Til Røde Fane si heimeside
Til heimesida til AKP


Bokomtale

Dei to nødvendige

av Ivar Hellesnes

Røde Fane nr 1, 2003

Dag Seierstad: Ut av EØS? Nei til EUs Årbok 2002
128 sider. Innbunden. 175 kroner inkl porto når du tingar direkte frå Nei til EU.

Helge Christie: Makt over maten. Hvordan virker WTO?
Landbruksforlaget 2002, 512 sider. Hefta. 348 kroner.


Her er to bøker du ikkje kan klare deg utan.

Tromsø-filosofen Jon Hellesnes har sagt at marknadsliberalismen er vår tids førstefilosofi. Den gir argument og refleksjonar som ikkje trengst å argumanterast for av di dei er sjølinnlysande. Sett i eit slikt perspektiv er all skrift og tale mot den same marknadsliberalismen fåfengt - vi skyt på feil blink. Likevel får vi vel tru at, sjøl om denne filosofien er både bibel og katekisme for dei styrande 10 %, er det ein sterk skepsis blant det store fleirtal, dei resterande 90. Og for dei av oss som har sett skrifta på veggen og fanden i Bush er det om å gjera å ha kunnskap og alternativ analyse. Begge dei EF/EU-debattane vi har vore gjennom, har vist at folk flest høyrer på saklege argument og fakta, og dei har eit nasjonalt og demokratisk sinnelag. Sagt endefram: Kampen mot dei regionale og globale liberalismemotorane har eit enormt potensiale, EU/EØS og WTO/Gats kan bli slått tilbake. Og imperiar rasar alltid saman, til slutt.

Det er organisert og planmessig grasrotarbeid som trengst, og kunnskapen finst i bøker og hefte. Dei kjem i stort tal, men vi må skilla klinten frå kveiten. Her er to bøker du ikkje kan klare deg utan.

Først Årbok 2002 frå Nei til EU, denne gongen med Dag Seierstad som eineforfattar: Ut av EØS? Her har Nei til EU sin utredar samla det stoffet som du treng for å sjå prosessane og samanhengane, og argumentera mot husmannsavtalen. Seierstad er truleg den som har best oversikt over dette enorme stoffet i nei-rørsla, noko dei som følger med i hans ukentlige artiklar i Ny Tid må vera samde i. (Eit innsmett her: Seierstad sine artiklar er åleine eit argument for å abonnera på Ny Tid! Eg har ikkje tal på kor mange av dei eg har lagt i arkivet mitt.)

Lesarane av Røde Fane har truleg god kjennskap til at spørsmålet om EU-medlemskap er eit betent tema innan Attac-rørsla her i landet. Likeeins er den store antiglobale rørsla vár for spørsmålet om norsk EU-medlemskap, og mange vil prøva å få fokus bort frå dette og over på korleis vi kan sameina vår kamp med kampen som arbeidarklassen innan EU fører. Årboka seier ikkje noko om mottrekket til dette, folkefronten, men seier viktige ting om korleis WTO/Gats på sikt kan bli ein global mini-EØS-avtale. "Mini" først og fremst fordi ein i WTO-systemet aldri vil kunne få inn noko om fri arbeidsmarknad. Og det fortel oss at dei to systema har ulike siktemål. Der EØS er eit middel (for å driva fram ein union), vil WTO/Gats aldri bli meir enn eit mål - meir makt til dei store konserna i dei store landa.

Dette grenselandet mellom dei to store skremslane mot landas sjølråderett gjer Seierstad kortfatta greie for, og han syner vidare korleis marknadsfilosofien har gjort at norske styresmakter på eiga hand har manøvrert Norge over på den same kursen, uavhengig av avtalar vi er bundne av. Døme på denne sjølpålagte opphevinga av suverenitet, er energilova frå 1991 og endringa av Oppdrettslova same år.

Grenselandet mot WTO gir ein overgang til den andre boka denne meldaren meiner vi ikkje kan klara oss utan, nemleg Helge Christies Makt over maten. Hvordan virker WTO?. Med maten og landbruket som innfallsport drar han lesaren med på ei ferd inn i kvar einaste krok av det uhyrlege WTO-systemet og syner oss korleis den internasjonale kapitalismen, med dei aggressive imperialistmaktene som frontkjemparar, lar marknaden overta og den demokratiske politikken tapa på område etter område. Dette er ikkje lett stoff, det er tungt og krev studiar, studiar og diskusjon. Men eg kan vanskeleg tenka meg ein betre vegvisar i denne jungelen av avtalar og reglar. Det er ikkje ei bok ein bør lesa frå perm til perm, men ei bok som ein tyr til for å oppklara det uklare. Slik sett er det ei bok som står støtt som den til nå siste i Christies store folkeopplysningsprosjekt, han har jo frå før skrive to gode bøker om same emnet. Bøker som mange har brukt nett slik - som oppslagsverk om eit innfløkt tema.

Mens det store fleirtal av folk i den store Nei til EF/EU-fronten kasta seg over EU-relaterte spørsmål, sto Christie og ein liten flokk likeeins-tenkande frå 1990 igjen og la all sin energi i å kjempa mot Gatt som frå 1. januar 1995 gjekk over til å heita WTO. Det er jo eit historisk paradoks at to dagar etter nei-fleirtalet 28. november 1994 blei norsk tilslutnad til WTO nærast samrøystes vedteke av Stortinget. Og Gatt/WTO-kampanjen som Christie var den leiande krafta i, måtte halda fram å skyta mot det bevegelege målet som WTO-systemet er. Dei siste to åra har altså Gatt/WTO-kampanjen fått følge av Attac, men der Attac avstår frå å dra samanlikningar mellom EØS og WTO, gjer Christie det klart at det er mange parallellar og likskapar.

Skal denne lesaren dra fram noko som manglar ved dei to bøkene som her er omtalt, er det nettopp grenseområdet mellom dei. Ein heilskapleg framstilling av korleis den norske varianten av marknadsliberalismen skyv sak etter sak over frå den demokratiske arenaen og til marknaden, er ennå ikkje skrive. Men den trengst.