Til Røde Fane si heimeside
Artikkeloversikt sortert på forfattar
Artikkeloversikt sortert etter utgåve
Artikkeloversikt sortert på tema
Til heimesida til AKP

AKP 30 år

Frigjeringskamp
- ikkje individuell terror

av Erling Folkvord

Røde Fane nr 3, 2003

Erling Folkvord står på førsteplass på RVs liste i Oslo og er medlem av AKP


AKP vart danna i ein periode da det vaks fram såkalla "raude" terroristgrupper i fleire land i Vest-Europa.

Det var derfor både naturleg og nødvendig at stiftingslandsmøtet tok stilling til bruk av terrormetoder. Prinsipprogrammet som vart vedtatt i februar 1973, hadde eit eige kapitel om vegen til sosialismen. Programmet avviste både den parlamentariske "ministersosialismen", ideen om at kapitalistisk statseigedom er ein veg til sosialismen og "ideen om at Norge kan gjøres sosialistisk ved invasjon". Terrorismen fekk eit eige avsnitt saman med desse andre politiske blindspora, og vart karakterisert slik:

"Med et monopolborgerskap væpnet med alle moderne krigsmidler, gis det nødvendigvis ingen fullstendig fredelig overgang til sosialismen. Men terrorismen - smågruppenes væpnete kamp "på vegne av arbeiderklassen" - er ingen farbar vei. Den setter geværløpet foran politikken og setter massene som tilskuere til et fåtall "helter". Militært betyr det selvmord, politisk gir det reaksjonen påskudd til fascistiske overgrep." (1)

AKP si haldning til individuell terror har dei siste 30 åra vori ein viktig grunn til at såkalla "raude" terroristar aldri har fått fotfeste i Norge, sjølv om det fleire gonger har dukka opp enkeltpersonar og grupper som har argumentert for ulike former for smågruppevald "på vegne av" folket. Det vil vere ulike grunnar til at enkelte syns den slags er enklare enn den meir slitsame vegen med å vinne politiske tilslutning til ideen om at arbeidarklassen sjøl må organisere seg for å knuse kapitalismen. Midt på 1980-talet vart det gjort eit amatørmessig forsøk på å tenne på ein Shell-stasjon i Oslo. Hjernen bak "aksjonen" trudde kanskje at dette skulle styrke den boikottkampanja mot Shell som var ein del av den verdsomspennande kampen mot det kvite apartheid-regimet i Sør-Afrika. Enkelte av dei som gjennomførte ein husokkupasjon i Oslo i 1987, argumenterte slik at det høyrdest ut som dei trudde at dei skulle vere i stand til å slåst mot politiet med delvis militære metoder. Ein politirazzia i Blitz-huset i Oslo midt på 1990-talet viste at det i kjellaren var lagra råvarer til å lage såkalla molotov-cocktails. Stort alvorlegare har det ikkje vori. Eg vil tru at den politiske linjekampen som har vorti ført mot slike former for "aksjonisme", har gjort sitt.

Men dette har sjølsagt ikkje hindra at borgarlege politikarar som vil forsvare det kapitalistiske systemet og den imperialistiske verdsordninga, har haldi fast på den gamle, innarbeidde vanen med å stemple kommunistar som terroristar. Denne hersketeknikken vart brukt mot norske kommunistar lenge før AKP var påtenkt. Både for sosialdemokratiske toppolitikarar og dei erklært borgarlege har det vori viktig å viske ut skiljet mellom individuell terror og rettferdig frigjeringskamp med nødvendig bruk av våpen og vald. Det kan derfor vere nyttig med eit kort blikk på linjekampen i dei åra Noreg var under tysk okkupasjon.

Da den kommunistiske sabotøren Asbjørn Sunde, kjend som "Osvald", i mars 1942 mottok ei liste med namna på eit 20-tals personar som politimannen Asbjørn Bryhn ønska å få likvidert, var dei likvidasjonane som lyktest, ein del av ein rettferdig forsvarskrig mot den tyske okkupasjonen. Asbjørn Bryhn, som seinare vart sjef i Overvakingspolitiet, var i første del av andre verdskrig med i ei motstandsgruppe i Oslo-politiet og samarbeidde med fleire andre grupper. Lista over dei som skulle likviderast, var ikkje påfunn av enkeltpersonar. Det var resultat av samråding mellom fleire motstandsgrupper. Til slutt hadde ein illegal dommar innafor motstandsrørsla avsagt dei 20 dødsdomane som "Osvald" vart beden om å hjelpe til med å gjennomføre.

Da Osvald-gruppa 21. august 1942 sprengde Statspolitiet sitt hovudkvarter i Henrik Ibsensgate 7, hadde Asbjørn Sunde sjølv nettopp avslutta eit anna, og denne gongen mislykka, likvidideringsoppdrag saman med politimannen Asbjørn Bryhn. Historikaren Lars Borgersrud skriv at Bryhn og Sunde saman hadde tatt på seg oppdraget med å ta livet av "statspolitilegen Hans Eng som var beryktet for sin fangehåndtering, og for deltakelse i henrettelser" (2). Denne likvideringsaksjonen mislyktest, mens Osvald-gruppas eigen sprengingsaksjon i Stapo-hovudkvarteret var vellykka og kosta livet til ein av dei mest forhatte torturistane, som og stod på lista over dei 20. Ingen skal undrast over at den tids NTB karakteriserte dette som ei av dei mest "dyriske skjendselsgjerninger den kommunistiske terrorbanden har begått".

Lars Borgersrud som har dokumentert historia til "Osvald"-gruppa, gir denne beskrivinga av aksjonen:

"Sunde, Sigurd Hansen, Håkon Eriksen, Alf Kristiansen og Peter Bruun tok litt før 24.00 drosje til trappen foran Deichmann-søylene. Derfra spaserte de gjennom søylegangen, ned N. Hammersborggaten og Møllergaten til bakgården ved Henrik Ibsensgate 7, hvor Sunde låste dem inn. De listet seg stille gjennom korridoren forbi politiets Akeravdeling, opp til baktrappen til 6. etasje, og gjennom korridoren fram til værelse nr. 11, hvor torturistene Thorhus, Dønnum, Tofteberg og Vogt hadde sine kontorplasser. Mens Håkon Eriksen holdt vakt koplet Sunde opp en 2,5 kgs sprengladning mot Toftebergs telefonrørledning. Ladningen skulle virke slik at den ble satt av når Tofteberg tok av telefonrøret. Deretter tok de med seg det de hadde plass til av papirer, og forlot kontoret samme veg de hadde kommet." (3)

Den såkalla "Kretsen", den uformelle leiinga i den sivile heimefronten, kravde raskt at London-regjeringa måtte gripe inn mot dei som brukte slike metodar i kampen mot okkupasjonsmakta. Dei sende eit krasst brev til utanriksminister Trygve Lie: Dersom "uansvarlige nordmenn" held fram med "hensiktsløse terrorhandlinger" vil tyskarane få gode påskott til motterror. "Folket vil bli lamslått og splittet og store lag vil falle fra i passivitet. Ingen vil finne det merkelig at tyskerne besvarer den slags med terror, og en fortsatt nasjonal frigjøringskamp etter de linjer vi har ført, vil ikke bli gjennomførbar." Dei ba Trygve Lie instruere den militære leiinga om å forby alle former for støtte til "terroristiske anslag". Dei sa og frå at "vi er bekjent med at en norsk militærperson som har oppholdt seg i Norge i sommer, har vært i forbindelse med kommunistene, og så vidt vi har forstått, gitt sin konfirmasjon av den nye linje de har slått inn på" (4).

Statsminister Johan Nygårdsvold (Ap) reagerte raskt og heldt 6. september 1942 ein radiotale frå London. Han gjekk ikkje så langt i språkbruken som "Kretsen", men han ba "alle om å avholde seg fra individuelle aksjoner som ikke tjener noen fornuftig hensikt, men som vil føre til skjerpet terror fra quislinger og tyskere" (5). Statsministeren valde sikkert orda sine med omtanke, men ordbruken hans var misvisande. Borgersrud peiker på at "sprengningen av Henrik Ibsens gate 7 var ingen individuell aksjon, men en etter norske forhold omfattende militær aksjon" (6).

I nazipressa vart Alf Kristiansen og Reidar Kristoffersen framstilt som moralsk øydelagte leigemordarar av aller verste slag. Overlege Johan Scharffenberg - som på 1930-talet var ein framståande talsmann for rasehygiene - retta i 1947 eit voldsomt åtak mot Sunde. I eit avisinnlegg i Morgenbladet framstilte han Asbjørn Sunde som ein terrorist som likte å ta liv, og spurde polemisk: "Hva ga Asbjørn Sunde rett til å handle på en gang som anklager, dommer og fullbyrder?" (7) Sunde svara sjøl at det var "umulig ved en avispolemikk å klarlegge de motiver som lå til grunn for aksjonene, og jeg anser det derfor formålsløst på denne måte å prøve å renvaske mine drepte kamerater for anklagen om å være eventyrjegere og banditter" (8).

Det tener den da nyutnemnde overvakingssjefen Asbjørn Bryhn til lita ære at han ikkje tok offentleg til orde og fortalde den verkelege samanhengen. Asbjørn Bryhn var, ved sida av Jens Christian Hauge, ein av dei som kunne ha gitt eit sannferdig svar og klarlagt det nære samarbeidet som i 1942 eksisterte mellom Osvald-gruppa, motstandsgruppa i Oslo-politiet og ein del av Milorg. Hausten 1947 var kommunisten Asbjørn Sunde definert som fiende. Alt var lov i den kampen som da var i emning for å bringe kommunistane i vanry.

AKP avviste Rote Arme-fraktion

Etter at motstanden og frigjeringskampen mot vestleg kolonistyre vaks i styrke over heile kloden, vart slutten av 1960-åra og første del av 1970-åra ei vekstperiode for mange slags meir og mindre radikale politiske retningar i Europa. Blant anna i Tyskland og Italia voks det fram såkalla revolusjonære grupper som brukte individuell vald og terror. I enkelte radikale ungdomsmiljø på kontinentet fanst det ein viss sympati for den "radikale" Andreas Baader som i 1968 vart dømt til tre års fengsel for å ha tent på eit varehus. 14. mai 1970 vart han befridd frå Tegel-fengslet i Vest-Berlin av journalisten Ulrike Meinhof og fleire andre (9). Dei kalla seg Rote Armé-fraktion (RAF), men vart gjerne omtala som Baader-Meinhof-gruppa, og gjennomførte fleire attentat og drap i Tyskland. Dei likviderte blant anna rettspresident Günther von Drenkmann og Hanns-Martin Schleyer, presidenten i den vestyske arbeidsgivarorganisasjonen. Desse aksjonane ga "reaksjonen påskudd til fascistiske overgrep", slik det var formulert i AKP-programmet.

Ei lita gruppe skulle vekke arbeidarklassen gjennom eliteaksjonar der "heltane" tok livet av meir eller mindre forhatte representantar for herskarklassen. AKP si avvising av den slags, kombinert med den styrken partiet hadde i mange ungdomsmiljø i den perioden da terroristideane hadde medvind i Tyskland og Italia, er sannsynlegvis årsaka til at slike grupperingar aldri klarte å skaffe seg avleggarar i Norge.

Jan-Carl Raspe frå Baader-Meinhof-gruppa let vere å ta kontakt med partileiinga i AKP da han i 1974 var på ein liten Norges-turné. Raspe oppsøkte i staden raude miljø fleire stader på Austlandet. Ærendet hans var å opprette kontakt med norske grupper, blant anna for å få i gang felles våpentrening. Raspe feilvurderte publikummet sitt. Dei medlemmene av AKP han kom i kontakt med, avviste invitasjonen hans og varsla partileiinga om kva slags besøk dei hadde fått (10). Jan-Carl Raspe var ein av dei tre tyske terroristane som vart funnen død i Stammheim-fengslet i Stuttgart 18. oktober 1977, nokre få timar etter at den mislykka flykapringsaksjonen i Mogadishu var avslutta. Fengselsleiinga sa det var sjølvmord. Ulrike Meinhof hadde hengt seg i det same fengslet eitt og eit halvt år tidlegare.

Kritiserte flykapring, men støtta frigjeringskrig

AKP tok avstand frå det dei tyske og italienske terroristgruppene stod for, og kritiserte og dei flykapringsaksjonane som palestinske organisasjonar gjennomførte. Vi støtta palestinarane si sak, men var på dette punktet usamde med dei i valet av kampmetoder. Samtidig var full støtte til dei indokinesiske folka sin frigjeringskrig eit av dei politiske spørsmåla som skilde AKP frå mange andre radikale i Norge. Når radikale sosialdemokratar i Skandinavia sa "Fred i Vietnam nå", stilte m-l-arane parolen "Seier for FNL", dvs. at vi arbeidde for at Den nasjonale frigjeringsfronten skulle vinne ein militær siger over den amerikanske invasjonshæren. I den svenske debatten mitt på 1970-talet formulerte Jan Myrdal sitt standpunkt slik:

"Folkene i Indokina frigjør seg. De bruker vold. Deres krig er rettferdig, men det er en krig. Frigjøringsfrontens kuler dreper. Til tross for dette støtter vi folkene i Indokina. Vi mener også at vårt folk har samme rett til et nasjonalt selvforsvar. Det er hykleri å si at vi fordømmer den individuelle terrorismen på grunn av volden i seg selv. Det er lett å hykle på den måten. Men det er ikke riktig. Vold og vold er ikke alltid det samme.

Det er ikke "helter" og "genier" som former historien. Det er folket som er drivkraften. Den som - på vegne av "venstrekreftene" eller "revolusjonen" - hevder at en individuell terror kan være nyttig i visse ekstreme tilfeller fordi den fungerer som en gnist, tar feil. Individuell terror kalles ikke individuell terror fordi terroren retter seg mot et individ (i store nasjonale frigjøringskriger og folkelige revolusjoner er det jo også individer som dør), men fordi den utføres individuelt. (...) Selv i den mest ekstreme situasjon er den individuelle terroren negativ fordi den passiviserer massene. (...) Det er i vurderingen av folket og heltene den store forskjellen mellom venstre- og høyresida viser seg. De menn og kvinner som forsvarer en individuell terror, står politisk til høyre blant andre heltedyrkere og overmenneskesvermere, uansett hvilke revolusjonære fraser de bruker."(11)

Eg oppfattar dette innlegget som ei grei samanfatning av det som heilt frå partistiftinga i 1973 har vori AKP sitt grunnlag for å avvise individuell terror som politisk metode.

AKP har aldri programfesta "væpna revolusjon"

Det er likevel ikkje få spaltemeter som er skrivi i norske avviser for å framstille AKP som tilhengjarar av terrormetoder. Parolen "væpna revolusjon" har vori ein gjengangar i slike hatartiklar mot AKP. Det er svært få, både utafor og i AKP som har fått med seg at denne parolen aldri har vori ein del av partiet sitt program.

Men påstandane om AKPs programfesting av "væpna revolusjon" har gong på gong vorti brukt som grunngiving blant anna for at dei hemmelege tenestene måtte kartlegge heile organisasjonen. Pensjonist Kåre Willoch er berre ein av dei borgarlege logikarane som har gått til knusande åtak på dette ikkje-eksisterande punktet i partiprogrammet: "AKP (m-l) hadde som kjent programfestet væpnet revolusjon. Det kan med andre ord ikke være tvil om at medlemskap innebar tilslutning til et ulovlig formål," sa den tidlegare statsministeren da han i 1997 møtte til høyring i Stortingets kontrollkomite etter at Lund-kommisjonen hadde lagt fram rapporten om korleis ulike regjeringar frå 1945 til 1996 hadde brukt dei hemmelege tenestene som innanrikspolitisk meiningspoliti. Lund-kommisjonen er derimot einig i at "uttrykket 'væpna revolusjon' var ikke programfestet i de offisielle prinsipprogrammene og vedtektene" (12).

Men rett skal vere rett. Særleg i 1976-77 brukte nok både partileiar Pål Steigan og mange andre partitalsmenn uttrykket slik at det gjekk an å tolke det som om partiet tenkte seg revolusjonen som eit militært felttog. Motstandarane lyktest i alle fall ofte med å framstille det slik. I etterpåklokskapens klare lys er det lett å sjå at partileiinga fire år etter partistiftinga gav ein del hjelp til dei som ønskte at folk skulle forbinde AKP med vilje til offensiv valdsbruk. RV si valavis frå 1977 melde at "RV er det eneste partiet som stiller til valg med væpna revolusjon og proletariatets diktatur på programmet". På denne tida hadde ikkje RV eigen organisasjon og eige landsmøte. Valavisa var sikkert klarert av partileinga i AKP, men denne formuleringa gjekk altså ut over det partiprogrammet som landsmøtet hadde vedtatt.

Dette er ikkje einaste tilfellet der meir og mindre autoriserte talspersonar marknadsfører politiske standpunkt som avvik frå det landsmøtevedtatte partiprogrammet. Den slags er vanleg i alle parti. For AKPs del har nok dette medverka til at mange har fått ei uriktig oppfatning av det synet på den sosialistiske revolusjonen som partiet har programfesta.

I 2003 er AKP, likeeins som i 1973, for ein sosialistisk revolusjon, og ønskjer at omveltinga kan skje på fredeleg vis. Men partiet meiner all erfaring tyder på at borgarskapet vil slå tilbake med valdsmakt og at folket må vere budd på å forsvare sosialismen med våpenmakt og. Personleg er eg meir sikker i dag enn i 1973 på at det er ei dødslinje å tru noko anna. Ingen erfaringar tyder på at Norge skal bli det historiske unntaket der kapitalistklassen i ein skjerpa situasjon ikkje bruker den valdsmakta dei rår over, viss dei ikkje klarer å sikre den kapitalistiske samfunnsordninga på anna vis.

Vi kjem nok til å gjere fleire erfaringar som stadfestar dei slutningane Jan Myrdal formulerte for snart 30 år sia: "Selv i den mest ekstreme situasjon er den individuelle terroren negativ fordi den passiviserer massene. (...) Det er i vurderingen av folket og heltene den store forskjellen mellom venstre- og høyresida viser seg. De menn og kvinner som forsvarer en individuell terror, står politisk til høyre blant andre heltedyrkere og overmenneskesvermere, uansett hvilke revolusjonære fraser de bruker."

Noter: