Til Røde Fane si heimeside
Artikkeloversikt sortert på forfattar
Artikkeloversikt sortert etter utgåve
Artikkeloversikt sortert på tema
Til heimesida til AKP

Tsjetsjenia - kva no?

av Jan Erik Skretteberg

Røde Fane nr 2, 2004

Jan Erik Skretteberg er medlem av AKP og NKS ved Universitetet i Oslo

I transkripsjonen av kyrillisk til norsk er den norske avisnormalen nytta.

Kart over Tsjetsjenia


Putins tilstrammingar og splitting i den tsjetsjenske opposisjonen har endra situasjonen i det vesle fjellandet som kjempar for lausriving midt i vegen for den planlagte oljeleidningen mellom Baku og Svartehavet.

Det eksisterer stor forvirring kring Vladimir Vladimirovitsj Putin, Russlands president. Gjennom eit enormt propagandaapparat og kveling av den frie pressa i fødelandet har mannen for mange klart å byggja eit bilete av seg som Russlands frelsar, ein president som kan få Russland attende mellom verdas leiande makter, både økonomisk og militært. Dei ser den velfriserte og veltrente kampsporteksperten (Putin har faktisk svart belte i judo), som med alt sitt overtydande snakk om å bringa orden i russisk økonomi har fått vener i heile Vesten, til dels mektige investorar og leiarane i mange vesteuropeiske land. Han har til og med klart å gravleggja den russiske motstanden mot Nato-utvidinga austover. For mange vanlege russarar er han mannen som er i stand til å hjelpa Russland ut av bakrusen etter "kommunismens" fall og Sovjetunionens oppløysing. Men det er også andre som meiner det stikk motsette om den tidlegare KGB-agenten: han er langt frå Russlands redningsmann, men tvert om den siste spikeren i kista til draumen om eit liberaldemokratisk styresett av vestleg modell. Og desse motsetnadene i det russiske folket vekte Putin så fort han erstatta Jeltsin i presidentstolen i Kreml i 1999. Men trass i dei store ulikskapane i Jeltsin og etterkomaren hans sitt styresett, er det éin ting frå forgjengaren som Putin er fastsett på å føra vidare: krigen i Tsjetsjenia.

Dei fleste meiner uroa starta som eit framstøyt frå Jeltsin på å snu merksemda vekk frå dei sosiale problema i eige land føre presidentvalet i 1996, eit val Jeltsin forresten mest sannsynleg vann gjennom omfattande valfusk (note 1). Ikkje berre hadde politikken hans ført til ein gigantisk lumpenizatsija (filleproletarisering) mellom vanlege folk, og sytt for at dei såkalla oligarkane uforstyrra kunna rana til seg statlege verdiar for fleire billionar rublar, men også hadde han fullstendig ignorert korrupsjonen som veks fram etter sovjettida. Motstanden mot Jeltsin byrja vakse også i maktapparatet, noko som kort oppsummert enda med at stridsvognar skaut mot Det øvste sovjet 4.oktober 1993. Deretter sytte Jeltsin for ei revidering av grunnlova, i regi av den populære St. Petersburg-borgarmeisteren Anatolij Sobtsjak. Denne grunnlova tryggja nesten all makt hjå presidenten. Dette var heilt naudsynt for Jeltsin, Dumaen vart nemleg dominert av motstandarane hans (gamalkommunistane og Zjirinovskijs fascistar) etter valet til denne forsamlinga i desember same året. Men éin ting kunne dei folkevalde enno gjera: velja ut statsministaren. Denne vart Viktor Tsjernomyrdin. For å få kontroll over inflasjonen, sette statsministaren i gong med eit økonomisk reformarbeid som hadde som mål å minka utanlandsgjelda og budsjettunderskotet, som båe var enorme etter hendingane tidleg på 1990-talet. Konsekvensen vart eit offentleg pyramidespel. Dei sju såkalla oligarkane veks fram som fylgje av dette. Samstundes festa mafiaen eit stadig kraftigare grep om kvardagen, det økonomiske kaoset fortvila folk stadig meir, og presidenten hadde lite støtte. Då høvde det bra at det var uro i republikken Itsjkerija, ein av dei sydlegaste republikkane innanfor Den russiske føderasjonen. Ein liten, rask og suksessfull krig var det styresmaktene trong for å attreisa respekta i folket.

Eigentleg startar konfliktane mellom russarane og tsjetsjenarane lengje før. Leo Tolstoj (1828-1910) skriv om dette i Hadzjij Mura, romanen som kom ut i 1911, eit år etter hans død. Under andre verdskrigen, nærare bestemt i februar 1944, vart heile den tsjetsjenske folkesetnaden i lag med sju andre kaukasiske og tyrkiske folkeslag kollektivt deportert over Kaspihavet til Kasakhstan, skulda for å ha samarbeida med tyskarane. Ein går ut frå at om lag ein tredel av tsjetsjenarane døydde under deportasjonen. Attende fekk desse sju folka fyrst koma utpå femtitalet. Tala i tabell 1 kan gje oss ein indikasjon om dette. Årsakene var mange; dei svake døydde under sjølve transporten, det var sult i dei karrige, golde sentralasiatiske områda under krigen (ein prioriterte å fø soldatane), og mest sannsynleg vart også ein del teke av dage av sovjetiske styresmakter. Etter at mesteparten av (note 2) tsjetsjenarane fekk lov til å venda attende til sine opprinnelege område, hadde motstanden mot russarane og styresmaktene vokse endå meir. Om ein ser vekk frå eit litt høgare kriminalitetsnivå og eit noko lågare utdanningsgjennomsnitt, var likevel ikkje skilnadene på levekåra mellom etniske russarar og tsjetsjenarar innafor området som ein i dag strir om. Språkproblema fantast ikkje meir (så godt som alle tsjetsjenarar er (minst) tospråklege og fleire talar russisk kanskje betre enn tsjetsjensk) og det var vanlege med blanda ekteskap. Oljeindustrien rundt Groznyj sytte for ein relativt rask vekst i velstanden, og den tsjetsjenske folkesetnaden klarte ganske raskt å henta seg att etter at Khrustsjov lot dei kaukasiske folka venda heim mot slutten av 1950-talet. Fleire tsjetsjenarar kom seg også opp i sovjetsystemet. Kjente namn som Akhmed Zakajev, Ruslan Khasbulatov og Dzjokhar Dudajev var høgt oppe i det sovjetiske forsvaret. Likevel er det vanskeleg å seia noko veldig sikkert om tilhøva mellom russarar og tsjetsjenarar frå den sistnemnde gruppa fekk, da dei venda attende til sine opprinnelege område til unionen vart oppløyst. Til det er statistikk og andre opplysingar overflatiske og også "glatta ut" for å passa betre inn i biletet styresmaktene ynskja gje av regionen. Når ein ser på kva som har hendt etterpå, må det vera lov å seia at tsjetsjenarane neppe var heilt integrert i det sovjetiske industrisamfunnet, om ein kan nytta eit slikt omgrep om Sovjet.

Tabell 1
År 1926 1937 1939 1959 1970 1979 1989
Folkesetnad i alt 318.373 435.922 400.344 301.311 572.220 712.161 898.899
I by (%) 1,0 7,9 14,3 20,2 24,2 26,9
På landet 99,0 92,1 85,7 79,8 75,8 73,1
Kjelde: Dei offisielle folketeljingane i Sovjet (Her teke frå Tishkov, 1997)
Den "nasjonale revolusjonen" til Dzjokhar Dudajev

Men etter samanbrotet av Sovjetunionen såg tsjetsjenarane eit høve til å koma seg ut or den klamme russiske omfamninga. Dette var tankar som nok hadde byrja spreia seg som eit resultat av Gorbatsjevs perestrojka-politikk. I kaoset etter gamalkommunistanes kuppframstøyt hausten 1991, organiserte tsjetsjenarane eit etter borgarlegdemokratiske spelereglar tvilsamt val i oktober som gjorde tidlegare flygeneral i det sovjetiske luftforsvaret, Dzjokhar Dudajev (note 3), til president. Han erklærte Tsjetsjenia som sjølvstendig republikk 2. november, etter allereie å ha oppløyst det sitjande tsjetsjenske parlamentet. Dette skjedde under eitt år etter at den moskvalojale Doku Zavgajev (note 4), leiaren for den tsjetsjenske avdelinga av kommunistpartiet, hadde underteikna ei ny avtale med Moskva som berre stadfesta banda mellom Den tsjetsjeno-ingutsjetiske autonome sosialistiske sovjetrepublikken og Kreml. Styresmaktene godkjente også, som ein del av denne avtalen erstatning for deportasjonane, og styrking av forsvaret for det tsjetsjenske språket. Men mange tykte ikkje dette var nok, og Dudajev framstod som ein samlande leiar for dei som var misnøgde med tilhøva. Dette kan seia litt om situasjonen, Tsjetsjenia har tradisjonelt alltid vore eit stamme-/klansamfunn kor ein har stått samla kun mot ytre fiendar. Elles stridde ein seg i mellom internt. Her opplevde ein altså ein situasjon kor det tsjetsjenske folket stod samla. På den andre nasjonalkongressen for det tsjetsjenske folket i juli 1991 stod Dudajev bak erklæringa om at Tsjetsjenia ikkje lenger var ein del av Sovjetunionen. Denne erklæringa vann støtte mellom systemkritikarane i Moskva, og Zavgajevs maktapparat klarte ikkje stå i mot demonstrantane i lengda, kraftig svekkja av kuppframstøytet i august same år. Dei mange militærlagra i republikken som sovjetiske styrker hadde forlete, gjorde det rimeleg enkelt for opprørarane å få tak i våpen, slik at dei 6. september klarte å overta bygningen som Det øvste sovjet heldt til i Groznyj. Difor blir denne datoen rekna som tsjetsjensk nasjonaldag. I månadsskiftet september/oktober vart Dudajev som nemnd valt som president. Fyrst då byrja den framleis eksisterande Sovjetunionen å merka at dei hadde missa kontrollen over Tsjetsjenia. Tidleg november erklærte Kreml valet og sjølvstendeerklæringa ugyldig. Men trass i trugsmål om å senda inn troppar, gjorde ikkje Moskva dette. Dudajev nekta å gå med på noko anna enn fullt sjølvstende.

Hendingane i august-november 1991 blir av einskilde historikarar og forskarar kalla ein tsjetsjensk nasjonalrevolusjon. Det kan ein diskutera. Valet av Dudajev som president hadde låg oppslutnad, somme undersøkingar seier berre 10-12 %, og ein heldt val berre i 70 av 360 valdistrikt. Forklara dette kan ein på mange vis. Ikkje har ein tradisjon for slikt, korkje i Sovjet og endå mindre mellom tsjetsjenarane, for den saka si skuld. Men Ingutsjenia ville ikkje vera med på sjølvstendeprosjektet, brøyt laus frå Den tsjetsjeno-ingusjetiske republikken og danna sin eigen autonome republikk innanfor Sovjetunionen.

Problema byrjar

No byrja lovlausa å spreia seg i Tsjetsjenia. Tog vart overfalte og plyndra langt inne på russisk territorium, kriminelle bandar kapra bussar og krevde løysepengar for å sleppa gisla frie. Tilhengjarane av ei reell lausriving frå Sovjet (som gjekk over i soga 1. januar 1992) og seinare Russland væpna seg grunna dei enorme lagra som låg att på tsjetsjensk territorium. Ein har to teoriar på korleis dette gjekk føre seg. Den eine er at Dudajev regelrett truga restane av Den raude hær ut av territoriet sitt. Den andre, som dåverande visepresident Aleksandr Rutskoj hevda seinare (i 1995), at korrupte offiserar rett og slett solgte våpen til tsjetsjenske opprørarar. I alle høve væpna tsjetsjenarane seg og kunne dimed forsvara seg i geriljakrig med russiske troppar om president Jeltsin skulle setja hardt mot hard for å tvinga dei inn i Den russiske føderasjonen, som landet heitte no, att. Samstundes klarte Dudajev berre i liten grad å halda kontrollen internt i Tsjetsjenia. Økonomien i Russland generelt var skakkøyrd, og heile landet, inkludert Tsjetsjenia, opplevde vanskelege tidar. Arbeidsløysa og sosiale problem veks. Styresmaktene klarte ikkje halda orden, og lovløyse vart resultatet av dette. Lengje kunne det sjå ut til at Kreml venta at Dudajevs republikk ville rakna av seg sjølv.

Ruslan Khasbulatov, tidlegare talsperson for Det øvste sovjet og sjølv tsjetsjenar, stilte seg steilt mot Dudajev utover sommaren 1994. Khasbulatov var mot ein russisk militær intervensjon, men agiterte for at styresmaktene skulle hjelpa til med å væpna det tsjetsjenske folket, slik at dei sjølv kunne styrta Dudajev og overta makta. På fleire folkemøte i Groznyjs forstadar vart det tydeleg at Khasbulatov hadde rett i at Dudajev var upopulær, jamvel om at Khasbulatov seinare hevda at opp mot ein million menneske var til stede på eit av møta. Talet er heilt utopisk, så mange menneske var det likevel ikkje i heile Tsjetsjenia. Men at det seier ein del om Khasbulatovs sjølvbilete og oppblåste ego er heilt klart. Likevel var nok Khasbulatov (umedvite eller ikkje) ein brikke i Moskvas spel for å setja tsjetsjenarane opp mot kvarandre, slik at "problemet" kunna løysa seg sjølv. Dudajev-fiendtlege grupper fekk både våpen og støtte frå "frivillige" (med andre ord spesialtrena russiske elitesoldatar) for å ta over styringa i republikken. Men desse framstøyta slo feil. Det siste enda med at ei gruppe spesialtroppar vart kringsette av Dudajev-tilhengjarar, tekne til fange som gislar og synt fram på fjernsyn. Dette var audmjukande for Kreml.

Jeltsin hadde missa tålmodet. Trass i kraftig motstand i Dumaen gjekk russiske troppar inn i Tsjetsjenia for å invadera 11. desember 1994. Målet var offisielt å oppløysa dei lovlause tilstandane i landet. Nokre veker tidlegare hadde presidenten fått melding om at eit internasjonalt oljeselskap ynskja å byrja pumpa opp olje og gass frå Det kaspiske havet. Olja skulle førast i røyrleidningar gjennom Kaukasus ut til havnene i Svartehavet. Å vinna att kontrollen for å halda på ei viktig kjelde til inntekt var nok også viktig for Kreml. Men invasjonen møtte uventa stor motstand frå somme av dei andre delrepublikkane i Russland. Rett etter nyttår, den viktigaste høgtida i russisk-ortodoks tradisjon utanom påska, møttest leiarane for Volga-republikkane i tillegg til Karelia og kom fram til ei erklæring kor dei summerte opp at:

Også folk i toppleiinga av det russiske forsvaret protesterte mot krigen. Generalen som Jeltsin gav ordre om å leia innmarsjen i Tsjetsjenia, Eduard Vorobjov, trekte seg i protest mot ein plan han meinte var galimatias. Invasjonen var lite gjennomtenkt og dårleg førebudd, hevda Vorobjov og fekk fleire militære med seg på protesten. Men forsvarsministar Pavel Gratsjov meinte dette ville vera fort unnagjort; han forsikra at han trong berre "to fallskjermjegarar og 24 timar" for å få kontroll over Groznyj. Slik gjekk det ikkje. Tsjetsjenske geriljasoldatar kjende bygningane ut og inn. Dei russiske troppane, som ofte var samansett av 19-årige vernepliktige utan naudsynt kamptrening, røynsle eller for den saka si skuld: utan kart over området. Bladfykar strauma til frå heile verda og rapporterte om krigshandlingane for opne kamera. Dette påverka sjølvsagt opinionen som fekk sjå utskotne bustadshus, dei flyktande lokale innbyggjarane og døydde russiske soldatar. Også den internasjonale kritikken mot krigen veks ettersom ein fekk kjennskap til det som gjekk føre seg, også i Vesten. Styresmaktene hadde ikkje lenger eit enormt sensurapparat å gøyma seg bak. Ikkje var strida kort heller, slik russiske styresmakter hadde lova då dei gjekk til åtak.

Det var framstøyt på å få slutt på krigen, mest frå tsjetsjensk side. Russarane ville ikkje godta noko anna enn fullt truskap om lojalitet frå tsjetsjenarane. Men juni 1995 klarte ei gruppe tsjetsjenske opprørarar, tungt bevæpna, å ta seg djupt inn på russisk territorium. Sjamil Basajev var leiaren for gruppa, som tok omtrent tusen menneske som gissel ved å kringsetja eit heilt sjukehus i Budjonnovsk, ein by eit godt stykke sør i Russland (note 6). Etter eit par døger, då ein til og med hadde byrja å skyta nokre gislar, gjekk den russiske statsministaren, Viktor Tsjernomyrdin, med på å gje opprørarane fritt leide attende til Tsjetsjenia og å gje ut ordre om våpenkvile. Deretter mekla ein om ei fredeleg løysing på den blodige konflikta, noko som tok brått slutt då ein av sjefsforhandlarane på russisk side, general Anatolij Romanov, vart drepen i ein bilbombeaksjon midt i Groznyj sentrum. Likevel såg det ikkje ut til at krigen hadde vorte særlig meir populær mellom jamne russarar, jamvel om propagandaen mot kaukasarar hadde auka. Dette synte seg i parlamentsvalet i desember 1995 då partia og politikarane som støtta lina til presidenten i Tsjetsjenia-konflikta, gjorde det svært dårleg. Oppslutnaden om presidenten sjølv sank også kraftig, jamvel om russarane fekk ein liten militær framgang då dei klarte å oppspora og drepa Dudajev i april 1996. Jandarbijev, som tok over for Dudajev, forhandla fram ein avtale om våpenkvile med Kreml. Parodisk nok drog då Jeltsin for fyrste og einaste gongen til troppane sine i Tsjetsjenia og forsikra dei om at dei hadde vunne krigen, ein krig som for russarane si side ikkje hadde leia til noko anna enn store øydeleggjingar på militært utstyr, døydde soldatar i mengdevis og eit område som neppe ville kunne roa seg ned med det fyrste.

Presidentvalet i 1996 gjekk gjennom utan oppsiktsvekkjande hendingar i Tsjetsjenia, men 6. august, dagen for innsetjinga av Jeltsin, slo opprørarar til og kringsatte dei russiske troppane som framleis var i Groznyj. Ein hadde ikkje høve til å senda forsterkingar dit og eit par døger etter hadde nær 500 russiske soldatar stupt for tsjetsjenske kuler. Situasjonen for russarane var vonlaus, og styresmaktene såg ingen annan veg ut av uføret enn å gå inn i forhandlingar om våpenkvile. 28. august gjekk russarane med på ubetinga attendetrekkjing frå Tsjetsjenia. Opprørarane hadde vunne krigen, jamvel om russiske styresmakter sa noko anna.

Men jamvel om tsjetsjenarane klarte å driva ut russarane, vart dei ikkje erkjende som eigen stat. Dei hadde heller inga samlande statsmakt eller sentralleiing. Under krigen hadde dei underordna seg Maskhadov, men no splitta dei seg att. Mykje av bakgrunnen for dette kan nok bli sett i kaukasiske tradisjonar og tsjetsjenarane si soge. Alltid hadde dei vore eit stamme-/klanssamfunn som til vanleg hadde kjempa mot kvarandre, men drege i same retninga og kjempa saman om ein stod mot ein ytre fiende. No, når ein hadde jaga ut russarane, vart resultatet tilnærma anarki. Kriminaliteten veks og kidnappingar, gjerne av utanlandske statsborgarar, vart ein populær metode mellom bandittar for å tena pengar. I 1996 og 1997 går ein ut frå at omtrent 1.000 menneske vart kidnappa for løysepengar i Tsjetsjenia og nærliggjande russiske område. Etter kvart gjorde dette det nærast umogeleg for internasjonale hjelpeorganisasjonar å arbeida i landet, noko som sjølvsagt påverka den sosiale situasjonen for mange, særleg i avsidesliggjande strøk. På grunn av desse problema vart Tsjetsjenia ein svart flekk på kartet få utlendingar reiste inn i. Maskhadov freista stort sett å skulda på FSB (note 7) for sjølv å stå bak desse aksjonane, han våga ikkje (eller ville ikkje?) gjera eit framstøyt sjølv på å ordna opp.

Etter avslutninga av krigen greidde tsjetsjenarane å organisera eit slags presidentval. Maskhadov vart vald på grunn av den samlande rolla han hadde hatt under krigen. Som nemnd fungerte han ikkje lenger samlande. Kan henda var Maskhadov for veik, men den viktigaste årsaka er nok den indre splittinga han stod ovanfor. Presidenten vart drege mellom islamistar (dei hadde som mål å lausriva heile Kaukasus og danna ein islamsk republikk der), til dømes Zelimkhan Jandarbijev (note 8) og krigsherrane som hadde leia geriljakrigen mot russarane, til dømes Sjamil Basajev. Islamistane hadde rimeleg stor oppslutning, mellom anna fekk ein i laupet av 1997 innført sharia-lovgjeving og dette sytte for at det internasjonale omdømet til Russland sank. Ein einskildepisode sytte spesielt for dette: som ein konsekvens av sharia vart avrettingar gjort offentlege og ved eit høve også overført i fjernsyn. Russland vart teke opp som medlem av Europarådet dette året under lovnader om ikkje å gjennomføra fleire avrettingar. Fleire stader i området herska meir eller mindre lovlause tilstandar. Mange av russarane som var busette i Tsjetsjenia, flytta, gjerne folk med utdanning som gjerne hadde knowhow som var naudsynt innanfor oljeindustrien. At ein ikkje klarte å utnytta oljeressursane i same mon som tidlegare berre forverra den økonomiske situasjonen. Det same galdt mange velutdanna tsjetsjenarar som etter kvart fann tilhøva så dårlege at dei ikkje såg noko framtid i republikken lenger.

Den fyrste krigen mot russarane var opprinneleg ein nasjonal frigjeringskamp. Men øydeleggjingane, oppløysinga av gamle samfunnsstrukturar, arbeidsløyse, indre splitting og stadig forverring av dei sosiale levekåra gjorde at fleire tsjetsjenarar i staden brukte religion som ein grunn til at dei ynskja lausriving. Men på den andre sida ville også mange tsjetsjenarar samla seg kring den graden av sjølvstende dei faktisk klarte å oppnå etter den fyrste krigen. I dag er dei hissigaste på den tsjetsjenske "sjølvstendegrauten" i stor grad islamistar. Dette er også ein av faktorane til at ein ser annleis på den andre krigen i den russiske opinionen, enn korleis ein såg på den fyrste. Den fyrste vart sett på som meiningslaus og som eit totalt nederlag for dei russiske styresmaktene. No ser ein langt annleis på krigen. Årsakene til dette er mange. Det byrja med at tsjetsjenske bandittar etter avslutninga av den fyrste stadig oftare tok seg til rette på russisk territorium og spreidde frykt gjennom kapringar av bussar og tog for lausepengar. Sympatien ein hadde for det kollektive motet til tsjetsjenarane vart kort sagt forandra til frykt for at det som no hadde meir og meir som nemnd vorte eit islamskdominert opprør skulle spreia seg til andre delar av Kaukasus og at ein til slutt ville bli nøydd til å gje opp kontrollen over det strategisk viktige og oljerike området.

Terror i Moskva og ny krig

Sommaren 1999 vart det tydelegare at ei ny, ålvorleg krise var under oppsegling. Sjamil Basajev, som opprinneleg var krigsherre, og bandane hans tok seg over grensa til grannerepublikken Dagestan og hærtok eit par landsbyar. Målet var å få med seg grannane i Dagestan på opprør for nettopp å oppretta ein islamsk republikk i Kaukasus. Kreml satte inn russiske troppar, men det gjekk fleire veker før ein klarte å pressa bandittane over grensa att. Hovudansvaret for at russiske troppar ikkje klarte å gjennomføra dette fortare, meinte Jeltsin, var hjå Sergej Stepasjin, den dåverande statsministaren, jamvel om Stepasjin hadde vore ved posten berre i 82 dagar. Han vart den siste statsministaren han rakk å sparka, etterfølgjaren vart sjefen for FSB, Vladimir Vladimirovitsj Putin. Førebels tok ikkje Putin nokre andre grep ovanfor tsjetsjenarane, jamvel om det var klart at situasjonen var kraftig tilspissa. Då nokre bustadsblokkar i Moskva og Volgodonsk (sør-Russland) gjekk i lufta i september 1999, vekte det frykt mellom vanlege russarar. No kunne ein bli utsatt for terror, også i område som låg langt unna dei opprørske fjellfolka i syd. Men svaret på spørsmålet om kven som stod bak bombeeksplosjonane som tok livet av nærare 300 menneske, er omstridt. Dei russiske styresmaktene var raske med å peika ut "tsjetsjenske terroristar" som skuldige for aksjonen. Då hadde ein ein grunn til å kunne gå inn militært i området endå ein gong. For å dokumentera at det var tsjetsjenarar som stod bak, fengsla ein fleire og stempla dei som ansvarlege, men desse var ikkje ein gong av tsjetsjensk herkomst. Heller ikkje kunne ein finna prov nok til å få sikta nokon for ugjerninga. Mange meiner, og det finst også ein del "dokumentasjon" av ulik kvalitet på at det eigentleg var russiske styresmakter sjølv som stod bak. Ein av dei mange som har hevda dette, er den russiske mediemogulen og mangemilliardæren Boris Berezovskij.

Det kan ha vore eit trekk for styresmaktene for å få i gong ein ny krig, kan hende av di ein meinte at ein no var klar for det, noko ein ikkje hadde vore i 1994. Men kan hende var det også tsjetsjenske ekstremistar som stod bak. Eg vel å ikkje spekulera i dette her. Til det har tilhengjarar av båe sider komne med dei mest utrulege konspirasjonsteoriar og rykte. Mange argumenterer sakleg for at andre krefter enn tsjetsjenarar stod bak, men diverre har desse teoriane drukna i andre, useriøse, ja, ofte heilt ville konspirasjonsteoriar som verkar til å vera teke rett ut av lause lufta. Men i alle høve gjekk russiske troppar inn att i Tsjetsjenia, slik opinionen krevde. Og denne gongen nytta ein ein ny strategi som hadde synt seg svært suksessrik for Nato tidlegare under krigen i Jugoslavia: ikkje gå inn med bakketroppar og slik mista mange mann den fyrste tida, noko som verkar både demotiverande på dei militære styrkene og som aukar motstanden mellom vanlege folk. Etter ei stund kunne russiske troppar gå inn i Groznyj og seia at dei for så vidt hadde klart å vinna ein slags kontroll over byen. Problemet var at dei gjekk inn i noko som meir eller mindre var ein spøkjelsesby.

Sivile var drive på flukt, fyrst og fremst til grannerepublikkane Ingutsjenia og Dagestan, men ein god del var også drive på flukt internt i eige land. Mykje av infrastrukturen var øydelagt, mange byar stort sett bomba i fillebitar og krigen var langt frå over. Kringom i Tsjetsjenia heldt nemleg opprørarar fram med krigen i utilgjengelege fjellterreng, noko som sytte for russiske tap i bakhaldsåtak og bombeeksplosjonar. Dei russiske framgangane kom stort sett som fylgje av åtak frå lufta. Bakkekampar gjekk det verre med; mesteparten av soldatane i dei russiske styrkene var vernepliktige unggutar. Fleire foreldrar som mista borna sine i krigen, byrja på nytt å protestera mot krigen. Dette hadde ikkje store verknaden på opinionen, men for å vera på den sikre sida sytte Moskva for å meir eller mindre stengje Tsjetsjenia for media, i alle høve om dei våga å kritisera regjeringa si harde line i Tsjetsjenia. Etter årsskiftet skulle situasjonen berre bli verre; ved årsskiftet 1999/2000 tok Vladimir Putin over presidentposten frå Boris Jeltsin. Noko av det fyrste Putin klarte å oppnå, var å skaffa seg tilnærma full kontroll over etermedia, og delvis også avisene, i Russland. Det finst ikkje lenger riksdekkjande fjernsynskanalar i Russland som er kritiske til presidentens liner, spesielt ikkje i Tsjetsjenia-spørsmålet. I tillegg er det vanskeleg å få sleppa inn i Tsjetsjenia, ikkje berre for utlendingar, men også for russiske journalistar, jamvel om ein i prinsippet ikkje lenger treng å ha staten si for å reisa innanfor den russiske staten, slik ein trong i sovjet-tida. Ein kan av og til lesa kritiske reportasjar i russiske aviser om situasjonen i Tsjetsjenia, men aviser tyder ikkje mykje i Russland. Komsomolskaja Pravda (note 9) (ei avis som i alle høve ikkje er kritisk til krigen, men som tvert i mot er vorte kan hende den mest tabloidiserte av russiske aviser) har eit opplag på omtrent 500.000. Det er lite i eit land med bortimot 140 millionar. Avisa som er eit heiderleg unnatak og som har ei gjennomført kritisk line i den russiske avis-"floraen", er Novaja Gazeta, som kjem ut to gonger i månaden. Spesielt Anna Politkovskaja (note 10), som har lang fartstid i denne avisa, har vore flink til å syne også den tsjetsjenske sida av saka.

I alle høve vart det etter kvart vanskeleg for russiske styresmakter å halda løynd store russiske attendeslag. Menneskerettsorganisasjonar reagerte kraftig mot russarane si handsaming av "problemet" sitt. Også statsleiarar byrja kritisera Putin og den harde lina. Sambandsstatane stod mellom anna for mykje kritikk. Russarane nekta heile tida å gå til forhandlingsbordet med Maskhadov, som Putin peika ut som ansvarleg for heile krigen og kostnadene av den.

Den internasjonale kritikken stilna brått 11. september 2001. Plutseleg hadde Vesten og Russland den same interessa i å kjempa ned "muslimske terroristar". Trass i den tidlegare så krasse kritikken frå organ som OSSE og Europarådet gjekk konflikta meir eller mindre i gløymeboka. Samstundes vart situasjonen i Kaukasus berre verre. Dette endra den tsjetsjenske motstanden. Som nemnd var den tsjetsjenske sida annleis no enn under den fyrste krigen. Dette sytte også for ei endring i viset ein kjempa mot russarane på. Tsjetsjenarar som budde i russiske kjerneområde som Moskva og St.Petersburg byrja, som fylgje av den økonomiske oppgangen i heile Russland, å ta del i kampen ved å tilføra tsjetsjenske opprørarar reint finansielle ressursar, noko som gjorde at ein kunne driva meir effektivt. Dette gjorde at tsjetsjenarane kunne påføra russarane større sår enn tidlegare. Mellom anna vart eit helikopter med russiske troppar skote ned i september 2002, ein aksjon som sytte for 121 døde soldatar.

Det som nok ein gong fekk verdssamfunnet til å venda nesa mot Kaukasus, byrja med eit teaterstykke på Dubrovka-teateret. Nord-Ost-operaen var eit populært stykke som jamne russarar og utlendingar busette i den russiske hovudstaden vitja i hopetal, kveld etter kveld på dette teateret som låg lokalisert sydaust i byen på den lysegrøne metrolina. Aksjonen var genial, eit førtital tsjetsjenarar med sprengstoff festa til kroppen og viljuge til å døy for saka, kringsette publikum og holdt rundt 800 menneske som gissel medan verda følgte dramaet på fjernsyn. Gisseltakarane krevde at styresmaktene utan å venta skulle trekkja alle troppar ut av Tsjetsjenia. Det heile likna ein vond draum for alle partar. Zakajev tok raskt avstand frå heile aksjonen, medan Putin, som fekk mykje kritikk for å reagera for seint då undervatnsbåten Kursk gjekk ned 12. august 2000 (kan hende var det rett; Putin viste seg ikkje på fleire dagar, og ingen veit vel eigentleg kva han gjorde i mellomtida), stod ovanfor å få ein liknande reaksjon om ein ikkje klarte å løysa situasjonen fort og utan å missa andlete. Dessutan la han skulda på Maskhadov, same kva Maskhadov sa. Somme framstøyt på å forhandla førte ikkje fram, mellom anna med Anna Politkovskaja som meklar, og gislar som greidde å rømma fortalde om dei dårlege tilhøva der inne, utan vatn og annan mat enn det som fantast i dei ulike godteriautomatane i tillegg til ei orkestergrav som vart nytta som toalett. Heile situasjonen sytte for at mange att ein gong gjekk på gatene for å syne motstand mot krigen i Tsjetsjenia. No tok også verdssamfunnet opp kritikken av krigen i Tsjetsjenia. Grytidleg om morgonen 26. oktober slepte russiske spesialtroppar gass inn i teateret (kva slags er framleis uklart), gjekk inn, skaut alle gisseltakarane og byrja bæra ut medvitslause gislar. 117 gislar døydde til saman, nokre få vart skotne medan over hundre omkom på grunn av den "mystiske" gassen.

Aksjonen kan mest sannsynleg bli sett på som delvis vellukka frå båe sider. Tsjetsjenarane (kven det no enn var som stod bak i den splitta tsjetsjenske fronten) fekk merksemd rundt folkemordet, medan Putin synte seg som ein handlingas mann, trass i at eit hundretals menneske måtte bøta med livet. Med aksjonen vart det klart at einskilde på den tsjetsjenske sida ville gå stadig lenger i kampen for lausriving frå Russland, nemleg ved å ta sitt eige liv. Etter kvart vart det stadig meir tydeleg at ein ville få sjå meir til dette i tida som kom. Rett før nyttår opplevde ein i Groznyj at to lastebilar fylte med sprengstoff køyrde rett inn i bygningen til den russiskoppretta byforvaltinga, fleire tog gjekk i lufta i 2003 og tidleg i 2004 på grunn av sjølvmordbombarar i Sør-Russland. Mange døydde, til dømes 45 i eksplosjonen 5. desember. Dette har ikkje vekt så mykje merksemd i vestlege media. Noko merksemd klarte ein fyrst å vekkja da ein flytta terroren (det er snakk om terror, det må ein innsjå anten ein stør tsjetsjensk lausriving eller ikkje, dette er åtak mot uskuldige sivile) til hjartet av Russland, hovudstaden Moskva.

Fyrst smalt det under ein rockefestival i Tusjino 5. juli 2003, så gjekk ei bombe av nær Den raude plass 9. desember og drap eit lite tal menneske, nærare bestemt seks, før den store smellen kom i morgontrafikken 6. februar 2004. Ei kraftig bombe smalt i morgonrushet rett ved Avtozavodskaja-stasjonen. Dette er metrostasjonen for alle dei tilsette ved dei store bilfabrikkane i Moskva og også fleire andre fabrikkar i Moskva. Det offisielle talet på omkomne er 39, og det var også fleire hundre skadde. Men mange meiner (nokså velgrunna, spør ein meg) at talet omkomne må vera langt høgare enn 39. Vogna det smalt i, var stappfull. Stappfull i russisk målestokk går ikkje å samanlikna med ei "full" norsk t-banevogn. Sild i tønne får ei anna tyding om ein har vore i ei russisk t-banevogn i rushtida. Hugs at Moskva og omegn har ein 12-15 millionar innbyggjarar. Ein kilo TNT som eksploderer får store konsekvensar, og når ein samanliknar med bileta av den øydelagte vogna (og for så vidt også dei næraste vognane, kor det også var store øydeleggjingar) verkar det sannsynleg at langt fleire måtte betala med livet i ein slik aksjon. Det kan vera mange grunnar til at russiske styresmakter mest sannsynleg har vald å lyga om slikt eit tal, om dei har gjort det. I byrjinga var det vrient å få den heile og fulle oversikta, men etter kvart som ein fekk det, auka ikkje talet på omkomne, noko som er merkeleg. Men ei samanlikning med kor mange dei næraste sjukehusa tok i mot, og kor mange som er melde sakna i det området akkurat den dagen, kunne vore ganske interessant. Ein annan grunn er mogelegvis at russiske styresmakter ikkje vil skapa panikk. Metroen er det som får heile byen til å fungera. I rushtida er dei som nemnd heilt overfylte (og resten av døgeret også ganske fulle), og metroen tek mange passasjerar heilkontinuerleg mellom klokka 5 om morgonen og klokka 1 om natta. I tillegg til metroen har Moskva (og også St.Petersburg) eit enormt nett lokaltog (elektritsjka), trolleybussar, trikkar, vanlege bussar og minibussar som fraktar folk rundt, i tillegg til eit stort tal privatbilar. Om folk skulle bli redde for å reisa med kollektive transportmiddel, vil desse to byane gå heilt i stå. Biltrafikken vil auka kraftig, noko som heilt ville lamma byane og ikkje minst kvela dei ytterlegare med forureining. BNP i Russland vil gå kraftig ned. Eit godt døme er då metroen i Moskva stoppa heilt opp ein dag i oktober 2003 og 900.000 menneske kom forseinka på jobb. Det har innverknad på nasjonaløkonomien. Ein tredje teori som verserer, er at det var FSB sjølv som stod bak åtaket, men at det verka litt for "godt", slik at fleire enn det ein rekna med, døydde. Det siste verkar lite truleg. Ein har mange ulike konspirasjonsteoriar som verserer mellom folk som er opptekne av denne konflikta. Nokre av dei er heilt vanvittige, som det at FSB har betald pengar til familiane til dei som tok livet av seg eller at Putin er leiar for eit kolombiansk narkotikakartell. Min personlege favoritt er at kona til Putin, Ljudmila, er djevelen i inkarnasjon, men nok om det.

Om FSB faktisk står bak (ei kraftig skulding, men kan hende ikkje heilt usannsynleg?), så har dei heller manipulert folk til å tru dei jobbar for noko som dei eigentleg jobbar mot, altså eit klassisk agentromanplott. Og om ein har i minne at dette er KGBs etterfylgjar, er dette kan henda ikkje så vanvittig. Dette kan jo også vera ein teori (som det vel og merke sikkert er rimeleg fårleg å hevda om ein er russisk statsborgar) som ein kan tenkja på når det gjeld andre terroraksjonar folk hevdar FSB står bak, om enn ikkje i direkte forstand. Spesielt gjeld dette bustadsblokkane som gjekk i lufta på slutten av 1990-talet. Svaret vil vi mest sannsynleg aldri få, men kun spekulera i. Men fleire russiske journalistar har skrive at dei synest det er rart at russisk etterretning ikkje har klart å avsløra meir av det ein driv med.

At terroren, same kven som står bak, ikkje lenger tek plass berre i Tsjetsjenia, men at ein óg har "utvida" til å sprenga bomber også andre stadar, kan vera eit teikn på at tsjetsjenske islamistar tek meir og meir frå Hamas ved å leggja meir (ja, kanskje utelukkande?) vekt på blind terror som råmar sivile. Framstøyta på å "demokratisera" Tsjetsjenia med å ha presidentval blir applaudert frå Vesten, som sjølv brukar denne metoden for å skapa ro i sine "problemland" (jamfør Irak). Dette fører ikkje fram til noko ting, berre meir misnøye, då Akhmed Kadyrov, den nye tsjetsjenske presidenten, er Moskvas mann, og så lite populær mellom tsjetsjenarane at det skal godt lata seg gjerast å finna nokon som i det heile teke røysta på han. Valet var mest sannsynleg eit spel som vart sett i hop av Kreml, for at Vesten skulle slutta å masa om utviklinga i Tsjetsjenia og mangelen på "demokrati" i Russland. For det var val i Tsjetsjenia, og det har det vore regelmessig sidan Sovjetunionen braut i hop. Men styresmaktene tok i bruk all kunnskapen dei har frå gamle dagar og fiksa valet slik at det passa best med Kremls idear for regionen. Men kvifor vil dei halda på denne lille flekken av eit landområde som ikkje er stort større enn Buskerud og Vestfold til saman, og som opp gjennom historia berre har hatt problem med?

Det fyrste som blir nemnd, og gjerne av folk på venstresida, er olje. Det kan nok vera noko i det, men berre ei delforklaring. Det finst ikkje lenger særlig mykje olje i Tsjetsjenia, og det er lite von om å finna nye oljekjelder. Olja var det som bygde det tsjetsjenske samfunnet til å bli det det var på slutten av Sovjet-tida, nemleg eit av dei absolutt rikaste og mest velutvikla områda i heile det veldige landet, berre overgått av dei største byane og gamle sivilasjonsvugger som Tbilisi i Georgia og Jerevan i Armenia. No er det nesten ingenting att. Og ikkje berre vart Tsjetsjenia eit rikt område på grunn av si eiga olje, det var også sentrum for raffinering av olja frå andre delar av Sovjet, slik som Aserbajdsjan. Ein bygde ein lang oljeleidning frå Baku gjennom Groznyj til Novorossijsk, og derfrå kunne ein skipa ut olja året rundt til verdsmarknaden, noko som sytte for store pengar i den sovjetiske statskassa. Andre isfrie havner hadde ein knapt nok. Men denne oljeleidninga slutta internasjonale oljeselskap å nytta under våpenkvila 1996-99. Ikkje av di ein var redd for stridshandlingane rett i nærleiken og fåra for at dei skulle blussa opp att, men rett og slett av di sivile stal så mykje at det ikkje lenger var lønsamt å senda olja den vegen. Ein hadde alltid stole til "husbruk" frå denne leidninga, men no hadde stelinga gått over til å bli rein kommersiell verksemd. At ein har planar om å byggja ei ny oljeleidning i nærleiken, får helst vera den rolla olja spelar no.

Ein bør kika på andre ting om ein vil finna hovudårsaka for krigen i Tsjetsjenia. Tsjetsjenia har ei viktig strategisk tyding, særleg med omsyn til infrastruktur. Men ikkje minst er det viktig for Russland (og også for grannelandet Georgia) at opprøret ikkje spreier seg til andre delar av Kaukasus kor andre kan tenkjast å få lyst til å lausriva seg. Det vil vera skummelt for heile Russland om ikkje-ortodokse skulle krevja sjølvstende. Heile det russiske imperiet vil då rakna. Ikkje er det heller bra for grannane om porjadok, orden, ikkje blir attoppretta. Fåra for at tsjetsjenske bandar som ser ein utveg til store pengar, vil ta seg over grensa til Russland og delvis også Georgia og ta opp att kidnappingar for løysepengar, er langt frå ikkje-eksisterande. Det tsjetsjenske samfunnet slik det var under sovjettida, er heilt øydelagt og framtidsutsiktene er små om ein vil koma seg framover. Mange ungdomar ser at det er vonlaust og flyttar frå regionen så fort dei får høvet.

Og vidare? Kva no?

Det er lettast å svara med eit kort "tja" på det spørsmålet. Krigane har stort sett berre resultert i store tap på kvar side og ein spiral kor vald avlar meir vald. Putin vart vald som president i 2000 (og attvald 14. mars i år) av eit folk som meiner Putin er mannen som kan oppretta den tidlegare nemnde porjadok i Russland, eit land som var fullstendig i kaos etter at Jeltsin satte korken på presidentflaska. For dei er det ikkje så viktig om det finst ei fri, kritisk mediaverd så lengje Putins økonomireformar gjev konkrete resultat som lav inflasjon, regelmessige lønsutbetalingar og brød på bordet. Men situasjonen i Tsjetsjenia er fastlåst, enno meir fastlåst enn i 1996, då russarane trekte seg attende. Maskhadov hadde då i det minste ei samlande kraft og kunne stå fram som ein leiande figur, jamvel om det raskt gjekk attende med populariteten hans. Samstundes kan ikkje Putin, utan å tapa kraftig andlete, trekkja dei russiske troppane attende. Då vil ettermælet hans vera at han utelukkande sytte for at tusenvis av russiske unggutar kom heim i trekister etter å ha vorte skrive ut til militæret.

Stalin skreiv om nasjonen at nasjonen er eit visst fellesskap av menneske som har vakse fram i historia, og denne definisjonen har fire naudsynte kriteri (note 11):

Russland og Tsjetsjenia kan ikkje seiast å oppfylla desse kriteria, som etter mi meining er ein objektiv definisjon på nasjonen. Dei historiske banda finst, men då av di tsjetsjenarane og russarane har strida seg i mellom om landområdet. Ikkje er dei språklege banda sterke heller. Jamvel om dei fleste tsjetsjenarar pratar utmerka russisk, meiner nesten 100 % at tsjetsjensk er morsmålet deira. Tsjetsjensk er for øvreg eit tyrkisk språk (og dimed ikkje indoeuropeisk), medan russisk tilhøyrer den slaviske greina av indoeuropeisk. Oljeindustrien var i mange år berebjelka i næringslivet i Tsjetsjenia, men sysselsette stort sett russiske innflyttarar og berre den russifiserte tsjetsjenske overklassa. Elles var Tsjetsjenia eit jordbrukssamfunn basert på sauehald. Når ein i tillegg tenkjer på at tsjetsjenarane er for ein stor del (sunni-)muslimar, står dette i sterk opposisjon til dei ortodokse russarane som har prøvd å herska i området.

Alle nasjonar har rett til sjølvbestemming. Difor må ein stø tsjetsjenarane sin retterdige frigjeringskamp og jobba for at russiske troppar trekk seg ut av Tsjetsjenia, men samstundes må ein kritisera og ta avstand frå terror frå båe sider. Det er vanskeleg å sjå at dette kan bli realitet i framtida.


Noter:
Kjelder

Bøker:

Artiklar: