Til Røde Fane si heimeside
Til heimesida til AKP


Skolen - ven eller fiende?

av Svein Lund

Røde Fane nr 3, 2002

Svein Lund er yrkespedagog og lausarbeidar


Hvorfor skole? spør Solveig Aamdal i Røde Fane nr 2, 2002. Ho svarar sjølv på dette gjennom å oppsummere skolen sine oppgåver i eit kapitalistisk samfunn i sju punkt. Dei aller fleste av disse punkta er slikt som tjener kapitalen sine interesser. Samtidig spør ho:"Hvorfor ønsker makta å ødelegge skolen?" Kordan heng dette på greip? Dersom skolen tjener kapitalen, kvifor vil så kapitalen øydelegge den same skolen?

Solveig Aamdal skal ha all ros for å sette i gang ein skolediskusjon i Røde Fane og forsøke seg på ei analyse av skolen sin plass i samfunnet. Venstresida har til no i liten grad hatt ei analyse av skolen og ein samla alternativ skolepolitikk. Skolepolitikken har mest gått ut på høgare stipend for elevane og lønn for lærarane, konfesjonsfri skole, gratis lærebøker og fleire datamaskinar. Dei som har hatt ein skolepolitikk i Noreg er i første rekke den tenkande delen av høgresida, dvs. Høire og høgresida i DNA. Eg vil i dette innlegge kommentere nokre av spørsmål som Solveig tar opp og nokre som ho ikkje tar opp, og vone at dette vil få enno fleire til å kaste seg ut på.

Vil vi ha skole?

Alle vil ha skole. Dei fleste vil og ha meir skole; fleire år på skolen, fleire timar i veka, fleire elev- og studentplassar og fleire lærarar. Særlig vil lærarar ha meir skole, og folk med lærarbakgrunn har tradisjonelt hatt sterk innverknad på skolepolitikken.

Vil alle ha skole? Skolehistoria fortel om store problem med å få alle elevar til å gjennomføre den obligatoriske skolen. At elevar har hatt stort fråver og falt ut av skolen før tida, har blitt sett på som disiplinære og moralske problem, og foreldra og elevane har fått høre at dei ikkje veit sitt eige beste. Alt sett frå øvrigheita sin synsstad. For nokre år sidan var det ein skolemann, til og med professor i pedagogikk (1), som våga å gjøre opprør mot denne tankegangen. Han analyserte haldningane til skolen på kysten av Troms for vel hundre år sidan og kom til den klare konklusjon at elevane sin skulk var ei logisk og fornuftig handling, i forhold til ein skole som ikkje ga det dei trengte å lære for å livberge seg. Snarare tvert om. Ei sak var at ungane si arbeidskraft trengtest i heimen. Like viktig var at skolen tok ungane bort frå det miljøet der dei kunne lære det dei trong for framtida. Jo lengre og fleire skoledagar, jo fleire år obligatorisk skole, jo mindre skikka var elevane til å klare seg sjølv den dagen dei skulle stå på eigne bein. På 1950- og 60-talet, da 9-årig obligatorisk skole blei innført, blei det gjort undersøkingar om foreldra sine haldningar til utvida skoleplikt. I Finnmark var det i reindriftsmiljø ein overveldande motvilje mot utviding av skolegangen. Som i fiskerimiljøet eit halvt hundreår før, var grunngivinga den samme: Jo lengre elevane var i skolen, jo mindre kvalifiserte ville dei vere for arbeid i reindrifta.

Kva så i 2002? For dei fleste er det ikkje lenger mogleg å lære sitt framtidige arbeid gjennom å følge foreldra sine gjøremål. No er det normale, både i by og land at ungane er i institusjon frå 1- eller i alle fall 3-årsalderen og til dei er 18-19 år. I løpet av 1990-talet har institusjonering av barn og ungdom auka kraftig, særlig gjennom desse tiltaka:

Men som om dette ikkje var nok: "Kvalitetsreformen" for høgare utdanning skal skjerpe inn studieprogresjonen og "gjennomføre heiltidsstudenten". Det er i dag altfor vanlig at studentar ikkje har arbeidserfaring frå anna enn sommarjobbar (alle har ikkje ein gong det), når dei byrjar å studere. Derimot har det vore vanlig at studentar har jobba meir eller mindre ved sida av studiene. Det skal det no bli slutt på. Idealet synast å vere at ein går i utdanningsinstitusjon frå 1- til 24-årsalderen utan å ha anna enn teoretisk kunnskap om livet utafor skoleveggane.

På dette grunnlaget vil eg stille følgande kjetterske spørsmål: Kvalifiserer eller diskvalifiserer skolen for livet? Kanskje vi treng mindre, ikkje meir skole?

Kamp om skolen

Solveig Aamdal syner at kapitalen søker å forme skolen etter sine behov. Men skolen er ikkje, og har aldri vore, noko enkelt speilbilete av interessene til dei som har den økonomiske makta. Mange andre krefter har vore med å forme den skolen vi har i dag. Ikkje minst gjeld det dei som har arbeidsplassen sin i skoleverket. Arbeidarrørsla og andre store folkerørsler har og påverka skolen. (Det er derfor det er noko i skolen som er verd å forsvare.)

Gjennom tidene har det vore kamp i og rundt skolen på mange område. Eg vil sjå nærare på nokre av desse.

Korfor kom einskapsskolen?

Går vi 150 år tilbake i tida, var skolen klassedelt. Øverst var latinskolen, i første rekke for embetsmannsklassen. Så kom borgerskolen, for det oppvoksende handels- og industriborgerskapet. Og på botn var det allmueskolen, der barn av arbeidarar, bønder og husmenn skulle lære enkel lesing og å frykte og lyde gud og øvrigheita. Frå 1860-talet skjedde det ei gradvis samordning til felles skole eller einskapsskole, først i 3, så 5, 7, 9 og 13 år. Denne utviklinga framstiller Solveig Aamdal slik:

"Utviklinga krevde arbeidere som kunne lese og regne. ... Dette førte til at det grodde fram en skole som skulle gi et tilbud til alle. ... Ettersom kapitalens behov for flere og flere med utdanning økte, fikk vi enhetsskolen, med lik skoletid og likt skoleinnhold for alle."

Men var det så enkelt at dette "grodde fram" og "vi fikk"? Nei, alt dette skjedde gjennom kamp. Einskapsskolen (= enhetsskolen) møtte motstand, han blei gjennomført i mange trinn, dei fleste av trinna mot ønska til partiet til den noverande utdanningsministeren. Dersom ein framstiller det som om kapitalen ga oss einskapsskolen, er det anten rein historieforfalskning eller i beste fall kunnskapsmangel. Noreg innførte 7-årig einskapsskole frå 1920 som eit av dei aller første landa i verda. Andre land har framleis ikkje innført nokon einskapsskole, sjølv om dei kan ha like utvikla kapitalisme som Noreg.

Forsvare einskapsskolen?

Solveig Aamdal skriv om einskapsskolen som står for fall, og eg tolkar ho som om oppgåva til venstresida må vere å forsvare einskapsskolen. Tidligare har mange på venstresida lansert parola "Forsvar enhetsskolen!" Ei slik parole syns eg er problematisk. Vel og bra at arbeidsfolk sine ungar og skal ha utdanning. Men på kven sine premiss blei einskapsskolen bygd? Da borgarskapet sine barn måtte gå i skole med den simple allmuen, var det viktig for borgarskapet at mest mogleg av borgarskapet sine verdiar blei med over i den felles skolen. Tidlig på 1900-talet var det i DNA usemje om målet skulle vere å "løfte" arbeidarklassen opp med å gi dei tilgang til borgarleg danning, eller om ein skulle bygge sin skole for arbeidarklassen som bygde på verdiar som samhald, solidaritet og praktisk fagkunnskap. Ein av DNA sine fremste skolepolitikarar uttrykte det slik at "arbeiderklassens barn skulle få en så god allmennutdanning som mulig, slik at de kunne hevde seg på lik linje med barna fra de høyere samfunnsklassene" (2). Kva som skjedde ved utvidinga av skoleplikta frå 7 til 9 år skildrar Liv Mjelde slik: "Integreringen av realskolen og framhaldskolen i 1959 ble gjennomført på realskolens premisser. Den akademiske læringstradisjonen ble den dominerende i den nye 9-årige skolen." (3) Var da den 9-årige einskapsskolen eit framsteg for arbeidarklassen?

Med reformane i 1994 og 1997 blei einskapsskolen utvida med enno fleire år. Igjen var det den akademiske læringstradisjonen som styrka seg på kostnad av den yrkesfaglige. Yrkesfaga skulle "løftast" med å få meir allmennteori. Det var ikkje tilsvarande snakk om å gjøre det tidligare gymnaset meir praktisk. Einskapsskolen har ikkje bare betydd at barn frå forskjellige samfunnsklassar skulle gå i lag. Han har og betydd at alle skulle lære det same. I Bærum og på Røst, i Bergen og i Aurdal skulle dei lære det same til same tid. Ein skulle ikkje ta utgangspunkt i lokal kultur og lokalt næringsliv, men førebuast til eit liv som rotlaus mobil arbeidskraft. Denne einsrettinga blei kraftig styrka under Gudmund Hernes. Han ville ha bort lokale læreplanar og samiske læreplanar. Arbeidsmetodane og pedagogikken skulle vere den samme.

Venstresida sin skolepolitikk må vere ein skolepolitikk på elevane sine og lokalsamfunna sine premiss. Da kan vi ikkje bli ståande som forsvararar av einskapsskolen slik den har utvikla seg i Noreg. Både RV og SV har vore mot private skolar. Det er greitt å vere for at skole er eit offentlig ansvar, og mot at dei rike skal kunne snike seg unna å betale skatt for eit godt skoleverk for alle for så å kjøpe sine eigne ungar fri gjennom privatskolar. Problemet er at den offentlige skolen er så einsretta at han ikkje gir plass for omsyn til at elevar har forskjellig kulturbakgrunn. Med eit obligatorisk kristendomsfag må vi tillate muslimske privatskolar, med ein einsretta pedagogikk må det vere rom for Steiner-skolar og Montessori-skolar for at det i det heile skal komme fram at det finst alternative opplæringsmåtar. Folkehøgskolane har i vel eit hundreår vore eit karakter- og konkurransefritt alternativ til puggeskolen - 87% av folkehøgskolane i Noreg er private!

Kva er skolen sitt føremål?

Solveig framstiller skolens formål slik:

Kvifor står så dette ikkje i skolens formålsparagraf? Ei årsak er sjølvsagt at borgarskapet ikkje kan seie det så direkte, det kunne blitt om ikkje revolusjon, så i alle fall ei større politisk krise. Ei anna årsak er at skolen faktisk og har meir idealistiske oppgåver, og det er ein stadig pågåande kamp om kva for oppgåver som skal vektleggast i både teori og praksis.

Om vi ser på lovar og føremålsparagrafar i norsk skole gjennom tidene, kan vi ofte sjå at det sentrale har vore eleven sine interesser. Dette er særlig klart uttalt i Vaksenopplæringslova av 1976: "Målet for voksenopplæringen er å hjelpe den enkelte til et mer meningsfylt liv." (4) Ti år etter hadde Gudmund Hernes si programerklæring i Med viten og vilje eit heilt anna utgangspunkt: "Utfordringen for norsk kunnskapspolitikk er at landet ikke får nok kompetanse ut av befolkningens talent." Det er ikkje lenger eleven eller einskildmennesket som står i sentrum, men "landet", som skal bruke befolkninga sitt talent for å styrke konkurranseevna på verdsmarknaden.

Nylig kom eg over ein artikkel av Ole Henrik Magga om den samiske læreplanen. I den samanhengen skriv han om formålet med skolen og uttrykker det på eit vis som eg trur svært mange både innafor og utafor skolen vil kunne slutte seg til:

"Skolen har rent allment to hovedoppgaver. Den første oppgaven er å ivareta og formidle folkets kultur og kunnskapsgrunnlag. Den andre oppgaven er å gi den enkelte elev en undervisning i samsvar med elevens psykiske og kulturelle forutsetninger."

Dette er eit syn i samsvar med norsk pedagogisk tradisjon på sitt beste, med folkehøgskoletanken frå Grundtvig av og med arbeidet til dei frivillige opplysningsorganisasjonane. Det er dette det overveldande fleirtalet av norske lærarar har søkt å legge til grunn for arbeidet sitt. Dette bør i dag kunne vere ei programformulering som kan samle store delar av det norske folk. Oppgåva er å vise at den skolen som vi har fått etter reformene på 90-talet, og enno meir etter at NHO gjennom Kristin Clemet har fått styre skolepolitikken ei stund, er noko heilt anna enn det føremålet Magga strekar opp.

Pedagogikk og politikk

Pedagogikk er læra eller vitskapen om læring og opplæring. Men pedagogikk er og spørsmål om haldningar og om kamp mellom kva for interesser skolen skal tjene. Derfor er det ein nær samanheng mellom pedagogikk og utdanningspolitikk.

De fleste av oss har i større eller mindre grad opplevd den gamle skolen med pugging av bibelvers og "flere byer i Belgia". Mot denne blei det etter kvart reist kraftig kritikk, både gjennom politiske organ og i litteraturen (5). Tidlig på 1900-talet starta utviklinga av den såkalla progressive pedagogikken. Denne påverka, i alle fall i prinsippet, normalplanane av 1939, som var styrande for norsk folkeskole fram til 1974. Elevane skulle samarbeide, dei skulle lære gjennom arbeid og sjølve søke kunnskap. Denne endringa har ikkje skjedd av seg sjølv og ikkje utan motstand. Sterkast sto vel den progressive pedagogikken i Noreg på 1970- og 80-talet. Men da var allereie motstanden byrja å røre på seg og arbeida for å snu utviklinga. De første krava om meir konkret kunnskap og konkurranse i skolen kom frå Høgre på 80-talet. Sosialdemokratane sto i hovudsak for den progressive pedagogikken fram til langt ut på 80-talet. Men det skulle vere ein minister frå DNA som for alvor sette i verk Høgre sin politikk. I november 1987 skreiv Gudmund Hernes eit innlegg i Aftenposten der han formulerte krava sine til skolen, noko han skulle forsøke å gjennomføre da han nokre år seinare blei utdanningsminister:

"Mine ønsker for skolen er derfor:

Aftenposten presenterte innlegget med bilete av Gudmund Hernes og ein bilettekst der det heiter at Hernes indirekte tar eit kraftig oppgjør med Arbeiderpartiets skolepolitikk.

Det er dette som låg til grunn for reformene på 1990-talet og det er ikkje vanskelig å kjenne igjen dagens signal frå regjeringa med NHO i spissen.

Ikkje bare kapital mot arbeid

Skolen er på mange måtar ei gjenspeiling av samfunnet utafor, og utviklar seg som ein kamp mellom motsette interesser og motsette syn. Men langt frå alle desse motsetningane kan forenklast til kapitalen på den eine sida og arbeidarklassen på den andre. Eg vil peike på nokre viktige motsetningar i skolen som bare delvis fell saman med klassemotsetningane:

1. Yrkesopplæring og allmennfag

Dagens vidaregåande opplæring har i hovudsaka to røter: Den akademiske opplæringa i katedralskole - latinskole - gymnas og den praktiske yrkesopplæringa i lærlingeordning og yrkesskole. Når desse tradisjonane har blitt ført inn under same tak og delvis i same klasserom har det blitt store motsetningar. Desse har gått mellom elevar, mellom lærarar og opp til universitets- og høgskolenivå mellom fagpedagogar. Denne motsetninga har gått tvert gjennom lærarane og elevane sine organisasjonar og gjennom politiske parti (i alle fall DNA, SV og RV). Det akademiske borgarskapet og småborgarskapet har stått på eine sida, fagrørsla og delar av borgarskapet i industri og handverk på den andre sida.

2. Sentralt og lokalt

Ei viktig motsetning dei siste 20 åra har vore mellom dei som ville ha eit sentralisert, standardisert og einspora skoleverk og dei som ville legge vekt på tilknytninga til lokalsamfunnet og utvikling av lokale læreplanar og læremiddel. Den lokale innrettinga sto sterkt på 70- og 80-talet og var framtredande i grunnskolen sine læreplanar av 1987. Gudmund Hernes såg det som eit av sine viktigaste mål å ta knekken på dette og få ein skole der alle lærte det samme samtidig. Om ein elev flytta frå Båtsfjord til Stavanger, skulle han kunne fortsette nøyaktig der han slapp. Slik skulle skolen styrke utviklinga av den mobile arbeidsstyrken og den nasjonale identiteten.

Ei rekke andre motsetningar kunne nemnast, som kunnskapsskole - utviklingsskole, einsretta - pluralistisk, disiplin - fridom eller konkurranse - samarbeid. Desse motsetningane har klart samanheng med klassekamp og andre motsetningar i samfunnet utafor skolen, men det blir for enkelt å gjøre alt til kapital mot arbeid.

Spesialundervisning - hjelp eller stigmatisering?

Som spesialpedagog er Solveig Aamdal ute etter å forsvare eigne profesjonsinteresser. Det er sjølvsagt lov, men eg syns det nokre gongar overskyggar det å utvikle ei samla analyse og ein sosialistisk skolepolitikk. Ho seier: "De offentlige myndighetene ønsker at færre elever skal få spesialundervisning etter enkeltvedtak. Det de bruker som begrunnelse, er at det virker stigmatiserende på elevene." Det er vel og bra å påvise hulheita i styremaktene sin politikk når slike argument brukast som påskot for å spare pengar. Men like fullt er det eit faktum at spesialundervisninga i stor grad verkar stigmatiserande. Det må derfor vere eit mål å finne betre løysingar enn spesialundervisning etter enkeltvedtak.

Sjølv har eg undervist i yrkesfaglige klassar i vidaregåande skole med eit stort innslag av elevar "inntatt på særskilte vilkår", dvs. med rett til meir eller mindre spesialundervisning. Den mest brukte metoden har vore å gi ekstratimar til deling i dei "viktigaste" teorifaga, slik at "spesialelevane" blei underviste for seg. Dei blei da stigmatiserte gjennom å bli tatt ut av klassa, dei blei underviste av spesialpedagogar utan peiling på yrkesfaga. Ofte blei "spesialelevar" frå fleire yrkesfag underviste i lag. Då fikk dei slite om igjen med grunnskolepensum i norsk og matte og kom aldri til noko nyttig og interessant bruk av faget. Denne undervisninga har eg til gode å sjå noko positivt resultat av. Det eg derimot har sett positive resultat av, er å gi ekstraressursar til tolærarsystem i samla klasse, ikkje minst i dei praktiske faga. Eg har og sett positive resultat av å knytte allmennfaga nært saman med yrkesfaga. Men dette er metodar som ikkje spesialpedagogane har utvikla, og heller ikkje vore særlig opptatt av.

Min påstand er at RV og SV i skolepolitikken har vore mest opptatt av å forsvare timar til spesialundervisning, ikkje av å finne løysingar som tjener elevane si læring og ikkje minst sjølvkjensle.

Reform 94 skapte auka behov for spesialundervisning - ikkje bare fordi alle no skulle inn i skolen, men fordi reforma sjølv skapte fleire taparar - fleire elevar som ikkje kunne/ville tilpasse seg til den standardiserte skolen. Det betyr ikkje at svaret på dette er meir spesialundervisning. Svaret må i staden vere meir yrkesretta opplæring, andre undervisningsmetodar og tilstrekkelig med lærarressursar til at lærarane har tid å hjelpe kvar elev.

Kven er kapitalen?

Det er ingen tvil om at den multinasjonale storkapitalen i dag er på offensiven overfor skoleverket. Det gjeld både internasjonalt og nasjonalt. I artikkelen til Solveig Aamdal er dei internasjonale trendene og påverknaden gjennom OECD, WTO og EØS ikkje nemnt med eit ord. Utan å kjenne til dette kan ein ikkje fullt ut forstå kva som skjer i norsk skole i dag. Eg vil i denne omgang bare oppmode lesarar som kjenner betre til dette enn meg til å skrive ein artikkel. I mellomtida kan lesarane av Røde Fane kaste seg over den nyutkomne boka av Gustav E. Karlsen: Utdanning, styring og marked. Norsk utdanningspolitikk i et internasjonalt perspektiv, Universitetsforlaget 2002.

Nasjonalt har NHO lenge prioritert skolepolitikk, i motsetning til motparten LO, som har hatt svært lite å stille opp med. Da NHO etter valet i fjor haust fikk utdanningsministeren, låg vegen open for å gjennomføre det dei lenge har jobba for: rasering av den offentlige skolen, full opning for privatisering og kommersialisering.

Så langt kan vi vere samde. Men når det blir framstilt som om "kapitalen" har ei og bare ei klar linje for skolen, blir det for enkelt. Det er store forskjellar på skolesystema i forskjellige kapitalistiske land og det er store motsetningar også innafor borgarlige parti og miljø.

Studer skolehistorie!

Skal vi forstå dagens skole og trugsmåla mot dagens skole er det svært nyttig å sjå bakover. Solveig forsøker dette, men eg meiner ho gir eit galt bilete av kordan opplæringa har utvikla seg, når ho skriv: "Vi fikk etter hvert skoler der elevene blei samla i egne hus for å lære. Opplæringa blei etter hvert skilt mer og mer fra produksjonen." Her skil ho ikkje mellom dei to opplæringstradisjonane, den akademiske og yrkesopplæringa. Den akademiske opplæringa har vore i skole i hundrevis av år, og har ALDRI vore knytta til produksjonen. Den har derfor heller ikkje kunna skilje seg meir og meir frå denne. Yrkesopplæringa, som var nært knytta til produksjonen, foregikk derimot ikkje i skole. Frå slutten av 1800-talet blei det i Noreg utvikla lærlingeskolar som ga teorifag i tillegg til den praktiske opplæringa. Men skoleopplæring i yrkesfag er i all hovudsak utvikla i Noreg på 1900-talet. Dette er den einaste opplæring i skole som kunne bli "etter hvert skilt mer og mer fra produksjonen." Og det har og skjedd dei siste åra, i første rekke etter Reform 94.

Så langt har skoledebatten på venstresida i liten grad vore knytta til analyser av kva som har skjedd i tidligare tider og kvifor. Eg saknar ei skolehistorie som analyserer utviklinga av skolen i forhold til utviklinga av samfunnet, produksjonen og ikkje minst klassekampen.

Kva trengst å diskutere?

Eg vonar at mange fleire enn meg tar opp hanska og at dette innlegget og får fleire til å ta pennen eller tastaturet fatt. Det er eit utal av spørsmål å diskutere innafor utdanningspolitikk og pedagogikk, men eg vil peike på eit par som eg ser som uløyste for venstresida så langt:

Ein skolepolitikk for venstresida må etter mi meining bestå av to element:

  1. Eit program som kan samle breitt for forsvar av det beste i norsk skole, og utvikling av dette vidare.
  2. Eit meir visjonært program for skolen i kampen for eit betre samfunn.
Noter