Til Røde Fane si heimeside
Til heimesida til AKP


Homopolitikk før Stonewallopprøret

av Ingrid Baltzersen

Røde Fane nr 2, 2001

Ingrid Baltzsersen er sentralstyremedlem i AKP, med i AKPs kvinneutval
og nestleiar i ungdomsgruppa til LLH i Oslo.


Stonewallopprøret, den natta lesber og homsar i New York City nekta politiet å stenga baren deira og trakassera dei, vert sett på som starten på den moderne homokampen. Men kva gjorde homsar og lesber før Stonewallopprøret i 1969?

Homofil identitet

I lister over kjende homofile, lesbiske og bifile finn ein alltid filosofar, kunstnarar og andre frå gamle tider. Dei gamle grekarane hadde unge mannlege elskarar, men dette var normalt og sett på som ein del av danninga. Det var heller ikkje livsvarige kjærleiksforhold, dei tok slutt når den yngste gifta seg og fekk seg sin eigen yngre elskar. Den homofile identiteten, slik som me kjenner, fanst ikkje, i alle fall vart han sett på som unormal.

Ein kan sei at starten på homopolitikken kom når den homofile legninga blei identifisert av psykoanalytikarane. Dette hendte på slutten av 1800-talet. Før det var sodomitten ein som hadde sex med menn. Han var ein forbrytar, men vart ikkje sett på som noko særleg annleis enn andre menn. Nå fekk den homoseksuelle ein vidare identitet, som ikkje handla berre om seksuelle handlingar enkeltvis. Første gong termen homoseksualitet synte seg, var i Tyskland i ein pamflett av ein lege og sexolog som jobba for avskaffing av sodomilova i Preussen. Eg har difor vald å skriva om dei hundre åra frå den homofile identiteten blei identifisert, og til Stonewallopprøret i 1969. Det å skildra all homokamp i Vesten gjennom hundre år er umogleg, så eg har plukka spanande tidsperiodar og stader. Eg har ikkje skrive noko om homopolitikken i Noreg, men det håper eg det vert tid og plass til seinare.

Sodomi

Oscar Wilde (1854-1900) er den homofile folk flest kjenner til frå attenhundretalet. Han vart offer for lovgjevinga mot sex mellom menn som fanst i dei fleste europeiske landa på den tida. Wilde var ein kunstnar, ein estetikar og glad i vakre menn. Han hadde eit kjærleiksforhold med sonen til ein marki, Lord Alfred Douglas (Bosie), og faren til Bosie skreiv eit fornærmande brev To Oscar Wilde, ponce and Sodomite, som Wilde anmeldte. Dette var ikkje ei særleg taktisk handling på den tida. Rettssaka snudde seg, og Wilde vart i staden dømt til to års straffarbeid. Wilde var ikkje oppteken av homopolitikk, og han trudde heller ikkje at han kunne bli dømt for å vera homoseksuell. Men saka mot han, der han ikkje angra noko, men derimot var vittig, fekk mykje presse. Det var ein vekkar for dei homofile. Dei blei meir redde for å bli arrestert, men "kjærleiken som ikkje tør sei sitt namn" hadde fått eit fjes.

Den tidlege homopolitikken i Tyskland handla mykje om lova mot sodomi, eller paragraf 175. Karl Heinrich Ulrichs (1825-95), ein av pionerane, skreiv på 1860-talet vitskapleg litteratur om homoseksualitet. Han meinte at mannlege og kvinnelege homofile var eit tredje kjønn.

I 1897 to år etter at Ulrichs var daud starta den første homopolitiske organisasjonen, The Scientific Humanitarian Committee. Dei jobba for å oppheva paragraf 175, opplysa folk om homoseksualitet, og få dei homofile interesserte i kamp for eigne rettar. Komiteen eksisterte i trettifem år, og hadde 5.000 medlemmer i 1908. Dei aksepterte teorien til Ulrichs om det tredje kjønn. Dr. Magnus Hirschfeld (1868-1935) starta komiteen og var leiar for instituttet dei opna i 1919. The Institute for Sexual Science er ein forgjengar for det amerikanske Kinsey Institute for Sex Research. I 1919 vart det og laga ein film med homofilt tema, Anders als die Andern (Annleis enn dei andre). Men under fascismens frammarsj vart den homofile rørsla sett tilbake. Hirschfeld var i tillegg jøde, og vart forsøkt drepen. Han flykta til Paris, der han daude i 1935. I 1933 vart instituttet angripe og bøkene brende. Sjølv om den første homofile rørsla starta i Tyskland, vart ikkje paragraf 175 oppheva før i 1968.

I USA var det på starten av 1900-talet fleire foredragshaldarar som reiste rundt og snakka om homoseksualitet. Det var ikkje noko organisering av homofile i USA på den tida, men mange møtte opp på foredraga. Ein del av foredragshaldarane var frå den tyske komiteen, men den amerikanske feministen og anarkisten Emma Goldman snakka òg om homoseksualitet på reisene sine. Ho vart kritisert av andre anarkistar fordi dei meinte anarkismen var misforstått nok om dei ikkje skulle ta opp homofili. Men det berre gjorde Goldman "surer of myself, more determined to plead for every victim, be it one of social wrong or of moral prejudice".

Bohemar

Mange av dei eksperimentelle, liberale miljøa på 1900-talet i både USA, Frankrike, Tyskland og England hadde ein viss grad av homofil, lesbisk og bifil utprøving. I Paris ved århundreskiftet var det chic å vera lesbisk kvinne, i alle fall for unge, ugifte jenter. Collette, Natalie Barney, Radclyffe Hall og Djuna Barnes er forfattarar som var unge på den tida. Dette fortsette på 20-talet med ein del av dei same kvinnene. Skilnaden var at no fanst det etablerte lesbiske par, slik som det kjente paret Gertrude Stein og Alice B. Toklas. I Tyskland, spesielt Berlin, fram til nazistane fekk makta var homolivet stort. Det var uteliv og filmar, forskning og politikk. På 10- og 20-talet i the Greenwich Village i New York, var det på same måte som i Paris på moten å vera litt lesbisk. I Harlem, New York på 20-talet, under den svarte renessansen der, var mange av jazzmusikarane og diktarane biseksuelle, og det fanst opne lesbiske og homofile. Både i Greenwich Village, Harlem, og i Paris ved århundreskiftet fanst det ikkje eit separat homofilt miljø, men den generelle liberale haldninga til sex gjorde at det gjekk an å ha eit biseksuelt image, i alle fall for kvinner.

Andre verdskrig

Under andre verdskrig i Tyskland vart mange homofile og nokre få lesbiske internerte i konsentrasjonsleirar og drepne. Dette sette homokampen i Tyskland mange tiår tilbake. Dei homofile fekk heller ikkje erstatning for lidingane sine, dei var jo dømde for ein paragraf som framleis fanst i lova. Hos dei allierte vart mange kvinner og menn separerte, menn var i krigen og kvinnene gjorde alt heime. Dette er noko som som regel fører til kjærleik og erotikk mellom menn i krigen og at kvinnene får testa ut nye kjønnsroller med å jobba i industri og fly jagarfly. Men dette er midlertidige endringar i liva til folk på grunn av ekstreme hendingar. Samtidig fekk dei prøva ut noko dei aldri hadde prøvd før, og ikkje alle gjekk tilbake til den vanlege heterofile kjernefamilien. Under krigen fekk mange homofile namn på legninga si for fyrste gong, det amerikanske forsvaret innførte nemlig det berømte spørsmålet "er du homoseksuell" som gjorde at alle amerikanske soldatar måtte tenkja over det og sei nei. Homofile barer blomstra i dei amerikanske havnene. Det var i etterkrigstida at dei homofile bydelane i store amerikanske byar starta å vakse, og kvinner hadde fått smake fridomen utan menn og med arbeid. I 1948 kom Kinsey-rapporten som viste at det fanst mange mannlege homofile, og i 1953 laga Kinsey-instituttet ein rapport som viste at det fanst kvinnelege homofile òg.

Borgarrett og opprør

I etterkrigstidas USA kom alle borgarrettsgruppene. Dei kjempar for rettane til svarte, indianarar og kvinner. Homofile vart inspirerte av dette og i 1951 starta The Mattachine Society og et år etterpå One Inc. Dei homofile kvinnene starta i 1955 The Daughters of Bilitis. The Mattachine Society blei starta av kommunistar og eks-kommunistar, og var i starten organsiert i celler. Dei såg på dei homofile som ein minoritet, på lik linje med svarte, indianarar og meksikanarar i USA. Men etter kvart tok andre over, og dei var meir opptekne av at homofile var like heterofile.

Joseph McCharthy meinte at kommunistane øydela hjernane og dei homofile øydela kroppane til "gode amerikanarar" og homofile vart forfølgde som fiendar av den amerikanske staten. Amerikanarane tvang dette på britane òg, og denne haldninga til homofile haldt seg lenge etter McCharthy. Men kanskje på grunn av dette fortsette dei homofile å organisera seg. På 60-talet blei organisasjonane spreidd over heile landet, og i 1967 var den første gruppa offisielt akseptert på eit universitetsområde. Gay is Good vart teke i bruk på same måte som Black is beautiful for å heva dei homofile sitt sjølvbilete. Dei homofile var meir synlege. Dei ville ikkje bli undertrykte lenger, og ei sommarnatt i 1969 i New York City, reiste dei seg og slost mot politiet.

Den eneste unaturlige seksuelle handlingen er den du ikke er i stand til å gjennomføre.
Alfred Kinsey (1894-1956)

Kjelder