Til Røde Fane si heimeside
Artikkeloversikt sortert på forfattar
Artikkeloversikt sortert etter utgåve
Artikkeloversikt sortert på tema
Til heimesida til AKP

Bøker om draumesamfunn

av Ingrid Baltzersen

Røde Fane nr 2, 2004

Ingrid Baltzersen er sentralstyremedlem i AKP


Utopi betyr idealsamfunn eller draumesamfunn, i framtida. Denne artikkelen handlar om bøker om draumesamfunn, og ikkje om dystopiar, som er marerittsamfunn.

For å vera kommunist må ein vera ein draumar. Kommunismen er eit vitskapleg, realistisk prosjekt, men hovudgrunnen til at eg fortset å jobba politisk, er at eg har draumar om ei anna verd for oss sjølv eller etterkommarane våre, draumar så sterke at sjølv ikkje all motgong det daglege knekk kamplysta.

Dei første sosialistane var utopistar. Engels kritiserte dei for dette i boka Sosialismens utvikling fra utopi til vitenskap, men samtidig sa han at drauminga deira er inspirerande. Han oppfordra oss til å gledja oss "over de geniale tankekimene og tankene som overalt bryter gjennom det fantastiske hylsteret".

Science fiction gjev oss muligheit til slike tankeeksperiment. Science fictionen gjev ikkje inntrykk av å vera politiske verk, slik som verka til dei første sosialistane Engels prata om. Likevel ser eg på det på same måten, eg vil bli inspirert av dei gode ideane og tankane som ein kan finna på når ein brukar fantasien, og ikkje bry meg med at det ikkje er særleg sannsynleg eller vitskapleg.

Ordet utopi kjem frå Thomas More si bok Utopia som han skreiv i 1515-16. Her skreiv han om eit framtidssamfunn. Hans samfunn er ikkje akkurat vårt ideal, men ordet utopi har blitt verande, og betyr idealsamfunn eller draumesamfunn, ofte i framtida. Eg vil i denne artikkelen halda meg til å skriva om bøker om draumesamfunn og ikkje skriva om dystopiar, altså marerittsamfunn, sjølv om det også kan vera spanande på same måte. Det er mange kjente dystopiar, til dømes George Orwell: 1984 og Aldous Huxley: Brave new world.

Muligheitene i Science fiction

Science fiction, eller fabelprosa som det ofte blir oversatt til norsk, er litteratur om framtida, ofte med innslag av stjernereiser, aliens osv. Det kan bli veldig teknisk eller eventyraktig for min smak, men det eg likar er muligheitane for å leika med verda. Den vanlegaste måten ein får fram dette med, er å la to ulike typar verder møta kvarandre, til dømes ei kapitalistisk verd og ei kommunistisk eller anarkistisk eller likestilt verd. Ofte lar ein eit samfunn som liknar det noverande møta framtida, gjennom tidsreiser eller gjennom stjernereiser. På den måten får ein vist fram begge samfunna godt, og ein kan visa kulturskilnader mellom folk som er sosialisert til å vera likestilte, og folk som er sosialisert til å vera over- og underordna. Ein kan få mange morosamme møter ut av dette.

Kultursjokk

I Kvinne ved tidens rand av Marge Piercy møter Connie, ei fattig kvinne av mexikansk oprinning, eit framtidssamfunn der kvinner og menn er likestilte. I dette samfunnet er folk saman fordi dei er glade i kvarandre, ikkje av økonomiske grunner. Barn blir mødra av ei gruppe menneske som alle kan amme, både menn og kvinner. Connie blir forbausa når ho oppdagar at den første framtidspersonen ho møter, er ei kvinne, fordi denne kvinna har ein ubevisst autoritet som Connie forbinder med menn. Samtidig er ho omtenksam, noko ho forbinder med kvinner. Folk i denne verda ser på kvarandre som menneske, ikkje kjønn. Folk kan ha preferansar på partnaren sitt kjønn når det kjem til seksuelle forhold, men dei har ikkje legning.

Same type kultursjokk får ein andre vegen i The Disposessed av Ursula Le Guin. Her møter me Shevek, ein mann frå ein planet som er befolka av etterkommarane av folk som gjennomførte ein anarkistisk revolusjon og flytta frå ein kapitalistisk planet. Shevek reiser tilbake og møter kapitalistane, men klarer ikkje å setja seg inn i tankemåten deira. Til dømes møter han ei kvinne som er gift med ein rik mann, og ho flørtar med han. Shevek lurer på om ho er prostituert, sidan ho ikkje har nokon jobb, og får pengane sine frå ektemannen og ellers frå menn som spanderer på ho. Han synest ho oppfører seg rart når ho speler dum og flørtar med han, og synest det er pent, men rart og upraktisk med alle dei tinga ho brukar for å pynta seg. Denne boka viser samtidig problem på den anarkistiske planeten. Dei lever eit tøft liv på ein ugjestmild planet, og må oftare og oftare gjera kompromiss med sin eigen fridom for å få ting til å fungera. Folk må ofra familieliv og yrkesynskje for å få produsert mat, og når situasjonen normaliserer seg, heng dette igjen. Kampen for at revolusjonen er kontinuerleg er viktig. Samfunnet må ikkje stagnera, ein skal alltid stilla spørsmålsteikn, og ikkje godta dogme.

Barneoppdragelse og utdanning

Noko begge desse forfattarane fokuserer på, er barneoppdragelse. Barna i desse samfunna blir oppdratt av fleire enn to personar, og dei brukar mykje tid i fellesskap med andre ungar. I The Disposessed søv alle barn åleine etter dei blir eit par år, samtidig som foreldra kan ha mykje kontakt med dei. Dei vert både samfunnsmenneske og har samtidig nære band med foreldra (som ikkje er berre to), og foreldra ser fordeler og ulemper med begge typer band. Også i ei anna bok, James P. Hogan si Voyage from Yesteryear, er utdanning viktig. Her har planeten blitt befolka av menneske som er dyrka fram frå celler, og oppdregne av robotar. Dei eldste er blitt 40 år, og dei har både barn og barnebarn. Alle er aktive i samfunnslivet. Ungane jobbar saman med dei vaksne, og utvikler evnene sine slik dei sjølv ynskjer. I dette framtidssamfunnet har dei også utvikla ein økonomi som ikkje er kapitalistisk, fordi det er mest effektivt. Argumentasjonen er at folk likar å gjera det dei er god i, og at folk etter kvart slutter å samla ting dei ikkje treng viss alt er gratis.

Straff

Det å ikkje følgja samfunnsnormene får ganske lik reaksjon i desse bøkene. Vald og seksuelle overgrep vert reagert på med terapi, viss det gjentek seg vert den som har gjort noko gale utestengt frå samfunnet - eller drepen. Det kan virka brutalt, men samtidig er dette samfunn som ikkje har juss og domstolar. Lokalsamfunna bestemmer korleis dei skal styra. Så lenge ein ikkje skader andre, kan ein gjera som ein vil (omtrent som i Kardemomme by). Synet på straff er viktig i dagens debattar også. Virkar straff? Skal folk få lov til å vera antisosiale eller å øydeleggja for andre?

Nye typar menneske

Det som er morosamt med science fiction-litteratur, er at forfatterane kan leika med nye typar menneske som er fysisk annleis frå oss. I Kvinne ved tidens rand kunne alle amme, fordi dei var modifiserte. Barna var også dyrka kunstig. Dette er for å ha kontroll over at banda mellom born og vaksen er sosiale, dei som ammer er mødre til ungen, men ingen føder.

Ursula Le Guin har skrive ei bok som heiter The left hand of darkness der alle er inkjekjønna unntatt ein gang i månaden når dei vert kjønna, anten menn eller kvinner. Det betyr at statsministeren kan vera både mor og far til ungar, og at den seksuelle gnisten kun eksisterer ein gong i månaden. Til gjengjeld er han då ganske sterk. Det eg likte med denne ideen, er at Le Guin kan då forsøka å beskriva kva ho trur bestemmer forholdet mellom folk. Kva deler av forholdet mellom folk er seksuelt, kva gjer ein til ei mor eller ein far og så vidare. Ved å endra på korleis menneska er fysisk, endrar ein også på forholdet mellom folk.

Egalias døtre

Det som også kan vera morosamt, er å snu opp ned på verda. Gerd Brantenberg si bok Egalias døtre er eit eksempel på det. I Egalia er alle like, men kvinner er jo likare. Det at Petronius vil bli ei mannleg froskekvinne, er jo berre morosamt, og vert ikkje tatt seriøst. Alle menn må bruka ph, penishaldar, for at penisen deira skal sjå stiv ut. Språket er også gjort om, slik at dei "kvinner" seg opp, yrker har skifta kjønn osv. På denne måten får ein fram det absurde i vårt patriarkalske samfunn, når ein ser kor absurd det er i eit matriarkalsk.

Bolo 'Bolo

Bolo 'Bolo er ei skildring, laga på midten av åttitalet, som fortel om korleis ein skal gjennomføra ein overgang til eit anarkistisk verdssamfunn. Tidsplanen er at dette skal vera gjennomført i 1987, noko som altså ikkje slo til. Skildringa av samfunnet er veldig detaljert, med plansjar og det heile. Samfunnet er bygd opp av grupper på om lag 300 personar som vert kalla boloar. Dette er anten nabolag i byar eller bygder. Desse boloane er samanknytta anten laust eller fast med naboboloar, og kan knytta seg saman i regionale samanslutningar. Dei skal vera sjølvforsynte på basisgoder, men må slutta seg saman for å få organisert bytte av større goder. Kulturelt er boloane svært ulike, du har alko-bolo, les-bolo, marx-bolo, anarko-bolo, jesu-bolo og mange fleire.

Min utopi?

Eg meiner ikkje at alle desse ideane er ein del av min utopi. Men det er morosamt å leika med tankar om korleis framtida skal vera, og då ser ein ofte kor usemje ligg i notida også. Eg meiner til dømes at kjønn og legning er veldig sosialt bestemt, og at det kjem til å endra seg i framtida. Eg trur at viss menneska er frie, vil dei også bli fri frå slike kategoriar. Når eg fortel om korleis eg vil at framtida skal vera, kanskje nokon ikkje er einig i dette, og så kan me få ein spanande diskusjon om feminisme i notida?