Til Røde Fane si heimeside
Artikkeloversikt sortert på forfattar
Artikkeloversikt sortert etter utgåve
Artikkeloversikt sortert på tema
Til heimesida til AKP

Er SV det nye administrasjonspartiet?

av Erling Folkvord

Røde Fane nr 4, 2003

Erling Folkvord er bystyremedlem for RV i Oslo og medlem av AKP

SV: Prinsipprogram, Arbeidsprogram 2002-2005 og Valgmanifest 2003


Når SV omtalar seg som "sosialistisk parti med en visjon om et samfunn uten klasseskiller" kan partiet samanliknast med ein Meny-butikk som sel harskt kvalfett med innpakning og pris som om det var Tine meierismør.

Det er drygt 42 år sia leiinga i Arbeidarpartiet ekskluderte Finn Gustavsen og fem andre rett etter at daverande Orientering i februar 1961 hadde åpna spaltane for å drøfte ideen om eit nytt parti. Når enkelte meiningsmålingar no viser at Ap og SV har om lag like stor oppslutning, er det grunn til å stille spørsmålet om kva slags parti dagens SV er.

Mangt har endra seg. Vekeavisa Orientering, som vart grunnlagt i 1953, har vorti til Ny Tid. Sosialistisk Folkeparti, som vart danna på ein landskonferanse 15. april 1961, vart i 1975 til Sosialistisk Venstreparti, etter ein mellomperiode som Sosialistisk Valforbund i etterkant av den første EU-kampen tidleg på 1970-talet.

Denne artikkelen er ikkje på noko vis meint som historieskriving. Eg skal prøve å samanlikne SV sine ord og SV sine handlingar i dag, utan å bruke mange adjektiv. Om handlingane er annsleis enn orda, meiner eg at handlingane uttrykker det verkelege grunnsynet eller verdigrunnlaget til eit parti, anten partiet er SV, Høgre, RV eller AKP. Eg tok med dei innleiande årstala berre for å minne om at vi som berre ser dagens SV, og bør hugse at dei som grunnla partiet var modige personar som i slutten av McCarthy-tida utfordra den servile underdanigheta under amerikansk imperialisme som var rådande i Arbeidarpartiet.

Eg har delt opp artikkelen slik:

Eg nemner få eksempel, men har prøvd å finne fram til slikt som er representativt for det SV som no midtsommars 2003 er på veg mot høgare valoppslutning enn partiet har fått nokon gong før.

Del 1: Kort om programdokumenta

SV sitt politiske arbeid er tufta på Prinsipprogrammet, Arbeidsprogrammet 2002-2005 og Valgmanifest 2003.

Prinsipprogrammet

Prinsipprogrammet seier at:

Sosialistisk Venstreparti vil forandre verden. Vi ønsker et sosialistisk samfunn bygget på andre interesser og verdier og andre behov enn de kapitalismen fremmer: (...)

SVs visjon er at kapitalisme og uhemma markedskrefter erstattes av solidaritet, rettferdig fordeling, miljøhensyn og utvida økonomisk og politisk demokrati." (...)

"Tenk deg et Norge og en verden i utvikling - i retning disse målene. Om du tenker deg et samfunn med økologisk balanse, med en økonomi som ikke vokser utover naturens grenser, med menneskelig mangfold og samhold, med rettferdig fordeling, med arbeid for alle, med utvida demokrati, - da ser du framtidsvisjonene for den sosialisme SV vil utvikle."

Ordet revolusjon finst to gonger i prinsipprogrammet, under avsnittet "Teknologi og ressursbruk":

"Kapitalismen har fremmet en sammenhengende kjede av teknologiske revolusjoner fra dampmaskinen på 1700-tallet til data- og bioteknologien i dag. De teknologiske revolusjonene og den vitenskapelige utviklinga, som er grunnlaget for disse, skjer stadig raskere."

I strategikapitlet, "Veien fram", slår programmet fast at "Endring vil ikke skje brått, men ved et bevisst valg av utviklingsretning". I beskrivinga av dei mange eksempla historia har sett på at kapitalistklassen har drukna sosialistiske forsøk i blod, blir det ikkje brukt store ord:

"Sosialismen nås bare om den støttes av flertallet, på demokratisk vis. Men samtidig viser erfaringer at de som mister sine privilegier ofte yter motstand. En metode er kapitalflukt og trusler om å legge ned arbeidsplasser. I noen land har vi sett kaos skapt med overlegg og voldsbruk. Sosialister må møte slik sabotasje med å spre bevissthet om denne faren, ved god organisering og ved å bruke de nødvendige demokratiske midlene til å forsvare de skansene som er vunnet."

Ut over dette finst det inga beskriving eller drøfting av dei problema som er knytt til å omdanne eit kapitalistisk samfunn til eit sosialistisk samfunn.

Arbeidsprogrammet 2002-2005

Innleiinga til Arbeidsprogrammet nøyer seg ikkje med sosialisme. Her blir det klasselause samfunnet lansert:

"SV er et sosialistisk parti med en visjon om et samfunn uten klasseskiller og sosial urettferdighet. Vi tar derfor sikte på en grunnleggende endring av samfunnet.

Vi legger vekt på økologisk helhetssyn, desentralisering og forsvar av enkeltmenneskenes rettigheter. Vi vil ta tilbake politisk styring som markedspolitikerne har gitt fra seg, og arbeide for at flere mennesker deltar i viktige beslutninger. (...)

SV vil bygge allianser med folk som kjemper for et bedre samfunn utenfor det parlamentariske systemet, som fag-, miljø-, student- og kvinnebevegelsen. Vi vil erstatte pengemakt med folkemakt.

Dagens markedsliberalistiske systemet må erstattes av et sosialistisk samfunn der råderetten over ressursene er underlagt demokratisk styring. Et slikt samfunn, bygget på folkestyre på alle plan, er SVs mål og retningsgivende for alt vårt arbeid."

Det er naturleg at eit arbeidsprogram for ein fireårsperiode ikkje drøfter dei uløyste problema som er knytt til det å avskaffe kapitalismen og innføre sosialisme. Men når dette heller ikkje er drøfta i prinsipprogrammet, blir jo første og siste del av dette sitatet, ei samling vakre, men luftige ord utan fundament. Når innleiinga til arbeidsprogrammet tar "sikte på en grunnleggende endring av samfunnet", så betyr nok ikkje dette ei revolusjonær omveltning der kapitalistklassen mister kontrollen med statsapparatet. Å tolke noko slikt inn i programmet er urimeleg, anten ein Høgre-politikar gjer det for å svarte SV eller ein SU-ar gjer det i beste meining for å fiffe opp den raude profilen.

Valmanifestet 2003

Valmanifestet er det kortaste programdokumentet. Det er eit moderne dokument. Verken ordet arbeidar eller sosialisme er nemnt. Ordet "frihet" er til gjengjeld nemnt 21 gonger og "moderne" og "moderne kommune" er andre språklege gjengangarar.

"Vi vil ha en jevnere fordeling mellom samfunnsklassene, kjønnene og geografiske områder. Rettferdig fordeling kan kun skapes av at det er penger i felleskassa. Rettferdig skatt er derfor helt nødvendig for å skape et godt samfunn."

At ordet frihet går igjen, betyr ikkje nødvendigvis at arbeidarar, fiskarar, småbrukarar og funskjonærar skal bli friare. Eit eksempel: "Større frihet for kommunene til selv å bestemme nivået på kommuneskatten." Så vidt eg kan skjøne, betyr dette at SV har tenkt ut og lansert ein Høgre-parole før Høgre rakk å gjere det sjøl.

Manifestet er prega av det som er trendy språk- og begrepsbruk i den marknadstilpassa politiske eliten i dag. Eit eksempel: "Kvalitetsutvikling i kommunene skal sikres. Fokus på kvalitet og sammenligning av kvalitet i og mellom kommunene skal gi bedre tjenester." Dette siste er så langt eg kjenner det, rein Høgre-retorikk som Høgre lanserte først. Det finst ikkje utvikla måleverkty som gjer det muleg å samanlikne kvaliteten på omsorgstenester mellom ulike tenestestader eller mellom kommuner. Men mange såkalla kvalitetsmålingsverkty gir inntrykk av at dette er muleg. Høgre-ordførarar bruker den slags for alt det er verdt i alskens privatiserings- og konkurranseutsetjingssamanhengar.

Ei oppsummering

Ordbruken i desse programma spriker. Programma inneheld nokså lausrivne enkeltord og enkeltbegrep som er dei same som blir brukt i for eksempel RV og AKP sine program. SV sine programdokument er for sosialisme og for mange viktige enkeltkrav som står i absolutt motsetning til den rådande marknadsliberale politikken. Men programma seier ingenting om korleis dagens klassedelte samfunn skal kunne bli omdanna til det framtidssamfunnet "uten klasseskiller og sosial urettferdighet" som er SVs visjon. Det nyaste dokumentet, Valmanifest 2003, er prega av trendy mediaspråk og inneheld enkeltstandpunkt, som høver godt i hop med A- og H-regjeringane sin politikk for å strupe kommuneøkonomien.

Del 2: Kort blikk på SV sin politiske praksis
i nokre store spørsmål

SV har hatt eller har utøvande makt i fleire kommunar. Og partileiinga satsar på regjeringsmakt om to år, samtidig som SV ifølgje programmet:

"... vil bygge allianser med folk som kjemper for et bedre samfunn utenfor det parlamentariske systemet, som fag-, miljø-, student- og kvinnebevegelsen."

Men eit utsagn frå Kristin Halvorsen like etter valet i 1993 tyder på at ikkje alle synst dette arbeidsfeltet er like viktig. Før utjamningsmandata var fordelt, stod Halvorsen utan plass i Stortinget. I eit intervju i NRK snakka ho slik om framtida:

"Jeg må tenke gjennom livet mitt, og må innrømme at jeg vurderer å trekke meg fra politikken. Grasrotpolitikk frister lite etter fire år i finanskomiteen". (1)

2.1: Med USA og Nato i krig for imperialistiske interesser

30 år etter at SF vart stifta, ga SV full støtte til USA som brukte Golfkrigen i 1991 til omfattande øydeleggjing av innlandsk infrastruktur i Irak, som vassforsyning, vassrenseanlegg osv. Den amerikanske militæretterretninga oppsummerte i februar 1991 at "forholda er nå gunstige for utbrudd av smittsomme sjukdommer, særlig i større byområder som omfattes av koalisjonens bombing". (2) Denne rapporten var ikkje offentleg kjend da, men det var lett å sjå at krigen var ein del av USAs langsiktige, imperialistiske strategi.

Det har no gått nesten åtte år sia daverande partileiar Solheim i desember 1995 markerte eit nytt SV-syn på Nato. I ei innstilling frå utanrikskomiteen i Stortinget slo SV fast at:

"... Nato-samarbeidet forblir ankeret i norsk sikkerhetspolitikk. (...) Gjennom nye og bedre virkemidler kan Nato bidra til framveksten av et stabilt og tillitskapende sikkerhetssystem for hele Europa. (...) Alliansen må fortsatt være det sentrale forum for konsultasjoner om sikkerhetspolitiske spørsmål av interesse for de allierte ..."

SV var og med på understrekinga av at "Norge støtter Natos arbeid med utvidelsesspørsmålet". (3)

Drygt tre år seinare vart mykje av skytset retta mot Erik Solheim personleg da store delar av grunnplanet i SV i mars 1999 protesterte mot SVs ja til Nato-krigen mot Jugoslavia. Den personlege innrettinga av kritikken illustrerte etter mitt syn at kritikarane ikkje gjekk djupt nok inn i den omleggjinga som var på gang i SV si internasjonale orientering. Berre 3 stortingsrepresentantar frå SV var mot at Noreg skulle delta i krigen. Men den nye partileiaren var glitrande presis da ho konfronterte landsmøtet:

"Problemet for dere er ikke at Erik (Solheim) er for krigen. Problemet for dere er at jeg er enig med Erik."

Kristin Halvorsen kunne ikkje ha formulert SV sitt dilemma stort klårare enn ho gjorde da. Det fanst ingen krigsmotstandar i SV som kunne utfordre Halvorsen i kampen om leiarvervet.

Fire år etter landsmøtet som var så delt i synet på krigen mot Jugoslavia, har SV eit program som uttrykker eit tvetydig syn på Nato:

"SV går imot oppbygging av nye maktblokker, Natos atomstrategi, og går inn for at Nato avvikles til fordel for et alleuropeisk sikkerhetssystem. Dersom det viser seg at dette ikke er mulig, må Norge gå ut av Nato." (Utheva av E.F.)

Etter utvidinga er vel Nato nokså nær å vere det som blir kalla eit alleuropeisk sikkerhetssystem. Samtidig vil eg tru at dei fleste av verdas folk og statar ser på Nato som eit imperialistisk militærapparat som blir styrt frå USA.

Etter at SV støtta Nato-krigen mot Jugoslavia gjekk det drygt to år før vi opplevde 11. september 2001. Dagen etter vart den utvida utanriksomiteen i Stortinget innkalla for å drøfte terroråtaket på Pentagon og World Trade Center. Mang ein sjokkert antiimperialist i SV måtte konstatere at partileiar Kristin Halvorsen stod saman med A og H og FrP om at aksjonen skulle utløyse mottiltak etter artikkel 5 i Nato-pakta, den såkalla "alle for ein"-paragrafen. Denne paragrafen hadde aldri vori brukt før. Men Nato-tilhengjarar hadde alltid sagt at den var tenkt brukt dersom eit Nato-land vart utsett frå militært åtak frå ein annan stat.

Halvorsens ja til å bruke artikkel 5 skapte strid i eit SV som i valet eit par dagar før hadde fått ei kraftig utviding av stortingsgruppa si. Striden førte til at SV skilde lag med dei andre stortingspartia da USA starta krigen mot Afghanistan i oktober. SV støtta ikkje det amerikanske åtaket.

Men i april 2002 var tida komen for at Stortinget skulle godkjenne finansieringa av norsk krigsinnsats i Afghanistan. Eg synst SVs tvetydige standpunkt da er verdt eit nøye studium, særleg sett i lys av striden i SV i september 2001.

Innstillinga frå Forsvarskomiteen viser kva standpunkt partia tok. SVs mann i Forsvarskomiteen, Bjørklund, var enig med dei andre partia, unntatt i spørsmålet om å løyve 272 millionar til den delen av dei norske styrkane som skulle stå direkte under amerikansk kommando i aksjon "Enduring freedom".

SV og resten av forsvarskomiteen var "enig i at norske allianseforpliktelser gjør det nødvendig at Norge bidrar til kampen mot internasjonal terrorisme. Komiteen støtter Regjeringens syn på at merutgifter knyttet til Forsvarets terrorberedskap og internasjonal deltakelse som det redegjøres for i proposisjonen, må dekkes ved økning av statsbudsjettet for 2002."

Ein mindretalsmerknad frå Bjørklund kan oppfattast som eit lite spark til partileiar Kristin Halvorsen, utan at eg veit om det var meint slik:

"Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til at Nato erklærte angrepet på USA som en artikkel 5-situasjon, uten at medlemslandene hadde mulighet til å drøfte dette mer inngående. Dette medlem viser til at dette var første gang i alliansens historie at artikkel 5 har kommet til anvendelse, og mener det er grunn til å stille spørsmål ved måten beslutningen ble tatt på."

Bjørklund meinte vidare "at det er problematisk om norske styrker deltar i kamphandlinger hvor målet er likvidasjon av flest mulig, eller å pågripe fanger i henhold til amerikansk praksis som innebærer en lav forpliktelse i forhold til Genèvekonvensjonen, eller utlevering til strafferegimer som innebærer bruk av tortur og/eller dødsstraff."

Konklusjonen hans vart dermed å seie JA til dei nødvendige tilleggsløyvingane unntatt dei 272 millionane til "de norske styrkene som deltar i Enduring Freedom". Men SV sin motstand mot denne innsatsen var ikkje djupare enn at Bjørklund samtidig oppfordra regjeringa til "å legge fram forslag til inndekning av utgiftene til det norske bidraget til Enduring Freedom innenfor forsvarsbudsjettet for 2002". (4)

Dette gir inntrykk av at SV kunne sett annleis på norske styrker under amerikansk kommando, om det hadde vorti finansiert ved kutt i det innanlandske forsvarsbudsjettet. Kva grunn skulle SV elles ha for å rette ei slik oppfordring til regjeringa?

SVs konklusjon vart altså eit hårfint nei til den delen av den norske krigsstyrken i Afghanistan som står under direkte amerikansk kommando. Det er neppe like lett for afghanarane å sjå skilnad på dei ulike framande styrkene som okkuperer landet. Dei to frå den norske okkupasjonsstyrken i Afghanistan som hittil har komi heim med alvorlege skader, tilhøyrde så vidt eg har forstått, den delen av styrken som var finansiert med SV-støtte.

Konklusjonen er altså at SV har sagt ja til all norsk deltaking i angrepskrig utanlands etter 1990, unntatt den delen av dei norske styrkene i Afghanistan som vart stilt under amerikansk kommando. Mens eg har arbeidd med denne artikkelen, sende regjeringa Bondevik ein norsk okkupasjonsstyrke til Irak. Eg har ikkje funni ut om SV har eit offisielt syn på denne norske okkupasjonsstyrken. Eg har leita forgjeves etter offentlege politiske protestar frå SV.

Trass dette oppfattar mange SV anno 2003 som eit krigsmotstandarparti. Ettersom modig motstand mot Arbeidarpartiet si servile underordning under USA var ein sentral del av sjølve grunnlaget den gongen SF vart danna i 1961, synst eg det er stussleg å sjå at enkeltpersonar på venstrefløya i dagens SV argumenterer for at partiet ikkje må la Nato-spørsmålet stå i vegen for regjeringssamarbeid med Ap om to år.

2.2: WTO og Gats

Kritikk og negativ omtale at WTO (Verdas handelsorganisasjon) og Gats (Den allmenne avtalen om handel med tenester) finst fleire stader i SV-programma. Men den einaste gongen WTO-avtala har vori til brei behandling i Stortinget, sa SV eit rungande JA til WTO. Både blant SV-arar og folk flest er dette lite kjend.

Det skjedde i Stortinget 30. november 1994, to dagar etter folkerøystinga om medlemsskap i Europaunionen. Dette må vere eitt av dei største svika SV har begått. Den parlamentariske leiaren, Kjellbjørg Lunde var den som aller mest tydeleg varsla at det var på tide å leggje den aktive EU-kampen bak seg. Ho sa det slik:

"... og vi i SV er svært nøgde med resultatet av folkeavstemninga på måndag. Men no er vi tilbake i den politiske kvardagen, og nye krav blir stilte til oss alle. Det er no vi skal utnytte det beste i det nei som ble gitt på måndag." (5)

Det var lett å sjå på andleta i stortingssalen at både regjeringa og stortingsfleirtalet som var for å lage eit marknadsliberalt internasjonalt handelsregime, men som hadde tapt folkerøystinga, gledde seg stort over at SV så lynraskt kom tilbake til den "politiske kvardagen". 36 timar etter at oppteljinga frå folkerøystinga var ferdig, viste SV seg som eit parti borgarskapet kan stole på. Berre to utbrytarar i SV si stortingsgruppe, Jorun Hageler og Magnar Sortåsløkken, røysta for RV-forslaget om å avvise WTO og tre andre internasjonale avtalar av same slag.

Denne stortingsbehandlinga er grunnlaget for seinare arbeid med Gats (Den almenne avtalen om handel med tenester). Hadde SV, og helst Sp og, sagt NEI, ville Gats-motstanden frå starten fått eit breiare grunnlag.

Eg har dei siste par åra møtt fleire dyktige Gats-motstandarar i SV som har trøbbel med å forstå den ullne og lite konkrete likegyldigheta dei møter i SV-leiinga når dei vil gjere NEI til WTO og Gats til ei politisk toppsak.

2.3: På veg mot eit diskre tja til EU/EØS?

Vi veit jo at SV framleis er mot både EU og EØS, og det er viktig for den komande EU-kampen at partiet ikkje går vekk frå desse standpunkta. Men det er få som hugser at SV heilt frå starten av varsla eit ja til det parlamentarisk leiar Kjellbjørg Lunde i 1989 kalla "ei kritisk tilpasning til EFs indre marknad". (6)

Eit par år etter EØS-avtalen vart vedtatt, behandla Stortinget 3. februar 1995 som ei prinsippsak. Regjeringa la fram ei lov om å avskaffe grensekontroll og samtidige innføre straffereglar for transportfirma som tar ulike transportpriser "alt etter godsets opprinnelses- eller bestemmelsesland". I tillegg ville regjeringa ha eit prinsippvedtak om at regjeringa for framtida kunne innføre nye EU-forordningar og EU-direktiv utan å gå vegen om Stortinget. Regjeringa sa som sant var at dette "vil også senere lette arbeidet med å gjennomføre eventuelle nye EØS-rettsakter på dette området i norsk lov". (7)

Dette stemte SV for, utan ein einaste kommentar. Og dette var lenge før SV stod åpent fram med ambisjonen om å bli regjeringsparti.

NEI-partia Sp og KrF har vist at det ikkje går an å vere regjeringsparti utan å vere villig til å administrere innføring av stadig nye lover som følgjer med EØS-avtalen. SP måtte i praksis leggje ned kampen mot EØS da dei vart regjeringsparti.

Når SV-leiinga vil i regjering med Ap, betyr det at dei og synst det er riktig å skrinleggje kampen for å få Norge ut av EØS. For ei norsk regjering finst det berre ein utgang frå EØS-avtalen, og det er innmelding i Europas Forente Stater.

2.4: Må kommunestyret vere lydig mot staten?

Dei norske regjeringane har siste tiåret hatt ein todelt politikk for å gi betre vekstvilkår for dei største kapitalistane: Den eine delen er tilrettelegging for imperialistisk ekspansjon utanlands og utanlandskrig i den grad det trengs for å verne "norske" eller allierte imperialistinteresser.

Den andre delen er struping av kommuneøkonomien og privatisering av mest muleg av offentleg sektor innanlands. Dei kallar det gjerne "å åpne offentleg sektor".

For å vurdere SV er det viktig å sjå på korleis partiet stiller seg til den innlandske delen av regjeringas politikk.

Frå valmanifestet har eg alt nemnt eit skatteeksempel som lover dårleg: "Større frihet for kommunene til selv å bestemme nivået på kommuneskatten." Dette er ei linje for splitt og hersk mellom kommunane og står i 180 graders motsetning til krava frå Folkeaksjonen Velferd. Når denne SV-linja fram, blir dette enda vanskelegare å få til samhandling mellom kommunar som har såkalla "godt skattegrunnlag" og kommunar som ikkje har det.

I dag er kommunelova med juridisk tilbehør så snedig utvikla at det alltid vil vere "ulovleg" viss eit kommunestyre nektar å kutte budsjettet sitt så mykje som staten krev. Men SV sitt arbeidsprogram er jo klinkande klart:

"SV vil bygge allianser med folk som kjemper for et bedre samfunn utenfor det parlamentariske systemet, som fag-, miljø-, student- og kvinnebevegelsen. Vi vil erstatte pengemakt med folkemakt."

Korleis praktiserer så SV dette? I all hovudsak er det sånn at SV sine kommunestyregrupper held seg innafor dei stadig trongare rammene som den statlege strupinga fører til.

Oslo bystyre behandla 18. juni i år eit forslag frå byrådet om å kutte budsjetta for 16 av dei 25 bydelane. Etter brei omtale i Aftenposten nokre dagar før, visste alle i bystyret at 14 av dei 16 bydelane var kraftig underbudsjettert før byrådet ba om nye kutt.

I denne situasjonen gjorde Oslo SV felles sak med FrP, Ap og byrådspartia og røysta for kutt i 16 bydelar med i alt ca. 81 millionar kroner. Dette er uttrykk for ein 110 prosents legalisme. Det er nemleg ikkje "ulovleg" å stemme i mot slike kutt. Såkalla "ulovleg" etter borgarskapet sine lover blir det først dersom det blir fleirtal i kommunestyret for å ha meir omfattande tenesteyting enn det dei statlege rammene tillet.

Men eit parti som stemmer mot slike kutt, og dermed stemmer for å oppretthalde fritidsklubbar, eldresenter og barnehagar, som berre kan oppretthaldast viss kommunestyret går på tvers av spareordrane frå staten, blir upopulært i den kommunale politikareliten.

Du finn dusinvis med slike SV-eksempel berre frå dei siste to åra: Fredrikstad, Tromsø, Alta, Odda, osv. osv. Om SV sine kommunestyregrupper i slike saker istaden hadde stemt saman med RV, ville det funka som ei oppmuntring til den folkelege forsvarskampen. No svekker dei istaden denne kampen, stikk i strid med ordlyden i sitt eige program.

2.5: Offentleg eigarskap til kraftverka og kraftnettet.

I SVs prinsipprogram kan vi lese at:

"Det offentlige skal stå for nødvendig infrastruktur - post, telekommunikasjoner, jernbaner, energi- og kraftforsyning o.l."

Men da Fylkestinget i Østfold behandla forslag om å selje den delen av denne infrastrukturen som tilhøyrde Østfold Energi, ut av landet, stemte SV mot sitt eige program og saman med Ap, H, FrP og dei andre. Anne Steinsland frå RV vart einaste opposisjon. Det er tilsvarande eksempel rundt i landet, men det finst sjølvsagt og eksempel på at SV sine kommunestyregrupper har følgt programmet i spørsmålet om sal av kraftverk eller kraftnett.

2.6: Modernisering ...

I SV sitt valmanifest står det at:

"Vi vil føre an når velferdssamfunnet skal moderniseres.

Politikere, innbyggere og ansatte i kommunene må sammen ta ansvar for samfunnsutviklingen. Kommunene må gis økonomisk handlingsrom til fornyelse. Privatisering og konkurranseutsetting er ikke svaret på utfordringene."

Innhaldsmessig er dette avsnittet eit salig oppkok. Ordkombinasjonen "moderne kommune" som går igjen i manifestet, kan bety kva som helst.

For høgresida er opprettinga av nye, marknadsstyrte foretak eit viktig ledd i den moderniseringsprosessen som skal åpne kommunal sektor for privatisering. Ei ny foretaksform heiter KF. Det betyr Kommunalt foretak (8). Dette er 98 % likt eit AS. Kommunelovas § 68 pkt. 5, som SV røysta i mot i Stortinget, krev at alle styremøte i eit KF går for stengte dører viss ikkje kommunestyret har vedtatt noko anna. Neste steg, som er svært enkelt, er å omdanne KF-et til eit AS.

I Oslo bystyre kan det sjå ut som SV har vorti "meir moderne" i løpet av dei siste tre åra. Da Høgre-byrådet i desember 2000 foreslo å samle alle skolebygningane i Undervisningsbygg Oslo KF, sa SV nei. Dette foretaket skal drivast på kommersielt grunnlag, dvs. på same vis som eit eigedomselskap organisert som AS.

Men da byrådet sommaren 2002 gjekk vidare og foreslo ei tilsvarande oppretting av Omsorgsbygg Oslo KF, sa SV ja-takk. Alle barnehagebygga, sjukeheimsbygga osv. skal samlast i dette eigedomsforetaket som så skal leige ut lokala til kvar enkelt institusjon. Knut Even Lindsjørn formulerte SV sitt syn på dette i bystyret 11. juni 2002: "SV vil at Oslo kommune skal føre en aktiv og offensiv eiendomspolitikk. (...) Da tror SV at organisering i kommunale foretak kan være fornuftig. Kommunale foretak kan gi både en mer effektiv og selvstendig styring, samtidig som den ansvarsbegrensing som følger av den driftsformen sikrer nødvendig offentlig styring."

2.7: Morsmålsundervisning

Det er no 12 år sia at SV for første gong vart med i byråd i Oslo. Den gongen stilte Oslo Ap under leiing av Rune Gerhardsen blant anna krav om at SV måtte gå med på å avvikle morsmålsundervisninga i grunnskolen. Hausten 1991 var det skarp usemje om dette i Oslo SV. Kari Pahle, som i 2003 er Oslo SV sin byrådsleiarkandidat, har fortald meg at ho den gongen var usamd i avviklinga av morsmålsundervisninga. Men Gerhardsen og Ap stod på sitt. Og SV bøygde av. Eit drygt år etterpå la A/SV-byrådet fram ein ny modell for undervisninga der morsmål for minoritetselevane vart redusert til å vere såkalla "redskapsspråk", altså berre eit hjelpemiddel for å lære norsk. Etter den tid har titusentals minoritetselevar i Oslo betalt stadig nye avdrag på denne delen av SVs inngangsbillett til byrådsmakt.

Del 3: Forsøk på ein konklusjon

Når dagens SV omtalar seg som "sosialistisk parti med en visjon om et samfunn uten klasseskiller" kan partiet samanliknast med ein Meny-butikk som sel harskt kvalfett med innpakning og pris som om det var Tine meierismør. Næringsmiddeltilsynet er for tida såpass oppegåande at verken Rimi, Rema eller Meny prøver seg på den slags, i alle fall ikkje i stor stil.

I politikken finst det ikkje noko næringsmiddeltilsyn. Det er tvert om slik at det å lyge og bløffe er ein kunst. Herskarklassen sine politikarar bruker store ressursar på å utvikle kunsten til stadig høgare nivå.

Det er i denne samanhengen at SV er mest skadeleg. Styringssystemet i Norge er slik at kvart einaste kommunestyre er tiltenkt rolla som "Erna Solbergs skrankepersonale", for å låne ei sjølbeskriving frå Ap-ordførarar Ola Svaet i Sel kommune. For folkeleg forsvarskamp gjer det ikkje så stor skade om FrP og H går inn i den rolla. Skaden blir større når det populære, sosialistiske SV slår lag med høgre-partia i kommunestyret. Mange blir desillusjonert. Ideen om at det likevel ikkje nyttar å slåst får ny næring kvar gong ei kommunestyregruppe i SV oppfører seg som "Erna Solbergs skrankepersonale".

Eg synst det i den komande valkampanja blir viktig å plukke sund den sosialistiske salsinnpakninga som leiinga i SV skjuler dei politiske handlingane sine bak. Denne sundplukkinga er ikkje enkel. Det har blant anna å gjere med at mange medlemmar og tillitsvalde i SV er i det vi kan kalle "god tru". Det er ikkje dei som skal plukkast sund. Dei er sosialistar og mange av dei deltar både i antiimperialistisk solidaritetsarbeid og i ulike folkelege forsvarsaksjonar. Men dei har ofte liten kunnskap om kva partiet verkeleg gjer i det Kjellbjørg Lunde så presist kalla "den politiske kvardagen".

Eg trur det blir særleg viktig å få til ein jovial og kameratsleg diskusjon med SU-aktivistar som er revolujonære både i tankar og ord og som og ønskjer å utvikle ein revolusjonær praksis og. Men for meg ser det til å vere nok av konkrete eksempel på at dei spenner bein både under sin eigen argumentasjon og det verdigrunnlaget dei sjølve står for, viss dei oppfordrar folk til å stemme SV eller organisere seg i SV.


Noter:

1) Intervju i NRK 15. september 1993, gjengitt i Verdens Gang 16. september 1993. [Tilbake]

2) Rapport fra US Defence Intelligence Agency i februar 1991, gjengitt på side 43 i Krigen mot Irak - motivene bak, utgitt av AKP og Røde Fane i 2003. [Tilbake]

3) Innst. S. nr. 88 (1995-96) om Samarbeidet i Atlanterhavspakta i 1994, side 2 og 3. [Tilbake]

4) Alle sitat er frå Forsvarskomiteens Innst. S. nr.119 (2001-2002) som handla om finansiering av tiltak mot terrorisme og norske styrker i Afghanistan. [Tilbake]

5) Forhandlinger i Stortinget 30. november 1994, side 1500. [Tilbake]

6) Stortingsreferat 20. november 1989. [Tilbake]

7) Sitatene i dette og i foregående avsnitt er fra Odelstingsproposisjon nr. 26 (1994-95). [Tilbake]

8) Reglane for denne nyskapinga finst i det nye kapitel 11 i Kommunelova som Stortinget vedtok 23. november 1998. SV gjorde framlegg om at styremøta skulle vere åpne. [Tilbake]