Til Røde Fane si heimeside
Til heimesida til AKP


USA - ei pressa stormakt

av James Petras

Røde Fane nr 3, 2002

James Petras arbeider i Den brasilianske bevegelsen for arbeidere uten land
og i arbeidsløshetsbevegelsen i Argentina.
Artikkelen sto første gong i Clarté nr 2, 2002,
og er bearbeidd og omsett frå engelsk til svensk av Olle Josephson.
Særleg det avsluttande avsnittet er sterkt forkorta. Omsett frå svensk av Gunnar Danielsen.


USA har bytt strategi. På 1990-tallet leit landet på Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet i kampen for eit nyliberalt verdsimperium. Det gjekk ikkje. Nå prøver ein i staden direkte militære operasjonar. Klarer eit økonomisk svekka USA i lengda å føre krig verda over? Den amerikanske samfunnsvitaren James Petras greier ut noen grunnleggande motsetningar i det nye verdsbildet. Artikkelen bygger på eit føredrag ved Porto Alegre-møtet i vinter.

Den overordna tesen i artikkelen er at USAs åtak på Afghanistan er ein freistnad på å snu den relative tilbakegangen for den amerikanske imperialismen, og gjenreise kontrollen i konfliktramma område. Krigen i Afghanistan er bare ein del av ein allmenn imperialistisk offensiv. Den er sett saman av fleire delar:

Neste tese er at førebuingane til den imperialistiske motoffensiven følgjer ein plan i tri steg:

Ei tredje tese er at det finst tri "internasjonale kriser":

I artikkelen tar eg først opp bakgrunnen for den imperialistiske motoffensiven, nemleg USAs relative tilbakegang. Så drøftar eg dei imperialistiske fordelane med ein utvida og uavgrensa krig - som løysning på den politisk-økonomiske krisa - og dei motsetningane ein slik krig inneber. Til slutt tar eg opp krigen som ein del av krisa, betydninga han har for den folkelege motstanden og sjansane for ein folkeleg framgang.

Den vanlege frasa

"etter 11. september 2001 er verda forandra", kan ha vekslande innhald. Mest vanleg er forklaringa som kom frå Washington, vart gjentatt av EU og spreidd av massemedia: Ein ny epoke er innleia med nye saker øvst på saklista, nye alliansar og politiske tilhøve. Men Washingtons hang til å sette grensa 11. september speglar kor sårbar ho er. Frå eit 3. verda-synspunkt byrjar den nye epoken med USAs intervensjon i Afghanistan. Og mykje av det som hender er ikkje nytt, men eit framhald av den politikken som går føre 11. september og 7. oktober.

Det finst fleire viktige bakgrunnsfaktorar. Den første er USAs relative tilbakegang, økonomisk og politisk, i nøkkelområde på 1990-tallet, i Midtausten og Persiabukta, Latin-Amerika, Asia og Europa - etterfølgt av auka innverknad på det mindre viktige Balkan.

Ein neste faktor er at USA i dag har økonomiske interesser i stadig større delar av tredje verda gjennom dei multinasjonale selskapa og bankane. Men samstundes blir dei statane som stør den økonomiske ekspansjonen svekka. Institusjonar som Verdsbanken og IMF har så til dei grader undergrave lokale økonomiar med sine strukturtilpassingsprogram, frihandelsdoktrinar og privatiseringskampanjar at statsmakta har byrja falle saman og forvitre av korrupsjon når tevlande elitar og politikarar driv utplyndring. Dei svekka imperialistiske "kontrollmekanismane" har ført med seg at det har blitt utilstrekkeleg med den tradisjonelle og nesten totale avhengigheta av dei internasjonale finansinstitutta for å skape meirverdi. Som Martin Wolf, journalist i Financial Times, skreiv 10. oktober: "For å møte utfordringa frå eit samanfallande statsapparat trengst ikkje fromme håp, men eit synleg og velorganisert valdsapparat."

Frå Golf-krigen til den 7. oktober 2001 har USA sigra i militære konfliktar i relativt perifere regionar som Balkan og Sentral-Amerika, og tapt mykje makt i strategiske område. Samstundes gjekk den amerikanske økonomien gjennom ei mindre spekulasjonsboble frå 1995 til 1999, for seinare å bli dradd ned i ein stadig djupare tilbakegang ved inngangen til det nye tusenåret. Kombinasjonen av perifere sigrar og spekulasjonsboble skjulte djupare strukturelle veike sider.

I Midtausten har USA mislykkast totalt i å isolere og styrte den iranske regjeringa og Saddam Husseins regime i Irak. Dei har ikkje bare overlevd, men au brote USAs boikott. Sanksjonane frå USA mot Iran vart brote de facto av fleirtallet av deira "allierte", mellom dei Japan, EU og arabarstatane. Iran har fått delta i det gjenoppliva Opec-samarbeidet, har inngått kjernekraftavtale med Russland og oljeavtale med Japan. Iran har au inngått investerings- og handelsavtale med alle større statar utanom USA, og gjennom tredje part er faktisk USA-kontrollerte multinasjonale selskap involverte i handel med Iran.

Irak er tatt opp igjen i Opec, har deltatt i møta til Golf-statane, ved arabiske toppmøte og internasjonale islamske konferansar. Irak har selt milliontals "hemmelege" oljefat via "smuglarar" i Tyrkia og Syria, åpenbart med samtykke frå "transittstatane" og dei vesteuropeiske konsumentane.

Senior-Bush

Den palestinske intifadaen og den reservasjonslause støtta han har fått frå arabarlanda (medrekna USA-vennlege regjeringar) har isolert USA som er tett knytt til Israel. I Nord-Afrika har Libya utvikla nære økonomiske band med EU og oljeselskapa her, særleg i Italia, og diplomatisk samband med mange Nato-land. Tri strategiske oljeproduserande mål for USAs politikk har altså auka innverknaden sin og sambandet sitt med statar som er viktige i resten av verda. Dermed har dei minska den amerikanske dominansen som vart oppretta i området som direkte følgje av Golf-krigen. Den "nye verdsordninga" til senior-Bush har åpenbart ramla saman og blitt redusert til små vasallstatar i dei tilbakeståande, mafiaheimsøkte delane av Balkan.

Eit anna teikn på USAs tilbakegang var det stadig større handelsoverskotet som samla seg i Asia på kostnad av EU og USA. I 2000 hadde USA eit underskot på 430 milliardar dollar. 350 millionar konsumentar i Vest-Europa kjøpte i aukande grad europeiske varer - meir enn 2/3 av handelen i EU var intereuropeisk. I Latin-Amerika slo europeisk dominerte multinasjonale selskap, særleg spanske, ut sine amerikanske konkurrentar når det galdt å bygge opp lønnsame private selskap.

Særleg i Latin-Amerika blei den amerikanske dominansen utfordra politisk, av sterke geriljarørsler i Colombia, president Chavez i Venezuela og masserørslene i Ecuador, Brasil og fleire andre stader. Samanbrotet i den argentinske økonomien, den allmenne økonomiske krisa i resten av verdsdelen, og den sterkt svekka tilliten til dei amerikanske klientregima var andre teikn på at USAs makt gjekk tilbake.

Framfor alle desse problema har Washington beslutta å militarisere utanrikspolitikken sin. Dei vil einsidig og aggressivt drive gjennom sin eigen politikk: Dei opphevar avtalar som rakettavtalen med Russland, Kyoto-avtalen, den internasjonale domstolen i Haag, avtalen mot biologisk krigføring og mot personellminer m.m. Dei ser einsidige tiltak som eit høve til å vende den relative tilbakegangen gjennom ein kombinasjon av militære aksjonar og økonomisk press.

USAs korstog

Washingtons krigserklæring mot Afghanistan inneheld to viktige steg: Først blir det skapt ein brei USA-dominert allianse mot terroriståtaka på World Trade Center og Pentagon. Så blir antiterroristfronten til ein politisk reiskap for støtte til amerikansk intervensjon i Afghanistan og andre stader - Bush-regjeringa ønska åpent å starte eit korstog mot motstandarane av USAs dominans. Dei massive bombeåtaka og innmarsjen til spesialstyrkane skulle mellom anna utradere alle innanriks innvendingar mot framtidige bakkekrigar og militære intervensjonar. På same vis tjente fordrivinga av milliontals sivile det utrykklege målet å sette skrekk i verkelege eller innbilte motstandarar mellom dei statane som vanskeleg kunne godta politikken til USA. Med andre ord, den minkande effektiviteten dei internasjonale finansinstitutta syner som reiskap for amerikansk herrevelde har ført til at Washington i større grad har sett sin lit til militær styrke og høgintensiv vald. Den amerikanske regjeringa har erklært at invasjonen i Afghanistan, er eit første steg. Den underforståtte bodskapen er at nye imperialistiske krigar kjem. Mest påtakeleg er trugsmål frå Washington om ein militær operasjon mot Irak og andre "trygge fluktstader" for "terroristar".

Den såkalla "antiterroristalliansen" er forvandla til ein krigsallianse (der alle viktige Nato-land er med). Alle avgjørande militære og politiske beslutningar, heilt ned til taktisk nivå, blir utan unntak tatt av Washington, utan det minste rådslaging. Krigsalliansen er altså eit framhald av Washingtons tidlegare einsidige innsats, men nå har dei klart å skaffe seg kontroll over EU-landa. Sjølv om Tony Blairs energiske aktivitet for å støtte Washingtons krig har gitt han mykje skryt frå presidenten og media, har han ikkje på noen måte blitt delaktig i beslutningane.

I det minste i den første fasen av motoffensiven styrka Washington grepet sitt om Europa. Gjennom maksimal bruk av det sterkaste kortet sitt i den internasjonale politikken, den militære styrken, freista Washington å militarisere politiske og økonomiske tilhøve. "Antiterrorismen" er gjort til viktigaste emne i alle internasjonale og regionale fora (APEC, FN, OAS). Gjennom det håper Washington å rydde unna motsetningane mellom rike og fattige land og samfunnsklassar, og erstatte dei med ideologisk og militær polarisering mellom dei som stør eller setter seg mot USA-definerte "terroristar" og militære intervensjonar. Mange regjeringar har alt slutta seg til denna militære definisjonen av sosioøkonomiske tilhøve, for å presse tilbake venstresida, folkelege rørsler og frigjøringsrørsler i Midtausten, Latin-Amerika og Sentral-Asia.

Diktatoriske fullmakter

Washingtons trugsmål om uavgrensa og utvida imperialistiske erobringskrigar har knapt overraskande gått hand i hand med ei lovgiving som faktisk gir presidenten diktatoriske fullmakter. Alle konstitusjonelle garantiar blir oppheva, og alle utanlandsfødde terroristmistenkte blir stilte for militærdomstol - uansett geografisk heimstad. Det er ei alminneleg oppfatning at krigsfullmaktene som er vedtatt av den utøvande makta, gjør vald på ånda og bokstaven i konstitusjonen og reglane for eit demokratisk styre. Dei som forsvarer det autoritære styret hevdar at dei diktatoriske tiltaka er midlertidige. Argumentet overtyder ikkje når ein ser oppfatninga til presidenten om at me nå går mot ei langvarig krigføring.

Imperiebygging i økonomiske nedgangstider er ein problematisk strategi. Mens regjeringa senkar skattane for dei rike, aukar krigen utgiftssida - og pressar budsjetta og majoriteten av skattebetalarar hardt. Militær keynesanisme kan sette fart på noen sektorar i økonomien, men kjem ikkje til å vende den kraftige tilbakegangen for kapitalismen som eit heile. Og å utvikle undertrykkingsapparatet til lydregjeringane for å sikre at dei sluttar opp om den verdsomspennande imperiebygginga, vil ikkje utvide dei amerikanske eksportmarknadene. I staden vil konfliktane føre til krympa marknader, og gjøre den negative handelsbalansen i den amerikanske økonomien større.

Den nåverande militære strategien i imperiebygginga trugar tvert om med å svekke økonomiane i Europa, Japan og dei proamerikanske statane i Midtausten. Om ein går til åtak på og okkuperer Irak vil det hindre straumen av olje til Europa og Japan og skape innarikspolitisk uro i Saudi-Arabia, på same vis som i Midtausten og rundt Persiabukta. Redsla for ei slik svekking har alt ført til at dei mest servile tilhengarane av Washington i Storbritannia har hevda avvikande meiningar. Men pga. dei imperialistiske måla til Washington, den einsidige måten dei jobbar på, og tilgangen dei har til alternative oljekjelder (Mexico, Venezuela, Ecuador, Alaska, Canada med fleire), kan eit åtak på Irak tjene to strategiske mål - å svekke dei europeiske konkurrentane og eliminere Irak som ein mauleg regional medtevlar. Å bombe Irak vil skade EU-økonomiane og vekke protestar hos dei to viktigaste allierte mellom dei arabiske statane, Saudi-Arabia og Egypt, men Washington har gitt prov på at dei kan vifte bort europeiske innvendingar og likevel skaffe seg samtykke.

Når president Bush rettar seg inn mot å tilinkjegjøre ein handfull påståtte terroristar, siler han mygg og svelgjer kamelar. Skadane krigen fører til på både EUs og USAs økonomi, overgår langt dei tapa terroristane har skapt. Bush-regjeringas militære definisjon av dei politiske og økonomiske motsetningane i 3. verda minner om den statlege terroristpolitikken som finst i Israel (mot palestinarane), Algerie (mot berbarane) og Tyrkia (mot kurdarane).

Latin-Amerika

På USAs liste over område som kan takast tilbake, kjem Latin-Amerika på andre plass etter Midtausten. Det er den verdsdelen som har skaffa USA sin einaste positive handelsbalanse. Dei herskande klassane har vaska hundretals milliardar i illegale overføringar til amerikanske bankar, og USAs økonomi har skaffa seg nesten tusen milliardar i vinstar, renter, royalty og andre overføringar det siste tiåret. Latinamerikanske regjeringar tar for det meste på lydig vis USA si side i internasjonale samanslutningar og stiller opp med symbolske militærstyrkar i intervensjonistiske røvartokt, som eit fikenblad for det som eigentleg er ein einsidig aksjon.

Washington har erklært dei småbrukarbaserte colombianske geriljarørslene (FARC / ELN), den farlegaste utfordringa til USAs kontroll over den vestlege halvkula, som ei "terroristgruppe". FARC / ELN tok kontrollen eller fekk stor makt i over halvdelen av byane og landsbyane i Colombia midt på 1990-tallet. Derfor vart dei, saman med utanrikspolitikken til Chavez-regjeringa i Venezuela og den revolusjonære regjeringa på Cuba, ståande som alternativ til dei tjenestevillige latinamerikanske presidentane som gjekk ærendet til USA-imperialismen.

USA har erklært total krig mot denna folkelege oppreisten. Plan Colombia og seinare Andes-initiativet var i hovudsak krigsstrategiar som gjekk føre den afghanske krigen. Washington løyvde 1,5 milliard i hjelp til dei militære og paramilitære styrkane i Colombia. Hundretals spesialsoldatar vart sendt i direkte feltoperasjonar. Amerikanske leigepilotar vart hyrte inn av private firma til kjemisk krigføring på dei colombianske valmuefelta, halvmilitære styrkar vart mangedobla under militær kommando. Luftrommet, kystområda og elvemunningane vart kolonisert av USAs væpna styrkar. Militære basar vart oppretta i El Salvador, Ecuador og Peru for å stå klar med støttetroppar. Amerikanske tjenestemenn deltok i den operative leiinga i forsvarsdepartementet i Bogota.

Motoffensiven 7. oktober styrka militariseringa av Colombia. Under leiing av USA krenka det colombianske militærflyet luftrommet i den demilitariserte sona der FARC og Pastrama-regjeringa forhandlar. Ulovlege plyndringstokt inn i sona førte til strid.

Eit nøkkelspørsmål for imperiebygginga til USA i Latin-Amerika er den planlagde frihandelsavtalen, LAFTA. Han skulle gi USAs multinasjonale selskap fri tilgang til marknad, råvarer og arbeidskraft, og samtidig avgrense innverknaden frå Europa og Japan. Det nymerkantilistiske systemet er nok eit einsidig initiativ, i samforstand med satellittregjeringane i regionen, men utan folkeleg samtykke.

Tåler USAs økonomi krigene?

Men kan USAs økonomi tåle ein serie krigar utan å bli undergrave? Det finst tydelege teikn på at det økonomiske grunnlaget for herreveldet til USA blir svekka, av både økonomiske og politiske grunnar. Vareproduksjonen har vore i tilbakegang i halvtanna år. Hundretals milliardar som er investert i informasjonsteknikk, fiberoptikk og bioteknikk har gått tapt. Både den "gamle" og den "nye" økonomien er i djup og langvarig krise. Den spekulative finans- og aksjemarknaden er sterkt avhengig av raskt foranderlege politisk-psykologiske tilhøve i USA og verdsøkonomien.

Den raske nedgangen på aksjemarknaden etter 11. september og den like raske opphentinga etter 7. oktober syner denna rørlegheta. Den amerikanske aksjemarknaden er nemleg like sterkt avhengig av utanlandske investorar som av innanlandske pengeplasserarar. Dei mista tiltrua 11. september, ettersom det synte seg at sjølve hjartet i den økonomiske og politiske makta er sårbar.

Men åtaket 7. oktober gav investorane tiltrua tilbake, og innebar ein viktig kapitaltilførsel og ein midlertidig oppgang i aksjemarknaden. Pentagons strategi med total krig handla like mykje om å få tiltrua tilbake på ei uovervinneleg imperialistmakt, som om politiske årsaker, eller til og med om oljeleidningar. Aksjemarknaden og særleg langsiktige utanlandske investorar såg ut til å bli like mykje påverka av tryggingspolitiske tilhøve som av den rådande stoda i amerikansk økonomi. Av det følgjer det paradoksalt omvendte tilhøvet mellom aksjemarknad og realøkonomi: Mens alle realøkonomiske peikarar seier nedgang, kan aksjemarknaden ta seg opp att etter 11. september. Men det finst naturlegvis grenser for desse politisk grunna investeringane. Framleis låg vekst og krympande vinstar (eller veksande tap) vil smått om senn gjøre slutt på oppgangen og føre til store kursfall.

Når imperiets økonomiske base vaklar, så aukar statens rolle. Statleg innblanding blir stadig viktigare, og det syner dei sterke banda mellom statsapparat og investorar, medrekna dei multinasjonale selskapa. På same vis kjem militæret til å spele ei stadig viktigare rolle i å gi investorane tiltrua tilbake ved å knuse eller skremme motstandarar, stø samanfallande nykoloniale regime og tvinge gjennom fordelaktige økonomiske avtalar (LAFTA). Den gamle imperialismen av 1980- og 90-tallsmodell som leit meir på Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet, blir nå erstatta eller komplettert med den nye imperialismen av militært slag: Dei grønne beretane avløyser slipspryda funksjonærar frå finansinstitutta.

Washington lar Nato utvide maktområdet sitt frå Austersjøstatane til Balkan, over Tyrkia og Israel til dei tidlegare sovjetrepublikkane i Sentral-Asia. Den manglande lenka i den imperialistiske kjeda er dei strategisk viktige Golfstatane, Iran og Irak. Det er ei viktig kjede militært, men ho kostar meir enn ho drar inn for USA. Det står klart for Bush-regjeringa, som heller knuser regionale maktsentra enn å gjøre store investeringar for å bygge opp kolonistatar - sjå bare kor lite det blir satsa på Balkan og i Sentral-Asia, og den nærmaste tida truleg au i Afghanistan.

Globale selskap/imperialismen

Den sentrale rolla staten har i utvidinga av USA-herredømme motseier trua hos leiande teoretikarar i antiglobaliseringsrørsla som Susan George, Tony Negri, Ignacio Ramonet, Robert Korten m.fl. som snakkar om "sjølvstendet til dei globale selskapa". Oppfatninga deira om den sentrale rolla verdsmarknaden har i fattigdomsutviklinga, undertrykkinga og ulikskap, er i denna samanhengen ein anakronisme. Når Europa og USA sender soldatar for å erobre og okkupere fleire land, gir det grunn til å gå frå antiglobal til antiimperialistisk motstand. Den falske oppfatninga om "superstatar" dominert av transnasjonale selskap stemmer ikkje med dei verkelege multinasjonale selskapa som er fast knytte til imperialistiske statar.

Den verdsomspennande motoffensiven frå USA har som mål å skape "den nye verdsordninga" frå åra etter krigen i Persiabukta på ny. Dei multinasjonale selskapa har verken vilje eller evne til å handle "autonomt" ved hjelp av marknadskrefter. Den nye imperialismen må derfor bygge på militære intervensjonar som i Afghanistan eller på Balkan, kolonisering, dvs. militærbasar, som i Colombia.

Offensiven har svært lite å gjøre med "krig mellom sivilisasjonar". USAs herrevelde omfattar muslimske statar (Pakistan, Saudi-Arabia, Egypt, Tyrkia, Marokko, Bosnia, Albania med fleire), det jødiske Israel, likeins sekulariserte, formelt kristne statar. Det er ikkje langvarige allierte, med heimstad i ein særskilt religion eller sivilisasjon, men langsiktige interesser som kjenneteiknar offensiven. På Balkan og tidlegare Palestina og Afghanistan kunne USA stø fundamentalistiske muslimar og narkotikahandlarar mot sekulariserte nasjonalistar og sosialistar. Dei muslimske allierte frå i går er noen stader blitt fiende i dag. Det åpenbare hykleriet og dei doble målestokkane kan undre bare den tilskodaren som har tatt feil og trudd på propagandaen, og som nå kjenner seg svikta.

Oljekrise for Europa om ...

Den amerikanske offensiven står framfor to motsetningar som både er dagsaktuelle og meir strukturelle. For augneblinken har krigen i Afghanistan sådd splitting i dei muslimske statane mellom proamerikanske leiarar og dei folkemassane som sympatiserer med det afghanske folket. Polariseringa har ennå ikkje vore noe alvorleg trugsmål for leiarsjikta, jamvel om det saudiske monarkiet er mest sårbart med sin nøkkelposisjon. Den militære sigeren for USA og Nordalliansen og den muslimske koalisjonsregjeringa som følgde av han, kan splitte den svakt organiserte folkelege muslimske opposisjonen. Motstand frå EU og arabarstatane blir vekka til live først om USA strekk krigen til Irak og skaper krise for oljelevaransane til Europa. Men den og andre dagsaktuelle motsetningar kan ikkje undergrave Washingtons offensiv på sikt, sjølv om USA kan bli isolert diplomatisk, særleg i noen internasjonale fora.

Ei meir djuptliggande, langsiktig og strukturell motsetning er den mellom militær ekspansjon og økonomisk tilbakeslag, både lokalt og i verdsmålestokk. Jamvel om det amerikanske militærapparatet forsvarer og er til fordel for interessene til dei multinasjonale selskapa i USA, så er det ikkje ei kostnadseffektiv støtte. Mangemilliardutgiftene for åtaka i andre verdsdelar overgår langt dei umiddelbare vinstane til dei multinasjonale selskapa, snur ikkje dei synkande profittane eller åpnar nye marknader, særskilt ikkje i dei områda der militærinnsatsen er mest intensiv. Sluttresultatet er at imperialistisk krig i si nåverande form undergrev ikkje-spekulative kapitalistiske investeringar, jamvel om dei symbolsk sikrar verksemda for utanlandske investorar.

I Sentral-Amerika, på Balkan og nå i Afghanistan og Colombia er USA meir interessert i å knuse motstandarane sine og sette inn lydregjeringar, enn i langsiktige "gjenreisings"-investeringar i stor skala. Det finst ingen Marshall-planar. Washington overlet til Japan og Europa å reinske opp i øydelegginga etter militære sigrar. Kløfta mellom den imperialistiske statens militære styrke og den manglande evna til å sette fart i økonomien i erobra land er ei grunnleggande motsetning.

Ei minst like alvorleg motsetning er den mellom forsøka på å innføre ein nyliberal politikk, og dei kollapsande eksportmarknadene og dei uttørkande kapitalinvesteringane. Den økonomiske tilbakegangen i USA, Japan og Europa har skada dei lydigaste klientstatane alvorleg, særleg i Latin-Amerika. Prisane på dei spesialiserte eksportvarene som har danna grunnlaget for dei nyliberale statane har falt: Kaffi, olje, metall, sukker, likeins tøy, klede og andre fabrikkvarer frå dei "tollfrie sonene". Imperialistmaktene har svart med å kreve meir "liberalisme" i sør og samstundes innføre vernetoll og auka eksportsubsidiar på heimeplan. Toll på importvarar frå 3. verda er fire gonger høgare i dei imperialistiske statane enn importtolla frå andre imperialistiske land i følgje Verdsbanken. Støtta til storselskap innan jordbrukssektoren i dei imperialistiske landa auka til 245 milliardar dollar i 2000.

Den nyliberale doktrinen til den gamle imperialismen held altså på å bli erstatta av den nymerkantilistiske praksisen til den nye imperialismen. Den statlege politikken styrer dei økonomiske transaksjonane og avgrensar rolla til marknaden.

Den nymerkantilistiske politikken polariserer marknaden mellom lokale produsentar på eine sida og imperialistisk oppbakka monopol på hi. Tilbakegangen for den internasjonale marknaden skader dei "nyliberale" eksportsektorane. Den svært påtakelege rolla til statsmakta i prosessen politiserer dei veksande skarane av arbeidslause og underbetalte arbeidarar, bønder og offentleg tilsette. Den eksportstrategien som imperialismen kviler på i Latin-Amerika, held på å rakne. Og ettersom Latin-Amerika ikkje kan importere, må dei satse på innanlandsproduksjon eller avstå. Men eit avgjørande brot med eksportstrategien og avhengigheta av USA følgjer ikkje automatisk av dei indre motsetningane - det krevst politisk handling.

Venstresida

På kort sikt har venstresida fullt opp med den imperialistiske motoffensiven frå Washington og alt det han inneber av auka krigføring, trugsmål og meir føyelege herskande klientskikt. Men offensiven møter au alvorlege, praktiske, ideologiske og politiske hinder. Det finst eit stort folkeleg oppsving i fleire strategisk viktige statar, der den nyliberale økonomien går attende. I Colombia, Brasil, Argentina, Ecuador og Bolivia veks sterke politiske og sosiale rørsler fram, med styrka folkeleg makt.

Desse rørslene har mobilisert millionar, dei har pressa gjennom utallege endringar på lokalnivå og i visse tilfelle har dei kunna sette dei herskande klassane under press gjennom viktig innverknad på regjeringsnivå. Men atskillege problem står igjen å løyse før dei på alvor kan ta opp kampen om makta. Den djupare forståinga av det imperialistiske systemet, natur og motsetningar i det, er ofte utilstrekkeleg. Det finst motsetningar innan rørsla mellom by og land, mellom kyst og innland, og ikkje sjeldan mellom ulike leiarar. Mange rørsler har au i praksis ganske avgrensa program og mål.

USAs strategar har på mange vis valt Colombia som prøvetilfelle for den "nye imperialismen", ettersom Colombia står for den største militære og politiske utfordringa. Alle dei reaksjonære kreftene i verdsdelen er mobilisert mot geriljaarmear og masserørsler. Militær framgang i Colombia vil inspirere USA til militær erobring og kolonisering av Latin-Amerika, slik det USA-styrte militærkuppet i Brasil i 1964 vart følgt av invasjonar (Den dominikanske republikken 1965) og militærkupp i Bolivia (1971), Uruguay (1972), Chile (1973) og Argentina (1976). Om geriljaen lykkast i å stå mot, inneber det eit pusterom for den øvrige venstresida. Ei kraftfull støtte til kampen i Colombia er derfor ei vesentleg oppgave.