Til Røde Fane si heimeside
Artikkeloversikt sortert på forfattar
Artikkeloversikt sortert etter utgåve
Artikkeloversikt sortert på tema
Til heimesida til AKP

Havarert grunnlov
Parkert militærstrategi

av Tobias Pflüger

Røde Fane nr 2a, 2004

Tobias Pflüger er statsvitskapsmann, styremedlem i "Informationsstelle Militarisierung"
og redaksjonsmedlem i Wissenschaft und Frieden (Vitkap og fred)

Artikkelen vart skriven før EU-grunnlova vart vedteken, men det er få endringar
i den vedtekne grunnlova i høve til framlegget på dette feltet som her er omtalt.
Røde Fane trykte vi denne forkorta versjonen av artikkelen. Fullversjonen finst her.

Artikkelen er nytta med løyve frå forfattaren, og er omsett til norsk av Einar Jetne.
Han sto opprinnelig IMI-Analyse 2004:011 - i Wissenschaft & Frieden nr 2, 2004


EU sin militærstrategi snakkar om at i "ei verd med globale trugsmål, globale marknader og globale media (...) er tryggleiken og velstanden vår stadig meir bunden til eit verksamt multilateralt system (...) Ein aktiv og handlingsdyktig Europeisk union kan utøve påverking globalt. Slik vil EU medverke i eit fungerande multilateralt system, noko som vil leie mot ei verd som er meir rettferdig, meir trygg og meir sameint." Her er verdsmaktambisjonane til EU formulert. Alt ved framlegginga av EU sin militærstrategi hadde Javier Solana i Berlin den 12.11.2003 framheva: "EU skal bli ein global aktør." Den gongen slo han likeeins fast at EU og Nato ville spele tett saman: "Innafor rammene til dette nettet er og blir Nato ein grunnleggande garantist for tryggleiken vår, og då ikkje som konkurrent, men som strategisk partnar." Innafor EU skal det bli innført ei "bistandsplikt". For dei til no (framleis formelt) nøytrale EU-statane Austerrike, Finland, Irland og Sverige ville det innebere den endelege oppgivinga av nøytraliteten.

Militarisering av EU

På fire område er militariseringa av EU kome svært langt:

EU-intervensjonsstyrken

EU-statane har lenge vore einige om å danne ein EU-intervensjonsstyrke. Til saman har EU-regjeringane og EU-kandidatane "meldt inn" ca. 100.000 soldatar. 60.000 av desse skal kor som helst i verda kunne bli sett inn permanent i eitt år. (Einaste unntaket er Danmark som ikkje deltar i EU sin militære "komponent".) Desse intervensjonsstyrkane skal vere innsatsklare innan 60 dagar. Den bindande intervensjonsradiusen på 4.000 km ut frå Brussel vart til og med overskriden i samband med den første "prøveinnsatsen" i Kongo. EU-intervensjonsstyrken er ikkje ein "ståande styrke". Han skal til kvar tid kunne bli sett saman frå ståande troppekontingentar. Denne styrken skal vere innsatsdyktig i løpet av 2004.

Samansettinga av styrken er politisk interessant: Austerrike 3.500, Belgia 1.000, Storbritannia 12.500, Finland 2.000, Frankrike 12.000, Hellas 3.500, Irland 1.000, Italia 6.000, Luxemburg 100, Nederland 5.000, Portugal 1.000, Sverige 1.500. Tyskland stiller med 18.000, klart den største kontingenten - nesten ein tredjedel av heile EU-intervensjonsstyrken.

For å kunne mønstre 18.000 innsatsdyktige soldatar, er det nødvendig å utdanne 32.000 ekstra til dette formålet. Desse har då også forbundsregjeringa gitt lovnad om. I tillegg er det lova 93 kampfly, 35 transportfly og 3 overvakingsfly, fire kamphelikopter og marinestyrkar.

Den tyske hæren sin dugleik gjeld framom alt strategisk oppklaring, leiingsevne og evne til strategisk forflytting. Den tyske generalen Rainer Schuwirth skal vere øvstkommanderande for EU-styrken. Innsatsleiingskommandoen i Potsdam-Geltow er den sannsynlege kjernen i eit "operativt hovudkvarter" for den Europeiske Unionen. Frankfurter Algemeine Zeitung (FAZ) (10.07.2001) skreiv dette om kommandosentralen i Potsdam: "Med innsatsleiingskommandoen rår den tyske hæren over ein operativ leiingsstab på arménivå, ei leiing som i funksjon tar vare på oppgåver som før vart tatt vare på av generalstaben til den tyske armeen."

EU-planlegginga siktar på å etablere ein intervensjonsstyrke som kan handle med eller utan ryggdekking frå Nato, som kan handle ubunde av Nato og dermed også ubunde av USA. På heimesida til forbundsregjeringa lyder dette slik: "Kreftene i form av ein europeisk inngrepstropp skal stå til rådvelde for felles EU-innsats, ubunde av Nato." (www.bundesregierung.de) Trass i at Solana ikkje ser Nato "som konkurrent, men som strategisk partnar", kan EU sine militærintervensjonar gjelde forhold som USA-regjeringa ikkje har interesse i eller til og med forhold der USA har andre interesser. Innebygd i dette ligg faren for at det kan kome til tydelege tilspissingar i forholdet mellom EU og USA.

Dei multinasjonale korpsa

Dei ulike multinasjonale korps som alt har eksistert lenge, er sentrale element i EU sin militærpolitikk.

Her finst:

Frå september 2002 er Eurokorpset godkjent av Nato som "Rapid Reaction Corps". EU sin framvisingstropp skal bli overdratt leiinga av Afghanistan-vernetroppen ISAF. "Seinare er siktemålet å overdra den operative leiinga" av den krigen som framleis går føre seg i Afghanistan "til Nato". (FAZ 04.02.2004) I følgje FAZ blir den nødvendige troppeforsterkinga i Nato vurdert til mellom 5.000 og 14.000 mann. Dette er resultatet av ei samanslåing av dei to operasjonane Enduring Freedom og ISAF, operasjonar som av gode grunnar har vore skilde frå kvarandre fram til no. Innafor ramma til Enduring Freedom var og blir krigs- og kampinnsatsen i Afghanistan gjennomført. I desse deltar også tidvis soldatar frå den tyske spesialkommandoen. ISAF var til no "berre" tilgjengeleg for dei såkalla stabilseringstiltaka. Med Forbundsdagen sitt vedtak om å sette inn soldatar i Kundusregionen vart ei første oppmjuking av dette skarpe skiljet utan tvil sett i verk.

EU-troppar i Irak?

Det er innlysande at USA ønskjer at Nato skal ha ei offisiell rolle i okkupasjonen av Irak. Slik det vart uttalt ved samlinga av Nato sine militærministrar i "Tryggleikskonferansen" i München i februar 2004, skal ei Nato-operasjonsplanlegging for Irak bli vedtatt i det neste ministermøtet i Istanbul i juni 2004. Til innsats mot enden av året eller ved starten av neste år blir det diskutert 30.000 til 45.000 soldatar. Som hovudkvarter snakkar ein om Allied Rapid Reaction Corps (ARRC) i Mönchengladbach og det tysk-nederlandske korpset. "I begge leiingsstabane stiller den tyske hæren i følgje FAZ (04.02.2004) med storparten av personellet. Tyske soldatar vil då bli konkret bunde til okkupasjonspolitikken i Irak gjennom å delta i leiingsstabane. Bildet av den tyske regjeringa som motstandar av Irakkrigen vil for godt bryte saman. Dette bildet er elles for lengst svekka gjennom den indirekte støtta til USA sine militæroperasjonar frå tysk jord gjennom hjelp til den amerikanske armeen i nærområdet til krigshandlingane.

Utsyn

For den franske militærministeren, Michele Alliot-Marie, er det militære samarbeidet vorte til nøkkelelementet i den europeiske prosessen mot å bli einige. I eit intervju med FAZ (05.02.2004) slo ho fast: "Irak-krisa har ikkje vore eit tilbakeslag for forsvarssamarbeidet i EU. Det motsette er tilfellet. Forsvaret har vorte eit nøkkelelement i den europeiske prosessen mot semje. Forsvaret kjem raskare på plass enn pengeunionen gjorde i si tid.

I opningstalen sin til Hannovermessa i 2003 påviste forbundskanslar Gerhard Schröder samanhengen mellom opprustingspolitikken og den sosiale innstramminga i landet vårt. Han grunngav det nødvendige ved Agenda 2010 med at "Tyskland må og skal (...) spele si rolle i Europa slik at Europa kan spele si rolle i verda." Ein må "sette landet økonomisk i stand til både å ha den krafta og stille ho til rådvelde for Europa for å kunne realisere denne rolla." (www.bundesregierung.de, sett inn 07.04.2003)

Forståinga er gammal: Pengar kan ein berre bruke ein gong, enten til høgrusting eller til utdanning og sosialtenester. Det nye er at ein sosialdemokratisk kanslar går så ope og absolutt inn for å prioritere militariseringa framom behova til befolkninga. I talrike europeiske land er det danna ei rørsle "Mot denne EU-grunnlova - for eit Europa som seier nei til krigen." Denne rørsla går ikkje berre til angrep på "tvangen til opprusting" i grunnlovsutkastet, ho går også til angrep på grunnlovsutkastet si demokrati- og utviklingspolitiske innretting. Dette er ei rørsle der globaliseringskritikarar av begge kjønn og aktive freds- og utviklingspolitiske grupper samarbeider.