Til Røde Fane si heimeside
Artikkeloversikt sortert på forfattar
Artikkeloversikt sortert etter utgåve
Artikkeloversikt sortert på tema
Til heimesida til AKP

Bistand eller solidaritet?

av Ingrid Baltzersen

Røde Fane nr 1, 2004

Ingrid Baltzersen er leiar av Palestinakomiteen i Oslo og sit i sentralstyret i AKP

Artikkelen er basert på ei innleiing halde på eit seminar i Oslo AKP i november 2003


Skilnaden mellom hjelpeorganisasjonar og okkupasjonsstyrker er i ferd med å bli viska ut fordi USA ynsker det. Når bistandsorganisajonar eller FN vert angripne i Afghanistan og Irak er det forferdeleg, men samtidig ein situasjon ein del av organisasjonane har bidratt til sjølv.

Kva er solidaritet?

Først vil eg definera omgrepa solidaritet og bistand. Det første eksempelet på at ordet solidaritet vart bruka i Noreg, er frå ei streik på Akers Mek i 1884 mot eit lønnsnedslag på 10 %. For første gang vart det samla inn til streikestøtte som verkeleg kunne gje understøtting til dei som streika. Poenget var at streika på Aker gjaldt mange fleire. Seira arbeidsgjevarane der, ville Nyland og andre følgja eksempelet. Solidarisk støtte til dei streikande var "hjelp til sjølvhjelp". Revolusjonære meiner jo også at arbeidarklassa har felles interesser på tvers av landegrensene. Difor er solidaritetsarbeid med alle som kjempar mot undertrykking ein viktig del av revolusjonært arbeid.

Kva er bistand?

Bistand er i motsetnad til solidaritet basert på å gjera undertrykkinga mindre brutal, ikkje å endra forutsetningane for han. Bistand kan samanliknast med suppekjøkkenet som fanst samtidig med streikestøtta på slutten av attenhundretalet. Suppekjøkkenet var veldedighet, og delte mellom verdige og ikkje verdige mottakarar. Organiseringa av streikestøtta kom av at ein såg dei streikande kjempa ein viktig kamp som hadde konsekvensar for ein sjølv.

Norsk bistand, Terje Tvedt

Bistand i internasjonal politikk handlar om vidareføring av eit land sin utanrikspolitikk. I fjor kom boka Utviklingshjelp, utanrikspolitikk og makt av Terje Tvedt, som er ein del av makt- og demokratiutreiinga 1998-2003. Her vert den generelle utviklinga til norske organisasjonar sitt bistandsarbeid dokumentert. Boka skapa stor debatt når ho kom, eg kjem til å gå kort inn på denne også.

Eit av hovudpoenga til Tvedt er at bistand er ein del av norsk utanrikspolitikk, og at bistand er blitt eit tabuområde å diskutera. Noreg som humanitær stormakt har vore viktig for fleire parti, både Arbeidarpartiet, SV og Kristeleg Folkeparti er opptekne av desse verdiane.

Noko som var svært interessant, var auka i organisasjonar som jobba med bistand. I 1963 var det 7 organisasjonar, i 1998 var det 154 organisasjonar, og i realiteten mange fleire fordi mange av desse organisasjonane er paraplyorganisasjonar. Norsk bistand vert kanalisert gjennom organisasjonsnorge. Desse pengane set spor etter seg i organisasjonane, både når det gjeld kva ein jobbar mest med, og når det gjeld politikk.

Ein av konsekvensane gjeld forholdet til samarbeidspartnerar i utlandet: Norske organisasjonar vert regnskapskontrollørar og gjevarar i forhold til samarbeidspartnerane. Dette er vanskeleg å kombinera med godt politisk samarbeid. I tillegg bestemmer staten samarbeidspartnerar. For at prosjekta skal bli støtta av Norad må dei sjølvsagt vera i tråd med retningslinjene deira. Norad-prosjekt skal ikkje vera i strid med norsk utanrikspolitikk. Potensielle samarbeidspartnerar veit jo også at det ligg mykje pengar i samarbeid med norske organisasjonar, noko som kan føra til litt rare situasjonar på politiske møte der ein vert prøvd verva som bidragsytar til ulike prosjekt. Men det som også fører til ein del absurde utslag er at norske organisasjonar finn på prosjekt som ikkje alltid er så veldig nyttige, fordi dei vert lova ekstra pengar og må finna noko å bruka dei på.

Ein annan konsekvens av pengane frå staten er den organisatoriske utviklinga i Noreg. Dei fleste organisasjonane som har prosjekt i utlandet, opplever at det er ingen politisk aktivitet rundt prosjekta lengre. Før dreiv ein og samla inn pengar og jobba for å få støtte, no veit eit fåtal av medlemane om kva organisasjonen har for prosjekt. Ein av grunnane til dette er at eigenandelen på prosjekta omtrent er forsvunnen. I 1962 måtte organisasjonane stilla med 50 % eigenandel, i 2001 måtte ein stilla med 10 %. Det vil seie at før måtte ein bruka mange av aktivistane til å samla inn pengar til eigenandel. Til gjengjeld får mange organisasjonar ikkje driftsstøtte, slik at for å få pengar til drift må ein driva med mange innbringande prosjekt. Og når ein får færre aktivistar vert dei som er igjen, meir og meir opptekne av prosjektarbeidet. Mange organisasjonar glømmer krav og politikk på grunn av alt prosjektarbeidet.

Helsearbeidet til Palestinakomiteen

Eg vil no gå nærare inn på korleis den solidaritetsorganisasjonen eg kjenner best - Palestinakomiteen - har forholdt seg til dette dilemmaet.

Palestinakomiteen vart starta i 1970, og sendte det første helseteamet til Libanon i 1976. Diskusjonen om bistand og solidaritet har altså vore ein del av organisasjonen frå starten, og mykje av AKP sine linjer på dette området er også utvikla av aktivistar i Palestinakomiteen. Fokuset for helsearbeidet var frå starten solidaritet, ikkje bistand. Ein sendte helsearbeidarar, men dei skulle også jobba politisk når dei kom tilbake til Noreg, og skulle fungera som augevitne og støtte i krigssituasjonen i Libanon eller Palestina.

Splittinga mellom Palkom og Norwac

Norwac vart danna i 1982 av pragmatiske grunner. Palkom vart kasta ut av Libanon saman med PLO, og dei laga ein ny organisasjon. Norwac vart laga i samarbeid med UD og ambassaden og fekk økonomisk støtte frå Norad og UD. Palkom jobba under Norwac sin paraply, men når det vart mogleg å vera Palkom igjen, laga dei eigne prosjekt som var basert på solidaritet. Grunnen til det var at prosjekta til Norwac vart for store og profesjonelle. Palkom sakna det politiske solidaritetsarbeidet som var ulønt og ikkje så profesjonelt helsefagleg. På starten av 1990-talet skilte Norwac og Palkom lag, og Palkom hadde sine heilt eigne prosjekt.

Palkom sitt helse- og solidaritetsarbeidet no

Forholdet mellom bistand og solidaritet er framleis ein aktuell debatt i Palkom. No er dei fleste prosjekta våre, det vil seie kriseteam i Palestina og solidaritet i Libanon heilt eigenfinansierte, folk får politisk skolering før dei drar, det er meininga at dei skal jobba politisk når dei kjem tilbake, og dei får ikkje noko særleg lønn. I tillegg har me eit par meir profesjonelle prosjekt, me har eit UD-støtta psykososialt prosjekt uten eigenandel i Palestina, og kanaliserer Fokus-pengestøtte til prosjekt uten eigenandel i Libanon.

Sjølv om me altså har eit par prosjekt som er støtta av staten, er Palkom framleis ein av dei få organisasjonane som finansierer størstedelen av arbeidet, også i utlandet, på medlemspengar og innsamlingar. Ingen får heller pengar for å samla inn, eller verva gjevarar slik som mange av dei store organisasjonane gjer.

Grunngjevinga for at Palkom vil ha færrast mogleg prosjekt som er statleg støtta, er at ein gjennom dei forsøka ein har hatt har sett at dette fører til endringar av politikken som ein ikkje likar. Palkom vil halda fast på å vera solidaritetsorganisasjon, og å bruka arbeidet ute politisk, noko ein ikkje kan gjera i same grad når det skal vera proft og statsstøtta. Samtidig som eg vil berømma Palkom for denne lina, vil eg også sei at dette er eit resultat av kontinuerleg politisk diskusjon og kamp, og utvikling av teori.

Politiske vurderingar

Solidaritetsorganisasjonar som jobber med prosjekt i utlandet, har mange politiske vurderingar dei må ta. Desse prosjekta kan jo ha stor påverknad på makttilhøva mellom organisasjonane i landa ein har prosjekt. Sjølv om det ikkje er så mykje pengar i Noreg, er det mykje der og nok til å skapa endringar ein kanskje ikkje hadde tenkt på. Det som er viktig her, er at valet av legitim leiing ikkje er vår sak. Me stør frigjeringsrørsler fordi me meiner at dei har rett til å bli fri frå ekstern undertrykking. Viss me skal legga oss opp i val av leiing eller metodar og bruka pengestøtte som sanksjonsmiddel, vert dette eit ujamnt maktforhold som ikkje kan kallast solidaritet. Samtidig er det jo ei solidaritetsrørsle sin rett til å slutta å stø rørsler dei ikkje lengre kan stå inne for. Men viss ein går inn og detaljstyrer politikken og prosjekta for å kunna stå inne for dei, er ein inne på ein farleg veg som minner meir om kolonial veldedighet enn solidaritet. Ein del av denne diskusjonen går jo også på aktuelle diskusjonar om ein skal stø borgarskap, islamistar eller andre rørsler som me ikkje er einige i.

Ein annan sak ein må halda fokus på, er at solidaritetsarbeidet me gjer heime er viktigast. Arbeidet me gjer til dømes i Palestina er viktig fordi det viser at folk ikkje har gløymd dei, fordi ein gjer nyttig praktisk arbeid, og fordi ein lærer mykje i kontakt med folka som har undertrykkinga på livet kvar dag. Men arbeidet me gjer i Noreg er det viktigaste, fordi me som regel ikkje kan vera betre enn folk i krigføring, organisering av helsearbeid osv. i utlandet, men er flinkare til å vinne støtte heime enn det dei som kjempar kan. Ein må jobba for å hugsa på dette, fordi arbeidet ein gjer i utlandet kan virka livsviktig, mens det me gjer her heime ikkje er så spanande eller har så enkle og tydelege resultat.

"Send dem hjem"?

Ulike organisasjonar har ulike måter å forholda seg til dette dilemmaet på. Når landa ein skal solidarisera seg med ikkje lengre er i søkelyset, må ein finna nye måtar å jobba på. Fleire av dei tradisjonelle solidaritetsorganisasjonane har blitt media- eller bistandsorganisasjonar. Eit døme er Afghanistankomiteen, som har jobba i forhold til Afghanistan i snart 25 år. Dei har utvikla seg frå solidaritetsorganisasjon til bistandsorganisasjon, noko som dei også skriv om på heimesidene sine. Mykje av fokuset er på arbeidet i Afghanistan, ikkje i Noreg. Under krigen mot Afghanistan som starta hausten 2001 var Afghanistankomiteen aktive i antikrigsrørsla, og dei har teke klart stilling mot argumenta om at USA si bombing er kvinnefrigjerande. Samtidig synest eg det er synd når Terje Skaufjord uttalar i siste Raude Fane (nr 5, 2003) at Noreg skal ha styrker i Afghanistan. Skaufjord argumenterer for at afghanarane ynskjer styrkene, og at den politiske situasjonen i Noreg krev at me sender styrker, så då er det å senda ISAF-styrker (International Security Assistance Forces, underlagt Nato) det minste onde. Eg meiner det er solidaritetsrørsla og kommunistar si oppgåve å halda opp det som er rett, ikkje å pragmatisk gå inn på det minste vonde. Ein må også stå så fritt at ein kan ta andre vurderingar enn samarbeidspartnarane sine, sjølv om det sjølvsagt er viktig å høyra på dei som lever i situasjonen.

"Riv muren" eller "Fritt Palestina"?

Eit anna eksempel på skilnaden i politikk hos bistandsorganisasjonar og solidaritetsorganisasjonar er den nye kampanja Norsk Folkehjelp og Fellesutvalet for Palestina har teke initiativ til: Riv muren-kampanja. Dette er ei veldig bra kampanje, som set søkelys på dei forferdelege konsekvensane av muren israelarane byggjer i Palestina, ein mur dei sjølv kallar "tryggleiksgjerde" (security fence). Samtidig er problemet med denne kampanja at ho set fokus på palestinarane si liding, ikkje på kampen og overlevingsevnene til palestinarane. Det er veldig viktig at det finst store organisasjonar som kan ha slike kampanjer, og det at Norsk Folkehjelp kan ha ei slik kampanje viser at kampen for Palestina har kome langt i Noreg. Men det er viktig å samtidig ha sterke solidaritetsorganisasjonar som kan visa eit alternativ, halda fram retten til kamp, og som ikkje treng å vera pragmatiske.

Boka til Terje Tvedt fortel om avtalar bistandsorganisasjonar hadde inngått, blant anna ein avtale mellom Norsk Folkehjelp og Statoil, der Norsk Folkehjelp fekk økonomisk støtte til minerydding i Angola, mot som avtalen seier "å arbeide for å fremme Statoil og BPs interesser i Angola". Norsk Folkehjelp blei provosert av blant anna dette, og leiar av Norsk Folkehjelp, Eva Bjøreng uttala til Klassekampen (26.08.03) at dei ikkje ville mottatt utstyr frå Statoil viss det vart stilt krav rundt dette som dei ville ha problem med å akseptera. For meg virkar det som om Norsk Folkehjelp faktisk ikkje har skjønt kva som er kontroversielt i saka. Det er vel og bra at dei har teke ei vurdering om dei kan akseptera vilkåra for avtalane sine, men det ein reagerer på er jo faktisk at dei har gått inn på ein avtale som inneber reklame for eit oljeselskap, samtidig som dei skal driva bistand.

Hjelpeorganisasjonar - ein del av okkupasjonsstyrka?

Skilnaden mellom hjelpeorganisasjonar og okkupasjonsstyrker er i ferd med å bli viska ut fordi USA ynsker det. Når bistandsorganisasjonar eller FN vert angripne i Afghanistan og Irak er det forferdeleg, men samtidig ein situasjon ein del av organisasjonane har bidratt til sjølv. Når millitæroperasjonar vert "fredsbevarande", eller "fredsopprettande", når deler av okkupasjonsstyrkane gjer typisk hjelpearbeid samtidig som hjelpearbeidarane får militæreskorte av okkupasjonsstyrkane, vert det lett å oppfatta hjelpearbeidarane som ein del av okkupasjonen. Det er viktig å jobba for å oppretthalda skiljet mellom okkupasjonsstyrkar og hjelpearbeidarar, men dette er også ein kamp bistandsorganisasjonane må kjempa sjølv. Dei må tenkja over kva type samarbeid med okkupasjonsstyrkane som gjer at dei vert ein del av okkupasjonen, og dei må tenkja over konsekvensane meir langsiktig enn at "viss me ikkje samarbeider med USA vert det berre verre for befolkninga no" (eller "viss me ikkje samarbeider med USA er det nokon andre som får oppdraget").

Kvifor solidaritet?

Det er viktig at det frivillige arbeidet som revolusjonære har i andre land, skal vera solidaritet, ikkje bistand. Om bistand fungerer eller ikkje fungerer i det heile tatt er jo også ein diskusjon, som eg ikkje har gått inn på her. Samtidig som me jobbar for at fronten skal vera breiast mogleg, bør me kjempa for at det skal vera rom i fronten for å retta kritikk mot bistand frå eit venstrestandpunkt, og at det vert ført kontinuerlege diskusjonar om dette spørsmålet i solidaritetsorganisasjonane.

Kjelder: