alle, fleire var gått bort gjennom desse femti åra, men både Wu Tung som då var den politisk ansvarlege og Chu Jung som var den eg arbeidde så tett på, var framleis aktive. Me diskuterte, freista samanfatte detta halvseklet.

I Liu Lin hadde Gun Kessle, Pei Kuangli, Jing Qi og eg arbeidd saman i 1962. Me arbeidde au saman med Pei Kuangli i 1963 på reiser ned til grensa mot Burma. Nå er Jing Qi borte, ho døydde straks etter at me møttest i 1978; då hadde ho alt store hjarteproblem. Pei Kuangli har budd ein mannsalder i Sambandsstatane, og arbeider med kulturkontaktar mellom Sambandsstatane og Kina. Men nå reiste me igjen saman alle tri, Gun Kessle, Pei Kuangli og eg, gjennom Kina mens me heile tida diskuterte. Saman freista me sjå igjen det Liu Lin som nå i ordets rette meining har opphørt å eksistere.

Imponert av resultata frå den ekstremt raske og uavbrotne økonomiske utviklinga, og uroleg for at landet kan bli delt opp i ei sosial endring så rask at det nesten er revolusjon, der noen blir rikare enn noen eg har hørt om i Europa, og mange millionar på same tid mistar all tryggleik, fotfestet i livet.

Men ennå meir uroleg er eg når eg hører Voice of America. Retorikken frå USA er nok ein gong - som i 1845 eller 1890 - den frå Manifest Destiny (sjå fotnote 1 og 2). Men i Kina - etter den traumatiske katastrofen opiumskrigen var - har det politiske målet til alle nasjonale leiarar, frå reformistane på slutten av keisartida til regjeringa i dag, vore at Kina må gjøre ende på den nasjonale og økonomiske nedgangen gjennom 1800-tallet og nok ein gong - som under Han-dynastiet (206 f.Kr-220), Tang (618-907), Ming (1368-1644) og tidleg Qing (1644-ca 1810) - ta sin tradisjonelle og rettmessige plass i verda. Eit sterkt og sameint Kina, ein økonomisk, kulturelt og teknologisk leiande nasjon. Nå går Kina fram år for år. På den sekstande nasjonale partikongressen i november 2002 kunne Jiang Zemin stolt peike på at vekstraten i Kinas BNP hadde vore 9,3 % i snitt årleg sidan den femtande kongressen fem år tidlegare (8 % meldt for 2002) og at:

"Kina nå var oppe på sjetteplass i verda når det galdt økonomisk makt."

Men Jiang Zemin var litt for forsiktig. Om du reknar i BNP målt mot kjøpekraft er Kina alt på andreplass i verda. Bare USA er føre. Og Kina vil snart passere USA.

Likevel treng Kina framleis femti år til med varig økonomisk utvikling før landet når det Deng Xiaoping omtalte som tredje stadium, og blir "eit velståande samfunn" og har vunne tilbake sin normale historiske posisjon. Men vegen landet tar, er lada med store indre farar, og vil Washington sjå roleg på at Kina - pga storleik, store historiske tradisjonar og ressursane til den enorme befolkninga - på eit par tiår blir ei makt som uunngåeleg gjør USA til ein dverg, om landet får lov til å halde fram den nåverande utviklinga? Ganske visst treng Kina leiarar som er vidsynte, listige - og omsynslause - som Zhuge Liang (181-234, strateg og statsmann, kjent av alle kinesarar frå Romance of Three Kingdoms (note 3)) - om landet skal vere i stand til halde fram utviklinga utan å bli riven i bitar som Sovjetunionen eller Jugoslavia, eller bli utsett for kjernefysisk holocaust. Men eg minner stadig meg sjølv om kva Mao Zedong sa til "den gamle sekretæren" i Liu Lin, Li Yuhua, og dei andre arbeidarheltane frå grenseregionen i Shensi-Kansu-Ningsia på konferansen dei vanskelege dagane i november 1943:

"I røyndommen er det tusenvis av Zhuge Liangar blant det kinesiske folket; kvar landsby har sin eigen."

Som eg kjem attende frå det som har vore Liu Lin, håper eg han har rett.

Så hugsar eg at den verkelege, heroiske og klarsynte machiavellianske patrioten Zhuge Liang (streng med tjenestemennene, kravde dei skulle la folket i fred) døydde utan å ha oppnådd hovudmålet som var samling av Kina att. I røynda skulle det ta nye tri hundre år før Kina igjen var samla under Sui (580-618). Mao Zedong og forsamlinga hans i det vanskelege året 1943 kjente godt både historiene og skuespilla og dikta om Zhuge Liang og realitetane frå Kinas historie gjennom dei turbulente åra frå slutten av Han-tida til byrjinga av Sui-tida.

At Kina på lang sikt vil vinne attende posisjonen sin verkar bestemt; landet har gjort det før, og er godt på veg til målet. Men korleis vil den nåverande supermakta på andre sida av Stillehavet reagere?

For førti år sidan, i august 1962, kom eg til produksjonsbrigaden Liu Lin sør for Yenan i Shaanxi-provinsen saman med Gun Kessle og Pei Kuangli. Derifrå rapporterte me om livet og arbeidet til kinesiske bønder i det nordvestlege løsslandet som streid for å ta eit sprang frå elende til fattigdom. Michel Leiris valte ut rapporten - Rapport fra en kinesisk landsby (Gyldendal, 1965) - til serien L'espéce humaine (Gallimard, 1964).

Me var ikkje sinologar. Men me vaks opp under andre verdskrigen i den antifascistiske rørsla som let seg inspirere av det kinesiske folkets kamp - beskrive av Edgar Snow og Agnes Smedley, Nym Wales og andre. Etter å ha brukt fire etterkrigsår i hovudsakleg fattige landsbygdområde, såkalla tilbakeståande regionar i Afghanistan, India og det som den gongen var sovjetisk sentral-Asia; det hadde endra perspektivet vårt - og verdiane våre. Det var ikkje for ingenting eg, mens eg jobba med ein film på Cuba i 1967, skreiv ein roman på engelsk, på fransk kalla Confessions d'un Européen Déloyal (En illojal europeers bekjennelser, Pax 1970).

Sju år etter første opphaldet vårt i Liu Lin, i oktober 1969, i den mest turbulente tida under kulturrevolusjonen, var Gun Kessle og eg tilbake i Liu Lin. I utlandet var omveltingane i Kina på den tida i hovudsak sett ovanfrå, frå synsstaden til byane og dei intellektuelle. Me ønska derfor i staden å gå tilbake til produksjonsbrigaden Liu Lin for å sjå og høyre kva som hende i baklandet. På den tida var det uvanleg å få innvilga eit slikt ønske. Edgar Snow kjente til Liu Lin både frå den første tida i Kina og frå reisa i 1960. Så hadde han lese Rapport fra en kinesisk landsby og skreiv nå til Beijing og fortalde meg at han venta på å få vite kva me kunne rapportere. Den andre rapporten vart så utgitt i Frankrike som Liou-Lin aprés la révolution culturelle (Kina: Revolutionen går vidare, Bokförlaget Pan/Norstedts 1970) i serien Témoins saman med den første rapporten (Gallimard, 1970).

Eg skriv detta fordi eg framleis held desse rapportane gyldige, og au fordi dei er gyldige i den forstand at folka eg skildrar, sa seg samde i det eg skreiv. Kapitla både i den første og den andre rapporten vart lesne høgt for bøndene i Liu Lin, som diskuterte dei og heldt dei for korrekte, og informerte meg om det. Då eg vitja Liu Lin for tredje gong i 1975 skreiv eg eit lite hefte som vart utgitt i Tyskland i 1976: Dritter Bericht aus Liu Lin. (Hvad sker der i Kina?: 1975 - et gensyn med folkekommunen Liu Ling. 1976 - Kina efter formand Maos død, Mellemfolkeligt Samvirke, 1977.) Eit år seinare fekk eg eit brev frå Kina datert 19. april 1977. "Me har fått og lese gjennom den kinesiske omsettinga av den tredje rapporten din ... Dei fattige og lågare mellomklassebøndene frå produksjonsbrigaden Liu Lin har derfor gitt revolusjonskomiteen i oppgåve å skrive for å takke deg ..."

Mange vestlege skribentar har lojalitetar som får dei til å sjå det i eit anna lys, men for meg er eit slikt brev viktig, slik det er viktig at den på mange vis kritiske boka mi om India - Indien väntar (Norstedt 1980) - blir utgitt i India - på ulike språk (som i Tyskland og USA) - men ikkje i England.

Nå er det 2002 og me tri, eg, Gun Kessle og Pei Kuangli er tilbake i Liu Lin. Me står utanfor døra til Li Yangqin og ser på Naopanshan, bydelen som klatrar i åssida på andre sida av dalen. Li Yangqin er enke nå og har flytta frå dei gamle hulene i åssida der til eit nytt hus på denna sida av dalen.

Det finst sjølvsagt ingen produksjonsbrigade meir; kollektivet er historie i Liu Lin som i Kina elles. Jamvel om det har tatt nesten ti år og noen konfliktar etter vedtaket i Beijing om endring i politikken til det kunne settast ut i livet i Liu Lin og kollektivet vart oppløyst. Men ikkje bare er kollektivet oppløyst nå i 2002, det er ikkje ein einaste åker tilbake. Li Yangqin serverte oss maiskolbar til middag. Ho visste kor glad me var i det. I 1962 hadde ho delt nyplukka maiskolbar med oss. Men denna gongen kom maiskolbane frå marknaden i Yenan. Ingenting blir dyrka i Liu Lin lenger. Korfor?

Svaret blir gitt av det lange godstoget trekt av eit stort diesellokomotiv som passerer sørover i dalen under åssida me står. Jernbanen har leigd rett til bane gjennom dalen, og sporet går over det som var den gode jordbruksjorda i landsbyen. Men dei nåverande 163 familiane i den tidlegare produksjonsbrigaden Liu Lin eig framleis marka. I 1999 betalte jernbaneselskapet 1 million Yuan for å bruke marka, i 2000 hadde leiga auka til 1,5 millionar Yuan, og i 2001 betalte selskapet landsbybuarane 2,1 millionar Yuan.

Inntekta blir delvis fordelt på dei 163 familiane - og til dei gamle, sjuke og trengande - men i hovudsak brukt til investeringar. Kontorblokkar og utleigehus langs hovudvegen til Yenan. Det er lagt planar - vakkert teikna ut av arkitektar - for den nye forstaden som nå blir bygd.

Om det hadde vore ei typisk endring på den kinesiske landsbygda, ville Kina vore idealet til småborgarlege franske rentenistar på 1800-tallet. Men endringa er ikkje typisk, bare symbolsk.

Men det er ikkje symbolsk at dei nye og utvendig sett moderne husa erstattar dei tidlegare steinhulene i skråninga i Naopanshan, og at dei falleferdige gamle jordhulene høgt oppe i dalsida dei siste ti åra er leigde ut av dei nå meir velståande landsbybuarane til den nye og svært fattige underklassen av omreisande folk utan legale bustadrettar.

Detta må ein sjå i perspektiv.

Romalderen

På veg til Liu Lin i 1962 kikka eg gjennom hyllene med fremmendspråklege bøker i bokhandelen Hsinhua i Loyang, 3. august. Det var ein studentbokhandel og hadde i hovudsak bøker om språk og vitskap. Eg fann og kjøpte (for 3 yuan) eit kinesisk opptrykk av bindet Space Flight. 1. Environment and Celestial Mechanics av Krafft A Ehricke i serien Principles of Guided Missile Design. I 1969 vart me, noe forundra, tatt med til ein satelittsporingsstasjon i Nanking.

Nå, 2. september 2002, som me førebur oss til turen til Liu Lin, drikk me te og diskuterer romteknologi på Kinas Romforskingssenter i Beijing med to av dei legendariske kinesiske romvitskapsfolka, professor Liang Sili og dr. Zhuang Fenggan. På same vis som kollegaer og venner på kjernefysikk var dei blant dei mange patriotiske vitskapsfolka som reiste frå lønnsame akademiske og industrielle karrierar i USA etter 1949, for å reise attende til Kina.

"I 1956 godkjente formann Mao Zedong og statsminister Zhou Enlai langtidsplanen for vitskapleg og teknologisk utvikling. Framdrifta låg under forsvarsdepartementet, og frå starten fekk me hjelp frå Sovjetunionen med tri typar rakettar. Det var starten på rakettprosjektet vårt. Men under konflikten med Sovjetunionen reiste ekspertane deira og tok med seg både dokumentasjon og delar. Me hadde eit dilemma. Kva skulle me gjøre? Men formann Mao Zedong, statsminister Zhou Enlai og marsjall Nie Rongzhen, som var leiar i komiteen for vitskap og teknologi, sa me måtte lite på eigne krefter; utvikle vårt eige opplegg og våre eigne elektroniske komponentar. I 1962 vart den første rakettesten mislykka. Systema våre virka ikkje.

16. oktober 1964 gjennomførte Kina første atombombeprøva. Me hadde kula, men ingen pistol! Men nederlag er mora til framgang. 27. oktober 1966 kunne me offentleggjøre at Kina hadde testa ei kjernefysisk sprengladning i ein rakett og hadde blitt den femte atommakta.

Frå 1965 arbeidde me på eit langsiktig prosjekt. I løpet av åtte år skulle me ha fire rakettypar med dobbelt rekkevidde. Kulturrevolusjonen førte til noen forsinkingar, men i 1980 kunne me teste den første interkontinentale ballistiske raketten.

Etter det har Kina som kjent utvikla teknologien og skote opp mange kommersielle satelittar.

Det er mange romforskingsprogram, ikkje minst på biologi. Å halde spirande frø vektlaust i ti eller fjorten dagar kan til dømes auke avkastinga med 10 til 20 %, og me samarbeider med ulike departement om det. I rommet kan ein produsere perfekte krystall utan feil. Ja, det er mange fascinerande prosjekt.

I januar 1962 vart programmet for utprøving av bemanna romferder godkjent. Den 20. november 2000 gjennomførte me første vellykka prøveturen med romskipet Shenzhou. Det gjennomførte alle planlagte oppgaver før det på vellykka vis snudde og landa på planlagt stad. Etter det har me helde fram med å prøve ubemanna romturar og returnert skipet til jorda. Ubemanna fordi mest alle prøver, men ikkje alle, kan utførast utan menneske i rommet. Men framleis er det nødvendig med bemanna ferder. Me planlegg første bemanna turen i 2003 eller seinast 2004.

Akkurat nå gjennomfører me forstudiar for ein planlagt bemanna romstasjon. Det er eit langsiktig prosjekt. USA, Russland og 14 andre land samarbeider om ein slik romstasjon. Men me vil ha vår eigen. Det er ulike problem som må løysast.

Sjølvsagt har alt det her både sivil og militær betydning. Noen departement vurderer noen av prosjekta som interessante, men for kostbare. Det er ikkje merkeleg. Me må diskutere og håpe dei vil bli overtydde!"

Kva med det nye bildet av Kina?

Det er ikkje bare statistikken som syner ei rask, svært rask, økonomisk utvikling i Kina. Utviklinga endrar sjølvet utsjånaden på Kina. Alle som kjem til Beijing - for ikkje å snakke om dei som kjem til Shanghai - kan sjå det. Dei gamle smale gatene i Beijing der me sykla for førti år sidan, forsvinn raskt. Beijing har vorte ein by med høgreiste kontorbygningar og seksfelts motorvegar.

Nyplantinga av skog i nordlege Shaanxi som vart diskutert ein generasjon tilbake, har blitt vellykka. Eg kunne sjå endringa då me kjørte nordover. Og byane og småbyane i provinsen endrar seg. Jamvel den tunge forureininga som kjenneteikna byar som Xian i nittiåra er mindre.

I Yenan er det au lettare å puste nå. For ti år sidan, i 1993, var tåka så tjukk at eg ikkje kunne sjå til enden av hotellkorridoren.

"Ja, me gir fordelar til dei hushalda som går frå kol til gass," sa Wang Zhixiao i Xian. "Det er grunnen til at lufta er så mykje reinare nå enn då me møttest for tjue år sidan."

"Men kokken som er van med kol har problem med å få same kvalitet på maten med gass eller elektrisitet," sa Gun. "Eg veit det fordi eg diskuterte problemet med kokkane i Shandong i 1976."

"Sant nok, det er grunnen til at me justerer prisen på kol og gass så dei kan løyse desse problema."

Sjølv med globalisering og åpning ut er det framleis sosial kontroll på marknaden, i det minste på noen vis.

Det er generelle problem knytt til den nåverande høge byggetakten i Kina. Reinare luft og fjerning av slum er positivt. Men det nye kinesiske bylandskapet er problematisk. Nedre Manhattan er ikkje eit ideelt miljø for menneske.

Det moderne Beijing som førebur seg til olympiske leiker, minner meg om ein diskusjon eg hadde i 1974 med kinesiske venner som jobba med kulturutveksling. På den tida var ikkje slik utveksling så fri som nå, men kontrollert og overvaka. Sverige hadde då gått gjennom ein periode på fire tiår der byane og infrastrukturen, vegane og trafikksystema var moderniserte og radikalt endra. Svenske arkitektar og byplanleggarar forsto - då det var for seint - mistaka som var gjort. Dei faglege organisasjonane deira og avdelinga for byplanlegging på Chalmers Tekniska Högskola i Göteborg førebudde eit seminar for kinesiske arkitektar og byplanleggarar om våre mistak.

"Men dere forstår ikkje," sa den ansvarlege kinesiske tjenestemannen, "eit slikt seminar vil verke mot sin hensikt. Våre yngre arkitektar vil ikkje sjå det som mistak, bare som modernisering. Dei vil ut av slum og fattigdom. Dei kjem bare til å etterlikne det dere har gjort!"

Det som uroa - og fascinerte - meg i attreisinga og urbaniseringa av Sverige frå midt i trettiåra til nittiåra i førre hundreåret, var at me gjorde alle planleggingsfeila som alt var gjort i andre land. Trass i at byplanleggarane og arkitektane våre hadde studert nøye korleis ein skulle unngå feila. Eg har framleis rapportane frå før andre verdskrigen om kva ein skulle gjøre for å unngå det ein då kalla "eit amerikansk trafikkbilde".

Kina gjør i dag det me gjorde den gongen i mykje, mykje større skala. Så langt eg kan sjå, har dei ikkje lært noe frå erfaringane og diskusjonane i våre land, på same vis som me ikkje lærte noe. Kanskje det er grunnleggande menneskeleg, ein kan ikkje unngå det!

Om steinhuler

Eller kan ein det? Då me sto og kikka på Naopanshan på den andre sida av dalen, kunne me sjå dei nye og moderne husa som var bygde i åssida der produksjonsbrigaden for ein generasjon sidan hadde planlagt nye steinhuler. Dei er omtalt i litteraturen som steinhuler, men dei er ikkje huler. Dei er ikkje jordhuler jamvel om dei frå utsida gir eit slikt inntrykk. Dei er hus med bua steintak med seks fot tjukke stampa jordveggar, ein byggetradisjon i nordlege Shaanxi og nordvestover. Dei er framifrå hus som høver til klimaet. Kjølege om sommaren, varme om vinteren. Eg veit det ettersom eg har budd i dei både ein varm sommar og ein kald vinter.

"Og dei kan stå i fem hundre år utan behov for reparasjon," sa Mao Keye i 1962.

Han var ein meister til å bygge, og beskreiv i detalj og viste meg korleis dei vart teikna og bygd. Den framstillinga gav meg ei utmerking som eg er meir enn stolt av - det vart ein fotnote i Joseph Needhams store verk om vitskap og teknologi i Kina.

I den siste fasen av kulturrevolusjonen, då produksjonsbrigaden Liu Lin hadde nådd eit visst velstandsnivå, skulle heile landsbyen bli bygd opp att med steinhuler - som skulle stå i 500 år. Planane for den nye landsbyen vart diskutert av bøndene. Byggemateriala - stein og løss - kom frå landsbyen sjølv. Bøndene skulle sjølve bygge. Det vakre gitterverket vart laga av snikkaren på staden; det enkelte individuelt forma for å passe familien som bygde hula. Hausten 1977 var store delar av planen gjennomført og folk flytta til nye steinhuler. Det var ein godt planlagt ny landsby. Godt planlagt fordi han vart planlagt og bygd på staden av folk som sjølv skulle bu der.

Den konstruksjonen var langt betre og rasjonell enn dei nye, såkalla moderne, husa som er kalde om vinteren og varme om sommaren, som bulldosarane hadde rydda åssida til! Men så er det ikkje lenger økonomisk grunnlag for den tidlegare landsbyen av steinhuler.

Eg veit ikkje om det i dag er noen verkeleg diskusjon om detta i Kina. Skal eg dømme etter stoda i mitt eige land, Sverige, vil det ta minst ein generasjon til før ungdommen vil byrje undre seg over om mykje av det som kallast moderne er fornuftig.

To linjer

I vesten oppfatta og oppførte mange seg den gongen som om politikken som kom til uttrykk i Kina frå 1962 - då formann Mao Zedong oppmoda folk til "ikkje å glømme klassekampen" opp gjennom kulturrevolusjonen - var uverkeleg. Som dei var diskusjonar frå middelalderen om kva kjønn englane hadde, og bare skjulte maktkampen som gjekk føre seg. Andre, på ytste venstre, brukte uttrykka som dei skulle vere trylleformlar. Professor Bo Gustafsson i Uppsala vart angripe av unge studentar som ropte: "Knus den kinesiske Krustsjov frå Sverige!"

Men den politiske kampen i Kina var ein verkeleg kamp mellom ulike grupper som sto for ulik politikk. Orda samsvarte med realitetar. Det eksisterte ein svært verkeleg "kamp mellom to linjer". Det er viktig å sjå klart kva dei ulike linjene var.

Den tredje plenumssesjonen til den ellevte sentralkomiteen i KKP fatta det strategiske vedtaket at fokus i partiets arbeid frå 1979 skulle skifte til sosialistisk modernisering og slik "løyse spørsmålet som hadde vore uløyst sidan 1957". Det var - for å seie det enkelt - ein siger for "dei som gjekk den kapitalistiske vegen".

Det var ikkje - jamvel om noen sa det i den politiske kampens hete - ein kamp mellom dei som ønska at Kina skulle utvikle seg og dei som ikkje ønska det. At det fanst grupper ("firerbanden") som var irrasjonelle og ønska korrekte tog framfor tog som gjekk etter planen, var ikkje hovudspørsmålet. Dei var sosialt uviktige, ei mellombels plage. Det verkelege spørsmålet, som hadde vore diskutert i "kampen mellom dei to linjene", var ikkje OM, men KORLEIS ein skulle utvikle seg.

Ein må hugse at frå 1949 har Kina hatt kontinuerleg økonomisk utvikling. I dei førti åra frå 1953 - då Nasjonalkonferansen om finansielt og økonomisk arbeid drøfta hovudlinja for økonomisk utvikling - til 1993 steig Kinas BNP med 7 % årleg. Det er den tredje høgaste utviklingsraten i verda. (Bare Singapore (8,4 %) og republikken Korea (8,1 %) passerte Kinas utviklingsrate.)

Når ein ser tilbake på dei siste meir enn hundre åra med kinesisk politikk, er det tydeleg at alle nasjonale politikarar (unntatt dei som synte seg som forrædarar og kriminelle i tjeneste for Japan eller andre imperialistar) vore samde i to krav:

For å seie det enkelt: Dei er alle samde om det, dei ærlege patriotiske tjenestemennene til keisarriket, Sun Yat-sen, Chang Kai-shek, Mao Zedong, Deng Xiaoping.

Det er ingen skilnad i standpunkta til Deng Xiaoping på møtet i sentralkomiteen i desember 1978 og det Mao Zedong sto for under kulturrevolusjonen.

Eg har til gode å møte ein kinesar som ikkje kjenner til at dei såkalla mørke åra i Europa fell saman med Tang-dynastiet i Kina og at - slik Mao Zedong skal ha sagt om USA - det er skilnad på tenkinga til politikarane i ein stat som har eksistert i to hundre år, og dei i ein stat med ei fire tusen år gammal historie.

Det kjem to millionar besøkande til Yenan i året nå. Med svært få unnatak er dei alle kinesarar. Dei fleste er unge og utdanna. Dei kjem til Yenan for å sjå dei revolusjonære stadene. Dei kjem for å vise respekt for Mao Zedong. Men dei må gjennom Huangling for å komme dit. Der har dei besøkt kista til den gule keisaren, Huangdi Ling, kista til den mytiske stamfaren og den første herskaren over Han-folket. Huangdi skal ha regjert midt i tredje tusenåret f.Kr. Han gav folket hjulet, kunsten å lage metall, rustningar, skip, keramikk og kunsten å lage vin.

Me har tatt turen til denna kista kvar gong me har reist gjennom Huangling. Slik au i 1969, under kulturrevolusjonen, kom folk for å vise respekt for "Han-folkets far" som i kalligrafien til Guo Morou (1892 - 1978, som la grunnlaget for moderne kinesisk poesi i 1921; og som var leiar i Vitskapsakademiet etter 1949) som er skriven i minnesteinen som er reist ved grava. Denna gongen er templet nedanfor kista bygd om. Det krydde med besøkande.

Men kor hadde desse kinesiske besøkande starta reisa for å vise respekt? I Xian! Der ligg den første keisaren, han som samla Kina, Qin Shihuangdi, gravlagt og vakta av ein underjordisk hær. I det nye museet i Xian står dei menneskestore soldatane i terrakotta bak ei høg glassplate ..., men dei besøkande har klart å kaste papirpengar over glassplata som eit offer; figurane står i ei dyne av papirpengar.

Ja, detta er ei nasjonal treeinighet! Den gule keisaren. Den første keisaren. Formann Mao. Han-folkets far; grunnleggaren av den kinesiske staten og gjenoppstoda til Kina. Dei besøkande er for det meste unge.

I ein styrt marknadsøkonomi, i ein sosialisme med kinesisk preg slik det offisielt blir kalla, har Kina verkeleg tatt gigantiske steg sidan 1978. Om Deng Xiaoping kunne sjå ned på det som er utført, hadde han all grunn til å vere stolt. Trass i reklameplakatane for MacDonalds og Kentucky Fried Chicken og alle dei overflatiske teikna på Cocacolonisering er folket umåteleg stolte av den kinesiske arven.

Fare lurer

Ja, Kina er godt på veg til å ta den tradisjonelle plassen ho fortjener i verda, som - fordi ho er den mest folkerike staten i verda - den økonomisk, kulturelt, vitskapleg leiande makta. Om, det er eit om. OM ho ikkje blir splitta opp og riven sund av sosiale konfliktar. Det har hendt før i kinesisk historie. Nå er det ikkje hestefolket frå nord som truar eit Kina som svekkast. Nå er faren at haukane i USA, den nåverande leiande verdsmakta, vil nytte høvet til å stoppe eit mellombels svekka Kina.

Men korleis skulle det gå til? Kommunesystemet, ulikt som det var i detta enorme landet, gav i prinsipp majoriteten av den fattige bondebefolkninga grunnleggande tryggleik, eit uutvikla men eksisterande helsestell og starten på eit allmennt skolestell for barna. Jamvel Verdsbanken meldte det. I industrien kunne risen vere sparsam, men vart servert i "jernbollen"; det var tryggleik sjølv om han var reint grunnleggande.

Nå som dei politiske endringane etter desember 1978 er udiskutable realitetar, er ikkje ei slik historisk vurdering av kommunesystemet lenger kontroversiell. Men i dag er det bare historie, jernbollen er knust, helsestellet for massane avskaffa og privatisert, utdanninga slett ikkje lenger obligatorisk og ikkje ein gong teoretisk gratis. Det flytande folket, tidlegare kommunemedlemmer som vandrar på leiting etter arbeid til byane, og som manglar bustadsrettar, skal vere rundt 150 millionar.

Den nåverande økonomiske utviklinga er ekstremt rask, men i den nye økonomien finst det ikkje oppsamla midlar til altomfattande, allmenne velferdsordningar. Når tretti millionar statleg tilsette blir fjerna frå trygge jobbar, trygge husvære, trygge helsetrygdsystem og omgjort til kontraktarbeidarar og utsett for fullskala forsøk - alt for å auke den raske økonomiske utviklinga - vil noen millionar sjølvsagt bli frigjorte til å stige opp i det marknadsregulerte systemet, mens andre blir taparar.

På same tid undergrev kriminalitet og korrupsjon samfunnet. Partiet og staten grip inn mot dei korrupte, men går dei verkeleg etter store kriminelle? Kor høgt vågar dei gå?

"Alle veit at undersøkingar stoppar på eit visst nivå," sa ein gammal venn til meg. "Du veit at narkotika blir spreidd i landet. Nok ein gong er Kina heimsøkt av opiumsseljarane. Men korleis trur du det kjem inn i landet? Huskar du kor reint Kina var for førti år sidan? Trur du stoff kan komme inn i landet frå det gylne trianglet utan hjelp av korrupte tjenestemenn på grensa? Og trur du tollbetjentane kan gjøre noe utan vern ovanfrå? Frå provinsregjeringa og jamvel høgare opp. Det må finnast personar heilt på toppnivå som er korrupte. Det er det alle i Kina trur."

Eg møtte herr Wang Wenyuan. Som viseformann i Folkets Høgsterett frå 1992 til 1998 hadde han det overordna ansvaret for antikorrupsjonsarbeidet. Nå viseformann i Det kinesiske folkets rådgivande politiske konferanse. Han snakka om denna faren.

"Korrupsjon et opp staten. Me er budd på å ta alle som er skuldige. Uansett kor høg og viktig."

Eg vonar han har rett. Eg ønsker å tru det. Korrupsjonen er djupt hata i Kina - men likevel finst det korrupsjon og kriminalitet på alle nivå.

"Veit du, Jan," sa ein gammal venn, "det er visse kadrar, ansvarlege slike, som ser prostitusjon som eit døme på ny økonomisk fridom. Og sjølvsagt finn du prostituerte på alle store turisthotell."

Vennen min hadde rett. Jamvel eg blei vekka klokka eitt på natta på det store hotellet i Beijing av ei ung jente som baud seg fram. Vakker, sexy kledd. Med ein mobiltelefon i handa. Ho orsaka seg. Ho var tilkalla av ein kunde, men hadde banka på feil dør.

Den økonomiske utviklinga har vore følgt av eit visst sosialt forfall. Denna utviklinga ber med seg store farar. Samfunnet er blitt djupt splitta. Noen individ og familiar er blitt umåteleg rike. Mange hundre millionar er blitt velståande. Men noen millionar er kasta tilbake i forferdeleg elende. Det flytande folket, bønder utan sjanse til å leve av jordbruket sitt, er tvungne å freiste levebrødet i byar og landsbyar. Men dei har ingen rettar. Ikkje legal burett.

Alle veit, eller burde vite, at detta er farleg. Det er alt nå sosial uro på landsbygda ulike stader i Kina, og millionar blir kasta ut i arbeidsløyse i ein globalisert marknad som krev omstrukturering av dei gamle industriane. Dei utgjør ein potensiell kraft som kan destabilisere heile staten. Potensiell fordi dei har verken ideologi eller organisasjon.

Om det ikkje finst medvite ideologi som kan tjene interessene til desse millionane som blir taparar i den nye økonomien, så er vegen åpen for sekter. Falun Gong eller islamistiske fornyarar i fjerne Nordvest er bare symptom. Det er svært urovekkande. Eg spørte ein leiande kader på den sentrale partiskolen til KKP korleis partiet organiserte og arbeidde blant det flytande folket. Eg fekk ikkje noe klart svar. Det såg ut til hovudarbeidet var å organisere hjelpetiltak for dei fattige. Noe som er himmelropande langt frå organiseringa av fattigbøndene i tidlegare tider.

Og jamvel om det er millionar av besøkande ved grava til den gule keisaren og dei revolusjonære stadene i Yenan, er det ei verkeleg kulturell forvirring blant mange utdanna frå den yngre generasjonen. Ei jente i tjueåra, student som såg etter arbeid, sa til Gun:

"Eg likar ikkje gamle romanar som Romance of Three Kingdoms eller framsyningar av gammal Beijing-opera. Eg forstår dei ikkje. Eg føretrekk Madonna."

Mangelen er ikkje bare kulturell. Eg spørte ein student i Xian om kva han visste om Korea-krigen og korleis den så verkelege trusselen mot Kina hadde blitt avverga for femti år sidan. Han var ein hyggeleg ung mann som hadde fått eit stipend av mormonarane for å studere engelsk, og som nå jobba som reiseførar og tolk. "Eg tenker aldri på slike ting. Eg har hørt svært lite om det."

Alt i 1993 hørte eg synspunkt i Kina om farane ved velferdsstaten. Synspunkt som fekk Margaret Thatcher til å framstå som venstreorientert.

I Beijing får ikkje barna til det flytande folket - dei utgjør millionar - lov til å gå på skolen av kommunestyret, ettersom det flytande folket ikkje har noen rettar i Beijing (eller andre byar dei flyttar til). Så når det flytande folket prøvar starte eigne skolar for ungane, blir dei stengt og rivne ned av kommunestyret fordi dei er ulovlege.

Farane ved detta er ikkje ukjente. Dr Ding Ningning, direktøren i Departementet for forsking på sosial utvikling under regjeringa arbeidde med det og hadde skrive om det.

Når alt kom til alt var det ein svært enkel økonomisk grunn til dei ulike lovene om obligatorisk og gratis utdanning i Tyskland, Frankrike, Sverige og andre land der kapitalismen utvikla seg på 1800-tallet.

Men på underleg vis ser det ut til at dei nåverande leiarane i Kina ikkje ser det; eller au trur dei at det ikkje stemmer i Kina ...

"Eg er glad eg gjekk ut av universitetet for ti år sidan," sa ei ung kvinne. "I dag ville ikkje ei ung jente frå ein familie på landsbygda som eg ha sjanse til å få høgare utdanning. Men på andre sida er eg frå landet og eg har ingen forbindelsar, så jamvel med min eksamen har eg problem med å finne jobb. Alt ser ut til å avhenge av forbindelsar nå."

At høgare utdanning har blitt eit vern for dei som tjener på det nåverande systemet er alt blitt så farleg.

Men eg kom over noe ennå meir farleg i Yenan.

Daddelhagen, Yang jia ling, er ein av dei heilage stadene til den kinesiske revolusjonen. Formann Mao budde der, på same vis som Zhou Enlai og Zhu De og andre leiarar. Der ligg au forsamlingshallen der partiet heldt sin sjuande nasjonale kongress i 1945. Kongressen der Mao Zedong trakk opp politikken etter det kommande nederlaget til Japan, og der partiet formelt tok opp Mao Zedongs tankar i vedtektene sine. Hallen er rehabilitert og malt for å framstå som i april 1945.

Ein kan leige ei uniformsjakke og lue med stjerne, kle seg opp som raudegardist frå den tida og bli fotografert. Det kostar 4 yuan. Jenta som leiger ut uniforma er atten år. Men ho kan verken lese eller skrive: "Familien vår er alt for fattig. Dei hadde ikkje råd til å sende meg på skole."

Hadde ho vore ti år eldre, ville ho i det minste fått ei grunnleggande utdanning på skolane som vart drivne av produksjonsbrigadane i folkekommunane! Utdanning er ikkje lenger gratis, og om ho er obligatorisk for dei sosiale sjikta som nå blir velståande, gjeld det ikkje dei fattige på landsbygda eller det flytande folket i byane.

Det er ein lurande klassekonflikt her. Ein verken dr Ding Ningning eller noen andre snakka om denna gongen. Eg hugsar det min gamle venn Liu Hualan sa i 1978 - sjølv om eg ikkje likar å minnest det. Då me første gongen møttest og arbeidde saman i 1952, var ho ei svært streng intellektuell og revolusjonær kader. Ho vart svært opprørt då eg kritiserte det ulne og firkanta propagandaspråket. "Det er ein småborgarleg måte å sjå på verda på!"

Ho vart ikkje utsett for noe særleg under kulturrevolusjonen, faren var ein respektert gammal framstegsmann som hadde kjent Lenin og tjenestegjort i kinesiske ambassaden i Sovjetunionen under andre verdskrigen, og hadde fått spesielt vern av statsminister Zhou Enlai. Men nevøen hennar som var teknikar på flyplassen, var blitt sendt til Indre Mongolia. Der hadde han passa kyr.

"Kan du tenke deg," sa ho, "arbeide med kyr!"
"Kva med det," sa eg, "det gjorde eg som gutt. Å passe kyr og griser og vite kor maten din kjem frå er bra."

Ho snøfta. Så byrja ho snakke om arbeidar-bondestudentane som under kulturrevolusjonen hadde fått høve til å studere på universitetet:

"Me vil hive dei ut," sa ho, "me vil sende dei tilbake der dei hører til."

Hatet i røysta hennar gjorde meg uvel.

Eg er redd at måten kommunestyret i Beijing handterer spørsmålet om utdanning for ungane frå det flytande folket, ungane til dei fattige, ikkje blir avgjort bare av kommuneøkonomien, men au av djup indignasjon frå kulturrevolusjonens tid då kader vart sendt ut for å lære av dei fattige og lågare mellombøndene.

Den klare og nåverande faren

Kina tar tilbake plassen sin i verda. Det er noe eg har håpa på heilt sidan eg las slike rapportar som dei frå Edgar Snow, Nym Wales og Agnes Smedley i eit Sverige omringa av tyske styrkar under andre verdskrigen. Den krigen var - slik me i min generasjon såg det - ikkje bare ein frigjøringskrig frå fasciststatane, aksen med Hitler-Tyskland, Mussolinis Italia og Hirohitos militaristiske Japan, det var au ein krig der tidlegare koloniar og avhengige land ville bli fri og uavhengige. Først blant dei sjølvsagt India og Kina.

Den vegen Deng Xiaoping symboliserer inneber store farar, men au store maulegheter. Eg møtte mange leiande personar som verka ha stor innsikt i både farane og mauleghetene.

Eg har aldri før hatt så åpne og frie diskusjonar i Kina som denna gongen. Ein kan seie at hendingar byrjar få rette namn - zheng ming, retting av namn kunne ein seie slik Konfusius sa. I ein fjernsynsserie som Tri avgjørande slag om siste fasen i borgarkrigen blir Lin Biao framstilt som ein strålande general og strateg. Som han var. Chiang Kai-shek blir ikkje karikert, han blir framstilt som ein som har tapt, og at det var grunnar til det. Men han tapte.

I bokhandelen finn eg igjen engelske utgaver av den store moderne kinesiske filosofen Fung Yulan og av kinesiske klassikarar som Å skape gudar (som Mao - som Lu Xun og dei fleste kritikarane - ville funne for full av overtru og litterært den minst viktige av romanane frå det store Ming-dynastiet), men eg finn au dei samla revolusjonære operaane frå kulturrevolusjonen på DVD, og ei sekstibinds utgave med tekstane til Karl Marx og Friedrich Engels, basert på den nye Marx Engels Gesamtausgabe, og omsett frå dei originale tekstane under oppsyn av professor Wei Jianhua, medlem av redaksjonsrådet i Internationalen Marx-Engels Stiftung.

Det er håp i mykje

Men det er som eg har skrive, store indre farar i utviklinga i dag. Sjølv om det er sant at store - og aukande - mengder folk opplever velstand, eller i det minste moderat velstand, er det verkeleg fattigdom og verkeleg nød for mange millionar som har tatt eit hopp bakover frå fattigdom til elende. Det kan true den indre stabiliteten i Kina.

Den raske økonomiske utviklinga dei siste tiåra med åpning og globalisering har skjedd, mens staten har hatt ein absolutt sosial kontroll over marknaden. Utan den kontrollen ville ikkje den stabile økonomiske utviklinga vore mauleg. Men med medlemskap i WTO vil ikkje Kina lenger ha høve til å kontrollere marknadskreftene. Det er ein medviten politikk. Farane er kjente. Den maulege vinsten skal vere stor. Men det er eit spill der innsatsen er høg.

Det er vel kjent at det eksisterer ein trussel mot einskapen i Kina frå etniske og religiøse grupper i Tibet og Xinjiang. Men det finst andre truslar som stammar direkte frå den nåverande oppåpningspolitikken. I ein tidleg periode prøvde ein å motstå marknadskreftene for å prøve å utlikne skilnaden i økonomisk utvikling mellom dei ulike regionane i Kina (sjå til dømes om Gansu i kapittelet "La ville de l'acier" i boka mi La route de la soie, Gallimard 1980) (Sidenvägen: en resa från Höga Pamir och Ili genom Sinkiang och Kansu, Norstedt, 1977). Akselerert ulik utvikling mellom regionar på WTO-vilkår kan føre til ein situasjon der sterke lokalleiarar - særleg i sør - lagar verkeleg uavhengige regionar med støtte frå utanlandsk kapital, jamvel mens dei - iallfall i dag - opprettheld formelle band til sentralregjeringa i Beijing.

Farane innebygd i den nåverande utviklinga er store. Ikkje rart at Kina held ein mykje lågare profil enn for tretti år sidan, og ser seg nøydd til å trø svært varsamt på den internasjonale scenen. Så låg profil at Kina - trass i sine langsiktige interesser - let USA etablere ei ny verdsordning.

Noen seier at detta er naudsynt ettersom den nåverande økonomiske utviklinga er grunnlagt på eksport. Eksporten er retta mot marknaden i USA. All verkeleg konflikt med politikken til USA kan føre til nedgang i eksporten som ikkje bare vil hindre vidare økonomisk utvikling, men jamvel tilbakeslag og krise. Men ikkje alle mine kinesiske venner var overtydde om at denna politikken var den beste valet for Kina.

Den nåverande utviklinga kan au sette i fare sjølve eksistensen av Kina på anna vis. Eg hugsar kommunane frå seksti- og syttitallet. Dei følgde rådet frå Mao og førebudde seg på krig. Ved å lagre korn, organisere folkemilts og utvikle lokal industri. Mao Zedong såg det naudsynt å gå på begge beina. Han var svært klar på behovet for å bu seg på krig både med høgteknologi - rakettar og atombombar - og ved å stole på kommunane som base for å kunne føre ein langvarig folkekrig. Som han sa i april 1969 på første plenum i den niande sentralkomiteen:

"Om dei kjem eller ikkje, må me vere budd. Ikkje vent at senteret skal sende materiell, ikkje ein gong til produksjon av handgranatar. Handgranatar kan lagast over alt, i alle provinsar. Alle provinsar kan til og med lage riflar og lette våpen. (...) Eg seier at me ikkje vil la oss provosere. Jamvel om dere inviterer oss ut, vil me ikkje komme ut, men om dere skulle gå til åtak på oss, vil me ta oss av dykk. Det avheng av om dere går til åtak i liten eller i stor skala. Om det er i liten skala, vil me kjempe ved grensa. Om det er i stor skala, går eg inn for å gi slepp på noe territorium. Kina er ikkje eit lite land. Om det ikkje er noe å hente for dei der, trur eg ikkje dei vil komme."

Hausten 1969 i Beijing snakka ein kinesisk venn til meg om detta, det var etter kampane ved grensa.

"Om Moskva går til krig, kan russarane sjølvsagt sende pansertroppane sine for å okkupere Beijing. Me ville slåst. Det ville ikkje bli ei militær promenade, men dei kunne okkupere Beijing.

Men det ville bare vere starten. Dei kan ikkje vinne. Dei ville i det lange løp drukne i folkekrigen. Kommunane gjør det mauleg for oss å forsvare oss mot kva fiende som helst. Panservognene og flya deira kan nedkjempast, det veit me, og dei kjernefysiske våpna kan ikkje gi dei siger i ein slik krig. Dei veit det. Det er grunnen til at me ikkje trur dei vil prøve seg på krig."

I dag har ikkje Kina ein slik mauleghet lenger. Det finst ikkje lenger kommunar på landsbygda som kan tjene som basar for ein planlagt folkekrig. Jamvel om Kina har rakettar og kjernefysiske våpen, er landet sårbart og i noen tiår til relativt svakare enn ei verkeleg supermakt som USA.

I røynda er landet like sårbart som ein hummar som skiftar skall!

Ikkje at det kinesiske folket ikkje veit det. Lu Xun peika i 1923 på at alle kinesarar kjenner og set pris på The Romance of the Three Kingdoms. Det er framleis slik. Dei forstår godt den nåverande farlege situasjonen, og kor viktig åpningsorda i historia er:

"Parlons maintenant de la situation générale du monde. Ce qui fut longtemps divisé doit assurément, un jour, retrouver son unité. Et ce qui, longtemps fut uni, doit un jour, fatalement, se diviser à noveau." (Les Trois Royaumes, Nghiêm Toan et Louis Ricaud. Tome I, p.6, Saigon 1960.)

(Den engelskspråklege utgava ved C H Brewitt-Taylor omsett det til: "Imperium veks og går attende; statar splittrast sund og inngår alliansar.")


Notar

(1) Manifest Destiny - uttrykk brukt av leiarar og politikarar på 1840-tallet for å forklare/forsvare USAs ekspansjon - ei "oppgave" eller nasjonal skjebne for USA. [Tilbake]

(2) Manifest Destiny (vår skjebnebestemte oppgave) er ein frase som vart skapt av John L O'Sullivan i avisa han eigde, United States Magazine and Democratic Review, i 1845, og skulle forsvare den historiske oppgava, og dermed moralske plikta USA hadde til å legge under seg territorium, framfor alt i sør og vest. Manifest Destiny har etter det til og frå vore brukt av ekspansjonistar i USA til å rettferdiggjøre anneksjonar av til dømes Texas, Oregon, New Mexico og California, og seinare USAs innblanding i Alaska, Hawaii og Filippinane. (Fotnote i den svenske omsettinga av Hans Isaksson i Clarté.) [Tilbake]

(3) Romance of the Three Kingdoms, skriven for 650 år sidan av Luo Guanzhong, om Han-dyanstiet i det andre og tredje hundreåret. Har gitt opphav til ma film og dataspill. [Tilbake]