Til Røde Fane si heimeside
Artikkeloversikt sortert på forfattar
Artikkeloversikt sortert etter utgåve
Artikkeloversikt sortert på tema
Til heimesida til AKP

Sionismen i Israel i dag

av Ingrid Baltzersen

Røde Fane nr 2, 2004

Ingrid Baltzersen er leder av Palestinakomiteen i Oslo og sentralstyremedlem i AKP


"Historisk sionisme har endt i konkurs (...) Den verkelege sionismen, den heilage med djupe røter, eksisterer berre der dei verkeleg religiøse jødane bur, i fjella i Judea og i dalane i Samaria." (Rabbi Azri'el Ariel, Shahak 1999:88, IBs oversetjing.)

Sionismen, slik han vart utforma av blant anna David Ben Gurion, er ikkje lengre den samlande ideologien i Israel i dag. Israelarane identifiserer seg ikkje lengre med dei sosialistiske nybyggjerane som bygde landet og budde i kibbutzar. Den sekulære, venstreorienterte sionismen har mista oppslutning, mens høgre- og religiøs sionisme har vunne framgang. På deler av venstresida er det også debatt om ein heller skal finna fram til ein postsionisme, ein israelsk nasjonalisme som bygger på at ein er israelarar, ikkje jødar.

Palestinakomiteen har tradisjonelt sagt at sionistar ikkje er jødar, og at me er antisionistiske, ikkje antisemittiske. Argumentasjonen har vore basert på at Israel har vore styrt av sekulære sionistar, som også har vore opptekne av å skilja mellom sionisme og jødedom. Busetjaren med hekla kippa og uzi over skuldra er blitt eit symbol på Israel. Samtidig er han ein relativt ny person i israelsk historie, eit produkt av rørslene som vaks fram etter krigen i 1967. Fram til då hadde dei venstreorienterte sionistane vore dei som var dominerande i politikken. Den nye situasjonen i maktforholda i Israel, krevjer ein ny type antisionistisk argumentasjon, som skil mellom jødar eller jødedom og sionisme sjølv om dei religiøse sionistane ikkje gjer det sjølv.

Tre sionistiske retningar

Israelsk sionisme kan delast i tre retningar: venstresionisme, høgresionisme og religiøs sionisme. Felles for høgre- og venstresionismen er at dei er overveiande sekulære. Skiljet mellom høgre- og venstresionisme er like gamalt som den moderne jødiske innvandringa til Israel, og er mykje basert på motseiingar mellom ulike grupper av jødiske immigrantar frå Europa (ashkenazi-jødar). Hovudmotseiinga går på kor viktig det er å halda heile Israel, der høgresionistane har vore veldig opptekne av å behalda Vestbreidda og Gaza (eller Judea og Samaria som dei kallar det). Høgresionistane har lettare for å bruka religiøse argument, og for å samarbeida med dei religiøse til dømes i regjering. Høgresionistane var meir pragmatiske når det gjaldt å innrømma at det budde araberar i Palestina før jødane kom, men dei meinte samtidig at jødane hadde meir rett på landet enn palestinarane, og var fanatiske når det gjaldt å halda på retten sin. Det var til dømes den høgresionistiske Stern-banden som utførte terroråtak mot britane under andre verdskrig, fordi dei meinte at jødane skulle styra landet, ikkje britane.

Den religiøse sionismen fekk ikkje noko særleg oppsving før på 1970-talet. Både høgre- og venstresionistane var sekulære, og dei ortodokse jødane hadde til då vore antisionistiske eller nøytrale til staten Israel. Dei såg på ideen om ein jødisk stat som blasfemisk, for berre gud kunne oppretta ein slik stat, men dei såg at det var enklare å bu der enn i Europa, der dei hadde blitt forsøkt utrydda.

På 70-talet vart denne situasjonen endra. For det første var den demografiske situasjonen (sammensetninga av befolkninga) sterkt endra sidan staten vart oppretta. Dei første innvandrarane var jødar frå Europa, som for det meste var sekulære sionistar. No var fleirtalet av befolkninga orientalske jødar som ikkje hadde nokon tradisjon for venstreideologien, som prega Israel. Dei såg på venstresionistane som ei overklasse, med heilt andre verdiar enn dei sjølv hadde. Da Likud, det største høgresionistiske partiet, vann valet i 1973, vart dette sett på som eit opprør mot styret til Arbeidarpartiet som hadde vart ubrote frå staten Israel vart oppretta i 1948.

Dei religiøse vart sionistar

Den tradisjonelle haldinga til store delar av dei jødiske skriftlærde hadde vore at sionismen var blasfemisk. Berre den sanne Messias kunne leia det jødiske folket til Israel. Sionistane var i tillegg overveiande sekulære, noko som ikkje gjorde dei betre i auga til dei religiøse jødane. Rabbi Kook (1865-1935) løyste desse motseiingane med å seie at innfriinga av jødedommen ikkje nødvendigvis kom med ein Messias som var ein person, men heller ved ein messiansk tidsalder der einskapen mellom Lova (Torah), folket (Israel) og landet (Erez Israel) vart verkeleggjort. Sionismen varsla i følgje Kook denne tidsalderen. Kook bortforklarte det at sionistane var sekulære med at dei ikkje skjøna rolla si i Guds plan, men at dei kom til å bli religiøse etter kvart.

Sonen til Rabbi Abraham Kook, Zvi Yehuda Kook, var ein av dei sentrale i styrkinga av den religiøse sionismen. Han var i 1974 med på å starta Gush Emunim (blokka av trufaste), som er ei ekstrem religiøs og nasjonalistisk busetjingsrørsle. Fram til då hadde dei religiøse sionistane vore opptekne av interne saker som rørde ved religionen, slik som familielovgjeving. Etter okkupasjonen av Vestbreidda og Gaza i 1967 såg dei på utanrikspolitikken som ein religiøs sak, dei gav erobringa rolle som eit ledd i "den endelege forløysinga".

Religiøs sionisme - arvtakar etter venstresionismen?

Busetjarane vert ofte framstilt som ei sjølvstendig gruppe av ekstreme, ortodokse jødar, fjernt frå staten og det offisielle Israel. Det er ikkje rektig. For det første er ikkje busetjarane ortodokse. Dei er religiøse, men trua deira på at staten Israel er eit teikn på ein messiansk tidsalder, strid med tradisjonell jødisk tolkning. Dei har også til dømes hatt ein kvinneleg leiar, noko som ville vore uhøyrd blant dei fleste ultraortodokse og ortodokse. Dei internasjonale støttespelarane deira er i stor grad kristne (som til dømes Karmel-instituttet i Noreg).

Busetjarane opererer heller ikkje utan styring frå staten Israel. Likud har heile tida hatt tett samarbeid med busetjarane, og dei er viktige veljarar for Likud. Israel har bygd ut busetjingar jamnt og trutt, eit prosjekt som arbeidarpartipolitikarar også har vore aktive i. Shimon Peres var sentral i oppstarten av dette på starten av 70-talet, og det har aldri blitt bygd så mykje busetjingar som når Ehud Barak, Arbeidarpartiets siste statsminister, sat ved makta i Israel.

Det å vera venstresionist i dag betyr berre at ein ynsker å oppretthalda det beståande. Busetjarrørsla har derimot eit prosjekt som er ei vidareføring av det opphavlege sionistiske prosjektet, ein stat for jødar i heile Erez Israel, og etter kvart ein jødisk stat. Dette er også eit prosjekt som har potensiale til å rekruttera blant grupper som ikkje tidlegare har vore særleg sionistiske, dei tradisjonelle og dei ortodokse. Derimot har det ikkje så mykje oppslutning blant den sekulære befolkninga, men her kan ein sjå ei utvikling, fleire og fleire sekulære vert religiøse. Høgreorienterte religiøse sionistar, spesielt slike som Gush Emunim, har overtatt den rolla som venstresionistane hadde tidlegare, som ei offensiv politisk drivkraft i sionistrørsla.

Etniske og religiøse konflikter

Israel er i dag delt av mange typar konfliktar. Dei europeiske jødane hadde makta frå staten vart oppretta, men er ikkje lengre i fleirtal. Størstedelen av befolkninga er orientalske jødar, det vil seie jødar som har budd i Midtausten heile tida. Dei kjem mellom anna frå Jemen, Iran, Irak, Syria, Marokko, Tunis og Palestina. Ein har også andre store etniske grupper som dei etiopiske jødane og dei russiske jødane, begge desse gruppene har hatt problem med å bli godtekne som jødar. Store deler av den russisk-jødiske befolkninga i Israel kan lite hebraisk, bur i eigne område og har liten kontakt med andre etniske grupper. Skilnadane mellom dei etniske gruppene går også på religion: Dei fleste europeiske jødane var sekulære, nokre få var ortodokse. Veldig få av dei orientalske jødane har vore sekulære.

Tidlegare var det dei europeiske jødane som dominerte politikken, men no har dei andre gruppene også blitt politisert. Sjølv om typiske ashkenaziparti som Arbeidarpartiet og Likud framleis dominerer, vert det fleire sentrale politikarar med annan etnisk bakgrunn i desse partia, og dei starter også eigne parti. Døme på dette er Shas, eit parti som er dominert av ortodokse orientalske jødar. Ein av reaksjonane til dei sekulære ashkenazi-jødane er å slutta opp om Shinui, eit israelsk sentrum-parti som har som hovudsak å vera anti-religiøse, noko som i konsekvens vert å vera mot verdiane til dei orientalske jødane.

Politiseringa av fleire befolkningsgrupper fører til endringar i den israelske politikken. Dei nye gruppene er ikkje så venstreorienterte som dei europeiske jødane var. Til gjengjeld er dei ikkje så ideologiske sionistar, men dei har samtidig meir å mista enn israelarane av europeisk oprinnelse. Dei fleste har ikkje noko å reise tilbake til, mens mange av ashkenazi-jødane har minst dobbelt statsborgarskap. Ein ser no når situasjonen i Israel er så vanskeleg, både tryggleiksmessig og økonomisk, at fleir og fleir av dei som kan, flyttar ut av Israel.

Er sionisme blitt jødedom?

Det har gått ein debatt blant anna i Noreg, om sionismen og jødedommen no har blitt det same. Ein israelsk skribent som heiter Israel Shamir har vore sentral i denne debatten med boka Blomar frå Galilea som kom i 2002.

Shamir kritiserer opposisjonen mot Israel for å vera for redd for å bli stempla som antisemittar, slik at viktig kritikk ikkje vert fremja. Kritikken hans kan sikkert treffa nokon, men palestinarørsla i Noreg har i alle fall ikkje dette problemet. Shamir skriv at antisemittisme ikkje er problemet i dag, men derimot israelske krigsbrotverk. At jødehat ikkje er eit stort problem i dag, betyr ikkje at me skal viska ut skiljet mellom kritikk av den sionistiske rasistiske ideologien og den jødiske religionen og tradisjonen. Sionismen som ideologi er tufta på møtet med jødehat og nasjonalsjåvinisme i Europa på slutten av attenhundretalet. Sionistane stilte rett diagnose, jødehat, men laga feil medisin, sionistisk rasisme. Jødehat frå palestinavener styrkar sionistane sin argumentasjon og skyv bort moglege allierte blant jødane. Ein kan peika på sjåvinistiske trekk i jødisk religion, men slike trekk finst i dei fleste religionar og nasjonar, og er ikkje spesielt for jødedommen.

Ein kan vera einig i delar argumentasjonen til Shamir og andre som deler hans syn, men konklusjonane vert galne. Til dømes er det riktig at det finst ein stor jødisk israelskvennleg lobby i USA, men makta denne lobbyen har, vert trekt ut av proporsjonar. Og det er sant at det finst mange rasistar i Israel, men rasismen kan ikkje berre forklarast med religion og jødisk tradisjon, det er ein medviten statsbyggande ideologi. Sionistane har gjort rasismen jødisk, men jødisk tru og tradisjon treng ikkje automatisk å føra til rasisme eller sionisme.

Ein annan veg ut - postsionisme

Ein del israelarar ser på postsionisme som ein veg ut av problema. Dei seier at sionismen var ein koloniserande ideologi for å bygga staten Israel, men no er dette målet oppnådd. Postsionistane ynsker å omdefinera israelsk nasjonalitet, og sei at ein israelar er ein person som bur i Israel anten ho er muslim, kristen, druzar eller jøde. No finst det 137 nasjonalitetar ein kan vera registrert som i Isralel, men ingen av dei er "israelar", fordi alle vert definert av religion eller etnisk gruppe, som til dømes jøde eller arabar.

Postsionismen virkar på meg som eit ynske om å normalisa staten Israel. Det er eit ynske om at staten Israel skal slutta å vera ein stat berre for jødar, men også for dei andre folka som bur der. Spørsmålet er om dei leiande bak denne ideologien, som eg oppfattar at er intellektuelle og sekulære jødar, vil alliera seg med andre grupper, eller om det berre er tomme ord.