Til Røde Fane si heimeside
Artikkeloversikt sortert på forfattar
Artikkeloversikt sortert etter utgåve
Artikkeloversikt sortert på tema
Til heimesida til AKP

Debatt

Svar til Lars Akerhaug

av Hans Olav Brendberg

Røde Fane nr 3, 2003


I Raude Fane nr 4, 2002 gjekk eg gjennom bakgrunnen for Balfour-erklæringa, og tok til orde for ei revurdering av synet vårt på tilhøvet mellom sionismen/Israel og stormaktene. Lars Akerhaug svarar i Raude Fane nr 1, 2003.

Eller - det er i grunnen det han ikkje gjer. Akerhaug konkluderer utan argumentasjon. "Det kan være liten tvil om at uansett stormaktenes daværende intensjoner har sionistbevegelsen og den senere staten Israel, blitt stormaktenes redskap."

Eg meiner biletet av Israel som ein reidskap for imperialistiske ambisjonar i området, er så forenkla at det er villeiande. Det politiske spelet til sionismen/Israel har alltid hatt eit element av å "gjera jobben for imperialismen". Dette har ikkje vore avgrensa til Midt-Austen; dei mest grisete oppdraga i Latin-Amerika har vorte utført av israelske tenester på vegne av USA. Israel er ei stormakt i torturbransjen, ikkje berre lokalt. Men rolla som reidskap eller lakei er berre ei side av tilhøvet mellom sionismen og stormaktene. Sionismen og Israel har i tillegg forfølgt eigne mål - om naudsynt på tvers av stormaktsinteressene (som til dømes Pollard-saka i USA syner). Storbritannia fekk aldri noko att for rolla som tilretteleggjarar for sionismen. Den eine gongen britane brukte Israel som alliert, under Suez-krisa, førte dette til at London mista venene sine i området. To år etter at israelske soldatar slost side om side med britane kom revolusjonen i Irak, og den britiske stormaktsposisjonen i området gjekk i oppløysing. Israel tente på alliansen med britane - men britane tapte stort. Ein parallell til det som er i ferd med å skje no.

Medan eg skriv dette, sit eg med J J Goldbergs bok Jewish Power framfor meg. Goldberg og andre sionistiske, amerikanske jødar fører ope den diskusjonen som norsk venstreside er livredd for. Goldberg syner greitt samanhengen mellom den førre George Bush sitt forsøk på å leggja press på Israel og reaksjonen i det jødiske samfunnet i USA som bidro sterkt til at han tapte neste presidentval. Det er ingenting mystisk ved jødisk makt i USA - når ein først vedgår at ho finst. Det dreier seg ikkje om ein hemmeleg konspirasjon: Alle organisasjonane, frå ADL og AJC til JINSA og ZOA opererer heilt ope, med ein kjent dagsorden. Men når mylderet av amerikansk-jødiske organisasjonar dreg i same retning utgjer dei ei formidabel makt. Papa Bush sitt framlegg om å halda tilbake lån til Israel i 120 dagar i 1991 for å leggja press på Shamir før Madrid-tingingane, førte til ein invasjon av 1.300 lobbyistar på Capitol Hill. Og denne politiske strukturen er langt eldre enn den israelsk-amerikanske alliansen som først og fremst tok form i Nixon-perioden. "Israel-lobbyen" er berre ein liten del av eit større bilete.

Kunnskap er makt. Mangelen på røynleg, konkret og detaljert kunnskap om korleis den jødiske diasporaen, først og fremst den amerikanske, verkar inn på hendingane i Midt-Austen er i røynda ein garanti for maktesløyse. Så lenge omgrep som "neokonservatisme" stort sett er eit framandord på norsk venstreside, så lenge det er tabu å diskutera samanhengen mellom jødisk religion og kastefunksjonen til det jødiske samfunnet dei siste 2.000 åra, og så lenge Israels geopolitiske ambisjonar og grunnleggjande statsideologi ikkje blir diskutert - endar ein opp med overflatisk fordøming av staten Israel, ikkje forståing av korleis ein effektivt kan motarbeida sionismen.

Den jødiske kasten dyrka eit mytisk sjølvbilete som evige offer for grunnlaus vald - Satan sitt hat mot Gud. I dette verdsbiletet gjekk det grunnleggjande skiljet mellom jøde og goyim, slik ein møter det i til dømes påskeliturgien sine ord: "I kvar generasjon reiser dei seg mot oss for å øydeleggja oss, men Den Heilage, velsigna vere Han, reddar oss frå hendene deira." Denne ideologien formar ikkje berre israelsk politikk og verdsbiletet til det jødiske samfunnet i USA. Venstresida har i stor grad ukritisk overteke biletet av jødane som "evige offer", og er livredde for å gje Satan veslefingeren ved å opna opp for røynlege diskusjonar kring desse problema. Om ein elles ikkje trur på Satan, er den irrasjonelle redsla for djevlemakt svært sterk nett her.

I grunnen er det lite eg kan gjera med dette. Redaksjonen i Raude Fane har gjort det klårt at dei ikkje ønskjer denne diskusjonen, og vil ikkje trykka mine tekstar om jødedomen som politisk struktur. Og utan ein open diskusjon der ein kan prøva ut argumenta endar ein opp som Lars Akerhaug: Ein har konklusjonane klåre, men manglar argument.