Til Røde Fane si heimeside
Artikkeloversikt sortert på forfattar
Artikkeloversikt sortert etter utgåve
Artikkeloversikt sortert på tema
Til heimesida til AKP

Ein eller to statar i Palestina?

av Ingrid Baltzersen

Røde Fane nr 3, 2004

Ingrid Baltzersen er nestleiar i AKP og leiar Palestinakomiteen i Oslo


Kvifor bur det to folk på same landområde?

Området Palestina var ein del av det osmanske riket. Då tyrkarane var på den tapande sida under fyrste verdskrigen, delte sigerherrane riket opp, og Palestina vart ein del av det britiske mandatområdet. På denne tida dreiv britane på og forhandla litt på alle kantar om korleis Midtausten skulle sjå ut etter at krigen var ferdig.

Dei laga ein avtale med Sheikh Hussein som leia det arabiske opprøret mot tyrkarane, og som dermed hjelpte britane til å vinna krigen. Dette blir kalla Hussein-MacMahon-korrespondansen. Dei laga også Balfourerklæringa, som seier at det skal bli laga eit jødisk heimland i Palestina. Og sist men ikkje minst, fordi det var denne avtalen som vart mest gjeldande: Dei avtala med Frankrike om korleis dei skulle dela Midtausten i franske og britiske mandatområde. Palestina har altså aldri vore ein eigen stat, sjølv om folket og namnet har eksistert lenge.

Den jødiske innvandringa til Palestina starta på slutten av 1800-talet. Det har alltid budd ein del jødar i Midtausten, dei har budd saman med kristne og muslimske arabarar, og dei har prata arabisk. Innvandrarane som kom, var eit resultat av ei sionistisk kampanje i Europa. Jødane i Europa vart utsette for undertrykking, både økonomisk, politisk og fysisk. Sionistane sa at jødane ikkje kunne leva saman med andre folk, fordi dei alltid kom til å bli undertrykte. Dei haldt også fram negative trekk ved jødane så lenge dei budde hos andre folk, dei vart intellektuelle, veike og utan kontakt med jorda. Dette var i tråd med nasjonalismen på den tida som var veldig basert på blodsbånd til kvarandre og jorda.

Theodor Herzl er kjent som sionismens grunnleggjar. Det er ikkje fordi han tenkte så mange nye tankar, men han var god på å organisera, og fekk laga ein sionistisk kongress som organiserte den sionistiske rørsla. Sionismen hadde ikkje så stor oppslutning blant jødane i Europa. Dei religiøse jødane syntest ideen var blasfemisk, det er berre Gud som kan bringa jødane heim. Dei meir sekulære jødane var ofte like interesserte i å forsøka å bli integrerte i dei landa dei budde i. Sionistane sjølv var for det meste sekulære, men bruka bibelen som historiebok for å grunngje at dei hadde rett på landet.

Antisemittismen og sionismen går hand i hand. Antisemittismen auka, og sionismen fekk meir oppslutning. Dei største innvandringsbølgjene til Palestina før staten Israel vart oppretta, kom når det var innstrammingar av rettar eller progromar i europeiske land. Det var mykje innvandring i mellomkrigstida. Jødane hamna ofte i konflikt med britane, som var mandatmakt, og arabarane, som følte seg trua av innvandringa. Britane innførte etter kvart begrensingar på den jødiske innvandringa til Palestina. Jødane hadde fleire terrorgrupper som utførte aksjonar mot britiske mål, og ein del av høgresionistane såg faktisk på britane, og ikkje tyskarane, som hovudfienden under andre verdskrig.

Når FN laga forslaget til delingsplan i 1947, var sionistane ganske nøgde, mens arabarane såg på det som ei krigserklæring. Sionistane skulle få over halvparten av landet, sjølv om jødane var langt færre enn halvparten. Då britane trakk seg ut 14. mai 1948 og sionistane oppretta staten Israel, gjekk dei arabiske nabolanda til krig. Dei tapte krigen, og staten Israel sat igjen med 78 % av historisk Palestina, og dei beste områda. Dei palestinske områda på Vestbreidda og Gaza var ikkje i kontakt med kvarandre fysisk, og dei var styrt av kvar sine naboland, Egypt og Jordan. Mange palestinarar vart fordrivne, og lever framleis i flyktningleirar i Libanon, Syria, Egypt og Jordan, i resten av Midtausten og i heile verda.

Etter 19 år kom seksdagarskrigen i 1967, då Israel okkuperte Vestbreidda og Gaza. Desse områda vart styrte som okkuperte område, mens dei palestinarane som vart verande innanfor staten Israel sine grenser i 1948, vart statsborgarar i Israel.


Kva er framtida til Palestina?

Ein stat

Palestinarane har gjennom det siste hundreåret utvikla ein sterk palestinsk identitet, og ei sterk kjensle av at dei har blitt urettvist behandla av verda. I starten stolte dei på at dei arabiske naboane kom til å hjelpa dei å hiva ut israelarane, og PLO (Palestine Liberation Organisation) var styrt av dei arabiske landa.

Etter kvart som Fatah og dei ulike kommunistpartia vart oppretta, fekk palestinarane sin eigen politikk på korleis dei ville at Palestina skulle bli frigjort. I 1969 foreslo DFLP, eit kommunistparti, at PLO skulle kjempa for "ein demokratisk stat i Palestina", og dette vart akseptert av det palestinske nasjonalrådet same år. Det er også dette målet palestinarørsla i Noreg har jobba for, ein demokratisk sekulær stat for jødar og arabarar i Palestina.

To statar

I 1974 vedtok det palestinske nasjonalrådet at ein skulle oppretta ei palestinsk myndigheit på eit kvart område av Palestina som vart frigjort. Eg meiner det er ein riktig strategi å gå inn for å ta kontroll og styring over områda ein tar over, samtidig har dette opna for at løysinga kan vera ein stat på Vestbreidda og kanskje Gaza. PLO har gått meir og meir i den retninga. I 1988 aksepterte det palestinske nasjonalrådet formelt at det kan eksistera to statar side om side. Oslo-avtalen gjorde tostatsløysinga til den allment aksepterte løysinga, og ein rekna med at det berre var eit spørsmål om tid før ein palestinsk stat vart erklært på Vestbreidda og Gaza, sjølv om Oslo-avtalen ikkje seier dette eksplisitt. I 1997 annonserte Arafat at PLO skulle erklæra at ein uavhengig palestinsk stat var oppretta 4. mai 1999. Denne datoen vart utsett fleire gonger, og det har aldri blitt gjennomført.

Ahmad Qureia uttaler seg

8. januar i år sa Ahmad Qureia, den palestinske statsministeren, at løysinga kanskje er ein bi-nasjonal stat. Dette var nytt, sidan PLO (eller i alle fall PA) har haldt hardt på tostatsløysinga og Oslo-avtala, vegkartet for fred, og andre forsøk på fredsavtalar. Dette er eit skritt bort frå tostatsløysinga, men det er ikkje sikkert det var så alvorleg meint.

Grunnen til at han uttalte seg kan vera for å pressa Sharon og den israelske regjeringa. Israelarane ynskjer ikkje å vera i ein stat med palestinarane i dei okkuperte områda, dei har nok palestinarar i staten Israel, og i ein slik stat blir jødane i mindretal. Det kan også vera ein måte å beskriva situasjonen den palestinske regjeringa er i, det er ikkje mogleg å laga ein palestinsk stat på Vestbreidda og Gaza så lenge Israel heile tida okkuperer, lagar portforbod, set opp vegsperringar og byggjer mur.

Problemet med tostatsløysing

Sjølv om ein meiner at tostatsløysing er det mest rettvise, eller det som er mest politisk riktig, så kan det vera vanskeleg å gjennomføra. Vestbreidda er i dag full av busetjingar som omringer palestinske byar og skil dei frå kvarandre, ho er skjært opp av busetjarvegar som berre kan brukast av israelarar. Vestbreidda, Jerusalem og Gaza er skilde frå kvarandre.

Viss busetjingane blir, vil det ikkje vera noko meiningsfullt territorium der ein stat kan etablerast. Problemet er også at staten manglar naturressursar. Gjennom 30 år med israelsk okkupasjon har ressursane blitt overflytta frå dei palestinske innbyggarane til busetjarane. Sidan Oslo-avtalen blei skriven under i 1993, har Israel hatt ein politikk med stadige stengingar mellom Israel (inkludert Aust-Jerusalem) og dei okkuperte områda, og dei har bygd opp nettet med militære sjekkpunkt over alt. Økonomien har blitt fullstendig øydelagt av fire år med intifada. Det er kjempehøg arbeidsløyse i dei palestinske områda, spesielt i Gaza. Israel har ført ein politikk for å medvite øydeleggja den palestinske økonomien. Ein palestinsk stat som vert oppretta med desse vilkåra vil berre kunna overleva med massiv bistand. Muren har ført til endå større problem, viss staten skal opprettast innanfor dei grensene muren set, vil han ikkje ha internasjonale grenser. Muren fører også til at endå meir av vassressursane og dei beste jordbruksområda ligg utanfor muren. Ingen israelske planar har enno tilbydd palestinarane nok territorium til å laga ein levedyktig stat. Utan ei total fjerning av busetjingane og ei israelsk tilbaketrekking frå Aust-Jerusalem kan ikkje den tidlegare ideen om ein palestinsk stat på heile Vestbreidda og Gaza med Jerusalem som hovudstad bli realisert. For å gjennomføra denne ideen, må ein anten ha eit Israel som frivillig fjernar busetjingane og trekk seg ut frå Aust-Jerusalem, eller ha ei makt som presser Israel til det. Ingen av desse kriteria er oppfylte i dag.

Ulike einstatsløysingar

Verken palestinarane eller israelarane har tradisjonelt vore for ei einstatsløysing på den måten det vart formulert i 1969. Palestinarane har meint at dei bør få tilbake heile landet sitt, og israelarane er redde for å hamna i minoritet og gje opp ideen om ein jødisk stat.

Det finst to måtar å tenkja einstatsløysing på. Den eine måten er ein binasjonal stat. Denne modellen tar opp i seg at Israel på mange måtar er ein binasjonal stat allereie, dei har ein stor arabisk minoritet som bur i eigne område. Ein kan bruka ulike modellar for ein binasjonal stat, anten bruka kantonmodellen frå Sveits, eller Belgia sin binasjonale modell. Det er ein del problem ein må løysa i forhold til denne måten, for eksempel fordelinga av makt i parlamentet, rett til retur for palestinarar og jødar osv.

Denne ideen kom først opp i 1930-og 40-åra, då europeiske intellektuelle sionistar ynska jødisk sjølvstyre i dei områda dei budde i, og dela resten av landet i kristne og muslimske einingar, men bu saman i samen land. Ein del palestinarar støtta denne ideen fordi dei trudde det kunne vera ein måte å hindra sionistane i å laga ein jødisk stat i Palestina, men dei fleste syntest det var feil og farleg å gje delar av landet til ein utanlandsk minoritet. I dag er det til dømes Azmi Bishara, palestinsk Knesset-medlem, og Edward Said, no avdød palestinsk akademikar, som har støtta denne ideen.

Den andre måten ein kan laga ein einstatsløysing på, er ein sekulær demokratisk stat med ein mann - ein stemme, og ingen inndeling etter etnisitet eller religion. Av israelarar har denne ideen støtte hos antisionistiske jødar som til dømes professor Ilan Pappe ved Universitetet i Haifa, og ein del palestinarar som til dømes Ghada Karmi, palestinsk politikar som bur i London.

Mot og for einstatsløysing

Mange er mot einstatsløysing av ulike grunnar. For det første vert det sagt at jødiske israelarar og palestinarar aldri vil akseptera integrasjon. Valet er difor anten separasjon eller at ei av sidene vert militært overvunne. Separasjon er den mest humane moglegheiten. Men er dette sant? I røynda er det mange eksempel i verdshistoria på integrasjon mellom folk som virka totalt uforeinlege før konflikten vart løyst. Det mest relevante eksemplet er Sør-Afrika, men også til dømes England etter borgarkrigen. Me må ikkje gløyma at meir enn halvparten av den jødiske befolkninga i Israel kjem frå arabiske land, der dei var relativt godt integrerte. Sjølv om flesteparten av desse snakkar hebraisk no, og ser på seg sjølv som israelarar, har dei sterke element av arabisk kultur, og begynnar no å visa desse offentleg.

For det andre vert det sagt at Israel har militær makt til å gjera det dei vil. I denne situasjonen bør palestinarane ta det dei kan få, og leva for å fortsetja kampen seinare. Dette kan vera ein realistisk filosofi, men palestinarane ser ikkje ut som om dei har tenkt å gje opp. Sjølv om dei er militært svake fortset dei å kjempa, fordi dei ser at militær makt ikkje er den einaste formen for makt, og fordi dei ser på det som ei plikt å kjempa mot den uretten dei har blitt påført.

For det tredje vert det argumentert at sjølv om tostatsløysinga ikkje er perfekt, er det ein veg framover som seinare kan bli utvikla til noko som er meir rettvist, til dømes ein føderasjon eller ein økonomisk union. Andre ser på det som eit fyrste skritt på veg til ei einstatsløysing. Mange har dette standpunktet fordi dei meiner at ein vil tapa ein direkte konfrontasjon med sionismen med dei rådande maktforholda. Dei tenkjer at sionismen vil forsvinna etter som dei demografiske og økonomiske forholda utviklar seg. Men dette er ikkje noko godt argument mot einstatsløysing. Asymmetrien i makt mellom ein israelsk og ein palestinsk stat vil føra til at utviklinga alltid vil skje i favør av Israel. Så lenge staten Israel er rasistisk er det vanskeleg å sjå at ein tostatsløysing vil resultera i nokon form for likeverd mellom dei to statane.

For det fjerde vert dei som stør ei einstatsløysing skulda for å dela energien og merksemda frå det som er mogleg å oppnå, altså to statar, til eit mål som er utopistisk, altså ein stat. Dette argumentet er riktig viss ein meiner at ei tostatsløysing er realistisk og ynskjeleg. Eg meiner at Osloprosessen har vist at ei tostatsløysing ikkje er mogleg i dag, så både einstatsløysing og tostatsløysing er like urealistisk. Det som er realistisk er ein aphartaidstat som stenger inne og forsøker å øydeleggja alle moglegheiter for ein sjølvstendig palestinsk stat.

Eit siste argument er at etableringa av ein einskapleg stat møter enorme utfordringar. Korleis skal han etablerast? Skal jødar ha rett til retur på same måte som palestinarane? Kva vil vera karakteren på staten og korleis vil han bli akseptert av nabolanda? Kva skal landet kallast? Said Hamami, ein tidlegare PLO-representant i London pleidde å sei at dei kan kalla han ein agurk viss det er det dei vil.

Ein binasjonal stat er enklare å akseptera for ein del folk enn ei einstatsløysing, sidan ein binasjonal stat kan bli laga slik at han liknar på ei tostatsløysing, og han kan gje mest makt til den sterkaste sida. Men viss ein binasjonal stat skal vera ei akseptabel løysing for palestinarane, og ikkje berre ei gjentaking av uretten gjort mot dei, må dei få gjennomført retten til retur. Staten må også vera ikkje-sionistisk, sidan sionismen er rasistisk.

Kva er framtida?

Den palestinske statsministeren Ahmad Qureia uttalte som tidlegare nemnd, at framtida kanskje var ein binasjonal stat. Den israelske annekteringa av land og ressursar har ført til at det kanskje ikkje er noko anna val. Men israelarane må oppgje noko for å få fred, ein binasjonal stat må gje likeverd til dei to folka, og han må gje rett til retur for dei palestinske flyktningane. Statens sionistiske karakter må opphøra. Og der ligg jo problemet i alle løysingane, eg meiner at det vert ingen løysing utan at Israel slutter å vera sionistisk.

Eit viktig spørsmål å diskutera er om Palestina kan bli frigjort utan væpna kamp. Eg meiner at så lenge sionismen eksisterer, vil staten Israel forsøka å hindra palestinarane å få ein levedyktig stat, sjølv om dei går med på sjølvstyre eller statsdanning på Vestbreidda og Gaza. Dette handlar om vårt syn på staten Israel og sionismen: staten Israel er ein koloni og militær utpost i Midtausten for USA og andre vestlege land. Sionismen underbygger denne rolla. Difor er slagordet "ingen fred uten frihet - ingen frihet uten kamp - støtt intifadaen!" riktig, fordi det vert ingen fridom utan kamp for det palestinske folket.

Difor meiner eg at både ein sekulær stat for alle, ein binasjonal stat eller ei tostatsløysing er like utopisk så lenge sionismen eksisterer. Men det er lettare å selja landet med ei tostatsløysing.

Kvifor meiner me noko om dette?

Eg meiner at frigjeringsrørsler skal definera sine eigne mål. Samtidig er det vår rett som solidaritetsrørsle å ikkje vera einige i dei måla. Eg er mot Oslo-avtalen fordi eg meiner det var ei urealistisk avtale som aldri kom til å gje palestinarane noko. Vegkartet for fred var enno verre. Men eg stør PLO som palestinarane sin representant, og Arafat som palestinarane sin valde president.

Eg meiner det er riktig å oppretta palestinsk sjølvstyre på eitkvart frigjort område. Men eg meiner samtidig at Vestbreidda ikkje lengre er frigjort. Det palestinarane får lov til no er å administrera sin eigen okkupasjon, og det er også det Sharon planegg når han vil trekka seg ut av Gaza. Politikk og frigjeringskamp er ei balanse mellom å oppnå det som er mogleg, samtidig som ein må passa seg for å godta for lite, og for å bli sin eigen fangevaktar.


Kjelde:

Mykje av argumenta mine er bygd på ein artikkel av Ghada Karmi: A Secular Democratic State in Historic Palestine: An Idea Whose Time Has Come? Fleire artiklar av henne og andre artiklar om einstatsløysing finn ein www.one-state.org.