Til Røde Fane si heimeside
Til heimesida til AKP


Om å vera feministisk mann

av Pål Hellesnes

Røde Fane nr 1, 2002

Pål Hellesnes sitt i landsstyret i RV og Raud Ungdom


Vi som kallar oss feministar og jobbar for likeverde både i teori og praksis mellom kjønna vert ofte nødt til å diskutera kva for rollemønster vi ønsker oss. Det held ikkje å berre kunne ramsa opp alle dei negative trekka ved dagens kjønnsroller (sjølv om dette og er heilt naudsynt). Vi må og ha eit alternativ.

For jenter har dette alternativet fått sitt tydeligaste uttrykk gjennom bøllekursrørsla. Gjennom informasjonsarbeid, ordskifte og aktiv handling stakar jenter sjølve ut ein kurs for kor dei vil: Dei vil styrka sin eigen posisjon, dei vil få betre sjølvtillit, dei vil slutta å leita etter feil hos seg sjølve og sjå etter kva som kan gjerast med det sosiale miljøet. Alt i alt eksisterer det truverdige, positivt ladde handlingsalternativ for jenter som ønsker å gjera praksis av parolene om å "bryta med kjønnsrollemønstra". Sjølvsagt fins det mykje som kan gjerast framleis, men fundamentet er i det minste til stede.

For oss gutar som får ei feministisk oppvakning, eksisterer ikkje slike klåre utvegar. Mangelen på formuleringa av mannlege frigjeringsstrategiar frå kjønnsrollene trur eg heng saman med tre faktorar:

  1. Den mannlege dominansen i dei radikale miljøa
  2. Veikskapene i den eksisterande mannsrolla
  3. Dei sosiale sanksjonane mot radikale menn, især homofobien

Eg skal ta for meg alle tre i tur og orden.

Den mannlege dominansen i radikale miljø

Det er ei kjent sak at radikale miljø, og dei som ope har argumentert mot kvinneundertrykking og erklært seg som feministiske, har vore mannsdominerte. Det har vore menn som har hatt flest tillitsverv, skrive flest bøker, vore talspersonar osb. Sjølv om somme av desse mannfolka har hatt særs tvilsame haldningar til kvinnefrigjering, trur eg mange av dei leiande mannfolka i dei radikale rørslene har vore for kvinnefrigjering eller likestilling, i alle fall teoretisk. I praksis har det derimot tydelegvis skorta. I AKP førte dette på starten av 80-talet til eit "kvinneopprør", som førte til fleire kvinnelege leiarar (Kjersti Ericsson vart første kvinnelege leiar i AKP) og den tidlegare nevnte bøllekursrørsla. Trass i dette kvinneopprøret og andre tiltak er det ikkje vanskeleg å sjå at radikale parti og organisasjonar er mannsdominerte i dag og. (Noko anna ville vel kan hende vore oppsiktsvekkande.)

Det at det har vore menn som har sett premissene for det politiske og ideologiske arbeidet i mange tiår har sjølvsagt fått konsekvensar for utviklinga av teori og politikk. Blant dei viktigaste følgene er at feminisme har vorte definert som "kvinnepolitikk" i den forstand at det er (nesten) berre damer som syslar med det. Medan det på alle andre felt bugnar av bøker, artiklar og foredrag skrive av menn er feministisk teori og politikk nesten utelukkande skrive av kvinner. Og radikale damer, uansett kor innsiktsfulle og skarpe dei er, manglar røynsle og innsikt i korleis det er å vera mann i dagens samfunn.

Den mannlege dominansen på omtrent alle andre politiske felt har og ført til at radikale kvinner har vore lite interesserte i at menn skal vera aktive i feministisk debatt og politikkskaping. Forståeleg nok har mange stilt seg skeptisk til at menn skal koma inn og styra til og med kvinnepolitikken i rørslene.

Min påstand er derfor at den mannlege dominansen i dei radikale miljøa har gjort at vilkåra for menn under dagens kjønnsrollemønster er særs dårleg undersøkt, og det har vorte formulert lite politikk og få strategiar som kan nyttast av feministisk orienterte menn i deira arbeid. Dei mest innsiktsfulle bidraga eg sjølv har vore borti har vore produsert av kvinner. Ein viktig "røyst" manglar derfor i den feministiske litteraturen.

Veikskapene i mannsrolla

Den tradisjonelle mannsrolla er samansett. Ho har både positive og negative trekk. Ein Mann skal, tradisjonelt sett, vera sjølvsikker, handlekraftig, sterk, ha teknisk innsikt, vera uredd osb. I ein god del tilfelle er dette positive trekk. Men medaljen har ei bakside: All denne "styrken" gjer at menn i vår kultur har særs vanskeleg for å visa veikskap. Men ingen er sterke heile tida. Menn har og svake sider, vi kan vera usikre, føle at vi ikkje strekk til og vi kan vera redde. Poenget er at det å innrømma at ein har "svake" (det er vel riktigare å seia "normalt menneskelege", men i samfunnet vert dette sett på som uttrykk for veikskap) sider i seg sjølv inneber eit brot med mannsrolla. For å kunne jobba fram nye roller for menn er det sentralt at vi må innrømma at vi ikkje alltid er reine, ranke og sterke. Det er ikkje lett.

Eg tror at dette kan vera med på å forklåra kvifor mange menn har vegra seg for å gå inn i ein debatt om mannsrolla. Det "kostar" personleg og kjenslemessig å opna seg på desse områda, og ein stillar seg open for hogg. Noko som bringar meg over til punkt 3:

Dei sosiale sanksjonane mot radikale menn, især homofobien

Få ting er så myteomspunne og latterleggjort som den "mjuke mannen". Menn som på 70-talet freista verta feministar i praksis og bryta med eit undertrykkande mannsideal har vore gjenstand for utallige sketsjar og vitsar. Det er tydeleg at det å freista bryta med kjønnsrollene ikkje er noko ein gjer ustraffa.

Både blant menn og kvinner risikerer menn som ikkje oppfører seg som "ekte menn" å møta sosiale sanksjonar. Om ein visar at ein syns ting er skummelt er ein "reddhare", om ein vert rørt er ein "jentete", om ein har andre interesser enn dei tradisjonelle er ein "nerd", "særing" eller "homo". Det krever stort mot for ein liten gut i dag å dansa ballett. Framfor alt får menn som opptrer utradisjonelt kjapt passet påskrive: Han er ikkje "ekte mann". Kjønnsidentiteten vår er blant dei mest grunnleggande og djupast forankra delene av personlegdomen. Nett derfor opplevast kan hende dei som bryt mønsteret som så truande av mange. Kvifor er homofili så tabubelagt og skremmande for mange? Eg trur ein nøkkel til å forstå den valdsame homofobien i samfunnet er å sjå at homofile gjennom sin seksuelle preferanse utfordrar kjønnsidentiteten vår, og dermed grunnlaget for ein fundamental maktbalanse i samfunnet.

Menn som gjer utradisjonelle ting, anten det dreier seg om å verta hjelpepleiar og ikkje gravemaskinoperatør, eller vera med på antipornoaksjonar, eller vera heime med ungane i staden for å gå på fotballkamp, vert utsett for sosiale sanksjonar. Dette kan strekka seg frå enkle ting som små sarkastiske kommentarar, via utfrysing og mobbing til fysisk vald i somme tilfelle. Det er viktig å ha i mente at dette kjem ikkje berre frå andre menn, men og frå kvinner. Kvinner er og aktive i å oppretthalda dagens kjønnsroller, og både feministiske kvinner og menn får merka det. Det gjer at feministiske menn kjem i ei klemme – korkje hos vanlege menn eller kvinner vert det premiert å bryta med kjønnsrollene.

No kan det høyrast ut som om eg kjem med tusen orsakingar for mangelen på feministisk teori og praksis frå oss menn. Det er ikkje poenget. Sjølv om dei tre grunnane eg har rekna opp er viktige forklåringar, så kvilar framleis ansvaret på oss. Eg meinar at vi må snu denne trenden – at vi må få til ein feministisk offensiv blant radikale menn. Mannsrolla er overmoden til å verta utfordra. Eg skal gi fire korte grunnar:

  1. Dagens rollemønster er valdeleg. Kvart år vert tusenvis av norske kvinner terrorisert og banka opp av ektemenn, sambuarar, kjerastar eller vilt framande menn. Fleire hundre kvinner må leva som flyktninger internt i Noreg i frykt for sitt eige og ungane sitt liv.
  2. Dei trange kjønnsrollene gjer vald mot kjenslelivet til menn. Det er neppe tilfeldeg at unge menn er på toppen av sjølvmordsstatistikken – menn manglar måtar å takla vanskelege kjenslemessige situasjonar.
  3. Kjønssrollene hindrar menn i å vera heile menneske. Det er ei rekke aktivitetar og atferdsmønster som er mindre akseptert for menn. Alt frå å ha visse yrker til å visa omsorg opent eller ha somme interessar er uglesett. Menn må anten ta kampen mot dette, eller underordna deler av seg sjølv.
  4. Kjønnsrollene hindrar kampen for ei meir rettferdig verd. Kvinneundertrykkinga splittar den sosialistiske rørsla og hindrar einskap for å styrta kapitalismen og innføra eit sosialistisk folkestyre.
Kva må gjerast?

Då kjem ein til tusenkronersspørsmålet: Kva skal ein gjera, og korleis kan ein sjå for seg ei progressiv mannsrolle skal vera? Eg har på inga måte Svaret, men her er nokre tankar:

1. Målet er eigentleg ikkje å nå fram til "ei ny mannsrolle". Det langsiktige målet er å oppheva kjønnsrollene fullstendig. Det vil seia at kva for ein person du er ikkje skal avhenga av kva du er fødd med mellom beina. Men dette målet ligg nok eit godt stykke fram i tid. For å nå dit må vi endra grunnleggande kulturelle kodar som er nedarva gjennom tusenvis av år. Ikkje gjort over natta, med andre ord. Derfor må vi ha alternativ som ligg nerare dagen i dag.

2. Det enkle svaret er at vi må bevega oss bort frå dei sidene som er openberrt undertrykkande. Dvs. stoppa å avbryta, slutta å slå, stoppa å nytta hersketeknikkar osb. No er ikkje dette "lett", men det er i alle høve lett å peika på.

3. Eit meir avansert svar er at vi må våga å visa "veikskap", dvs. vi må kjempa gjennom aksept for at menn og kan vera omsorgsfulle, redde, usikre, uvitande og triste.

4. Dette kan ikkje gjerast individuelt. Damene har for lenge sidan innsett at utelukkande individuell handling ikkje er nok. Som songen seier: "ensomme og adskilt er vi lettere å slå, men om vi samler oss, om vi forener oss, er det ingen som kan hindre at vi sammen når vårt mål". Kvar einskild mann kan ikkje visa veg ut av uføret, vi må danna feministiske mannskollektiv som kan utarbeida kollektive frigjeringsstrategiar.

5. Det held ikkje med teori, tankane må omsettast i handling. Eit døme: På 70- og 80-talet var det ei rørsle blant feministiske kvinner for å få kvinner til å erobra tidlegare mannlege bastionar. Dei valde "utradisjonelle" yrker, som snekkar, rørleggar, heismaskinist o.l. Noko liknande hadde vore mogleg for feministiske menn. Det hadde truleg skapt oppstyr om mange menn hadde saman vald å verta hjelpepleiarar, sjukepleiarar, førskulelerarar og jordmødre. Dette er bare eit døme, det fins tusenvis av andre ting det går an å gjera. Poenget er at det ikkje er nok å vera feminist i hovudet – det må praksis til.

Uthenginga av feministiske menn som "mjuke tøflar" er urettvis og hindrar kvinnekampen. Det er på tide at vi som er feministar kvittar oss med det undertrykkande kallenamnet "tøffel". Det er ingen machomann som er så tøff som ein mann som bryt med kjønnsrollene.