Til Røde Fane si heimeside
Til heimesida til AKP


Israel Shamir: Blomar frå Galilea

Bokomtale ved Ingrid Baltzersen

Røde Fane nr 4, 2002

Israel Shamir: Blomar frå Galilea. Essay frå kanten av avgrunnen, Samlaget 2002, 218 sider


Israel Shamir er ein glimrande essayist og omsetjinga til Hans Olav Brendberg gjer teksten levande på norsk. Men som politisk bidrag til debatten om palestinaspørsmålet er det vanskeleg å bruka. No skal ikkje all litteratur skal vera politisk brukbar, men sidan Israel Shamir vert sett på som ein representant for ikkje-sionistiske israelarar, og bruka i avisar og debattar i Noreg, fortener han å bli analysert i forhold til det.

Shamir seier i forordet til boka at skulda for konflikten ikkje udelt kan leggjast på verken palestinarane for det var dei det vart synda mot, eller israelarane, for dei er bybuarar og treng ikkje jorda til palestinarane. Jødane har heller ikkje skulda, for dei fleste av jødane i verda har ingenting med Israel å gjera, og amerikansk imperialisme hadde tent meir på å stø Tyrkia og Saudi-Arabia for å dominera Midtausten. Shamir lover oss å prøva å avdekkja i artiklane sine kven som har skulda for konflikten. Slik eg oppfattar det legg Shamir i artiklane sine skulda på den jødiske lobbyen i USA, rike jødar og jødisk moral/religion generelt, noko som ikkje stemmer med forordet.

Jesus kokar i helvete

I artikkelen "Blomar frå Galilea" argumenterer Shamir for at jødane hatar Kristus, og at kristensionistane burde sjå dette og snu seg bort frå jødane. Han viser til at Talmud seier at Jesus kokar i helvete (ei omstridt tolking), og at jødisk tradisjon seier at ein skal forbanna dei døde når ein går forbi ein kristen kyrkjegard. Muslimane derimot likar Kristus, og kristensionistane bør heller oppdaga dette. Det er vanskeleg å ta stilling til om dette finst i Talmud og jødisk tradisjon, og forholdet mellom tradisjon og praksis i dag. Men det einaste denne typen argumentasjon kan brukast til, er å "bevisa" at jødane i sin kultur/natur er vonde og muslimane er gode, sett i forhold til ein kristen standard.

Det er vanskeleg å vita om det er jødar og jødedommen generelt, jødar i Israel, jødar i USA, sionistar generelt eller sionistar i USA som vert angripne. Historiske hendingar for mange hundre år sidan, hendingar og uttalingar frå jødar i USA, Israel og andre stader vert sausa saman slik at ein får inntrykk av at alt heng saman i ein konspirasjon. Når Shamir til dømes trekk fram ein massakre som hendte i 614 for å visa at jødane driv med og redigerer historia si, er det vanskeleg å vita kva som er poenget. For det å be jødane læra av noko som hendte i 614, er det same som å be ein nordmann om å læra av vikingane sine massakre av munkar i Irland, det modererer nok vårt syn på dei stolte vikingane, men det er ikkje særleg relevant i dag. Det same skjer når Shamir viser til avsløringar av svindel med holocausterstatningar. Han skriv at jødisk solidaritet er ein illusjon, "av di ein jødisk kjeltring vil svindla ein annan jøde like snart som han vil svindla ein gojim (ikkje-jøde), og kan henda snarare". Han skriv riktig nok "jødisk kjeltring" og ikkje berre jøde, men inntrykket ein sit igjen med er at alle jødar er pengegriske kjeltringar. Shamir gjer den feilen at han går med på at sionistane representerer jødane i verda i dag, og han brukar einskilde jødar sine meiningar og feilgrep til å visa at alle jødar er ute etter makt og kjeltringestrekar.

Shamir kritiserer opposisjonen mot Israel for å vera for redd for å bli stempla som antisemittar, slik at viktig kritikk ikkje vert fremja. Kritikken hans kan sikkert treffa nokon, men palestinarørsla i Noreg har i alle fall ikkje dette problemet. Shamir skriv at antisemittisme ikkje er problemet i dag, men derimot israelske krigsbrotverk. At jødehat ikkje er eit stort problem i dag, betyr ikkje at me skal viska ut skiljet mellom kritikk av den sionistiske rasistiske ideologien og den jødiske religionen og tradisjonen. Sionismen som ideologi er tufta på møtet med jødehat og nasjonalsjåvinisme i Europa på slutten av attenhundretalet. Sionistane stilte rett diagnose, jødehat, men laga feil medisin, sionistisk rasisme. Jødehat frå palestinavener styrkar sionistane sin argumentasjon og skyv bort moglege allierte blant jødane. Ein kan, som Shamir gjer, peika på sjåvinistiske trekk i jødisk religion, men slike trekk finst i dei fleste religionar og nasjonar, og er ikkje spesielt for jødedommen.

Det er mange gode poeng i artiklane, slik som historia om Farris Ode. Denne guten har dei fleste sett på plakatar og T-skjorter, den vesle guten som modig kastar stein på ein stor tanks. Han vart drepen av ein israelsk snikskyttar eit par dagar etter at biletet var tatt, og han er blitt eit symbol på den ukuelege frigjeringskampen. Shamir skriv i artikkelen "Riddaren kjem tilbake" at palestinavener må ta vare på biletet av palestinarane sin kamp, ikkje berre av lidingane og martyrane deira. Biletet av Muhammed Al Dorrah som vart drepen i faren sine armar vert nok hugsa av enda fleir, men bileta viser to sider av palestinarane si historie: uskuldig liding og rettferdig kamp.

Løysinga Shamir har på palestinakonflikten, er ein stat og ein person ein stemme, slik at sionistane på den måten vil mista makta. Ideen om eit sameint Palestina er ein ide mange Palestina-aktivistar vil seie seg einig i, men samtidig er den krasse kritikken hans mot den israelske fredsrørsla sitt ynske om to statar ein kritikk av eit pragmatisk standpunkt dei fleste partia i Palestina har tatt no, at ein lagar ein palestinsk stat på dei områda han har. Shamir viser til at militærstyret i Galilea opphørte i 1966, og palestinarane der kom under direkte israelsk styre. Han meiner at viss Vestbreidda og Gaza kom under direkte israelsk styre i staden for militærstyre, ville dei ta over Knesset og få slutt på dei rasistiske lovane. Det er vanskeleg å sjå at annekteringa av Galilea skal vera eit frampeik på ein demokratisk stat for alle innbyggjarar i eit framtidig Palestina, og å seie seg enig med Shamir i at ein ikkje har noko mot okkupasjonen i 1967.

Synet på jødar og palestinakonflikten er ikkje det einaste Shamir er kontroversiell på. I artikkelen "På veg" seier Shamir til Vesten: "Medkjensle, den verkeleg kristne medkjensla, byr dykk å la folk bu heime, under vinbuskar og fikentre, like godt som dei gjer i dykkar land. De ville ikkje få så billige vaskarar, men de ville få eit reinare og betre land". Shamir har rett i at dei fleste vil bu der dei bur, og at Vesten har mykje av ansvaret for at folk må flykta, men orda "reinare land" smakar av rasistisk argumentasjon, eit folk - eit land.

Blandinga av argumentasjon er det som generelt er vanskeleg med boka. Ein kan vera einig i delar av argumentasjonen, men måten det er satt saman på, og konklusjonane hans, vert skeivt. Til dømes er det riktig at det finst ein stor jødisk israelskvennleg lobby i USA, men makta denne lobbyen har trekk Shamir ut av proporsjonar. Og det er sant at det finst mange rasistar i Israel, men rasismen kan ikkje berre forklarast med religion og jødisk tradisjon, det er ein medviten statsbyggande ideologi. Sionistane har gjort rasismen jødisk, men jødisk tru og tradisjon treng ikkje automatisk å føra til rasisme eller sionisme.

Shamir skriv heile tida positivt om dei som har omvendt seg frå jødedommen, og han skriv at han sjølv har vald å bli palestinar. Kravet til israelarane må ikkje vera at dei skal slutta å vera jødar, det må vera at dei ikkje skal vera rasistar ved å støtta opp om den rasistiske israelske staten.