Til Røde Fane si heimeside
Artikkeloversikt sortert på forfattar
Artikkeloversikt sortert etter utgåve
Artikkeloversikt sortert på tema
Til heimesida til AKP

Sanning, løgnar og kraftteip

av Sara N Paretsky

Røde Fane nr 5, 2003

Sara N Paretsky (f. 1947), bur i Chicago, er dr. philos i økonomisk historie
og har tidlegare arbeidd i forsikringsbransjen. Først og fremst er ho kjent for bøkene (12 i alt)
om den kvinnelege detektiven V I Warshawski som slåst mot kvitsnippforbrytarar,
men ho har i tillegg skrive ei rad novellar og essay.

http://www.saraparetsky.com/

Artikkelen er omsett til norsk av Gunnar Danielsen, med løyve frå forfattaren.


Kanskje du alt veit at Patriot Act lar påtalemakta undersøke bibliotek, bokhandlar og jamvel heimane våre utan sakleg grunn. Eller at bibliotekarar som fortel at FBI har vore der, kan risikere fengsel på ubestemt tid. Eg visste ikkje noe om det, slett ikkje at politiet eller FBI hadde sikra seg utlånslister frå nesten tjue prosent av biblioteka våre. Då eg oppdaga det, starta eg med detta foredraget.

John Mortimer (engelsk advokat og forfattar), som skapte Rumpole frå Old Bailey, sa ein gong at "Brukstida for ein moderne ... forfattar ligg ein stad mellom mjølk og yoghurt." Om du vil vite grunnen til at det er slik, kan du spørre den intelligente sosiale kommentatoren Sylvester Stallone. Blakk og på knea skal han ha skrive manus til Rocky på tri dagar. "Ha," sa han, og la til: "Eg er forundra over folk som brukar 18 år på å skrive noe. Det var så lenge han typen brukte på å skrive Madame Bovary. Og blei den noen gong bestsellar? Nei. Det var ei elendig bok og blei ein elendig film."

På uforlikneleg vis snakkar Smartingen for bransjen. Jamvel om han ofte gir skapnad til den einsame helten som sigrar mot alle odds, har Stallone blitt ein av dei rikaste stjernene i USA, finansiert av selskapa han kjempar mot på skjermen.

Stallone speglar presist den merkelege blandinga landet vårt er: me trur me er solide individualistar, men stolar på enorme selskap - Weyerhauser, Enron, Disney - som me tiltrur å sjå etter skogane våre, varme heimane våre, eller gi oss grundige og etterrettelege nyheter.

I forlagsverda, som i mest alle delar av økonomien, har det gått mot megaselskap det siste tiåret. Eg feira nyss tjueårsdagen for utgivinga av første romanen min. Agenten min arbeidde nesten eitt år før han fann ein forleggar som tok sjansen på ein kvinneleg detektiv i hjertet av USA, men han sto på fordi han hadde dusinvis av forleggarar å gå til. Dei hadde magiske namn: Knopf, Scribners, Harper og Row. Når du sa namna, tenkte du på bøker. Du tenkte på Wharton eller Hammett eller Faulkner.

I dag er det i hovudsak sju forlag, med namn som Gulf & Western, Disney, Time-Warner. Du seier namna, og tenker på - Mikke Mus. Det tar typen atten år å skrive om kona til ein lege i provinsen? Spark tullingen. Det er nøyaktig det Harper-Collins (ein del av Murdoch-imperiet) gjorde for få år sidan - sa opp kontraktane med hundre forfattarar like lett som du kan seie opp eit bladabonnement, fordi dei brukte for lang tid på å skrive bøkene sine.

Mens det var agenten min som fann eit forlag, var det biblioteka som sette fart i karrieren min. Det vart selt 4.500 eksemplar av første boka mi, Indemnity Only ("Ingen forsikring mot mord", Gyldendal 1984); 2.500 av dei gjekk til biblioteka. Salet var nok til at forlaget bad om bok nummer to.

Alt er vanskelegare for nye forfattarar i dag, på mange vis; eit er den stupande nedgangen i salet til biblioteka. På eit eller anna vis har me dei to siste tiåra bestemt - som ein nasjon av solide individualistar - at det er meiningslaust å betale skatt til beste for fellesskapet. Som resultat har me stadig kutta i bibliotekbudsjetta, til biblioteka i dag har om lag tridelen til å kjøpe bøker for samanlikna med tjue år sidan.

På same vis som biblioteka har vore tunge taparar i budsjettkrigen, har dei vore fremst i skotlina i åtaka på våre elska fridommar. I dag vil eg snakke som forfattar, som lesar, og som amerikanar om dei skremmande spørsmåla me står framfor rundt det å snakke og det å teie.

Alle forfattarar må kjempe seg fram frå togn til tale. Me må vere svært private og personlege for å finne ei røyst og ein visjon - og me må få arbeidet vårt til ei omverd der marknaden, eller offentleg harme, eller jamvel statleg sensur kan øydelegge røysta vår.

Det er ikkje eit nytt problem i USA. Då Melville gav ut Moby Dick i 1851, vart boka svært fiendsleg møtt av både ålmenta og kritikarane. Boka me i dag ser som eit hovudverk i amerikansk litteratur vart selt i svært få eksemplar. Mottakinga gjorde Melville forvirra - og fattig. Han tok håplause jobbar for å overleve, og sleit med skrivinga om natta. I nesten tretti år skreiv han bare fragment, småbitar av prosa som han brann ved daggry.

Kate Chopin, einsleg mor som forsørga seks barn med skrivinga si på 1880- og 1890-tallet, fekk ein slik storm av kritikk for romanen The Awakening ("En kvinne våkner", Cappelen 1976) at Scribners faktisk stansa neste boka hennar, som då var komme til trykkeriet. Historia om ei kvinne som freista frigjøre seg frå eit undertrykkande ekteskap gjennom eit sidesprang kunne vore godtatt om ho var skriven av ein mann - jamvel ein som hadde brukt 18 år på boka - men det blei for mykje for dei 300 kritikarane som slakta The Awakening i 1899. Chopin sjølv døydde fem år seinare, femtifire år gammal, utan å sjå boka si trykt.

Å teie betyr ikkje å samtykke. Å teie betyr å døy. Når me har noe å seie, og me er redde for å snakke, eller blir nekta å snakke, kjenner me oss stengt inne.

Marknaden kan få oss til å teie, slik han gjorde med Melville. Offentleg hysteri kan gjøre det, som med Kate Chopin. Styresmaktene kan gjøre det ved direkte sensur. I USA i dag er det press for å teie frå alle desse områda.

For om lag eit tiår sidan, vart eg nesten dradd inn i eit Chicago-drama. Det som hendte: to menn - kall dei Ben og Jerry - eigde ei forretning saman på nordsida av byen. Dei hadde ei vanleg forsikring for slikt selskap; om den eine partnaren døydde, ville forsikringa dekke hans del av investeringa i selskapet.

Ben sto i med Lucy, kona til Jerry, og blei grådig: han ville ha Lucy og heile butikken for seg sjølv. Lucy sa seg einig, og hjelpte Ben å finne ein leigemordar til å drepe ektemannen. Når Jerry først var død, kunne dei få forsikringspengane og leve lykkeleg alle sine dagar. Dei fann ein ekte leigemordar, ikkje ein som var politimann i yrkeslivet. (Eg les stadig om uheldige kvinner som leitar på pubar etter leigemordarar som kan drepe ektemannen, bare for å ende opp med ein politimann i sivil som arresterer dei. Det ser ikkje ut som politiet har betre ting å ta seg til enn å henge rundt på pubar for å lure godtruande kvinner, men det er ei anna historie.) Vår historie er om Ben og Jerry og deira ekte leigemordar.

I tolvte time fekk Lucy kalde føter og tysta til politiet, som stoppa leigemordaren rett før han skulle drepe Jerry. Ben vart arrestert, og til sist funne skyldig i samansverjing for drap. Då politiet arresterte leigemordaren, fann dei ei bunke kartotekkort ved sida av han i bilsetet. Kortet på toppen hadde teksten "Killing Orders - Sara Paretsky".

Politiet var oppglødde; dei trudde dei hadde funne hjernen bak leigemordaren. Dei hasta til påtalemakta for å få særleg arrestordre. Og heldig for meg, nattevakta hos påtalemakta las krim. Han forklarte at Killing Orders var tittelen på ein av romanane mine ("Ordre til mord", Gyldendal 1987). Leigemordaren hadde ei liste over bøker han ville lese når han låg i skjul etter drapet. Eg vart ikkje arrestert.

I dag kunne ei slik historie endt annleis. Med Patriot Act trong ikkje politiet grunn til arrestordre - dei kunne hevde at dei trudde arbeidet mitt var knytt til ei kriminalsak med mauleg samband til terrorverksemd, utan å seie eitt ord til påtalemakta. Arrestordre krev ikkje sannsynleg grunn: dei treng ikkje legge fram prov av noe slag. Dei kunne hente meg og overlate meg til meg sjølv og nekte meg advokat. Dei kunne holde meg på ubestemt tid utan tiltale. Dei kunne hindre meg å fortelle familien kor eg var.

Dei kan avlytte telefonen min. Dei treng ikkje rettsavgjerd for avlyttinga. Ein overraska student i California oppdaga det nyss: som ivrig videospillar snakka ho med venner om eit spill der bombesymbol var ein viktig del. To timar etter telefonsamtalen dukka FBI opp på døra hennar.


Patriot Act

USA Patriot Act (Uniting and Strengthening America by Providing Appropriate Tools Required to Intercept and Obstruct Terrorism) vart vedtatt i slutten av oktober 2001; lovframlegget var på 342 sider, men vart banka gjennom på eit par dagar. Bare ein demokratisk senator røysta mot.

Lova gir politiet vide fullmakter til å ransake, gjøre beslag, kontrollere - alt ut frå rettsvedtak som skal vere hemmelege for dei som bli utsett for det, au i ettertid. Styresmaktene kan fengsle personar mistenkte for førebuingar til terrorisme, eller for samarbeid med terroristar, i sju døgn (normalt to) utan at dei blir klaga for noe konkret lovbrot.

Særleg paragraf 215 har vekt motstand. Paragrafen åpnar for innsyn i personopplysningar hos tredje part - helsestellet, bibliotek, universitet, internettleverandørar m.v - eit innsyn den som blir granska, ikkje har lov å fortelle om.

Innhaldet i ein Patriot Act II lekte ut i februar 2003. Her var det mellom anna var lagt opp til at ein kunne miste statsborgarskap for å ha støtta organisasjonar styresmaktene såg som terrororganisasjonar, og det møtte sterk motstand frå både demokratar og republikanarar. Men ein seinare Victory Act ("Vital Interdiction of Criminal Terrorist Organizations Act of 2003"), inneheld viktige delar av Patriot Act II. Eit hovudpunkt i utkastet er kampen mot "narko-terrorisme", og hawala blir kriminalisert. Hawala er eit papirlaust og uformelt system for pengetransaksjonar kjent frå Midtausten, India og delar av Asia - og frå saka mot sju somaliarar i Norge.

Patriot Act har ikkje avgrensa levetid, eit punkt som seier at tiltaka må bli vurdert på ny av Kongressen, eller går ut på dato, etter ei viss tid (vanlegvis to til fem år). Patriot Act gir politiet og FBI fullmaktene sine på ubestemt tid.

Jamvel om dei ikkje arresterer meg, kan agentar gå inn i huset mitt, leite gjennom og ta med seg arkiva mine, bøkene mine og kopiere filer frå pc-en min, utan å fortelle meg det, utan å vise meg ei rettsavgjerd. Dei kan gjøre det mot dykk personleg. Dei kan gjøre det på biblioteka dykkar.

På pluss-sida, kan dei kreve framlagt salslister frå bokhandlarane og finne fram til alle som kjøper bøkene mine. Eller dei kan finne ut om folk låner Killing Orders frå folke- eller universitetsbibliotek: lova seier dei kan tvinge bibliotekarar til å namngi alle som les ei slik bok. Det er eit pluss, ikkje sant? Den spesielle boka er lesen av om lag fem millionar rundt om i verda. Ville det ikkje vere verd å gå inn i privatlivet til fire millionar ni hundre og nittini tusen lesarar for å stoppe ein leigemordar?

Ganske visst er Patriot Act eit steg i rett retning - burde ikkje styresmaktene overvake alt me les og skriv, om det ville hjelpe lova å ta ein kriminell?

Det fanst ein statsskipnad som gjekk etter eit slikt opplegg i sytti år. I Sovjetunionen kunne du risikere straffearbeid for å lese dei gale bøkene. Eller skrive dei.

Den russiske forfattaren Abram Tertz, som sjølv sat seks år i sovjetisk arbeidsleir, såg faren arrestert mange gonger i Stalin-tida. Når politiet ransaka huset, såg dei alltid gjennom bøker og dokument først: las eller skreiv folk noe undergravande? Ein gong i huset til faren til Tertz fann dei verka til ein russisk poet med namnet "Biely", som er russisk for "kvit". Slik var faren til Tertz dømt alt før saka byrja; slik som me hata og frykta alle "raude", hata og frykta sovjetarane alle "kvite". (Fargen på flagget til det russiske imperiet var kvit, så tsartilhengarane danna den kvite hæren som sto mot dei raude i den russiske borgarkrigen frå 1919-21.)

Me likar å tru at me alle er som Rocky her i landet: urokkelege for individualisme og individuell fridom, og at det bare er i totalitære statar at folk vik unna for truslar. Eg er ikkje så optimistisk. Kanskje grunnen er at eg vaks opp i ein idyllisk by i midtvesten på 1950-tallet, då Amerika var besett av kommunisttrusselen.

I Lawrence, Kansas, var den kalde krigen noe verkeleg og nært for folk. I første klasse drog læraren ned eit kart og peika på ei enorm oransje boble. Det er Russland, forkynte Mrs Postma. Det var større enn oss, og ute etter å øydelegge oss.

Det var ein lidenskap å beskytte Lawrence og Amerika mot kommunismen, for Fridomskomiteane i byen, for John Birch Society og andre høgreorienterte grupper som overvaka alt frå undervisningsplanar i skolen til bøkene i biblioteket; ei viktig sak var å overvake om afroamerikanarane brukte offentlege rom og anlegg.

Dagsavisa peika vakent ut gudlause element i byen, og sette i verk mobbeaksjonar mot slike. Då foreldra mine protesterte mot eit religiøst vekkingsmøte på gymnaset - alle elevane hadde møteplikt - trykte avisa namn og telefonnummer, og oppfordra borgarane til å ringe for å fortelle dei kor lite USA hadde bruk for kommunist-elskande ateistar. I noen veker fekk foreldra mine hattelefonar midt på natta med oppfordring om å dra tilbake dit dei kom frå - det var sørlege Illinois for mors del, far kom frå Brooklyn. (Studentane som ikkje ville vere med på møtet, vart innelåste i eit lite rom dei fire timane vekkingsmøtet varte.)

Hugsar du TV-filmen Dagen etter? Filmen vart spilt inn i og rundt Lawrence. Alle var oppglødde over å ha eit filmmannskap i byen. Ein av vennene våre fekk til og med betalt for at ABC fekk sprenge den gamle løa hans. Men dagen etter at Dagen etter gjekk på lufta, marsjerte rasande borgarar til rådhuset og kravde at borgarmestaren måtte gå. Ved å la ABC lage film i Lawrence som viste korleis det verkeleg ville bli under ein atomkrig - dei enorme øydeleggingane, dei brente og lemlesta kroppane, strålesjuka - skulda fridomskomiteane borgarmestaren for å vise Sovjet at me bøygde unna atomkrig - me var redde for konsekvensane - eit syn som forresten vart delt av mange i staben til dåverande president Reagan, som freista snakke ABC frå å vise Dagen etter.

Jamvel utan Patriot Act var det hardt å uttrykke avvikande synspunkt mot den uttalte antikommunismen i Lawrence. Folk kviskra motstand mot fridomskomiteane, dei var redde for å snakke åpent ut mot dei.

Høyringane mot uamerikansk verksemd gjekk for fullt då eg var barn. Året eg blei fire gjekk Dashiell Hammett i fengsel for to brotsverk: han gav pengar til eit bøtefond for folk frå arbeidarrørsla, oppfatta som kommunistar av kongressen; og han nekta å namngi andre som gav pengar til bøtefondet. Utanriksdepartementet såg til at Hammetts bøker vart fjerna frå alle bibliotek med føderal støtte. Knopf, som hadde vore forleggaren hans i mange år, stoppa utgivinga av Malteserfalken av frykt for svartelista til komiteen. (Hammetts første bok heitte Raud haust, bevis nok for kongressen for Hammetts langvarige kommunistsympatiar. I røynda syner raudfargen til den elva av blod som renn gjennom boka - Blanche Knopf gav den namnet fordi ho mislikte Hammetts opphavlege tittel "Poisonville" ("Giftbyen"). Så Hammett gjekk i fengsel i USA for å skrive ei bok med "raud" i tittelen, slik faren til Abram Tertz gjekk i sovjetisk fengsel for å eige ei diktsamling av ein eller annan kalla "kvit".)

I dag tillet me ennå ein gong frykta å få oss til å teie. Kort etter at Patriot Act vart vedtatt, gjekk 61 år gamle Barry Reingold, tidlegare telefonarbeidar i San Francisco, på treningsstudio og sa at "Bush har ingenting å vere stolt av. Han tjener dei store oljeselskapa, og olja er det einaste han er ute etter i Midtausten." Ein av dei andre likte tydeleg ikkje det som vart sagt og rapporterte han til FBI. Dei sendte to mann for å snakke med han dagen etter. Reingold sa han trudde han hadde ytringsfridom. Det hadde han, sa agentane, men at dei likevel måtte skrive rapport om han.

Sist oktober vart ein mann som kikka på fremmendspråklege sider på internett på eit bibliotek i New Jersey, arrestert då han gjekk frå bygningen. Ein annan besøkande utan nok å lese på eiga hand vart skremt av å sjå ikkje-engelsk tekst på skjermen til naboen og ringte politiet; dei heldt på mannen i to dagar utan tiltale, nekta han å snakke med advokat og å ringe heim. Til slutt sette dei han fri utan kommentarar. FBI gjekk nyleg inn på St Johns College i Baltimore og arresterte ein student i biblioteket: ungdommen var logga inn på ein pratekanal og hadde kritisert presidenten. Skolen har fått pålagt teieplikt: læraren som meldte om hendinga, kan bli arrestert for å ha snakka om det.

Eg er ikkje optimist når det gjeld levekåra for avvikande tale i detta landet nærmaste tida. I dag, når me alle saman er fanga i frykt, når ålmenta lengtar etter handling mot alle våre fiendar, enten desse fiendane er verkelege eller fantasiar i haudet til John Ashcroft, - og når me ikkje bare er ramma av frykt, men ei lov som tillet vidtfamnande hemmelege tiltak frå styresmaktene, så blir mi eiga uro akutt.

Me har ei regjering som blandar løgnar med å teie.

Me har ei regjering som har kunngjort at presidentdokument kan bli heldt unna offentleg innsyn. Me har ei regjering som ikkje vil legge fram namna på dei som utforma energipolitikken i USA - din og min politikk - dei hevdar slik offentleggjøring vil undergrave nasjonal tryggleik. Me har ei regjering som freistar opprette eit sovjetliknande system der borgarane spionerer på og rapporterer einannan - med stenging av motorvegen for å arrestere tre medisinstudentar som første resultat.

Me har ei regjering som sist vinter overvaka heimetelefonane og e-posten til FN-utsendingane frå Chile, Mexico, Pakistan og Kamerun, for å få vite korleis dei ville røyste i FN på spørsmålet om invasjon i Irak.

Me har ei regjering som opprettar kontor kalla Information Operations, skapt for å plante falske historier i utanlandske media, for å bevege verdsopinionen til å stø handlingane sine. Kontoret vart stengt for eit år sidan og Donald Rumsfeld lova at det var borte for godt. Nå er det attende med nytt namn, med løfte om 250 millionar dollar i støtte frå Illinois' eigen representant Henry Hyde.

Me har ei regjering som sette munnkorg på utanlandske styresmakter som mottar støtte frå USA; dei kan ikkje diskutere abort med eigne borgarar - ei teieplikt som direkte førte til 9.500 døde kvinner og 154.000 barn i tredje verda dei to åra sidan teieplikta vart sett ut i livet. (Sjå http://www.crlp.org/pub_fac_ggrbush.html.)

Me har ei regjering som laga falske dokument for å underbygge påstanden om at Irak hadde kjernefysiske våpen.

Me har ei regjering som beordrar biblioteka til å øydelegge ei rad offentlege dokument som dei ikkje ønskar ålmenta skal lese.

Og me har ei presse i USA som villig bøyer av for ønsket frå regjeringa om å teie på alle desse områda.

Det bles ein kald vind i dag, som truar med å øydelegge dei dyrebare fridommane våre. Noen seier: å - fridommane våre er angripe før, men me har alltid fått dei tilbake. Men me har aldri fått dei tilbake utan å kjempe svært hardt for dei, og det er vanskeleg å kjempe for fridommen når du risikerer fengsel eller utestenging for å vere "upatriotisk" - stempelet John Ashcroft set på alle som stiller spørsmål ved Patriot Act - eller risikerer sparken - som Tom Gutting fekk, journalist frå Texas som mista jobben for å stille spørsmål ved handlingane til presidenten i vekene etter 11. september.

Alle statane i USA har lovverk, skrivne eller gjennom rettspraksis, som skal verne bibliotekbrukarane: det me les, det me låner, det me ser på nettet, er vår eiga sak - jamvel om me les Killing Orders eller dikta til Biely.

Patriot Act set til sides tilliten som ligg i desse lovene. Patriot Act tillet styresmaktene å tvinge biblioteka til å lage utlånslister, internettloggar eller lagre opplysningar av alle slag. Etter rettsavgjerd, kan ikkje biblioteket eller bibliotekarane offentleggjøre at avgjerda finst, eller det faktum at listene finst som resultat av rettsavgjerda. Brukarane må ikkje få vite at listene deira vart gitt til FBI, eller at dei er utsett for granskingar frå FBI. I tillegg treng heller ikkje styresmaktene vise til "sannsynleg grunn" for å få ei rettsavgjerd. I staden treng påtalemakta bare vise til at listene kan vere knytt til ei pågåande gransking som omfattar terrorisme eller spionverksemd.

I følge Connecticut Law Tribune og Library Journal har FBI eller politiet brukt Patriot Act 546 gonger for å få utlevert eller gå gjennom biblioteklister det første året. Det er bare rapporterte tall: noen bibliotek kan ha vore for redde for konsekvensane til å melde frå om åtaka, jamvel anonymt. Me veit ikkje kva for bibliotek som var involverte, fordi bibliotekarane risikerer arrestasjon om dei melder frå om slikt. Dei kan komme årevis i fengsel for å fortelle meg, hennar eller hans brukar, eller ektefellane sine, at politiet har sikra seg utlåns- eller internettlister frå biblioteket dykkar.

Samtidig som han ubarmhjertig fotfølger lesarane i landet, har statsadvokaten stansa alle freistnader på å spore våpeneige. Kanskje kan NRA (National Rifle Association, høgreorientert organisasjon som arbeider mot våpenkontroll i USA) ta i bruk nytt slagord: våpen set ikkje USA i fare, det gjør bøker.

Kva er eit høveleg svar frå ein forfattar i slike tider? På enklaste nivå, trur eg jobben min er å halde fram med å skrive historier som - håper eg - folk ønskar lese. Men sjølvsagt skriv eg ikkje i eit vakuum, og det offentlege klimaet påverkar både det eg ønskar å seie, og det eg kjenner eg kan seie fritt.

Eg avslutta skrivinga på den sist utgitte romanen min - Total Recall ("Intet glemt", Aschehoug 2002) - i februar 2001. Det er alltid ein depresjonsperiode når skrivinga er avslutta, og ein periode med intenst arbeid pga kommentarane frå redaktøren, så det var blitt juli 2001 før eg kjente meg klar til å tenke på eit nytt prosjekt. Eg hadde lova ei bok i VI-serien, og prøvde meg fram med idear.

I Total Recall hadde eg sendt Morrell, kjærasten til V I Warshawski, til Afghanistan. Eg gjorde det faktisk for å få han bort frå Chicago - av vegen for etterforskinga til VI. Kjærastar er vanskelege i krimseriar - så sant dei ikkje er direkte blanda inn i plottet øydelegg dei framdrifta i historia.

Eg sendte Morrell til Afghanistan delvis fordi det var langt borte, og delvis fordi eg var interessert i Taliban. Eller uroa av Taliban er nok betre å seie - ikkje som ein trussel mot USA, men som ein trussel mot livet og velferda til kvinnene i Afghanistan. Som ein heller grotesk fotnote: Total Recall vart utgitt 4. september 2001. Den 9. september, fekk eg e-post frå ein lesar som ville vite kva Taliban var, og korfor eg alltid fylte bøkene mine med saker ingen hadde høyrt om.

Eg har notata eg laga i juli 2001 då eg byrja arbeide med tema til den nye boka. Eg hadde lese Ahmed Rashids bok om Taliban. I boka fortel han korleis Unocal og det argentinske oljekartellet bidrog med pengar til mutene Taliban betalte til Mullah Omar - både Unocal og argentinarane ønska seg retten til å bygge ei oljeleidning gjennom Afghanistan, og Mullah Omar flørta med begge. Eg byrja sjå for meg ei historie med store oljeselskap og mutingar, men eg kunne ikkje heilt sjå korleis eg kunne knytte ho til Chicago. Og eg likar at bøkene er knytte til Chicago, der VI kjenner tilhøva.

Neste notat er frå 8. august 2001, og handlar om noen som jobbar for eit stort landbruksselskap, som hemmeleg produserer våpenklassifisert antrax.

Etter 11. september var alle desse ideane ubrukelege. Som alle andre i landet, alle i rommet her, var eg rysta i mitt inste av åtaka. Eg kjente meg sårbar, redd, utrygg. Eg veik tilbake for å bruke noen av hendingane den spente hausten i romanen min.

Eg visste eg måtte komme meg i arbeid, men hjernen var frosen. Til slutt byrja eg på ei bok som ikkje dreidde seg om 11. september eller ettervirkningane anna enn reint indirekte (Blacklist, 2003). Dei siste atten månadene, ettersom hendingane utvikla seg, ettersom uroa mi vart delt mellom frykt for utanlandske ekstremistar og våre eigne ekstremistar i regjeringa her heime, kjente eg meg skilt frå arbeidet mitt, fordi skrivinga mi ikkje var der dei medvitne tankane og uroa mi var. Men dagens hendingar er så ferske i desse tidene - kvar dag kjem med nye spørsmål, ein ny trussel - at det ville vere dumt å skrive ei bok på eit slikt grunnlag. Så tenkar eg au på rådet frå den franske forfattaren Andre Gide: Dårleg litteratur blir skapt av gode meiningar.

Uansett liker eg ikkje sosialpolitiske romanar, bøker skrivne bare for å få fram ein tanke - for å vise at fire bein er betre enn to, eller at alle menn er testosteron-galningar, eller at dei som drikk sjampanje er upatriotiske. Det er ein grunn til at dei forfattarane me kjenner til frå Stalins Sovjet er Pasternak og Akhmatova, ikkje Gribachev, som skreiv Vår på kollektivfarmen Siger. Pasternak kan ha ønska å få fram ein tanke, ein glødande tanke, om fridom, om forvirringa me kjenner midt i sosiale omveltingar, og kor vanskeleg det er å handle rett. Men han ønska å skrive om menneske fanga i hendingane, ikkje idealiserte politiske typar.

På same tid er bøker ei støtte og ei leiesnor: dei syner oss at me ikkje er aleine i trua på fridom og sjølvstende. Den russiske poeten Ratushinskaya, som sat tri år i straffekoloni for skrivinga si, nytta eit lite teaterstykke då ho studerte i Odessa på 1970-tallet. Ho plasserte tjue personar på ein mørk scene. Ettersom lyskastaren vart retta på kvar enkelt person etter tur, sa han "Kva kan eigentleg ein person gjøre aleine?"

Mine eigne historier kjem ut av hendingane rundt meg, men hendingane rundt meg i dag hindrar meg i å omgjøre dei til historier. Eg har ofte skrive om korrupsjon i næringslivet, og den kyniske likesæla store institusjonar syner for velferda til vanlege borgarar. Men Enron og Harken Energy overgår fantasien min.

Etterforskaren min løyser sakene sine med slit og hardt arbeid, men ho kan ikkje stole på at rettsapparatet straffar kriminelle som har gode kontaktar. Og vips, nok ein gong overgår naturen sjølv min eigen kunst, ved å plassere ein insidar frå Enron som ansvarleg for hæren; ein oljelobbyist som statssekretær i innanriksdepartementet; styreformannen i Halliburton Company, som selte mest i verda til Irak frå 1998 til 2000, som visepresident i USA.

Detektiven min vender seg ofte til vennen Murray Ryerson som er journalist, og som kan offentleggjøre sanninga og gjøre det vanskeleg for dei kriminelle å halde fram i jobbane sine, jamvel om dei kan sitte att med aksjane sine. Men over heile USA har aviser som den Murray arbeider i, vorte kjøpte opp av gigantiske medieselskap, som halverer journaliststaben, fordi aksjekursen fyk i veret kvar gong dei tyr til masseoppseiingar. Derfor har ikkje avisene ressursar til å granske skandalar i næringsliv eller styringsverk. Og mange gonger, kanskje oftast, er avisa eller tv-selskapet sjølv del av eit konglomerat som enten deltar aktivt i liknande kriminalitet, eller au ønskar dei ikkje avsløre kriminalitet frå styresmaktene fordi dei er ute etter politiske fordelar.

Presidenten i Fox News er faktisk ein av medierådgivarane til president Bush; etter novembervala, skrøyt han offentleg av at han hadde nytta Fox News til ufordelaktig dekning av demokratar som låg bra an, for å sikre ein republikansk kongress. Clear Channel, der administrerande direktør er nok ein Bush-donor, har brukt sine 1.200 radiostasjonar for å sette i verk opptøyar mot Dixie Chicks.

Eg kjenner det ofte som eg jobbar under ei giftsky i dag, ikkje med bakteriar eller med stråling, men løgnar. Når regjeringa seier me skal kjempe mot aids i Afrika, men nektar noen å dele ut eller nemne kondomar, veit eg at eg er i 1984-verda. Når regjeringa seier me står framfor akutte truslar, at eg må pakke meg inn med plastikk og kraftteip, men at eg må gå for å handle fordi det er godt for økonomien, då blir eg mållaus av den manglande samanhengen mellom sanning, løgnar - og kraftteip.

Eg hatar å vere makteslaus. Eg hatar at detektiven min er makteslaus. Men eg kan ikkje la ho oppføre seg som ein av Robert Ludlums superheltar, som tvingar FBI og Disney på kne og så vandrar vidare, fordi historiene mine kviler for mykje på den verkelege verda. Heltane mine må løyse problema sine slik me alle gjør i den verkelege verda. Eg vil bare ikkje stille VI framfor så store spørsmål som noen andre heltar må takle. Ho vil ikkje døy for det ho trur på, ho vil ikkje teie, ho vil ikkje selje vennene sine. Det er det beste eg kan tilby ho og lesarane mine slik verda er i dag.

Fordi mi eiga største glede kjem frå orda til andre som skriv, håper eg historiene mine au kan gi lesarane noe trøst i natta, gi litt lys på ein formørka veg. For to tusen seks hundre år sidan, skreiv poeten Sapfo (1) - som såg gudinna stige ned frå himmelen i ei vogn trekt av spurvar:

Jamvel om dei
bare er pust, orda
eg styrer
er udøyelege.

Som barn flykta eg til bokverda og dagdraumane frå ei uvennleg verd, og lengta etter magien, lengta etter å finne døra til Narnia eller andre eventyrland. Som vaksen studerer eg nøye spurvane utanfor vindauget mitt: eg lengtar framleis nok etter magien til at eg håper dei skal bringe meg gudinna, men til sjuande og sist må eg godta at dei er hardkokte byfuglar, som freistar halde seg i live i ei verd som er hard mot små kryp, og mot diktarar.

Når eg går inn i eit bibliotek, når eg går inn i bokverda, merkar eg skyggar frå fortida bak meg, dei prøver gi meg mot. Eg høyrer Patrick Henry skrike til Burgess-forsamlinga (2) "Er livet så kjært, og freden så herleg, at dei kan kjøpast for lenkar og slaveri?" Eg høyrer Sojourner Truth (3) fortelle meg at handa som får vogga til å røre seg au kan få båten til å skake, og Horace Greeley (4) seier: "Eg vil absolutt ikkje teie."

Det er mitt einaste håp, mot desse kreftene som freistar få oss til å teie, som vil ta frå oss røysta vår og dei dyrebare fridommane våre, at mine ord, Sapfos ord, orda til Sojourner Truth, i sanning orda i grunnlova, at alle desse orda som bare er pust ikkje bare vil vare, men sigre.


Notar: