Til Røde Fane si heimeside
Til heimesida til AKP


Debatt:

Ein klasseanalyse av lærarane

av Leiv Olsen

Røde Fane nr 3, 2002

Leiv Olsen er lærar og talsperson for AKP i Stavanger

Les meir om AKP sitt syn på arbeidarklassen i partiprogrammet.


Det går ein diskusjon i AKP om kvar læraren høyrer heime klassemessig, i arbeidarklassen eller ikkje. Skal vi avgjera eit sånt spørsmål, held det ikkje bare å peika på at vi mottar lønn og derfor er lønnsarbeidarar. Vi må sjå på kva forhold vi har til andre menneske, både arbeidsherrane våre og elevane, og vi må i tillegg sjå på innhaldet i jobben: kva slags arbeid er det vi utfører?

Marx skreiv i Teorier om mervärdet (Marx-Engels, Skrifter i urval, Bo Cavefors förlag 1975) at lærarane er tilsette lønnsarbeidarar for arbeidsherren sin, samtidig som dei er noko anna for elevane. Dette er to viktige trekk som gjaldt skolen på Marx' tid, og som gjeld enno i dag. Men skolen har fleire trekk som er viktige å sjå på. Skolen er langt ifrå statisk. Den skolen eg underviser i, er noko anna enn den eg ein gong, på 1950- og 1960-talet, var elev i, og noko heilt anna enn skolen som mine foreldrar og besteforeldrar var elev i. Samtidig som dagens skole er i rask endring vekk ifrå kva det no er, til noko anna, som vi enno ikkje sikkert veit korleis blir.

Litt frå historia: Læraren som undertrykte arbeidarklassens born

Det er interessant å lesa artikkelen «Usedelige jenter og tyvaktige gutter. Forholdet mellom barn, foreldre og det offentlige ca. 1920-1950», skriven av fyrsteamanuensis Astri Andersen, trykt i Historisk tidsskrift nr 4, 2001. Her kjem det fram at læraren ein gong hadde så stor makt at han/ho kunne få elevar innsette i tvangsanstaltar dersom læraren meinte at ein elev var tjuvaktig (om det var ein gutt) eller usedeleg (om det var ei jente). Lærarens ord aleine var ikkje nok, men dersom læraren var bestemt på å få det til, og kom med mange nok klagar om påstått usømmeleg atferd, ende det som regel med at eleven blei tatt ut av heimen og plassert i anstalt. Sånn var forholda i 1920-åra, og sånn var det enno på 1950-talet, sjå for eksempel Kjersti Ericsson: Drift og dyd. Kontrollen av jenter på femtitallet (Oslo 1997).

Denne kontrollen ramma bare born frå arbeidarklassen. Det blei lagt vekt på om guttar var tjuvaktige (overklasseguttar er som kjent ikkje tjuvaktige) og om jenter var usedelege - og då såg dei på om dei for det fyrste var forfengelege (prøvde å kle seg/gjera seg penare enn sin stand), og dernest om dei flørta og interesserte seg for guttar (dette gjaldt jenter i 13-14-15 års alder!).

Overklassejenter var aldri forfengelege, for dei skulle kle seg og te seg pent. Arbeidarklassejenter som prøvde på det same, var pr definisjon forfengelege. Og om dei på toppen interesserte seg for det motsette kjønn, var det eit sikkert teikn på at dei kom til å enda i fortapinga: hor og det eine med det andre. Derfor måtte samfunnet ta hand om dei før det var for seint.

Astri Andersen har undersøkt kven som blei tvangsplasserte i Bergen:

«Så godt som alle var arbeiderklassebarn (....) 39 % hadde fedre i faglærte yrker, (....) 20 % var løsarbeidere eller langvarig arbeidsløse (....) 19 % var barn av ugifte mødre, enker, eller de var i enkelte tilfeller foreldreløse, og de fleste av disse tilhørte byens fattigbefolkning (....) 1 % tilhørte middelklassen, mens det for (....) 21 % ikke ble oppgitt forsørgers yrke» (Andersen s. 480).

Skolen spelte altså den gongen ei viktig rolle i undertrykkinga av, og disiplineringa av, borna frå arbeidarklassen. Dei som veik for mykje av, blei tvangsplasserte i anstalt.

Då eg sjølv var elev på 1950- og 1960-talet, var læraren enno ein autoritet som ikkje skulle seiast imot. Om ein fekk kjeft, også om ein fekk kjeft for noko ein slett ikkje hadde gjort, måtte ein i alle fall ikkje svara. For då var ein frekk og obsternasig. Ingen trudde på eleven, alle trudde på læraren. - Jens Bjørneboe fekk i bøkene sine godt fram korleis autoritære lærarar kunne misbruka makta si til å knekka unge guttar og jenter. Sånn er det gudskjelov ikkje lenger. Men framleis er læraren autoriteten. Dei fleste lærarar legg vinn på å ha eit godt forhold til elevane, men dessverre er det enno enkelte som misbruker makta dei har til å mobba elevar. For dei som blir ramma, er dette eit stort problem.

Kva makt har då læraren i dag?

I dag kan korkje skole eller enkeltlærarar nekta å ta inn elevar, slik lærarar og skolar kunne då eg var gutt Formelt var det den gongen bare skolen som kunne nekta, men eg kjenner til eit tilfelle der ein enkelt lærar tvang gjennom at ein elev blei tvungen til å slutta i klassen. Ho ytra seg kritisk om Israel, og då, sa læraren, måtte enten ho eller han sjølv forlata klassen. Læraren hadde så stor makt at det ikkje var snakk om å opponera. I dag kan vi ikkje dumpa elevar i grunnskolen, slik lærarar kunne, og ofte gjorde, då eg var gutt. Vi kan utvisa ein elev frå ein time. Dersom ein elev skal utvisast for lengre tid enn timen, må ein fyrst gjennom ein prosedyre som også tar omsyn til elevens rettar. Og gudskjelov har elevane fått rettar i dagens skole!

Men læraren skal setta karakterar. Dette er noko vi er pålagt å gjera enten vi liker det eller ikkje. Og karakterar er reint skjønn. Retningslinjene er så vage at det grensar til det inkjeseiande. Det er derfor eine og aleine den enkelte lærars erfaring og skjønn som avgjer kva karakteren til kvar elev blir, og dette skjønnet varierer. Sjølvsagt! Skjønn er nettopp noko som varierer. Normalt vil det ikkje vera veldig store forskjellar frå lærar til lærar korleis dei vil bedømma ei bestemt oppgåve, men variasjonar på ein heil karakter må ein rekna med. I sjeldnare tilfelle har ein hatt større variasjonar. Det finst døme på at ein lærar har sett ulik karakter på same svar levert av to ulike elevar. Det har òg hendt at eksamensoppgåver som ein lærar, eller ein kommisjon, har vurdert til stryk, har fått toppkarakter av andre. Ikkje fordi læraren slurvar når ho/han skal setta karakter, men fordi det er ei svært vanskeleg oppgåve, spesielt når ein skal vurdera ein besvarelse som er så original at den er fullstendig hinsides kva læraren hadde venta. Har då eleven bomma på oppgåva eller tvert om gjort ein original og derfor særs framifrå jobb?

Som sagt vil avvika i bedømminga frå lærar til lærar normalt vera små. Men dei er der, og for elevar som blir ramma, kan dette kjennast djupt urettferdig. Det er snakk om å opna eller stenga dører til framtidig utdanning. For skolen er ein sorteringsmekanisme, og læraren er sett til å sortera - enten ho vil eller ikkje. Som lærarar står vi derfor i eit tvetydig forhold til andre menneske. For våre arbeidsherrar, enten det er snakk om stat og kommunar eller private skoleeigarar, er vi som andre lønnsarbeidarar. For elevane er vi ein autoritet med ein viss makt til å rå over framtida deira.

Men har vi dermed sagt alt som er verdt å vita for å kunna plassera læraren klassemessig? Makta eg har som lærar, er - gudskjelov! - klart begrensa i forhold til kva makt lærarane hadde for 50 eller 100 år sidan. Betyr det at vi lærarar har blitt meir arbeidarar? Ein lærar i den allmennutdannande skolen (dei 13 åra som så å seia alle elevar går på skolen) har større makt over sine elevar enn kva ein professor eller høgskolelektor har over sine studentar. Betyr det at dei blir meir arbeidarar enn eg som er lektor på vidaregåande? Det blir ein absurd tanke: at ein stig i utdanningshierarkiet, vil samtidig innebera at ein nærmar seg arbeidarklassen!?

Eg vil heller hevda at når dagens lærar har fått redusert makta si, så betyr det at vi har blitt mindre politi og meir lærar. Og kva er ein lærar?

Innhaldet i lærargjerninga

Læraren formidlar kunnskapar, haldningar og ideologi. Det vil seia ideologien til den herskande klassen - indoktrinering. På universitetet er det mindre av slik indoktrinering, meir opplæring i å stilla kritiske spørsmål ved hevdvunnen viten, derfor har universiteta alltid vore arnestader for opprørske rørsler. Betyr det at tilsette ved universitet blir meir arbeidarar? Ein sånn påstand blir absurd. Det må heller bety at det ikkje bare er fordi læraren formidlar borgarleg ideologi at ho skil seg frå arbeidarklassen, men fordi arbeidet er av ein heilt annan art enn sånt arbeid som arbeidarar utøver.

Høgare utdanning, utøvd ved universitet og høgskolar, vil eg seia er opplæring og oppøving i forsking. Det same kan ein ikkje seia om den allmennutdannande skolen, og slett ikkje om førskolen (sjølv om det er eit lite islett av forsking i all læring). Kva er då felles for arbeid som alle utdanningsgrupper utfører? Alle utdanningsgrupper utfører åndsarbeid. Og åndsarbeid fordrar eit visst sjølvstende.

Åndsarbeid skil seg nødvendigvis frå reint rutinearbeid, frå fysisk arbeid, og frå arbeid utført på kommando. Ingen kan tenka nye tankar på kommando.

Eg skreiv at åndsarbeid føreset eit visst sjølvstende. Kva sjølvstende har eg som lærar i dagens skole? Her vil eg ta meg sjølv som eksempel. Eg underviser i to fag: nyare historie og norsk (modul 1+2). Eg må halda meg til sentrale retningslinjer i form av sentralt fastsett timetal og sentralt fastsett læreplan, og eg må ta omsyn til at elevane ved årets slutt kan risikera å koma opp til eksamen, som skal følgja sentrale retningslinjer - i alle fall i norskfaget - og der det kjem ein sensor utanfrå som har den endelege avgjerda om kva karakter kvar enkelt elev skal ha.

Timetalet i nyare historie er 149 timar i året, timetalet i norsk modul 1 er 75 timar i året - det er det også på modul 2. Korleis eg disponerer desse timane, avgjer eg sjølv, helst i samråd med elevane. Den einaste begrensninga er at eg held meg til læreplanen.

Kva seier då læreplanen? Den er svært generell. Dagens læreplanar er sette opp som fleire "mål" - eit idiotisk uttrykk, for i mange av faga, for eksempel dei eg underviser, er det heilt misvisande å kalla desse for "mål". I norskfaget er det fyrste målet munnleg bruk av språket og det andre målet skriftleg bruk av språket, og dei same måla er sette opp både på modul 1 og modul 2! Normalt er det vel sånn at dersom ein når målet eitt år, set ein ikkje opp det same målet neste år?! Eit mål er noko ein strebar etter og, får vi håpa, før eller sidan når. I realiteten er "munnleg bruk av norsk" eit mål dei fleste når på 2-årsstadiet, og "skriftleg bruk av språket" eit mål dei fleste når i 2. klasse. Sånn at i vidaregåande skole er dette i virkeligheten ikkje mål, men område ein jobbar vidare med. Men sidan alt på død og liv skal heita mål idag, så kallar ein også dette for mål. Idiotisk!

Dette var eit sidesprang. I norsk må eg altså halda meg til ein læreplan med seks mål, alle like generelle, men supplerte med eksempel på delmål - dei også nokså generelle. For å få undervisning som inneheld eit minstemål av fornuft, så må læraren fortolka læreplanen. Helst i samråd med elevane. Finna ut kva ein skal jobba med, på kva måte, kor mykje tid til det eine og kor mykje til det andre, kva slags lærebøker ein skal bruka, kva kapittel, kva oppgåver osb, og også om det er noko ein skal ta lett på eller rett og slett hoppa over. Dette kan ingen andre gjera for meg. Ingen rektor, ingen fylkesskolesjef, ikkje noko departement kan gjera desse prioriteringane for meg eller fri meg frå alle desse vala, som er heilt nødvendige for å få den aller minste grad av fornuft inn i undervisninga. Dei einaste som kan hjelpa meg i dette, er mine eigne elevar. Og sjølvsagt, om eg ønsker det, eg kan samarbeida med andre lærarar som underviser same fag eller fag som det er naturleg å samarbeida med.

På same viset er det i nyare historie. Her har læreplanen tre mål som går på sentrale spørsmål i verdshistoria, sentrale spørsmål i norgeshistoria og viktige arbeidsmåtar i historiefaget. Også her er måla supplerte med eksempel på delmål, men korleis alt dette skal fortolkast, kva som er viktig i verdshistoria, i norgeshistoria, av arbeidsmåtar i faget, må kvar enkelt lærar sjølv finna ut. Helst i samråd med elevane. Her er sjølvstendet endå større enn i norskfaget, for i historie finst det ikkje retningslinjer for eksamen. Eksamensoppgåvene må læraren sjølv laga, og det finst ingen mal for korleis dei skal vera. Men historielærarar rundt om i landet har utveksla idear om dette, og fylket (Rogaland fylkeskommune) har utarbeidd retningslinjer for privatisteksamenar i faget, så det er mulig for meg som lærar å få tips. Men bare tips, ikkje retningslinjer!

Kort sagt er mitt sjølvstende som lærar stort. Og dette trass i alle forsøk frå departement og fylkesskolesjef på å styra oss! Opplæringsavdelinga i Rogaland fylkeskommune har utarbeidd ei rekke dokument, såkalla styrande dokument, blant annet om korleis undervisninga i faget skal planleggast, og dei er sikkert tenkt som ein reiskap til å styra undervisninga til kvar enkelt lærar. I praksis fungerer desse styrande dokumenta bare som tips og råd som kvar lærar når det kjem til stykket gjer som ho sjølv vil med.

Læraryrket har altså følgjande viktige trekk:

Desse fem punkta gjer både at vi som lærarar kjem i eit anna forhold til andre menneske - elevane, studentane - enn det arbeidarar gjer, og at arbeidet vi utfører, har eit heilt anna innhald og funksjon for samfunnet enn kva arbeidet til ein arbeidar har. Det betyr ikkje at arbeidarar gjer ein ukomplisert jobb! Eg har vore hjelpearbeidar i industrien i mange år, blant anna i malar- og sandblåsarfirma, og har stor respekt for ferdighetene til ein industrimalar eller overflatebehandlar. Eg er over hovud ikkje i stand til å utføra arbeidet deira på tilfredsstillande måte! Og arbeidet deira er viktig, for slurv vil seinare føra til katastrofar når plattforma eller båten skal tåla vêr og vind i Nordsjøen og andre stader. Det kan vera snakk om liv eller død. Likevel er det eit arbeid som i all hovudsak ikkje er eit åndsarbeid. Det er for eksempel mulig å tidsstudera arbeidet til industrimalaren og ut frå det setta opp ein ganske presis akkord, der kvar enkelt arbeidsoperasjon er beskrive i detalj. Slikt er ikkje mulig i lærargjerninga.

Blir læraren proletarisert?

Kanskje er vi på veg mot større styring ovanfrå, frå skoleeigar og rektors side, i framtida. Ein ting som i alle fall er på veg inn, er større marknadsstyring i skolen. Kvar enkelt skole og kvar enkelt lærar blir sette opp mot kvarandre, og skal konkurrera om å trekka til seg kremen av elevane, dei elevane som viser mest interesse. Vil det gjera læraren til meir arbeidar? For arbeidsherrane våre er og blir lærarane lønnsarbeidarar. Men for elevane? For dei blir vi kanskje ein seljar, ein slags sjølvstendig næringsdrivande, på toppen av at vi framleis vil vera meir eller mindre sjølvstendige åndsarbeiadarar som skal driva undervisning.

Så lenge arbeidsdelinga står ved lag, kjem vi ikkje utanom at jobben vår fyrst og fremst er å undervisa. Og kva er undervisning? Undervisning er å finna ut korleis vi kan hjelpa elevane til å tilegna seg dei kunnskapane og dei innsiktene som framtidas samfunn vil kreva. Dette liknar på forsking: du møter aldri to elevar som er like, eller to klassar som er like. Du kan aldri vera trygg på at det som fungerte godt eitt år, også vil fungera godt eit anna år, med andre elevar. Du må heile tida vera på leit etter den måten å undervisa på som fungerer.

Så lenge undervisning ikkje kan omsettast til reint rutinearbeid, kan heller ikkje kapitalismen koma utanom den sjølvstendige åndsarbeidaren som faktisk underviser, det vil seia leitar etter det gode samvirket lærar/elev som hjelper eleven å ta til seg kunnskapar og innsikt. Det inneber at lærarane, slik eg ser det, aldri hamnar i arbeidarklassen. Ikkje før automatiseringa av læreprosessen eventuelt kjem til eit stadium der lærargjerninga kan erstattast av reint rutinearbeid. Eller at samfunnet når eit nivå der ein kan avskaffa sjølve arbeidsdelinga.

Om vi som lærarar får mindre makt over elevane, fordi rettane deira blir styrkte, og om vi heller ikkje skal sortera dei og ikkje indoktrinera dei, så blir vi ikkje av den grunn arbeidarar. Det betyr bare at arbeidet vi då må utføra, i endå større grad blir rein undervisning.

Men om vi ikkje høyrer til arbeidarklassen, så er vi lærarar - til liks med bønder og helsearbeidarar - blant arbeidarklassens viktigaste allierte. For arbeidet som bønder, helsetilsette og lærarar gjer, skal sikra maten, helsa og utdanningsnivået til arbeidarklassen. Det store fleirtalet av oss høyrer dessutan til i nedste sjikt av mellomlaga: vi har lite privileg å skryta av og ikkje all verdas prestisje å visa til. Lønns- og inntektskampane som vi (bønder, lærarar og helsetilsette) fører, er viktige bidrag til å utvikla samfunnsinnsikta i heile det arbeidande folket, og både bønder, helsetilsette og lærarar kan spela, og spelar, ei viktig rolle i samfunnskampen langt ut over våre snevre yrkesinteresser.

Arbeidarklassen har også andre viktige allierte: intellektuelle i andre yrke, kunstnarane og fleire. Det bør vera eit poeng å finna ut kven arbeidarklassen kan alliera seg med, og ikkje feia problemet under teppet ved enkelt og greitt å stappa alle ein ønsker, inn i sekken 'arbeidarklasse'.

Kva klasse høyrer då læraren til?

Om lærarane ikkje er arbeidarar, kva er vi då? Kapitalistiske borgarar er vi ikkje, for vi eig ikkje produksjonsmidlar. Eg synest heller ikkje det er særleg dekkande å kalla oss småborgarskap, for ein småborgar er ein som eig produksjonsmidlar, men er avhengig av å stå i produksjonen sjølv, ikkje kan leva av å utbytta andres arbeid. Så når vi ikkje eig produksjonsmidlar, synest eg begrepet 'småborgar' blir misvisande. Kva er vi då? Vi er ein av dei mange gruppene som er prega av at vi står imellom dei to hovudklassane, borgarskapet og arbeidarklassen, og får framtida vår avgjort av striden mellom dei. Vi høyrer kort sagt til mellomlaga. Om nokre på død og liv vil kalla oss småborgarlege mellomlag, så la dei få lov til det, men etter mitt skjønn er det mest treffande å bare sei: mellomlag. Dermed seier vi òg at framtida vår er avhengig av at vi tar stilling.

Korfor er dette spørsmålet så viktig for meg? Vi diskuterer ikkje bare lærarane. Vi diskuterer korleis vi skal oppfatta store grupper, anslagsvis 20-30 % av befolkninga, som ikkje tradisjonelt har blitt rekna som arbeidarar. Samtidig har dette spørsmålet spesiell betydning for AKP, for AKP er fylt opp av lærarar. Er dette i lengda godt nok for eit parti som ønsker å vera eit arbeidarparti? Er vi talsfolk for lærarens leiarskap over arbeidarklassen, eller for at arbeidarklassens frigjering skal vera deira eige verk?

Til slutt: Den intellektuelle kapasiteten til arbeidarar er fullt på høgd med kapasiteten hos intellektuelle. Det er utelukkande arbeidsdelinga i samfunnet som skapar dagens skille. Klassar er eit resultat av arbeidsdelinga i samfunnet. Dersom det i framtida blir mulig å oppheva arbeidsdelinga, kan alle arbeidande vera både ånds- og kroppsarbeidarar på ei og same tid.