Til Røde Fane si heimeside
Til heimesida til AKP


Palestina etter bombinga
av Afghanistan

av Ingrid Baltzersen

Røde Fane nr 4, 2001

Artikkelen er skrevet etter en reise Ingrid Baltzersen og Lars Akerhaug
gjorde i Palestina 8.-17. oktober i år.


Reisa starta i Jerusalem. Lars Akerhaug og eg budde i den muslimske delen av den palestinske delen av gamlebyen. Det første inntrykket me fekk av byen var maskinpistolar og -gevær. Alle israelarar i gamlebyen gjekk med maskingevær. Det var militære i grøne klede som stoppa folk tilfeldig på gata og bad om legitimasjon. Det var politi i blå uniformer. Det var ein del folk som var likt kledd, men ikkje i uniform som gjekk med maskinpistolar. Og så var det menn i ortodokse klede som gjekk med maskinpistolar.

Jerusalem har ei særskilt stilling i denne konflikten. Palestinarane som alltid har budd der, vert no ynska vekk. Sharon har vore med på eit prosjekt om å bygga "jødisk liv" i gamlebyen i Jerusalem. Byen vert omringa av israelske busetnader. Så livet i Jerusalem føles veldig innestengt og uønska.

Før me reiste vart me skremde med historier om folk som gjekk tilfeldig til angrep på jødar. Og me kunne jo sjå ut som jødar. Men dei einaste dei palestinske ungdommane i gamlebyen gjekk tilfeldig laus på var kvarandre. For ein småting kunne gutegjengar gå laus på kvarandre.

Me vurderte lenge om me ville reisa til Gaza. Eg såg for meg at det var konstant farleg for alle, sjølv om eg visste at det ikkje alltid var angrep. Men inntrykket me fekk var heilt annleis, sjølv om situasjonen i Gaza ikkje var betre enn det me venta. Me vitja Norsk Folkehjelp sitt kontor i Gaza, og vart vist rundt av "projects officer" der. Det første han viste oss var vegen frå nord til sør i Gazastripa. Gazastripa er ei smal stripe land langs austsida av Middelhavet. Israelarane har busetnader på 40 % av området. Dei ligg ofte nær sjøen, vest frå hovudvegen frå nord til sør. Israelarane som okkuperer Gazastripa må sjølvsagt reisa trygt inn og ut av Gazastripa. Palestinarane som bur i Gazastripa har ikkje fått reisa ut av Gaza sidan den nye Intifadaen starta, og kan ikkje ein gong reisa trygt i Gazastripa. Men israelarane som må kryssa hovudvegen i Gazastripa, må reisa trygt. Så kvar gong dei skal køyra på vegane sine, stenger dei hovudvegen i Gazastripa, og dei blir eskortert av ein militærjeep. Kvar gong ein israelar skal bevega seg, stenger dei hovudvegen i Gazastripa. I tillegg tar dei med jamne mellomrom og stenger denne vegen i lengre periodar. Då kjem ikkje folk seg på jobb, og sjukebilane frå sør kjem ikkje til sjukehuset i Gaza by. Kvinner har født i ambulansen ved dei israelske sjekkpunkta, og folk har daud i ambulansen. Gaza er eit fengsel for palestinarar, mens israelarar kan reisa fritt rundt.

Khan Younis

I flyktningleiren i Khan Younis, sør i Gazastripa, vitja me ein ungdomsklubb. Det var ein klubb som hadde gode idear om korleis ein skal jobba med barn og ungdom, dei var opptekne av at ungdommane skulle verta interesserte i å utforska kunnskapen sjølv, og at dei skulle læra å mestra noko, og læra å kommunisera utan vald. Men barna og ungdommane dei jobba med hadde andre problem enn norske ungdommar. Dei kjente folk som hadde daud på ein unaturleg måte, dei var redde for å få husa sine øydelagt med bulldozer eller bomber av israelske busettarar. Kvar gong dei høyrde fly og helikopterlyd vart dei redde. Men dei som jobba på ungdomsklubben forsøkte å vera gode rollebilete og å gje ungane håp om ein annan kvardag og middel til å mestra den kvardagen dei har no. Arbeidsløysa har auka sterkt i Gazastripa, fordi mange familieforsørgarar jobba i Israel. No når dei ikkje har lov til å reisa ut kan dei heller ikkje komma seg på jobb. Dette auker den allerede store fattigdommen i Palestina. Arbeidsløysa, fattigdommen og håpløysa fører og til vald i familien. Det finst ulike prosjekt over heile vestbreidda som forsøker å hjelpa familiar å fungera normalt.

Arbeidsløysa på Vestbreidda er og stor. Palestinarar på Vestbreidda får ikkje lenger lov til å jobba i Jerusalem, for Jerusalem vert rekna som Israel. Det fører til at kvar dag går det ein strøm av palestinarar frå for eksempel Beit Laham som snik seg ein sideveg forbi det israelske sjekkpunktet og over grensa. Der vert dei henta av dei israelske arbeidsgjevarane sine. Og kvar ettermiddag snik dei seg tilbake. Vegen dei brukar kan bli sett frå sjekkpunktet, og nokre dagar finn israelarane ut at dei vil stoppa dei. Så då kjem ikkje folk seg på jobb. Men kanskje viss dei ventar lenge nok den dagen, eller kanskje viss dei finn ein annan veg, eller kanskje viss dei prøver igjen neste dag, så kjem dei seg på jobb. Slik er kvardagen.

Tilsvarande er kvardagen for palestinarane som skal rundt på Vestbreidda. Det er no umogleg å bu i Jerusalem-området og gå på universitetet i Bir Zeit nær Ramallah eller på universitetet i Hebron. Det er til og med vanskeleg å bu i Ramallah og gå på universitetet i Bir Zeit, eller å gå på universitetet i Hebron utan å bu på universitetsområdet. Alle universiteta lid under dette. Studentane kjem seg ikkje til universiteta, og folk får ikkje gå på dei faga dei ynsker. Folk må jobba og bu i same området, frakt av varer er vanskeleg og sosiale band er vanskelege å oppretthalda på grunn av transportsituasjonen. Israel har fylt opp vegane i Vestbreidda med sjekkpunkt og grenser.

Betlehem

I Betlehem vitja me ein flyktningeleir. Der budde flyktningar tett i tett, med dårlege sanitærforhold, lite vatn, høg arbeidsløyse. Ein tredel av befolkninga på Vestbreidda og halvparten av befolkninga i Gazastripa er interne flykningar. Flesteparten av dei bur framleis i flyktningeleirar. UNRWA, FN sitt prosjekt for dei palestinske flyktningane, har drive desse leirane. Men no trekk dei seg meir ut, fordi når ein no nærmar seg palestinsk sjølvstyre etter Oslo-avtalene skal problemet vera meir løyst. Så UNRWA minkar støtta til flyktningane sjølv om problemet opplagt ikkje er løyst.

I Beit Jalla var me så heldige at me fekk bu privat hos ein palestinsk familie. Dei var flyktningar, men no hadde dei bygd eit flott hus utanfor flyktingeleiren. Fyrste kvelden dei sov i huset, gjekk Israel inn i området og skøyt på hus og bomba dei med granatar. Eit av dei husa var huset deira. Det var i mai i år. Når me kom i oktober hadde dei akkurat blitt ferdige med gjenoppbygginga. Det er kvardagen i Palestina. Ein kan ha gode jobbar, spara til hus i ti år, bygga det delvis for hand, og få det øydelagt og risikera å bli drepne første dagen. No har dei bygd skjulestad i kjellaren.

No er me nettopp kome tilbake. Det er rart å sjå at dei byane me såg, dei vegane me køyrde på, køyrer det no israelske tanks i store mengder, og i dei områda som palestinske sjølvstyremyndigheiter skal styra over, no vert invaderte. Vennene våre i Beit Jalla sit no inne og torer ikkje å gå ut av huset. Ein nabo er drepen. Dei sjekkpunkta som vart letta litt på ein dag eller to før den israelske turistministeren vart skoten, er no hardare enn før.

Israel øydelegg økonomien

Israel har etter at den nye intifadaen starta, laga sjekkpunkt og strenge grenser i heile Palestina. Dei hindrar folk i å leva eit normalt liv, å komma seg på jobb, universitet, i meir alvorlege samanhengar, og å komma til nødvendig legehjelp. Dei grunngjev dette med trong til tryggleik. Dei øydelegg palestinsk jordbruk, bombar og skyt på palestinske hus. Dei grunngjev dette med at dei treng trygge soner rundt seg. Dei har ikkje fått auka tryggleik, framleis er folk så desperate at dei kan ofra sitt eige liv for saka si. Det Israel har oppnådd er å øydeleggja den palestinske økonomien, å hindra oppbygginga av ein sjølvstendig palestinsk stat. Problemet er og at palestinske sjølvstyremyndigheiter lett kjem i ein meklarposisjon mellom det palestinske folket som vil ha fortgang, og Israel som ikkje vil gje meir enn dei må. Eit eksempel på det er når palestinsk politi skyt og drep to palestinarar i ein demonstrasjon i Gaza. Palestinarar som me prata med samanlikna funksjonen politiet var på veg til å få med korleis hæren var i Sør-Libanon (SLA), ein hær for den israelske okkupasjonsmakta.

Situasjonen etter den nye intifadaen fører til ei konstant tilpassing for å overleva. Ein tilpassar seg tilfeldige kontrollar, at det er tilfeldig om ein kjem seg på jobb, at ein lev i fare for å få øydelagt hus, jord, livsgrunnlag. Ein tilpassar seg ein valdeleg kvardag. Ein slik tilpassing har foregått i 50 år, men er meir ekstrem no. Og kva skjer når desse folka skal laga sin eigen stat, sitt eige frie land? Når dei har tilpassa seg at det normale er unormalt, at eit folk har rett til å undertrykka dei?

Kampen for å få tilbake Palestina har vart i over 50 år. Folk bur framleis i flyktningeleirer. Dei kan framleis hugsa kor dei er frå, huset dei budde i. Viss du spør ein unge frå ein palestinsk flyktinigeleir kor dei er frå, seier dei anten flyktningeleiren eller landsbyen dei opprinneleg kom frå i Palestina. Korleis skal dei kunna bygga eit nytt liv på Vestbreidda eller i Gazastripa? Hus og tomter er dyre, arbeidsmarknaden er sprengt, Israel terroriserer framleis. Ungar og ungdom i håpløyse kastar stein mot soldatar og vert skotne. Eller er redde for å sjå husa deira bli øydelagte. Og samtidig teiknar dei og skriv om drøymen om fred, drøymen om eit eige land, drøymen om å returnera til heimen sin, drøymen om fridom.