Til Røde Fane si heimeside
Til heimesida til AKP


Jødisk makt og Balfour-erklæringa

av Hans Olav Brendberg

Røde Fane nr 4, 2002

Hans OLav Brendberg er lærar
og har omsett Blomar frå Galilea av Israel Shamir (sjå omtale her)


Kva ligg bak den vestlege støtta til Israel? For hundre år sidan byrja sionismen som ei rørsle med hovudfeste i den austeuropeiske jødedomen. Det var ei av fleire desperate rørsler som hevda at dei hadde ei løysing for det utarma, jødiske samfunnet i Aust-Europa: Ein jødisk stat i Palestina. Theodor Herzl drøymde først om å føra alle jødane i Austerrike fram til dåp med klokkeklang og stor høgtid, før han tok til med det sionistiske prosjektet.

I løpet av femti år greidde dette private prosjektet å organisera ein stat i Palestina, på hundre år er dette ein militært nokså mektig stat som har stor innverknad på amerikansk politikk. Kva ligg bak? Kva maktressursar er det sionismen har drege vekslar på?

Eg trur Balfour-erklæringa kan vera ei interessant sak å sjå litt nærare på. I november 1917, på eit tidspunkt då Storbritannia var redde for å tapa ein krig - med revolusjon i Russland, uro i Irland, og store vanskar i Frankrike - kom den britiske utanriksministeren Balfour med ei erklæring der han med lord Rotshcild som formidlar, erklærte Storbritannias vilje til å gå inn for ein nasjonal heim for jødane i Palestina. Erklæringa hadde ein klausul som garanterte for "dei ikkje-jødiske innbyggjarane i Palestina" (omlag som "dei ikkje-muslimske innbyggjarane i Noreg"). Statsrettsleg galdt dette eit territorium som formelt låg under Istanbul. Kva politisk logikk låg bak Balfour-erklæringa?

Det låg eit langt forarbeid bak erklæringa. I følgje Weizmann byrja arbeidet fram til erklæringa med eit memorandum førebudd av ein komite i den sionistiske rørsla som var overlevert i januar 1917 til den britiske regjeringa. Seks ulike skisser gjekk fram og tilbake mellom sionistane og den britiske regjeringa før erklæringa kom i november 1917. Kvart einaste av dei sekstisju orda i erklæringa vart voge på gullvekt av regjeringa, medan sionistane telte på knappane om det dei fekk var godt nok, eller om dei med Weizmann sine ord "skulle bli ståande bak våpna". Weizmann meinte dei gjorde rett å å gå med på ein avtale.

Eg meiner det er rimeleg opplagt at olje ikkje var eit tema i denne prosessen - det var ikkje britiske ønskje om olje som låg bak. Sionistane la vekt på at britiske interesser kring Suez-kanalen på sikt ville vera tent med ein jødisk stat. Dette er det sjølvsagt råd å argumentera for. Men kvifor brukar ei regjering som strevar for å ikkje tapa ein krig so mykje merksemd på vage framtidsønskje om å sikra flanken ved Suez med jødisk kolonisering i Palestina? Særleg når dette på kort sikt ikkje gjev militære fordelar - britane freista jo tvert om å organisera arabisk krigsinnsats mot tyrkarane, og løfta til sionistane stod i direkte motsetning til den arabiske alliansen. Kva slags "våpen" var det Weizmann hadde som alternativ til å ta det han fekk?

Britane ønskte ikkje utan vidare å gå inn for ein jødisk stat i Palestina. Skilnaden mellom førsteutkastet til sionistane og det dokumentet ein endte opp med er at Balfour-erklæringa eigentleg er nokså vag. Britane freista sikra seg at dei ikkje lova for mykje - dei var ikkje entusiastiske for ein jødisk stat som skulle sikra imperieinteressene i Midt-Austen. Medan dei i sionistane sine utkast tidleg på hausten snakka om å "rekonstituera Palestina som den nasjonale heimen til jødane", endte det endelege dokumentet opp med "å etablera ein nasjonal heim for den jødiske rasen i Palestina". I det første dokumentet er det tale om at "regjeringa vil gjera sitt beste for å nå desse måla, og vil diskutera dei naudsynte midla med sionistorganisasjonen". Sluttdokumentet seier at ein vil sikra "dei sivile og religiøse rettane til dei ikkje-jødiske samfunna".

Erklæringa var svært kontroversiell. Den einaste jødiske medlemen i den britiske regjeringa - Sir Edwin Montagu, indiaministeren - var imot erklæringa. Han meinte sionismen skada interessene til jødane som borgarar av landa der dei budde - at ideen om eit jødisk heimland hang logisk saman med at jødane ikkje høyrde heime der dei budde. Han var av prinsipp i mot å gjera kristne og muslimske innbyggjarar i Palestina rettslause, og meinte kristne kunne gjera krav på landet i like stor grad som jødane - også den kristne religionen var i stor grad knytt til Palestina. Han nekta for at sionistane snakka på vegne av jødane, og han meinte sionismen ville føra til at Palestina vart heile verdas ghetto. Han og andre motstandarar vart likevel overkøyrde. Intensjonen med erklæringa var tydleg. Lloyd George sa seinare: Målet var ikkje ein jødisk stat ved fredskonferansen. Men erklæringa var eit signal til jødane om å emigrera. Om dei hadde emigrert i tilstrekkelege tal innan ei viss tid var gått, ville dei få sin stat i Palestina.

Kva sionistane ynskte å oppnå i denne prosessen ligg i dagen. Men kva ønskte britane å oppnå. Kvifor engasjera seg for å laga ein nasjonal heim for jødane midt under ein krig der ein slåss for å overleva? Det eine motivet ligg rimeleg ope i dagen: Ynsket om å kvitta seg med jødane, senda dei til Palestina. Men eg trur det er heilt usannsynleg at dette motivet vog tungt, sjølv om det sjølvsagt var til stades. Slik er det eit hav av skilnad mellom ein etablert politisk kaste som dei som styrte Storbritannia under første verdskrigen, og den gjengen med samanraska politiske oppkomlingar, bøller og anna rask som styrte Tyskland under andre verdskrigen. At ein jødisk stat i seg sjølv skulle vera eit logisk grep for å sikra Suezkanalen på sikt, meiner eg også er usannsynleg. Historia syner jo også at den jødiske staten berre har bidrege til å stenga kanalen, og gjera han utrygg. Kva står att?

Det er her den jødiske verdskonspirasjonen kjem inn i biletet. Ikkje som røynleg, men som innbilt storleik. Britane meinte sjølve at dei gjorde ein avtale med "jewry" - den kollektive jødedom. Eg trur det er her vi finn kanonane til Weizmann.

Eg meiner det utan tvil er slik at jødane hadde utvikla ein del maktstrategiar og teknikkar som religiøs minoritet i Europa. Dei måtte det for å overleva. Etter den jødiske opplysinga spela den organiserte jødedomen ei internasjonal rolle for å sikra borgarrettar for sine forfølgde brør i Aust-Europa. Denne internasjonale, jødiske solidariteten var ei forlenging av mentalitetar og handlemønster som hadde vakse fram i ghettoane, då jødane representerte ein marginal eksistens, og risikerte å bli kasta ut or heile landområde. Jødane måtte hjelpa og stø kvarandre, og delte den same lagnaden.

Dette var ei løynd makt, og eit løynd spel. Jødane var livredde for å prala med makt og rikdom - det førde berre til hat og forfølgjing. Den jødiske eliten av bankfolk og intellektuelle var ein pariaelite i Europa langt inn i førre århundre.

Med andre ord trur eg at ideen om ein jødisk verdskonspirasjon til ein viss grad skriv seg frå den jødiske eliten. Eg meiner ein opplagt strategi for å forsvara seg var å gje inntrykk av å ha makt. Det fanst jødar med innverknad i alle nasjonar. Jødane kunne gje inntrykk av at det fanst ein organisert, jødisk nasjon på verdsbasis, at det fanst ei sentral politisk makt i jødedomen som kunne ha innflyting på amerikansk, russisk og osmansk politikk. I USA åtte jødar nokre av dei viktige avisane, og hadde ein viss innverknad på opinionen. Nokre jødiske finansfolk stod sentralt i organiseringa av den nye, amerikanske sentralbanken Federal Reserve, særleg den tysk-jødiske emigranten Paul Warburg. Amerikansk finansnæring var viktig for å halda krigsinnsatsen gåande. I Russland var jødar mellom dei leiande i dei revolusjonære partia. Fekk ein formidla eit inntrykk av at sionistane hadde innverknad på kva verdas jødar gjorde, kunne det vera viktig for den britiske regjeringa å gå inn på ein avtale med "jewry". Inntrykket trong slett ikkje å ha noko med røyndomen å gjera, eller kunne i det minste vera sterkt overdrive samanlikna med det som det var røynleg grunnlag for. Leitar ein litt, finn ein også dokument der britiske politikarar som td. Winston Churchill gjev uttrykk for idear om ei slik organisert, jødisk verdsmakt. Dette er ikkje ein mani på same måte som i nazirørsla - men det er idear som svevar i lufta, og formar biletet av verda i den britiske eliten. Eg trur rett og slett Balfour-erklæringa er eit uttrykk for at britane meinte ein allianse med jødane var naudsynt for å vinna krigen, og at dei trudde at dei som dei lagde ein avtale med hadde innverknad på kva jødane gjorde i Russland og USA.

Redsla for ein løynt, jødisk makt kan ein følgja frå Dreyfus-saka via Balfourerklæringa til Tyskland i mellomkrigstida. Motstandarane av amerikansk deltaking i andre verdskrig - slike som Charles Lindbergh jr - identifiserte tre tyngdepunkt i kampen for å dra USA inn i krigen: Britane, jødane og Roosevelt-administrasjonen. Så seint som i 1970 sat president Nixon og pastor Billy Graham på eit bakrom på Det kvite huset og diskuterte jødisk makt - båe var redde for jødisk makt, båe trudde jødane hadde mykje makt. Så vart Nixon felt av Washington Post - avisa til det politiske establishmentet i USA. Eg trur Nixon gjekk i grava overtydd om at det var jødane som felte han.

Sjølv trur eg ikkje på nokon jødisk verdkonspirasjon, noko løynd verdsregjering eller anna slikt krimskrams. Konspirasjonar sprekk til slutt - og ei jødisk verdsregjering ville vore avslørt for lenge sidan om ho fanst. Derimot trur eg ideen om jødisk makt kan ha spela ei viktig rolla i å etablera ein jødisk stat i eit område der det for hundre år sidan knapt budde jødar. Og om det finst jødisk makt, er det vel med jødisk makt som med britisk. Jødar judaiserer på same måte som britane anglifiserer: Dei gjer det heilt umedvite - som den naturlegaste ting i verda. "Det jødiske" er skjema og tenkjemåtar som er prega inn i kroppen, det Bourdieu kallar habitus. Historisk har jødane vore ein mellomting mellom ein klasse og eit folk. Det er denne historiske preginga som har ført jødane dit dei er - anten til kommentarspalter i amerikansk presse, til Wall Street, til det amerikanske forsvarsdepartementet, til amerikanske universitet - eller for den del til Palestina. Det er ikkje noko organsiert nettverk som held saman alt dette, og gjer det til ei makt. Det er den klaustrofobiske kjensla av at alle jøder deler lagnad som gjer at jøden i Brooklyn stør Sharon, og pressar på for å få USA til å auka støtten til Israel. Denne kjensla er gamal. Brukt med omtanke, er ho også ei svært sterk politisk makt - ikkje blind, men einøygd. Og i stand til å rydja av vegen store hindringar på jødedomens ferd gjennom historia.

Det krevst makt for å byggja statar, berre spør irane eller kurdarane. Sjølvsagt har støtte frå stormaktene - Storbritannia, Sovjet, Frankrike og USA - vore viktig for å gjennomføra den etniske reinsinga og byggja ein jødisk stat i Palestina. Men eg trur likevel den forbausande kontinuiteten i den sionistiske statsbyggjinga dei siste 100 åra blir uforklarleg om ein berre ser den jødiske staten som eit resultat av at stormaktene har brukt jødane i eit strategisk spel om kontroll i Midt-Austen. Ein like viktig del av dette spelet har vore at jødane har brukt si makt over regjeringane i stormaktene for å få Storbritannia, Sovjet og USA til å rydja bort hindringar på vegen mot eit palestinarfritt Palestina. Kva slag makt? Først og fremst redsla for og trua på jødisk makt - den redsla og trua som gjer at dei fleste er redde for å skada den palestinske saka ved å drøfta denne sida av sionistiske maktstrategiar - og i staden legg skulda på britisk og amerikansk (og sovjetisk?) imperialisme, og jakta på (palestinsk?) olje.


Balfour-erklæringa

Foreign Office
2nd November 1917

Dear Lord Rothschild:

I have much pleasure in conveying to you on behalf of His Majesty's Government the following declaration of our sympathy with Jewish Zionist aspirations which has been submitted to, and approved by, the Cabinet. "His Majesty's Government view with favour the establishment in Palestine of a National Home for the Jewish people, and will use their best endeavours to facilitate the achievement of this object, it being clearly understood that nothing shall be done which may prejudice the civil and religious rights of existing non-Jewish communities in Palestine, or the rights and political status enjoyed by Jews in any other country." I should be grateful if you would bring this declaration to the knowledge of the Zionist Federation.

Yours sincerely
Arthur James Balfour

Les om Balfour-erklæringa på nettet.