Til Røde Fane si heimeside
Til heimesida til AKP


Privatisering
– kapitalens vidundermedisin

av Erling Folkvord

Røde Fane nr 4, 2000


Du leiter forgjeves viss du venter å finne ein lettfatteleg og samordna privatiseringsplan i statsbudsjettet. Jens Stoltenberg offentleggjer ikkje slike planer. Og slett ikkje etter at tidlegare statsrådkollega Gerd Liv Valla som vil bli ny LO-sjef, har kunngjort at regjeringa må slutte med "surret om privatisering" (Klassekampen 9.9.2000). Den korte og begripelege privatiseringsplanen blir ikkje tatt med i dei pressemeldingane som regjeringa legg ut på nettet når dei 4. oktober slepper statsbudsjettframlegget. Like fullt er summen av Stoltenberg-regjeringas økonomiske tiltak overfor fylka og kommunane slik at rådmenn og ordførarar kjenner seg tvinga til å leite etter nye måtar å privatisere på.

Enkelte prøver å framstille privatisering som eit spørsmål utan klasseinnhald. Ein av dei som har gått lengst i så måte, er sosialminister Guri Ingebrigtsen, psykiateren som tidlegare var med i AKP og RV. Dagsavisen konfronterte henne i sommar med at forgjengaren hennar, Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) "advarte kommunene mot å konkurranseutsette pleie- og omsorgstjenester". Avisa fekk klart svar da journalisten spurde:

– Vil du også gjøre det?
– Jeg vil advare mot at man går så langt at man ikke har kompetanse til å vurdere hva man driver med. Men erfaringene har jo vist at vi ikke har løst problemene så godt fra den offentlige siden heller.
– Så du vil ikke advare mot at man setter bestemor ut på anbud?
– Jeg er opptatt av at bestemor får de beste tjenestene. Ikke av hvem som yter dem, sier Ingebrigtsen. – Det vi aldri må gi fra oss, er at det offentlige har ansvaret, presiserer sosialministeren.
(Dagsavisen 24.07.00)

Ingebrigtsen har hausta mykje storm for dette. Mange klassebevisste medlemmar og tillitsvalde i fagrørsla vart oppriktig og inderleg sjokkert over at sosialministeren i Arbeidarparti-regjeringa kan seie rett ut at det er likegyldig om omsorgstenester blir utført i offentleg regi eller av private selskap der profitten til eigarane er det overordna målet.

Ein tilfeldig AP-statsråd i ei forvirra regjering styrt av ein marknadsliberal sosialøkonom, er ikkje ei drivkraft i privatiseringssamanheng. I borgarskapets samfunnsmaskineri er Ingebrigtsen knapt meire enn eit lite, meir eller mindre velsmurt tannhjul med begrensa brukstid.

Privatiseringspolitikken er ein del av ei nødvendig internasjonal kampanje for å forsvare kapitalistklassen og forlenge kapitalismens levetid. Om ein samanliknar dei argumenta for å kutte offentlege budsjett og for å privatisere som i si tid vart framført av president Reagans stab i USA og statsminister Thatcher i England, med det som har vorti ført til torgs i Danmark, Tyskland, Frankrike eller Norge, så kan ein ikkje unngå å sjå at det meste er snørr som er snytt ut av same nasen.

Djupast sett handlar det om trøbbel i det kapitalistiske systemet. Dei av borgarskapets kvinner og menn som tenkjer så stort at dei prøver å ta vare på kapitalistane sine fellesinteresser, er på kvilelaus jakt etter nye tiltak for å oppretthalde, eller sjølvsagt helst auke profitten. Historisk sett og på lang sikt er dette ei mildt sagt vanskeleg oppgåve. Den dagen dei ikkje klarer å løyse den oppgåva lenger, ligg kapitalistane dårleg an. Utan at profitten er høg nok, går kapitalismen i stå.

Det er i denne samanhengen at åpninga av offentleg sektor, har vorti ein felles vidundermedisin for ein profittsjuk kapitalisme i heile OECD-delen av verda. Vår tids kapitalistar ser på dette slik forgjengarane såg på erobringa eller åpninga av nye koloniar.

I den perioden da omfattande helsevesen og velferdstenester vart bygd ut i Norge, sto arbeidarrørsla sitt verdigrunnlag så sterkt at det vart vanleg oppfatning at ingen skal ha privat profitt av å drive sjukehus, barneomsorg eller slike hjelpeordningar som sjuke eller funksjonshemma folk treng heime. Frå før var vassverk, elektrisitetsforsyning, post, tele og jernbane bygd opp på tilsvarande grunnlag. Og i heile den offentlege sektoren var det jamnt over forhandla fram nokså gode tariffavtalar. Lønningane var ikkje høge, men arbeidsvilkåra for underordna tilsette sett under eitt var noko heilt anna enn det som i dag er rådande for eksempel i hamburgerkjedene og andre "nye" private bransjer.

Viss alt dette blir åpna og innlemma i den profittstyrte marknaden, vil mye vere gjort for dei som er opptatt av å sikre kapitalen nye jaktmarker.

Privatiseringsstrevet er derfor ikkje først og fremst den kampen vi ser at kvar enkelt kapitalist (ISS, Partena Care osv.) fører for å overleve eller få større profitt. Djupast sett er dette uttrykk for kapitalistane sin felles kamp for at kapitalismen skal overleve som system. Dei drivkreftene vi har mot oss, er så sterke, at det berre er svært brei massemobilisering som nytter. Viss vi ikkje går djupare i diskusjonen enn å ta avstand frå Ingebrigtsen, er massemobilisering umuleg. Demonstrasjonane i regi av Aksjon For velferdsstaten 19. oktober, må følgjast opp med kraftige lokale aksjonar. Vi har ikkje makt utan at vi er mange som står saman fordi vi har diskutert og forstått kva som er hovudspørsmålet: Profitt for dei få eller fellesnytte for mange.