Til Røde Fane si heimeside
Til heimesida til AKP


USAs imperialistiske
ambisjonar og Irak

av redaktørane i Monthly Review

Røde Fane nr 1, 2003

Redaktørene i Monthly Review er Paul M Sweezy, Harry Magdoff,
John Bellamy Foster og Robert W. McChesney
Artikkelen, som stod i Monthly Review desember 2002, er omsett av Gunnar Danielsen


Hovudmålet med Washingtons Irak-politikk er ikkje mindre enn å fremme verdsherredømme for USA, ved å hevde dominansen sin over heile Midtausten. Det verda står framfor nå, er derfor ei avgjørande ny utvikling i imperialismen si historie.

Offisielt er målet med Washingtons Irak-politikk i dag eit "regimeskifte" - anten ved militærkupp eller gjennom invasjon frå USA, rettferdiggjort som eit "førebyggande åtak" mot ein røvarstat oppsett på å utvikle og spreie masseøydeleggingsvåpen (note 1). Men ein invasjon frå USA, om han skulle komme, vil ikkje avgrense seg bare til regimeskifte i Bagdad. Hovudmålet er ikkje mindre enn å fremme verdsherredømme for USA, ved å hevde dominansen sin over heile Midtausten. Det verda står framfor nå, er derfor ei avgjørande ny utvikling i imperialismen si historie.

Imperialismen i dag er avgjort ikkje slik han var på 1800-tallet. Tidleg i den moderne imperialismen si historie utfordra mange makter det britiske hegemoniet i ulike delar av verda - særleg Tyskland, Japan, og USA. Imperialismen hadde mange særdrag i denna perioden: Dei europeiske maktene som delte Afrika; auka gjensidig konkurranse på markeda i Europa; Tyskland utfordra i aukande grad London som kjerneområdet i det internasjonale pengemarkedet. Samtidig freista USA komme seg inn på dei europeiske markeda, og utvikla sine eigne koloniar og interesseområde i Latin-Amerika og Asia. Hovudårsakene til første verdskrigen omfatta både den bitre kampen mellom stormaktene om koloniar og marked, og den tyske freistnaden på å eliminere Storbritannia som sentrum for internasjonale penge- og varemarked.

Perioden etter første verdskrigen representerte andre fase i den moderne imperialismen. Gjennom Versailles-traktaten delte vinnarane byttet, med eit felles mål - nederlag for bolsjevismen. Thorstein Veblen skreiv at å feie bolsjevismen av kartet ikkje bare var ein hemmeleg del av Versailles-traktaten, det var sjølve fundamentet for avtalen (Essays in Our Changing Order, 1934, side 464). Men planen om å isolere og velte Sovjetunionen vart avbrote av depresjonen og av andre verdskrigen, som kom som resultat av kampen aksemaktene Tyskland, Italia og Japan førte for å skaffe seg ein større bit av verda.

Ein tredje fase i imperialismen utvikla seg etter andre verdskrigen. Under krigen hadde USA, som ein ny hegemonisk stat innanfor den kapitalistiske verda, utvikla ein plan for å vinne kontroll over det dei såg på som dei strategiske sentra i verdsøkonomien - eit mål som på den tida bare vart avgrensa av det sovjetiske interesseområdet. I den samanhengen beskreiv Noam Chomsky i november 1981 korleis USAs geopolitiske strategi vart utvikla i perioden slik:

"Den allmenne tenkemåten som utanrikspolitikken i USA har utvikla seg innanfor sidan andre verdskrigen, er best framstilt i planleggingsdokumenta som vart laga under krigen av Utanriksdepartementet og Rådet for utanlandssaker, som møttest i ein 6-årsperiode i War and Peace Studies Program, 1939-45. Dei visste, iallfall i 1941-42, at USA på slutten av krigen ville sitte med ein kolossal verdsomspennande dominans. Spørsmålet vart: "Korleis organiserer me verda?"

Grand Area

Dei laga eit opplegg kjent som Grand Area Planning, der Grand Area er definert som det området som med deira ord var "strategisk naudsynt for verdskontroll". Den geopolitiske analysen bak freista klarlegge kva område av verda som måtte vere "åpne" - åpne for investeringar, åpne for gjeninnføring av profitt som leiesnor for politikken. Dvs. åpne for å bli dominert av USA.

For at USA-økonomien skulle lykkast utan forandringar innanlands (eit avgjørande punkt som går igjen i alle diskusjonane i denna tida), utan omfordeling av inntekt eller makt, eller politiske reformer, slo War and Peace-programmet fast at minimumsområdet som var strategisk naudsynt for verdskontroll, omfatta heile den vestlege halvkula, det tidlegare britiske imperiet som dei var i ferd med å bygge ned, og Fjerne Austen. Det var minimum, og maksimum var verda.

Ein stad i mellom dei to låg opplegget med Grand Area - og oppgava med korleis det skulle organiserast med finansinstitusjonar og planlegging. Detta rammeverket heldt seg konstant gjennom heile etterkrigstida."

Frigjøringa av dei europeiske koloniane og nederlaget for Japans ambisjonar i Stillehavsområdet gjorde at USA-kapital, støtta av USAs militærmakt, kunne starte med å trenge seg inn på marked som tidlegare hadde vore utilgjengelege. Mens Bretton Woods-avtalen gav eit nytt økonomisk rammeverk for imperialistmaktene, vart USA-styrkar og skjulte militæroperasjonar sett i verk i aukande tempo rundt om i verda - krigar i Korea og Vietnam, styrtinga av regimet i Iran, Guatemala og Chile, freistnaden på det same på Cuba, og innblanding i tallrike borgarkrigar i Sentral-Amerika og Afrika.

Avgjørande for heile tanken om Grand Area var kontroll over Midtausten, som vart sett på som del av det gamle britiske imperiet, og absolutt naudsynt for å ha økonomisk, militær og politisk kontroll over verda - ikkje minst fordi det var lageret for mesteparten av dei kjente oljereservane i verda. Slik starta USA ein lang serie åpne og hemmelege intervensjonar i regionen på 1950-tallet; den viktigaste her var kuppet i 1953 mot det demokratisk valte Mossadeq-styret i Iran, som hadde nasjonalisert utanlandseigde oljeselskap. USAs innsats ga klar suksess. Mellom 1940 og 1967 auka USA-oljeselskap kontrollen over oljeressursar i Midtausten frå 10 % til nær 60 %, mens ressursar under britisk kontroll minska frå 72 pst i 1940 til 30 % i 1967. (H. Magdoff, Age of Imperialism, side 43.)

Den forseinka integrasjonen av Vest-Europa, dels som resultat av økonomisk stagnasjon, betydde at dei ikkje var i stand til å utgjøre det bolverket mot USA som europeiske leiarar hadde håpa på. Med eit veikt Europa, og eit Japan utan evne til å utfordre USA seriøst i Asia, og nederlaget til den faktisk eksisterande sosialismen i Europa tidleg på 1990-tallet, så var vegen rydda for ein fornya periode med eit USA-hegemoni, som delvis hadde bleikna på 1970- og 80-tallet.

Ser ein på den historiske utviklinga til imperialismen, er det klart at det verkelege motivet bak Washingtons kampanje for å starte krig mot Irak nå, ikkje er noa form for reell militær trussel frå landet, men heller å få demonstrert at USA er i stand til å bruke makta si når dei sjølv vil. Som Jay Bookman, fungerande redaktør i Atlanta-Journal Constitution, såg det ("Presidentens verkelege mål i Irak", 29. september 2002):

"Den offisielle framstillinga om Irak har aldri gitt meining ... Den (trusselen om invasjon i Irak) dreier seg ikkje om masseøydeleggingsvåpen, eller terrorisme, eller Saddam, eller FN-resolusjonar. Om krigen skulle komme, skal han markere at USA fullt ut er eit verdsimperium, som tar ansvar og makt som verdspoliti aleine. Det vil vere slutten på ein plan som har vakse fram gjennom meir enn 10 år, gjennomført av dei som trur at USA må gripe høvet til å dominere verda, sjølv om det vil bety at me blir dei "amerikanske imperialistane" fiendane våre alltid har hevda me har vore "Romarriket nøyde seg ikkje med å forsvare grensene, men erobra. Og det bør me."

Forsvar av imperium

Imperialistiske erobringskrigar krev alltid ei slags rettferdiggjøring, same kor urettvise dei måtte vere. Ofte har det vore løyst med doktrinen om forsvarskrig. Joseph Schumpeter (note 2) skreiv om romarriket på den tida det ekspanderte mest, i essayet The Sociology of Imperialisms frå 1919:

"Det fanst ikkje den avkrok av den kjente verda der ei eller anna interesse ikkje var utsett for påståtte åtak eller i fare. Om det ikkje var romerske interesser, var det romarane sine allierte som var utsett, og om dei ikkje hadde allierte, ville allierte bli oppfunnen. Når det var komplett uråd å finne på slike interesser - vel, så var det den nasjonale æra som var fornærma. Kampen var alltid omgitt med ein aura av legalitet. Roma blei alltid utsett for åtak frå vondsinna naboar, slåst alltid for pusterom. Heile verda var gjennomtrengt av ein hær av fiendar, og det var Romas åpenbare plikt å forsvare seg mot deira tvillaust aggressive påfunn."

Det påståtte behovet for endelause defensive krigar for å kontrollere vondsinna krefter med hang til aggresjon over alt i den kjente verda døydde ikkje med romarriket, men var ein del av forklaringsmodellen for den ekspanderande britiske imperialismen på 1800-tallet og USA-imperialismen på 1900-tallet (note 3). Same mentalitet pregar den nye strategien for nasjonal tryggleik i USA, nyleg oversendt frå regjeringskontora til kongressen (New York Times, 20. september 2002). Dokumentet legg til grunn tre nøkkelprinsipp i den strategiske politikken til USA:

Washingtons ambisjon om å etablere eit verdsimperium verda aldri før har sett maken til, kan bare målast mot den paranoide frykta for tallause fiendar som lurer i alle avkrokar av verda, klare til å truge tryggleiken til "heimlandet" sjølv. Desse ytre trugsmåla tjener bare til å rettferdiggjøre, i eigne auge, utvidinga av USA si makt. USAs utpeika fiendar i dag er høveleg plasserte i tredje verda, der sjansane til direkte ekspansjon for USA-imperialismen er størst.

Irak under det brutale diktatorstyret til Saddam Hussein blir presentert som den fremste røvarstaten, verdsfiende nr 1. Jamvel om Irak ikkje ennå er utstyrt med dei mest frykta masseøydeleggingsvåpna - kjernevåpen - hevdar Bush-administrasjonen at dei snart kan skaffe seg slike. Og meir, på grunn av den påståtte galskapen til leiaren, blir det sagt at irakarane er så irrasjonelle at dei er immune mot kjernefysisk avskrekking. Derfor finst det ikkje noe anna val, blir me fortalt, enn å slå til mot det vonde regimet raskt, jamvel før dei skaffar seg dei frykta våpna. FNs våpeninspektørar er stort sett nyttelause på det nåverande stadiet, insisterer Bush-administrasjonen (men avvist av dei andre medlemmene i Tryggingsrådet i denna samanhengen). Saddam Hussein, blir det hevda, vil alltid finne ein måte å skjule dei viktigaste våpna sine ein stad i dei omfattande byggverka sett opp for å tjene Saddams personlege tryggleik, og som ikkje vil bli fullt åpna for FN-inspektørane, same kor mykje Irak godtar inspeksjonar utan vilkår. Det finst derfor ingen andre verkelege val enn "regimeskifte" (sette inn eit marionettregime) ved bruk av makt - anten militærkupp eller invasjon.

Ved å pode inn frykt i det amerikanske folket som alt er merka av hendingane 11. september 2001, har regjeringa freista å trekke landet og verda med på krig. Om ein president og administrasjonen hans kan stå fram dag etter dag og insistere på at USA er sårbart for eit umiddelbart åtak med masseøydeleggingsvåpen (eit overraskingsåtak inkluderer ei "soppsky" jamvel om nasjonen det gjeld ikkje har slike våpen), så er ein stor del av folket dømde til å bli rive med. Dei endelause repetisjonane av desse skremmande åtvaringane med noe som liknar den store løgnas prinsipp, para med ekkoet frå media, slit gradvis bort folkeleg skepsis. "Om støtta frå folket er veik i starten," skreiv forsvarsminister Donald Rumsfeld, om å overtyde folket til å støtte ein upopulær krig, så "må leiarane vere viljuge til å investere nødvendig politisk kapital for å samle støtte nok til å halde oppe kampen den tida det trengst". (New York Times, 14. oktober 2002.)

I strevet etter å finne på den minste flik av rettferdiggjøring for ein invasjon, har straumen av påstandar ut frå det ovale rommet vore så gale at ingen andre enn CIA-sjefen George J. Tenet har sett seg tvunge til å stå fram mot dei falske påstandane til presidenten. Såleis har Tenet åpent gått mot presidentens påstand om at Irak utgjør eit umiddelbart kjernefysisk trugsmål mot USA, og peika på at i beste fall vil Irak først i andre halvdelen av tiåret kunne produsere nok spaltbart materiale til ei einaste atombombe. Regjeringa har freista omgå det svake punktet som gjeld kjernevåpen, ved å legge meir vekt på kjemiske og biologiske våpentrugsmål frå Irak. I ein tale i Cincinnati 7. oktober sa presidenten at Bagdad når som helst kunne freiste å angripe mål i USA med desse våpna, om dei fekk støtte og hjelp av terroristnettverk til å føre dei til måla. Likevel har CIA i eit brev til kongressen underteikna av Tenet same dag, gått mot ein slik påstand, og argumentert med at det ikkje er teikn til at Irak utviklar kjemiske og biologiske avskrekkingsvåpen, og at ein kan vente at dei ikkje vil støtte terroriståtak i overskueleg framtid om ikkje USA går til åtak først. "Bagdad ser i augneblinken ut til å trekkje ei grense ved terroråtak med konvensjonelle eller kjemiske og biologiske våpen mot USA," seier brevet. Men, "skulle Saddam konkludere med at eit USA-leia åtak ikkje kan unngåast" held brevet fram, "vil han truleg vere mindre mot å nytte terroråtak." (New York Times, 10. oktober 2002.)

Den trojanske hesten

I dag har Irak truleg ikkje operative kjemiske eller biologiske våpen ettersom dei effektivt vart øydelagde under inspeksjonen til FN frå 1991-1998. Det dei hadde av slike våpen daterer seg tilbake til 1980-åra då Irak under Saddam Hussein var ein av USAs allierte. I åra 1985-1989, samanfallande med Iran-Irak-krigen frå 1980-1988, og etter Iraks bruk av kjemiske våpen mot Iran i 1984, sendte USA-selskap med godkjenning frå Reagan og den første Bush-administrasjonen utallege dødelege biokulturar, medrekna antrax, til Irak. Åtte sendingar med kulturar vart godkjente av Handelsdepartementet, og vart seinare klassifisert som "viktige for biologisk krigføring" av Centers for Disease Control (offentlege sentra i USA som undersøker smittsame sjukdommar, oversettars merknad). Desse åra mottok Irak frå USA alt i alt minst syttito sendingar med klonar, bakteriar og kjemikaliar med potensiale for kjemisk og biologisk krigføring (note 4). USA heldt fram å sende slikt dødeleg materiale til Irak jamvel etter at Irak hadde brukt kjemiske våpen mot kurdarane i Nord-Irak i 1988.

Det er ingen løyndom at USA er det landet som utan samanlikning har flest masseøydeleggingsvåpen, og den mest avanserte teknologien på området. Det kan neppe overraske at mesteparten av verda meiner at Washington syner dobbeltmoral når dei går mot nasjonar som Irak. Som tidlegare sjef for FN-våpeninspektørane i Irak, Richard Butler, har peika på: "Freistnadene mine på å få amerikanarar til å gå inn i diskusjonar om dobbeltmoral har vore ein håplaus flause - sjølv med høgt utdanna og engasjerte menneske. Eg kjente det innimellom som eg snakka Mars-språk, så djupt stikk den manglande evna deira til å forstå." Etter Butlers syn "manglar USA totalt evna til å forstå at deira masseøydeleggingsvåpen er eit like stort problem som dei i Irak". Det er feil at det finst "gode og dårlege masseøydeleggingsvåpen". Som FN-inspektør møtte Butler denna motseiinga kvar dag:

"Blant dei verste stundene mine i Bagdad var då irakarane kravde at eg skulle forklare korfor dei skulle bli jaga for sine masseøydeleggingsvåpen, mens Israel like nede i gata ikkje blei det, sjølv om det var kjent at dei hadde rundt 200 kjernevåpen ... Eg vedgår også at eg steilar når eg hører amerikanske, britiske og franske salver mot masseøydeleggingsvåpen, mens dei ser bort frå at dei er stolte eigarar av enorme mengder av desse våpna, og utan orsaking insisterer på at dei er og vil vere viktige for deira nasjonale tryggleik. ... Det er grunnen til at menneske ikkje vil godta slik mangel på rettferd." (Sydney Morning Herald, 3. oktober 2002.)

Langt frå konsekvent motstand mot auken i masseøydeleggingsvåpen har USA større interesse i slike våpen enn noe anna land, og har stadig stoppa internasjonale freistnader på å avgrense dei. Til dømes i desember 2001, to månader etter 11. september-åtaka sjokkerte president Bush det internasjonale samfunnet ved å legge daudt strevet og kontrollmekanismane for Konvensjonen om gift- og biologiske våpen, med den falske grunngjevinga at slike inspeksjonar utførte i USA, kunne truge dei teknologiske løyndommane og fortjenesta til bioteknikk-selskap i USA.

Washingtons mål i Irak i åra etter Golfkrigen samsvarte ikkje med inspeksjons- og avrustingsprosessen til FN, som hadde reinsking av landet for masseøydeleggingsvåpen som mål. Scott Ritter, tidlegare våpeninspektør for FN i Irak i 1991-1998, meiner det var åpenbart gjennom USAs einsidige undergraving av inspeksjonane (note 5). I 1998 hadde dei oversyn over og øydelagt 90-95 % av dei forbodne våpna i Irak, som eit resultat av våpeninspeksjonane frå FN. Hovudproblemet i inspeksjonane gjekk på dei omfattande byggverka som skulle trygge Saddam Hussein personleg og Ba'ath-partiet. Det vart derfor semje om ein prosedyre, kjent som "Framgangsmåtar for inspeksjon av sensitive anlegg". Ut frå den kunne fire FN-inspektørar straks gå inn i og leite gjennom desse anlegga. Likevel handla USA på eiga hand, under inspeksjonen av Ba'ath-hovudkvarteret i Bagdad i desember 1998. Framfor ganske enkelt å la FN sende inn dei fire inspektørane, insisterte dei på å sende inn etterretningsoffiserar i tillegg. Målet var å kartlegge Saddams tryggingsapparat, utan tilknytting til inspeksjonane av masseøydeleggingsvåpna - og provosere fram ein internasjonal krisesituasjon. Heile operasjonen var etter Ritters syn styrt av Det nasjonale tryggingsrådet i USA, som gav ordrar direkte til Richard Butler, som då leia inspeksjonslaget frå FN.

Irak protesterte mot det grove brotet på "Framgangsmåtar for inspeksjon av sensitive anlegg", og etter Ritter brukte USA det som eit påskot til ei "konstruert krise", beordra FN-inspektørane ut, og to dagar seinare sette dei i verk bombeåtak i 72 timar, kjent som Operasjon Ørkenrev, retta mot den personlege tryggingsapparatet til Saddam Hussein. Etterretningsrapportar om Ba'ath-partiets gjømmestader skaffa gjennom USAs brot på FNs våpeninspeksjonar vart brukt til å styre bombinga. Etter det nekta Irak å godta våpeninspektørar i dei hemmelege anlegga igjen; dei protesterte mot at inspeksjonane vart brukte til å spionere på den irakiske regjeringa, og inspeksjonsprosessen ramla saman.

Slik torpederte Washington effektivt sluttfasen i FN-inspeksjonane, og synte at det verkelege målet var "regimeskifte" framfor avvæpning. Dei hadde brukt inspeksjonsprosessen som ein trojansk hest i freistnadene på å øydelegge det irakiske regimet.

Oljehegemoni

Militære, politiske og økonomiske aspekt er fletta saman på alle stadium i imperialismen, og med kapitalismen generelt. Men olje er den viktigaste strategiske enkeltfaktoren som styrer USAs ambisjonar i Midtausten. I tillegg til profittpotensialet for dei store selskapa på all olja, gir det USA ein ekstra stimulans til å få kontroll over forsyningane at landet med rundt 2 % av kjente reservar i verda bruker 25 % av den årlege produksjonen på verdsbasis. Det kan ikkje vere tvil om at USA ønsker kontrollere den irakiske oljeproduksjonen som er den nest største kjente reserven i verda (etter den i Saudi-Arabia), med 110 milliardar fat, eller 12 % av forsyningane i verda. Midtausten totalt har 65 % av dei kjente reservane i verda (sjå kartet). Av 73 felt oppdaga i Irak så langt er bare rundt ein tridel i produksjon i dag. Overslag frå Energidepartementet i USA seier at Irak i tillegg har så mykje som 220 milliardar fat i "trulege og maulege" reservar, nok til å dekke USAs nåverande årlege oljeimport i 99 år. Det er rekna ut at Irak kan heve oljeproduksjonen sin frå 3 millionar opp til 6 millionar fat om dagen innan sju år etter at sanksjonane blir fjerna. Meir optimistiske overslag meiner oljeproduksjonen til Irak kan gå opp til så mykje som 10 millionar fat om dagen (note 6).

Kart over verdas oljereserver

Kilde: Official Energy Statistics from the US government.
Se utfyllende statistikk på: www.eia.doe.gov/emeu/iea/table81.html

Energidepartementet i USA trur oljebehovet på verdsbasis kan vekse frå dagens 77 millionar fat om dagen til så mykje som 120 millionar fat på dei neste 20 åra, med den brattaste auken i etterspørselen i USA og Kina. I dag kjem rundt 24 % av oljeimporten til USA frå Midtausten, og er venta å stige raskt etter som alternative kjelder tørker ut. Men Opec under leiing av Saudiarabia har heldt oljeforsyningane lågt for å halde prisane oppe.

Oljeproduksjonen i Midtausten har stagnert dei siste 20 åra, med ein lågare total produksjonskapasitet i Opec (trass i enorme reservar) i dag enn i 1980 (Edward L. Morse og James Richard, "The Battle for Energy Dominance", Foreign Affairs, mars/april 2002). Av den grunn har trygginga av og tilgangen til oljeforsyningar blitt ein stadig viktigare sak for selskapa i USA og for landets strategiske interesser. Som den høgreorienterte braminen og Yale-professoren Donald Kagan har slått fast: "Når me har økonomiske problem, har årsaka vore brot i oljeforsyningane." (Sitert i Bookman The President's Real Goal in Iraq.) Amerikanske oljeselskap posisjonerer seg alt for den dagen dei er i stand til å vende tilbake til Irak og Iran. Robert J Allison, leiar i Anadarko Petroleum Corporation: "Me kjøpte oss inn i Qatar og Oman for å få fotfeste i Midtausten ... Me treng å plassere oss i Midtausten for å vere der når Irak og Iran blir ein del av verdssamfunnet igjen." (New York Times, 22. oktober 2002.)

I dag er den franske oljegiganten TotalFinaElf størst i Irak, med eksklusive forhandlingsrettar til å utvikle felta i Majnoon- og Bin Umar-regionane. Det er venta at dei største delane etter det kjem til å gå til Eni i Italia, og eit russisk konsortium leia av LukOil. Om styrkar frå USA går inn og sett opp anten eit marionettregime eller eit USA-styre, blir alt detta uvisst. Kva for land kan me vente oljeselskapa vil komme frå som då vil forhandle nye kontraktar - så vel som å få brorparten av den olja som i dag er eigd av franske og andre ikkje-amerikanske selskap?

Men direkte tilgang til olja for USA og til profittane for amerikanske oljeselskap er ikkje nok i seg sjølv til å forklare dei overordna interessene til USA i Midtausten. USA ser heller heile regionen som ein avgjørande del i strategien for verdsherredømme. Okkupasjonen av Irak og innsettinga av eit regime under USA-kontroll vil gjøre Iran (sjølv ei oljemakt og del av "vondskapens akse" til Bush) nesten heilt omringa av USA-militærbasar i Sentralasia i nord, Tyrkia og Irak i vest, Kuwait, Saudiarabia, Qatar og Oman i sør, og i aust Pakistan og Afghanistan. Det vil gjøre det lettare for USA å forsvare planlagde oljeleidningar frå Kaspihavet i Sentralasia gjennom Afghanistan og Pakistan til Arabiahavet. Det ville gi Washington eit langt meir solid militært feste i Midtausten, der dei alt har titusentalls soldatar plasserte i ti land. Det ville auke USA si makt overfor Saudiarabia og andre statar i Midtausten. Det ville styrke strevet til supermakta for å tvinge fram fordelaktige vilkår for israelsk ekspansjon og fordriving av palestinarar i heile Midtausten. På dei mest kritiske områda ville den veksande økonomiske makta til Kina, og Europa og Japan, bli stadig meir avhengige av eit USA-dominert oljeregime i Midtausten. Kontroll av olje med militær makt ville slik bli omsett i større økonomisk, politisk og militær makt, på verdsbasis.

Ei einpola verd

Tidleg på 1970-tallet trudde ein at USA mista makta si som leiande kapitalistmakt, som eit resultat av tapte økonomiske område til Europa og Japan dei siste 25 åra, og som resultat av at dollaren vart frikopla frå gullverdien i 1971. Men i 1990-åra vart det avdekka ei anna røynd; samanbrotet til Sovjetunionen gjorde USA til einaste supermakt, med større vekst enn i Europa og Japan. I strategiske miljø i USA voks det fram ein ide om eit amerikansk imperium som overgjekk alt ein hadde sett i historia til kapitalismen eller verda, eit verkeleg Pax Americana. Utanriksanalytikarar i USA kallar det nå framveksten av ei "einpola verd". Konsolideringa av ei slik einpola verd på permanent basis har utvikla seg som eit klart mål for Bush-administrasjonen eit år etter 11. september-åtaka. Med orda til G. John Ikenberry, professor i geopolitikk ved Georgetown University og fast bidragsytar til Foreign Affairs, utgitt av Council on Foreign Relations:

"Den nye store strategien (sett i verk av Bush-administrasjonen) ... byrjar med ei grunnleggande forplikting til å oppretthalde ei einpola verd der USA ikkje har likeverdige konkurrentar. Ingen samlingar av stormakter utan USA blir tillatne å få hegemoni. Bush gjorde det til hovudpunktet i amerikansk tryggingspolitikk på talen sin på eksamensfesten til West Point (militærakademi i USA, oversettars merknad) i juni: "Amerika har og vil halde på overlegen militær styrke - og gjør slik dei destabiliserande våpenkappløpa i tidlegare tider meiningslause, og avgrensar rivaliseringa til handel og andre fredelege syslar." ... USA voks raskare enn dei andre store statane i tiåret (1990-åra), dei reduserte militærutgiftene saktare, og dei var fremst i å ta i bruk avansert teknologi på militærområdet. Men i dag er målet å gjøre desse fortrinna permanente - til eit fullbyrda faktum som vil tvinge andre statar til ikkje ein gong å freiste komme etter. Noen tenkarar har kalla det ein "utbrotsstrategi", der USA gjør teknologiske framsteg så fort (robotteknikk, laser, satellittar, presisjonsvåpen osv) at ingen stat eller koalisjon noen gong kan utfordre dei som leiar, forsvarar og eineherskar i verda." ("America's Imperial Ambition", Foreign Affairs, oktober 2002.)

Eit slikt maktgrep etter uavgrensa keisarleg dominans er dømt til å feile i lengda. Imperialismen under kapitalismen har både sentrifugale og sentripetale tendensar. Militær dominans kan ikkje oppretthaldast utan også å oppretthalde økonomisk dominans, og den siste er grunnleggande ustabil under kapitalismen. Den umiddelbare røynda er likevel at USA aukar kontrollen svært raskt på bekostning av både potensielle rivalar og den 3. verda. Det sannsynlege resultatet er intensivering av utbyttinga på verdsbasis, saman med fornya imperialistisk rivalisering - ettersom andre kapitalistiske land naturleg vil freiste hindre USA i å lykkast med sin "utbrotsstrategi".

Administrasjonen ser ikkje bare eit ekspanderande amerikansk imperium som ein strategi for å opprette USA som overlegen supermakt, men også som ein veg ut av den nasjonale økonomiske krisa ein ikkje ser slutten på i augneblinken. Administrasjonen trur fullt og fast at han kan stimulere økonomien gjennom militære utgifter og auka våpeneksport. Men auka militærutgifter saman med ein krig kan au bidra til økonomiske problem, ettersom det utan tvil vil svekke ytterlegare dei sosiale tiltaka som ikkje bare hjelper folk, men au skaper den etterspørselen etter forbruksvarer som næringslivet desperat treng for å stimulere økonomisk vekst. Historisk har freistnader på å bruke imperiebygging som ein veg utanom nødvendige økonomiske og sosiale endringar heime mest alltid vore mislykka.

Til sjuande og sist er det avgjørande å forstå at USAs nye doktrine for verdsdominans ikkje er eit produkt frå ein spesiell administrasjon (ennå mindre ein slags kabal internt i administrasjonen), men toppen av ei utvikling i den siste fasen i imperialismen. Å snu ferda mot større imperium vil ikkje bli lett. Men folkeviljen kan spele ei avgjørande rolle når det gjeld kor langt Washington kan drive dei imperialistiske ambisjonane sine. Av den grunn er mobilisering av folket både i USA og utanlands til militant kamp mot både krig og imperialisme heilt avgjørande for framtida til menneska.

Notar

1) Nyleg sa Bushadministrasjonen au at "regimeskifte" kunne strekkast til å omfatte ei irakisk regjering under Saddam Hussein som fullt ut samarbeider med FN-inspektørane, og avrusting som kan godkjennast av USA. Men administrasjonen har erklært det for å vere svært usannsynleg, og synet her kan derfor tolkast som del i ein diplomatisk/juridisk strategi for å samle støtte for den invasjonen dei trugar med, i tilfelle Irak blir erklært ikkje å samarbeide med FN-inspektørane. [Tilbake]

2) Joseph Schumpeter, Imperialism and Social Classes, redigert og introdusert av Paul M. Sweezy (New York: Augustus M. Kelley, 1951), side 66. [Tilbake]

3) Det var sjølvsagt lite rom for å framstille noen av dei imperialistiske eventyra på 1800-tallet som defensive. Opiumskrigane vart ikkje ført mot eit aggressivt Kina, men for tvinge fram frihandel på opiumsmarkedet. Kampen mellom dei europeiske maktene for å dele opp Afrika var ikkje retta mot eit krigersk Afrika, men forklart som "the white man's burden". [Tilbake]

4) Senatets komite for bank, bustad og byspørsmål: USAs eksport av fleirbruksvarer til Irak og verknaden på helsa til veteranane frå Golfkrigen, 103. kongress, 2. sesjon, 25. mai1994, side 264-276; Buffalo News, 23. september 2002. ("Dual-Use Exports" - eksport av varer som kan ha både sivil og militær bruk. Oversettars merknad.) (Du finn ei norsk forklaring i artikkelen "Eksportrestriksjoner - hvilke regler gjelder?".) [Tilbake]

5) Sjå William Rivers Pitt og Scott Ritter, War on Iraq (New York: Context Books, 2002); Newsday, 30. juli 2002; The Guardian, 7. oktober 2002. [Tilbake]

6) Iraq - country analysis brief; Middle East Report, hausten 2002; San Francisco Chronicle, 29. september 2002. [Tilbake]