Til Røde Fane si heimeside
Til heimesida til AKP


Klasse, økonomi
og den andre intifadaen

av Adam Hanieh

Røde Fane nr 4, 2002

Adam Hanieh bur i Ramallah i Palestina, og arbeider med å granske menneskerettar.
Artikkelen er oversatt av Gunnar Danielsen, og sto i Monthly Review, oktober 2002.
Den trykkes med tillatelse fra tidsskriftet.


For store delar av venstresida er Israels politikk ganske enkelt forstått som eit tilhøve mellom Likud på høgresida og det meir fredsvennlege Arbeidarpartiet. Eg har som mål å vise at eit slikt syn skuldast ei feil tilnærming til klassedanninga i Israel. Om me ikkje set klasse i sentrum for analysane våre, vil det vere vanskeleg å utvikle tilstrekkeleg forståing av det som faktisk går føre seg ute i det verkelege livet.

Den nåverande palestinske intifadaen og Israels brutale svar har ført til tallause artiklar dei siste to åra. Men det er ein skuffande mangel i analysar frå venstresida, der mykje av skrivinga freistar forklare innhaldet i den israelske politikken med Ariel Sharons høgrestandpunkt. Innanfor denna ramma blir den israelske strategien presentert som ein rasistisk variant av ein koloniseringsplan for dei okkuperte områda, som innimellom fører til fordriving av palestinarane frå Vestbreidda og Gaza-stripa.

Drøfting av klasse og politisk økonomi både i Israel og i dei okkuperte områda er påfallande borte frå så godt som all analyse frå venstresida. Det kan sjå ut som ei merkeleg skulding mot venstre-skribentar, men eg trur fråveret av analyse basert på klasse i seg sjølv peikar på det uklare synet mange venstreorienterte har på den israelske staten. For store delar av venstresida er Israels politikk ganske enkelt forstått som eit tilhøve mellom Likud på høgresida og det meir fredsvennlege Arbeidarpartiet. Eg har som mål å vise at eit slikt syn skuldast ei feil tilnærming til klassedanninga i Israel, og at om me ikkje set klasse i sentrum for analysane våre, vil det vere vanskeleg å utvikle tilstrekkeleg forståing av det som faktisk går føre seg ute i det verkelege livet.

I hovudsak vil eg argumentere for at den israelske kapitalismen vart skapt av den sionistiske arbeidarrørsla (i dag representert av Arbeidarpartiet), og at Oslo-prosessen var eit nøkkelsteg i utviklinga (note 1). Israels krig mot det palestinske folket i dag er det logiske framhaldet av prosessen, retta mot å skape ein palestinsk kantonstat. På grunn av den sentrale rolla den sionistiske arbeidarrørsla har i bygginga av den israelske kapitalismen, er begrepa "venstre" og "høgre" ofte forvirrande når det gjeld Israel.

Dei siste ti åra har Israel i tillegg i aukande grad gjort seg mindre avhengige av billeg palestinsk arbeidskraft, samtidig som dei okkuperte områda er gjort meir avhengige av israelsk økonomi. Resultatet er eit palestinsk samfunn med ein klassestruktur ute av lage – ein kapitalistklasse som er avhengig av privilegerte samband med israelsk kapital, og ein arbeidarklasse utan særleg tyngde i den nasjonale kampen.

Klasse og stat i det israelske samfunnet

Mange kommentarar frå akademikarar og andre ser den dominerande stillinga til den israelske staten dei første fire tiåra etter at landet vart oppretta i 1948 som prov på at Israel var ein sosialistisk økonomi. Denna trua fann næring i dei politiske skriftene frå den sionistiske arbeidarrørsla sjølv, i rolla til busettingskollektiva - særleg kibbutz-rørsla - og styrken til fagrørsla, Histadrut, som den største enkeltarbeidsgivaren gjennom det meste av Israels historie (note 2). Sidan midten av 1980-tallet, og i aukande grad på 1990-tallet, har den politiske økonomien i Israel vorte dramatisk endra. I dei siste femten åra har den økonomiske strukturen i landet endra seg markant, og Israel har omfamna ein tilsynelatande seirande global kapitalisme. Basert i hovudsak på oppskriftar frå Det internasjonale pengefondet og Verdsbanken har den israelske regjeringa privatisert statlege selskap, letta på kontrollen over kapitalmarknadene, og redusert reallønna.

Tradisjonell tilnærming til Israels politiske økonomi har freista forklare desse endringane som resultat av eit ideologisk skifte i den israelske eliten. I samsvar med detta synet brukte dei israelske leiarane å halde seg til ein slags sosialistisk ideologi, og midt på 1980-tallet omfamna dei raskt ein nyliberal kapitalistisk resept som løysninga på sine økonomiske problem.

Opp mot det synet har ein ny generasjon israelske intellektuelle det siste tiåret hevda i skrivinga si at ein må nærme seg den israelske makta på ny måte for å forstå ho (note 3). Dei seier utviklinga i sionistrørsla best blir forstått om ein ser på busettarrørsla som ein freistnad på å vinne kontroll over landområda og arbeidsmarknaden. Den private kapitalistklassen frå den opphavlege busettarrørsla var veik og oppsplitta, og ei kollektivistisk tilnærming til busettinga, leia av den sionistiske arbeidarrørsla, var den meste effektive måten å okkupere landet på, og fordrive dei opphavlege bebuarane. Styrken til Histadrut og den leiande rolla til den sionistiske arbeidarrørsla kan ein best forklare ved den veike jødiske kapitalistklassen som eksisterte før 1948, og behovet for å skaffe arbeid til jødiske immigrantar, og likeins stenge ute den opphavlege palestinske arbeidarklassen frå arbeidsmarknaden, som eit forspel til utdriving.

Fordi både kapitalist- og arbeidarklassen var på eit uutvikla stadium i busettarperioden, var den israelske staten etter 1948 ikkje bare opptatt av busetting, men au i å bygge klassar i seg sjølv. Denna klassedanninga gjekk gjennom to nøkkelfasar i perioden mellom 1948 og 1985.

1) 1948-1973

Perioden var prega av høg vekstrate finansiert av tyske erstatningar og utanlandske jødiske fond. Det var ein oppstartsfase for stat og klasse. Derfor overførte staten så godt som alle kapitaloverføringane til utvalte grupper som vart sett på som allierte i det "nasjonale prosjektet". Desse gruppene endte opp som nøkkelkonglomerata som skulle dominere israelsk økonomi dei følgjande åra. Den israelske arbeidarklassen vart danna gjennom den store innvandringa av arabiske, afrikanske og asiatiske jødar som skulle bli etnisk definerte som "Mizrahim".

Etter den israelske okkupasjonen av Vestbreidda og Gaza-stripa i 1967, gjekk den israelske økonomien gjennom den såkalla palestinske boomen. Okkupasjonen auka den israelske heimemarknaden kraftig og skaffa ei ny kjelde til billeg arbeidskraft. Denna arbeidsstyrken var billeg og høgutbytteleg, og midt på 1980-tallet utgjorde palestinarar frå Vestbreidda og Gaza-stripa rundt 7 % av den israelske arbeidsstyrken (note 4). Rundt 1/3 av arbeidsstyrken på Vestbreidda og Gaza-stripa arbeidde i Israel i 1985, 47 % av desse i byggeindustrien. Den billege arbeidskrafta gav den israelske økonomien eit løft ved å fylle dei lågaste trinna i arbeidsmarknaden og dekke noen av manglane den lange israelske militærtenesta skapte. Det sette au noen Mizrahim i stand til å klatre opp til å bli formenn eller oppsynsmenn, og slik lette noe på dei etniske spenningane som hadde grodd fram mellom Mizrahim og europeiske jødar på 1970-tallet.

2) 1974-1985

Seint på 1960-tallet hadde dei store kjernekonglomerata vakse saman til fem nøkkelforretningsgrupper: Koor, Hapoalim, Leumi, Clal, og Israel Discount Bank Holdings (IDB). Dei første fire var kontrollert av staten, Histadrut og den sionistiske arbeidarrørsla, mens IDB var privateigd. Frå ein start med den israelske okkupasjonen av Vestbreidda og Gaza-stripa i 1967, og i aukande grad i 1973-krigen, vart den militære produksjonen det sentrale i den politiske økonomien i Israel. Dei militære utgiftene vart fordelte til nøkkelkonglomerata av staten, og førte til enorme vekstratar i nøkkelgruppene mens økonomien som eit heile leid av stagflasjon (note 5).

Midt på 1980-tallet byrja systemet bryte saman på grunn av mange ulike faktorar. Ein verdsomspennande nedgang og eit fall i etterspørselen etter våpen på grunn av politisk omgruppering sette grenser for profitten til konglomerata. Innanlands tok hyperinflasjonen kvelartak på økonomien som eit heile, og gjorde finansiell planlegging vanskeleg.

Som svar på endringane gjorde staten, leia av Arbeidarparti-delen av sionistrørsla, markante steg i ny retning med den økonomiske stabiliseringsplanen frå 1985 (ESP). Endringa besto av fire prosessar:

1. Ei endring i tilhøvet mellom staten og nøkkelkonglomerata.

ESP var den offisielle starten på nye tilhøve mellom staten og kapitalistklassen. Nøkkelkonglomerata vart skilte frå statsapparatet og lagt i hendene på den nye kapitalistklassen. Staten skulle ikkje lenger verne konglomerata, men dei blei nøkkelområda for kapitalakkumulasjon for ein verkeleg privat kapitalistklasse. Det oppnådde ein gjennom å bryte opp Histadrut-imperiet, og gi lemningane over til private, og ved privatisering av statlege og halv-statlege selskap.

2. Framveksten av ein ny kapitalistklasse.

Kapitalistklassen oppsto gjennom ei samansmelting frå tri ulike kjelder:

3. Israels inntog i verdsøkonomien.

Då det starta midt på 1980-tallet, vart Israels økonomi åpna mot verdsøkonomien ved lette i lovverket som regulerte utanlandsk eigarskap og investeringar, og felles notering av israelske selskap på børsar verda rundt. Kapitalistklassen gjort greie for i punkt to ovanfor var ikkje einsarta. Tredje delen av klassen, tidlegare statsbyråkratar, vart ofte leiarar av dei nye private selskapa. Som følgje av forhandlingane som starta med palestinarane tidleg på 1990-tallet, vart store israelske selskap integrerte i verdsøkonomien ved store investeringar og knyttingar på eigarsida til utanlandsk kapital, særleg i USA og Asia. For det tredje byrja internasjonal kapital, då særleg frå USA, å investere tungt i Israel, og Israels økonomi vart integrert i den verdsomspennande kapitalistismen.

4. Omstrukturering av tilhøvet arbeidar - kapitalist.

Nedbrytinga av konglomerata og Histadrut-imperiet hadde stor verknad på tilhøvet mellom arbeidaren og den kapitalistiske eigaren. Det gamle systemet hadde eit lag av privilegerte arbeidarar ved sida ein tungt utbytta sektor, og vart brote ned ved å kutte lenka mellom Histadrut og økonomien. Det vart ein stor auke i utbyttingsgraden av arbeidarklassen som synte att i produktivitetsauken som oversteig veksten i reallønna. Mange statlege tiltak låg til grunn for det, særleg devalueringa av shekelen og lågare priskompensasjon. I tillegg bidrog den statlege tollpolitikken til å ta frå dei fattige og gi til den nye kapitalistklassen, mellom anna ved lågare subsidiar på enkelte varar.

Desse endringane pregar den "nye" israelske politiske økonomien, og syner att på politisk og kulturelt plan. Noen teikn på endringane: (1) veksten i borgarretts- og utanomparlamentariske rørsler i takt med at staten har trekt seg attende frå det offentlege rommet, (2) aukande "McDonaldisering" av den israelske kulturen i takt med at USA-kapital har auka investeringane i landet, og (3) politiske utviklingsprosessar som Oslo-avtalen var eit nøkkelsteg som gjorde at israelsk kapital kunne gå over til eit globalt og regionalt stadium.

Det må strekast under at Arbeidarpartiet var den leiande krafta i denna omforminga til nyliberal kapitalisme. Den sosiale basisen hadde vore rike jødar frå Europa og Amerika, mens rivalen Likud byrja vinne tillit frå dei fattigare laga av jødar frå Afrika og Midt-Austen (Mizrahim) på 1970-tallet. Likud vann sitt første val i 1977, i hovudsak på grunn av støtte frå fattige og underprivilegerte Mizrahim, og det synet at Arbeidarpartiet representerte den europeiske jødiske eliten. I dag er det svært lite skilje i den økonomiske politikken til Arbeidarpartiet og Likud. Begge har heilhjerta omfamna ein USA-lik nyliberalisme. På politisk plan er det au merkverdig samsvar mellom hovudstrømningane i Arbeidarpartiet og Likud i synet på den israelsk-palestinske konflikten. I dag overser leiaren i Arbeidarpartiet, Benyamin Ben Eliezer, den brutale undertrykkjinga av palestinarane i dei okkuperte områda der han sit som forsvarsminister. Det er samansmeltinga av Arbeidarpartiet og Likud som forklarer kollapsen til Arbeidarpartiet som politisk kraft i Israel (note 6).

Oslo-avtalen og israelsk kapitalisme

Ved starten av Oslo-prosessen var den framveksande kapitalistklassen ein uttalt støttespelar for forhandlingane. Eit typisk eksempel på støtta var Benny Gaon. Gaon vart administrerande direktør i flaggskipet til Histadrut, Koor, i 1987, og leia omdanninga av Koor til eit privateigd selskap. For Gaon og den nye kapitalistklassen var Oslo-avtalen svært viktig for å åpne Israel for verdsøkonomien. Etter deira syn ville det vere uråd å trekkje utanlandske investeringar i stor grad til Israel så lenge konflikten sto ved lag. Det ville au vere vanskeleg for israelske selskap å investere i USA, Europa og dei såkalla framveksande marknadene utan ei politisk løysning på den israelsk-palestinske konflikten. Koor la fram sitt Fredsprosjekt kort etter underteikninga av Prinsipperklæringa i 1993 der israelsk, palestinsk, arabisk og europeisk næringsliv samla seg om investeringar i regionen. Selskapet var ein hovudsamarbeidspartnar for PA (Palestinian Authority - dei palestinske sjølvstyresmaktene) på infrastrukturprosjekt, og i vareeksport til Vestbreidda og Gaza-stripa.

Årsaka til støtta var i hovudsak behovet for å få slutt på den arabiske boikotten av israelsk økonomi, og sikre stabile rammevilkår for næringslivet i Israel. Israel sikta mot at lågteknologiske produkt, som tekstil, skulle produserast i fabrikkar i Egypt og Jordan til langt lågare lønner enn i Israel. I stor grad har det vore ein suksess. Israelske selskap produserer nå varene sine i industrisonar i Jordan, Egypt, og i dei okkuperte områda.

Frå 1993 har Israel medvite arbeidd for å bytte ut dei palestinske dagarbeidarane som har arbeidd inne i Israel frå 1967, med fremmendarbeidarar frå Asia og Aust-Europa. Mens utanlandsk arbeidskraft var litt dyrare ettersom dei måtte få tak over hovudet og bli transportert til landet, gav dei høgt utbytte og blei ofte brakt til landet "illegalt" (men den israelske regjeringa var fullt informert). Dei vart leverte av innleigefirma oppretta i Thailand, Fillippinenene, og Romania med arbeidsgivarar som tok passa frå dei ved framkomsten, tilsette dei på svært dårlege vilkår og ofte heldt tilbake lønna. Dei utgjorde ein ideell reservearbeidskraftstyrke, ettersom dei lett kunne bli deporterte til heimlandet fordi dei var "ulovleg" i Israel.

Derfor førte dei hundretusentals fremmendarbeidarane som kom etter Oslo-avtalen til at israelsk økonomi ikkje lenger var avhengig av palestinsk arbeidskraft. Palestinsk arbeidskraft vart i staden for ei "kran" som kunne skruast opp og igjen avhengig av den økonomiske og politiske stoda. Mellom 1992 og 1996 sank palestinsk sysselsetting i Israel frå 116.000 arbeidarar (33 % av den palestinske arbeidsstyrken) til 28.100 (6 % av den palestinske arbeidsstyrken). Lønn frå arbeid i Israel fall frå 25 % av palestinsk BNP i 1992 til 6 % i 1996 (note 7). Mellom 1997 og 1999 fekk ein oppgang i israelsk økonomi tallet på palestinske arbeidarar omlag opp til nivået før 1993. Men som ein følgje av starten på den nåverande intifadaen fall tallet drastisk på grunn av grensestengingar og nekting av tilgangsløyve. Sidan september 2000 har rundt 75-80.000 palestinarar mista jobbane inne i Israel eller i busetjingane. Talla tyder på at palestinsk arbeidskraft har blitt annanrangs reservearbeidskraft ved sida dei utanlandske arbeidarane.

Tilhøvet mellom dei palestinske styresmaktene og Israel

Hovudpunktet i den israelske strategien ovafor Vestbreidda og Gaza-stripa er kontroll over palestinarane utan direkte militærstyre over palestinske byar og landsbyar. Oslo-avtalen hadde som mål at den palestinske kampen, eigedommen og grensene skulle under israelsk kontroll, mens den palestinske befolkninga skulle styrast av PA, der maktgrunnlaget heilt kvilte på velsigning frå regjeringane i Israel og USA. Viktigaste oppgava til PA var å garantere "tryggleiken" til Israel, dvs. å opptre som politistyrke for okkupasjonsmakta. På klassisk kolonialistisk vis fekk dei innfødde "sjølvstyre", nøye innpassa under vedvarande israelsk kontroll og dominans.

Palestinsk økonomi er fullstendig integrert i og avhengig av israelsk økonomi. Om lag 75 % av all import til Vestbreidda og Gaza-stripa kjem frå Israel, mens 95 % av all eksport frå Vestbreidda/Gaza-stripa har Israel som mål. Israels fullstendige kontroll over alle ytre grenser betyr at det er uråd for palestinsk økonomi å utvikle meiningsfulle tilhøve til eit tredje land. Vestbreidda og Gaza-stripa er i stor grad avhengig av vareimportert, totalt utgjør han 80 % av bruttonasjonalinntekten. Med svak eigenproduksjon og stor import kjem ikkje den økonomiske makta til den palestinske kapitalistklassen frå eigen industri eller produksjon, men er av kompradortypen. Profitten kjem frå eksklusive importrettar på israelske varer, og kontroll over store monopol gitt til dei som var lojale til Arafat. Det privilegerte tilhøvet til israelsk kapital er kjenneteiknet på det palestinske borgarskapet. Sidan 1993 har detta borgarskapet fusjonert med delar av PA-byråkratiet og utgjør ein hovudpillar i styret til Arafat.

Heilt frå starten av Oslo-prosessen har den vidare eksistensen til PA vore fullstendig avhengig av Israel, USA og Europa. Mellom 1995 og 2000 kom 60 % av alle inntektene til PA frå indirekte skattar på utanlandske varer importert til dei okkuperte områda, samla inn av den israelske regjeringa. Desse pengane blir samla inn av den israelske regjeringa og så overført til PA kvar månad, etter reglar utforma i den økonomiske Paris-avtalen mellom PA og Israel frå 1995 (note 8). Det betyr at om Israel vel å halde tilbake desse pengane, slik dei har gjort sidan desember 2000, så er PA i alvorleg pengekrise.

Den andre hovudkjelda til inntekter for PA er utanlandske midlar frå USA, Europa, og arabiske regjeringar. I 2001 dekka desse midla rundt 75 % av lønnsutgiftene til PA. Utan desse pengane ville 122.000 offentleg tilsette i PA-området vore utan lønn. I tillegg fekk dei utanlandsk støtte til matvareprogram, jobbskapingsplanar og oppbygging av øydelagt infrastruktur. Heile Vestbreidda og Gaza-stripa har eit handelsunderskott på 45-50 % av bruttonasjonalinntekten, og det blir i prinsipp finansiert av utanlandsk hjelp.

Tilhøvet mellom palestinske område og israelsk økonomi, og det at den palestinske kapitalistklassen er kompradorar, har gitt den palestinske arbeidarklassen eit særpreg. Arbeidsstyrken er delt i tri store område:

Det er så godt som ingen industriarbeidarklasse å snakke om på Vestbreidda og Gaza-stripa.

Mens palestinske arbeidarar i Israel har blitt mindre viktig for israelsk økonomi, utgjør dei framleis ein stor del av den totale palestinske arbeidsstyrken. I månadene før intifadaen starta i 2000, arbeidde drygt 20 % av den palestinske arbeidsstyrken på Vestbreidda og Gaza-stripa (med unnatak av Jerusalem) i Israel eller i busettingane.

Under det første opprøret i dei okkuperte områda i 1988 arbeidde over 50 % av den palestinske arbeidsstyrken i Israel. Delen av den palestinske arbeidsstyrken som jobbar for israelske arbeidsgivarar har slik falle med 60 % på 12 år. Kor har desse arbeidarane blitt av?

Den sterke veksten i sysselsetting etter Oslo-prosessen kom i offentleg sektor innafor PA, som utgjør rundt 25 % av sysselsettinga i palestinske område. Delen av arbeidsstyrken sysselsett i offentleg sektor er nesten dobla sidan midten av 1996. Meir enn halvparten av utgiftene til PA går til lønningar i offentleg sektor.

Den tredje hovudsektoren er privat næringsliv, særleg tjenesteytande næringar. Det som skil denna sektoren ut, er at han totalt er dominert av små familieeigde selskap. Dei palestinske områda manglar markant storindustri på grunn av tretti år med israelsk utviklingshindrande politikk. Over 90 % av private palestinske selskap sysselset mindre enn 10 tilsette.

Politiske implikasjonar

På det økonomiske området pressa Oslo-avtalen fram utviklinga av ein parasittisk palestinsk kapitalistklasse, heilt avhengig av tilhøvet sitt til israelsk kapital for å skaffe seg profitt. I mellomtida gjorde Israel slutt på avhengigheita si av billeg palestinsk arbeidskraft, ved ein massiv flom av høgutbyttelege fremmendarbeidarar. I staden vart dei palestinske arbeidarane ein reservearbeidshær som kunne slåast av og på. Tiår med utviklingshindrande politikk og fullstendig israelsk kontroll av det palestinske baklandet betyr at den innanlandske palestinske arbeidarklassen enten er avhengig av offentleg sektor betalt av utanlandske hjelpetiltak, eller konsentrert i små, privateigde familieselskap.

Samansetjinga av den palestinske arbeidarklassen er svært merkbar på det politiske området. Jamvel om den palestinske arbeidarklassen er stor, finst det ingen organisert sektor sterk nok til å utforme ein klassestrategi for den palestinske nasjonale rørsla. Det skil seg, kanskje, frå dømet til antiapartheid-rørsla i Sør-Afrika, der den organiserte arbeidarklassen, særleg gruvearbeidarane, var i stand til å spele ei sentral rolle i kampen.

Det reelle innhaldet i denna klassestrukturen er klart synleg i det verkelege livet i dag. Sidan april i år har rundt 700.000 menneske levd med portforbud mest heile tida. Portforbud, særleg husarrest, betyr at ingen som bur i ein større palestinsk by, kan bevege seg utanfor heimen utan risiko for å bli skote og drepne av den israelske hæren. Dei dagane portforbudet blir lempa noen få timar gir innbyggjarane i desse byane nok tid til å kjøpe mat eller treffe venner, ikkje til å utføre meiningsfullt produktivt arbeid. I ein slik samanheng blir det uråd å planleggje dei grunnleggjande behova i livet. Frå ein dag til den neste er det uråd å vite om du vil vere i stand til å gå på jobb, skole, eller universitet, eller om du blir stengt inne heime. Resultatet er eit heilt folk som går og ventar.

Realitetane bak portforbudet syner på ein framifrå måte endringane i både palestinsk og israelsk klassestruktur etter Oslo-avtalen. I eit vanleg kapitalistisk samfunn ville eit slikt portforbud vere umauleg fordi arbeidsliv og industri stoppar opp månadsvis om gongen. Under den første intifadaen som starta i 1988, innførte Israel allment portforbud i noen landsbyar, men aldri så lenge og så omfattande som nå. Desse tiltaka, saman med fråver på grunn av generalstreik under den første intifadaen, fekk leiinga i det israelske arbeidsdepartementet til å kalle stoda "traumatisk" for den israelske økonomien. I dag stør alle politiske leiarar i Israel permanent portforbud og stengingar, og dei slåst for økonomisk delte område.

Strukturen i den palestinske arbeidarklassen påverkar den nåverande intifadaen i sterk grad. Ideen om streik eller andre arbeidaraksjonar er ikkje-eksisterande, ettersom dei har så godt som ingen verknad på israelsk økonomi og bare er til skade for dei palestinske arbeidarane og familiane deira. Boikott av israelske varer er eit anna framlegg til politisk handling som har vore reist med jamne mellomrom under intifadaen. Trass i noen symbolske forsøk gjør dei økonomiske banda mellom Israel og palestinsk økonomi det så godt som umauleg, ettersom mesteparten av varene blir importert frå Israel. Det finst ikkje lokale kjelder til meieriprodukt, kjøtt, sement, eller mesteparten av frukt og grønnsaker eller elektriske produkt. Elektrisitet, telefonlinjer, vatn og jamvel det palestinske internettet er til sjuande og sist kontrollert av den israelske regjeringa.

Er Oslo-avtalen død?

Eit vanleg omkved i dominerande media så vel som frå delar av PA og den israelske regjeringa, er at den nåverande intifadaen betyr slutten på Oslo-prosessen. Noen palestinske kommentatorar skuldar Israel for å ville øydeleggje PA og vende tilbake til den såkalla israelske sivile administrasjonen som styrte Vestbreidda og Gaza-stripa til 1993.

Problemet med desse påstandane er at dei stemmer dårleg med det som verkeleg går føre seg når ein undersøkjer grundig. Det er viktig her å skilje mellom det påståtte innhaldet i Oslo-avtalen, og det prosessen skulle oppnå.

Om Oslo-prosessen blir forstått som ein strategi for å kantonisere (dele opp eit land i sektorar eller distrikt) Palestina, uavhengig av handtrykka på plenen framfor Det Kvite Huset, så er det klart at Oslo-avtalen er langt frå død. Dei siste månadene har den israelske regjeringa gjennomført ein plan med mål å slå under seg land på Vestbreidda og tvinge palestinarane inn i desse kantonane. Planen liknar reservata som vart sett opp av regjeringa i Sør-Afrika for dei svarte i apartheid-tida. Ein ni meter høg mur som strekk seg hundrevis av kilometer, blir nå sluttført rundt byar på den nordlege delane av Vestbreidda, som Nablus, Jenin, Qalqilya og Tulkarem. Ein liknande mur blir bygd rundt Jerusalem. Knytt til byggverket er det sett i verk eit nytt pass-system som krev at alle palestinarar som ønskar å reise mellom palestinske byar, må skaffe seg spesielle løyve som blir gitt veke for veke av den israelske miltærkommandanten på Vestbreidda. Alle varer som skal inn i palestinske område må gjennom eitt av tri transittpunkt kontrollerte av israelske militære. I røynda er Vestbreidda oppdelt i tri kantonar - den nordlege, midtre og sørlege Vestbreidda - med all transport av varer og folk mellom desse kontrollert av det israelske militæret.

Desse tri kantonane på Vestbreidda er skilte av store israelske busettingsblokkar og sprikande motorvegar som palestinarane er nekta tilgang til. Spesielle bilskilt skil mellom palestinske og israelske bilar, og utgjør ein grunnpilar i det framveksande apartheidsystemet på Vestbreidda.

Den palestinske folkesetnaden i Gaza-stripa er effektivt stengt ute frå alt samband med Vestbreidda i over eit tiår, og utgjør den fjerde kantonen i den israelske planen. Gaza-stripa har vore omgitt av eit gjerde i mange år, og er nå eit av dei mest tettbefolka områda på jorda med 1 million menneske bokstavleg talt stengt inne på noen få kvadratkilometer. Jamvel palestinske fiskarar som skal på sjøen for å tjene til livets brød må søkje løyve frå det israelske militæret.

Bak denna prosessen ligg dei økonomiske endringane som er skissert ovanfor: Ein freistnad frå israelsk kapitalisme på å tvinge fram ei løysning på konflikten som vil tjene Israels deltaking i den globale marknaden, tillate israelsk økonomi å liberalisere og redusere miltærutgiftene og åpne både arbeids- og forbrukarmarknaden i Midt-Austen.

Hovudhindringa i prosessen er dei palestinske massane, ikkje PA. Målet i den nåverande israelske strategien er ikkje øydeleggjinga av PA men nettopp det motsette, styrke han for at han betre kan undertrykkje befolkninga. Noen medlemmer av PA vil gå med på det, men det er ikkje individ som er viktige, men heller strukturen som eit heile og rolla han speler.

Det er vanskeleg i dag å snakke om ein "intifada" i meininga ei stor folkeleg rørsle. Av grunnar skissert ovanfor er det lite massedeltaking i det nåverande opprøret. Men det er ein sterk vilje til motstand uttrykt med det arabiske "samideen", eller den trufaste. Det er grunnen til straffetiltaka frå den israelske regjeringa får form av kollektive straffetiltak mot folket, tiltak retta mot å demoralisere og svelte ut folket til gi opp.


Notar

1) Prinsipperklæringa, til vanleg kalla Oslo-avtalen, vart underteikna av den israelske regjeringa og den palestinske frigjøringsorganisasjonen 13. september 1993. Avtalen var produkt av hemmelege forhandlingar mellom den israelske regjeringa og palestinske forhandlarar. Trass i den utbreidde oppfatninga at Oslo-avtalen hadde som mål å oppnå fred og ein palestinsk stat på Vestbreidda og Gaza-stripa, var det ein høgst defekt avtale som gav inntrykk av palestinsk suverenitet men heldt ved like israelsk dominans på alle område slik eg skal vise seinare i artikkelen. [Attende]

2) Histadrut (Landsorganisasjonen for arbeidarar i Eretz Israel) var den administrative ryggrada i busettingane før Israel vart skipa, med kontroll over koloniseringsarbeidet, økonomi, produksjon og marknad, arbeidsmarknad og forsvar. Histadrut var ikkje fagforeining i vanleg forstand, men prioriteringane vart fastsette av nasjonale mål, og ikkje arbeidarinteresser. I 1960 karakteriserte generalsekretæren i Histadrut, Pinhas Lavon, organisasjonen slik: "Landsorganisasjonen for arbeidarar vart grunnlagt for førti år sidan av fleire tusen ungdommar som ville arbeide i eit underutvikla land der arbeidskrafta var billeg, eit land som snudde ryggen til innbyggjarane sine og avviste nykommarar. Under slike tilhøve var grunnlegginga av Histadrut ein sentral del av gjenfødinga av det hebraiske folket i fedrelandet deira. Vårt Histadrut er ein verkeleg landsorganisasjon. Det er ikkje ein fagforeining for arbeidarar." Sitert i Haim Hanegbi, Moshe Machover og Akiva Orr: "The Class Nature of Israel", i New Left Review 65 (januar / februar 1971). [Attende]

3) For å sjå eksempel på denna analysen, les: Gershon Shafir: Land, Labor and the Origins of the Israeli-Palestinian Conflict, 1882-1914 (Cambridge: Cambridge University Press, 1989). Zeev Sternhell: The Founding Myths of Israel: Nationalism, Socialism and the Making of the Jewish State (Princeton University Press, 1998). Ilan Pappe (red): The Israel / Palestine Question: Rewriting Histories (London: Routledge, 1999). [Attende]

4) Lewin-Epstein, Noah og Moshe Semyonov, "Occupational Change in Israel: Bringing the Labor Market Back", Israel Social Science Research 2, nr 2 (1984): 3-18. [Attende]

5) Ei meir detaljert drøfting av spørsmålet finn du i skrifter av Jonathan Nitzan og Shimson Bichler, særleg "From War Profits to Peace Dividends: The New Political Economy of Israel", Capital and Class, vol. 60 (hausten 1996). [Attende]

6) Det er teikn til at storselskapa i Israel vil prøve å byggje opp att Arbeidarpartiet som ei politisk kraft med betydeleg støtte frå næringslivet, ved å bytte til Arbeidarpartiordføraren Amram Mitzna i Haifa som leiarkandidat i Arbeidarpartiet mot Ben Eliezer nå nyleg. [Attende]

7) World Bank: Trade Options for the Palestinian Economy (Working Paper No. 21) (English), mars 2001. [Attende]

8) Parisprotokollen var ein økonomisk avtale underteikna i 1995 som ein del av Oslo-prosessen. Han gav presise overslag over kva for varer palestinarane fekk lov å importere og eksportere, likeins skattereglar og andre økonomiske spørsmål. [Attende]