Til Røde Fane si heimeside
Til heimesida til AKP


Kva er Mjøsutvalet?

av Kjell Arnestad

Røde Fane nr 1, 2001

Kjell Arnestad er talsperson for NKS og medlem av AKP


Alle ser ut til å ha funne noko dei kan lika ved Mjøsutvalet si innstilling. «Frihet med ansvar», fridom for universiteta, fridom for studentane, internasjonalisering, samfunnsrelevans; honnørorda har sete laust når dei 18 i utvalet skreiv nesten 700 sider om naudsynte reformer i høgare utdanning.

Mjøsutvalet leverte i mai i fjor innstillinga etter to års arbeid, NOU 2000:14. Utvalet var sett saman av vitskaplege tilsette, representantar frå Norsk Studentunion, LO og NHO. Tidlegare rektor ved Universitetet i Tromsø, professor Ole Danbolt Mjøs, leidde arbeidet.

Mandatet omfatta stort sett alle forskingsmessige, fagleg organisatoriske og institusjonelle sider ved høgare utdanning. Dei endringane som utvalet gjer framlegg om, har mange gode føremål, og det er liten tvil om at universitet- og høgskulesektoren treng gjennomgripande reformer. Problemet oppstår når gode målsetnader skal setjast om i røyndom med marknaden sine interesser og reiskapar som retningsliner.

Frå akademi til serlovsselskap

Fleirtalet i utvalet vil gjera om lærestadene frå forvaltningsinstitusjon til serlovsselskap. Selskapa skal ha eit styre på elleve medlemer, der seks skal vera eksterne representantar oppnemnde av departementet. I tillegg skal det vera to vitskaplege representantar, ein administrativ og to studentrepresentantar. Departementet utgjer generalforsamlinga, som òg oppnemner styreleiar og nestleiar.

Rektors rolle vil verta radikalt endra. Kan henda er det her det er tydelegast kor gale det kan gå når akademia skal pressast inn i næringslivsmodellen. Rektor skal ikkje vera medlem av styret, men ansvarleg overfor det, og leia eit fagleg kollegium. Han vert utpeikt av styret, etter godkjenning av Kollegiet, men siste ord vil liggja hjå styret. Kollegiet er sett saman av dekanane, administrasjons- og studentrepresentantar. Dette organet skal hovudsakleg ha ansvar i faglege spørsmål. Korkje rektor, styreleiar eller styrefleirtal vil på dette viset vera valde av tilsette og studentar, men av KUF.

Nye finansieringsmodellar

Finansieringa av studiedelen skal delast i tre. Ein del vert fordelt ut frå eksamensresultat og kvaliteten på læremiljøet. Ein annan del skal avgjerast av politiske og regionale prioriteringar, medan den tredje delen vert fordelt ut frå studenttalet. Utvalet vil òg innføra stykkprisfinansiering av kandidatar og vekttalsproduksjon. Fleirtalet vil i tillegg ha ein sum på 15.000 kroner som følgjer kvar student, og som skal betalast ut når helvta av normert studietid er gjennomført.

Forskingsfinansieringa skal betrast radikalt. I løpet av fire år skal forskingsløyvingane opp på nordisk nivå og etter fem år opp på OECD-nivå. Forskingsfondet, det vil seia fondet der avkastinga vert fordelt av Noregs Forskingsråd, skal aukast til 20 milliardar.

Evaluering og akkreditering

Dei nye finansieringsmodellane byggjer på konkurranse om studentar og middel institusjonane mellom. Utvalet vil oppretta eit «Senter for evaluering og akkreditering». Senteret skal vurdera om institusjonane held seg innanfor råmene som er sett, evaluera kvaliteten på det faglege innhaldet og godkjenna institusjonar som søkjer om status som universitet eller høgskule.

Dette senteret skal visstnok vera frittståande i høve til KUF, men dette må ein nok ha sete i Mjøsutvalet for å få samanheng i. Det er nemleg departementet som utnemner styret for senteret, og det er departementet som eventuelt avgjer om institusjonen ikkje får middel over statsbudsjettet ved brot på vilkåra.

Bokstavar, bachelor og master

Det detaljerte karaktersystemet ved universiteta med laud, haud og alle nyansane mellom dei står for fall. Det skal innførast bokstavkarakterar, frå A til F. Dette er ei fullstendig tilpassing til ECTS (European Credit Transfer System) og skal visstnok vera viktig for å stimulera utveksling mellom norske og utanlandske studiestader.

Del to av «internasjonaliseringa» er avskaffinga av det sernorske gradssystemet. Cand.mag. og tilsvarande vert erstatta av bachelor-graden. Ein bachelor vert ein etter 3-3½ år, det er ei nedkorting av grunnstudiet frå dagens normerte fire år. Hovudfaget skal gjerast om til ein master-grad på fem år, eitt til to år kortare enn i dag.

Midla som vert frigjorte ved denne nedkortinga skal nyttast til å betra læremiljøet, og utvalet trur dette skal løysa problema med for låg studieprogresjon som departementet ser i dag.

«Studentane» jublar for Mjøs

Norsk Studentunion har vore eintydig positiv til utvalet sine konklusjonar og har utropt dette til studentane si reform. Tidlegare NSU-leiar Sigrun Aasland seier til Aftenposten at det skal gjera vondt å vera eit dårleg universitet. Kortare studietid, større mobilitet og straff for dårleg fagleg kvalitet er det NSU har trekt fram for å stø påstanden «studentane si reform».

Spørsmålet er vel om utvalet sine framlegg ikkje heller vil innebera mindre høve til fagleg fordjuping, meir fagleg tabloidisering og meir næringslivsstyrt forsking og fagtilbod. Dei nye finansieringsmodellane vil føra til endå større press mot små og «unyttige» fag.

NSU er òg opptekne av at akademia har vore for eliteprega. Både økonomi og faglege føresetnader har sett stengsel for mange som ønskjer seg høgare utdanning. Mjøs inneber ingen lovnader om meir pengar til studiefinansieringa, og utan høve til å vera heiltidsstudent vil deltidsarbeid halda fram med å føre til låg progresjon. Å gjera universitetsstudia fagleg «lettare» og kortare er altså NSUs svar.

For at det nye gradssystemet skal fungera, vil det vera naudsynt å velja studieløp tidleg i «karrieren», det er mellom anna snakk om ein yrkesretta og ein forskingsretta master-grad. Halde saman med det minska høvet til fordjuping og mindre fagtilbod, er det ikkje mykje att av den fridomen studentar skal få med reforma si.

Ansvar utan fridom

Mellom lærepersonalet har det vore meir tilløp til kritikk av utvalsframlegga. Sterkast i kritikken har professor Rune Slagstad vore. Han var ein av fleire som utvalet inviterte til å skriva utgreiingsvedlegg til NOU 2000:14. Slagstad hevder Mjøs-utvalets innstilling «vil BI-fisere og McDonald-fisere universitetene etter fastfood-prinsippet».

Det er heilt klart av framlegga at departementet og næringslivet vil sitja med bukta og enden i styringa av universitet og høgskular om innstillinga vert innført. Forsking vil få meir pengar, det er bra og naudsynt. Men undertittelen på rapporten, «Frihet med ansvar», er på grensa til det ureielege. Både NSU og Ole D. Mjøs legg mykje politisk godvilje til, når dei prøver å framstilla dette som framsteg for lærestadene og studentane sin fridom og kvaliteten på høgare utdanning.

Eit ideal å forsvara

Universiteta sitt sjølvstende, kritikk og danning, profesjonsfellesskapen, sanning, etisk ansvar og politisk medvit er Humboldt-idealet som den klassiske universitetsmodellen bygde på. Sjølv om dette var storborgarskapen sin modell, eit system det ikkje lenger er nyttig for «marknaden» å oppretthalda, representerer dette noko av det beste ved akademia. Ein student og forskar med fridom til fordjuping og fagleg mangfald er av det gode, både for den einskilte, for vitskapleg framsteg og for samfunnet som heilskap.

At den prøyssiske freiherr Karl Wilhelm von Humboldt (1767-1835) stod for eit akademia som det no er i progressive si interesse å forsvara mot forflating og marknadstilpassing, er kan henda uvant for mange. Ikkje mindre er det ei viktig oppgåve å sikra høvet til vitskapleg fridom og kritisk forsking. Det finst ingen total akademisk fridom. Men det finst gradar av denne. Det er ei stund sidan universitet og høgskular var kraftsentra i den progressive rørsla, både i Noreg og elles i Vesten. Om ein ikkje skal mista dette potensialet heilt, er den defensive striden mot Mjøs-utvalets innstilling og marknadstilpassinga generelt sentral.