Til Røde Fane si heimeside
Artikkeloversikt sortert på forfattar
Artikkeloversikt sortert etter utgåve
Artikkeloversikt sortert på tema
Til heimesida til AKP

Den neste, brutale EU-kampen

av Olav Randen

Røde Fane nr 2a, 2004

Olav Randen er sauebonde


Viss ein ny EU-kamp blir utløyst i neste stortingsperiode, blir det ein kamp utan sidestykke i nyare norsk historie når det gjeld råskap.

Dei har ikkje argumenta på si side, Erna Solberg, Jens Stolbenberg og Thorbjørn Jagland og dei andre EU-tilhengjarane. Det finst nesten ingen som brenn for unionen, det finst nesten ingen som trur at det inntil sjølvutsletting lydige Norge innanfor vil påvirke EU i den eine eller den andre retninga, skremslane frå 1994 ligg så nær i tid at ei gjentaking ikkje vil fungere, og oppegåande menneske i dag vil berre riste på hovudet om politikarane seier det same som Gro Harlem Brundtland gjorde først på 1990-talet, at EU med union meiner noko a la ei fagforeining og langt ifrå ein politisk union. Ikkje vil vi få varige særordningar heller, rett og slett fordi EU er tilfreds med dagens forhold til Norge, at vi lystrar, betaler til EU-kassa og stiller våre natturressursar til disposisjon for fellesskapet.

Det er altså minst like vanskeleg å få fleirtalet av det norske folket til å bli EU-tilhengjarar som det var å få svenskane til å stemme for euro.

Men finst andre metodar? For den som har makta og er villig til å ta i bruk dei metodane som er tilgjengelege for makthavarar, gjer det det. For å skjøne det må vi tenkje gjennom at den norske eliten ikkje legg opp den komande ja-kampanjen åleine. Reklamebyrå og ekspertar som kan dette, som har planlagt presidentval i USA, kampanjar for å selje helseskadeleg tobakk og genmanipulerte matvarer og for å glatte over miljøskandalar, vil få sine rause konsulenthonorar for å hjelpe den norske eliten til eit ja-fleirtal.

Det første er at dei må føre ein kort og hektisk EU-kamp. For ein massiv ja-propaganda kan førebuast i det stille og køyrast ut på veker. Det å byggje opp ei folkerørsle nedanfrå tek derimot månader og år.

Det andre er at debatten må haldast mellom dei profesjonelle politikarane. For der er ja-folka flest og mest rutinerte. I massekampen derimot er nei-sida sterkast. Difor må direkte debatt med vanlege folk unngåast. Konkret betyr dette: Ikkje still på debattmøte anna i politikarpanel, ignorer lesarinnlegg i avisene, slepp aldri til andre enn dei etablerte i eter-media, press grasrota til tagnad. Vanlege folk må lærast opp til å forstå at deira oppgåve ikkje er å meine og argumentere sjølve. Deira oppgåve er å heie på leiarar.

Det tredje er at maktutøvinga og dominansen må vere absolutt. Om lag som i ei amerikansk krigsmobilisering altså, utan rom for tvil, utan å lytte det aller minste på andre synsmåtar og med sluggerar, ikkje minst i pressa, som skal ta opponentane. Det er uråd å tenkje seg føreåt alle enkelttrekka. Men mykje vil liggje svært langt frå demokratiets spelereglar. Det blir ei tid som får førre EU-kamp til å framstå som ein idyll og Gro Harlem Brundtland som ein demokratisk statsleiar. Viss det kan føre fram, blir sentrale EU-motstandararar hengde ut som nasjonalististar, rasistar, stalinistar, intrigemakarar, pedofile, narkomane, karrieristiske og reaksjonære bygderomantikarar. Dei vil spreie falske lekkasjar.

Dei vil infiltrere og splitte. Dei vil kjøpe opp tvilarar og nei-folk. Sjølvsagt vil dei sensurere, og sjølvsagt vil dei bruke nitti prosent av statspengane til å spreie ja-synet.

Det det framom alt gjeld, er å fremje folks avmaktskjensle. Det er ikkje rett, det kommentatorar i alle aviser skreiv i dagane etter parlamentsvalet i EU, at det vart ein blåmåndag fordi berre 45 prosent røysta og berre 28 prosent i dei nye medlemslanda. Sjølvsagt er den regjeringa lykkeleg som har eit engasjert folk bak seg. Men kven har det? Dei reelle alternativa er eit apatisk folk og eit opponerande folk. Og av desse alternativa er eit apatisk folk å føretrekkje. For det gir dei styrande handlerom.

Dette vil ekspertane frå Burson-Marsteller eller liknande firma dvele lenge ved. Problemet med Norge, vil dei seie etter å ha gått det norske samfunnet grundig etter i saumane, er ikkje at Stolten- og Solberg er dårlegare leiarar enn kollegaer i land som har vorte unionsmedlemmer. Deira mindreverdskjensle er eigentleg grunnlaus. Problemet med Norge ligg djupare. Det er at tradisjonen med å tenkje sjølv enno ikkje er rydda ut. Norske kvinner og menn kjenner seg ikkje like avmektige og hjelpelause overfor makthavarar som innbyggjarar i mange land.

Dette er nøkkelpunktet for å snu nei til ja. Ingen er i stand til å få det norske folket til å gløde for EU. Ikkje noko folk gløder for EU. Viss det blir 90 prosent frammøte ved røystinga som sist, blir det nei. Men folk kan gjerast apatiske. Viss den fjerdedelen som er for EU, røystar ja og fleirtalet held seg heime, kan det gå bra. Slik det gjorde i dei ti landa som vart medlemmer 1. mai. 26 prosent ja, 24 prosent nei og 50 prosent heimesitjarar er den realistiske målsetjinga.

For å få til dette må politikken leggjast om. Frå ja-sida må det denne gongen ikkje vere noko nordisk og respektfullt på den eine og på den andre sida eller kanskje og kanskje ikkje eller at det positive veg tyngre enn det negative. Folk må overkøyrast. EU må framstillast som den udiskutable, nådelause Utviklinga. Dette må gjerast med slik tyngde at alternativa for folk ikkje blir ja eller nei. Alternativa må bli om Norge skal bli med no medan samarbeidet i unionen enno går seg til, eller seinare, etter at det har funne si form og Norge er dømt til å få ein plass ved døra. Slik blir det rådet Stolten- og Solberg får på dei hemmelege konferansane med verdas fremste ekspertar på opinionsstyring.

Framleis er sosialdemokratiet mest effektivt når det gjeld å styre folkemassane i upopulær retning. Difor kan den situasjonen vi no kanskje går inn i, med ei samlingsregjering med DNA i topp, vere gunstig for ja-folket. Den første tida kan DNA-delen av regjeringa Stoltenberg førebu offensiven meir i det skjulte, og samarbeidspartnarane i SV og kanskje Sp vil vere så ivrige etter å behalde taburettar at dei ikkje lest gå. Når tida er inne, kanskje hausten 2006, bryt DNA samarbeidet, dannar ei mindretalsregjering med saksstøtte frå Høgre, Venstre og dei EU-vennlege eller styringsivrige i SV, Kr.F og Fr.p og driv gjennom ei folkerøysting med stuttast mogeleg tidsfrist.

Dette siste, regjeringskonstellasjonar, må bli spekulasjonar. Men det som er så sannsynleg at det ikkje er spekulasjonar, er at viss ein ny EU-kamp blir utløyst i neste stortingsperiode, blir det ein kamp utan sidestykke i nyare norsk historie når det gjeld råskap. Ikkje fordi norske unionstilhengjarar eigentleg ønskjer å fare slik fram, men fordi hensikta i deira tenking helgar midlet. Dei må vinne, og brutalitet og umyndiggjering av folk er dei metodane som kan gi dei siger.