Til Røde Fane si heimeside
Til heimesida til AKP


Kva om alle var normale?

av Ingrid Baltzersen

Røde Fane nr 2, 2000

Forfattaren er 19 år, studerer arabisk i Oslo, er sentralstyremedlem i AKP,
er med i AKP sitt kvinneutval og er nestleiar i ungdomsgruppa til LHL i Oslo


Eksperiment 1:

Forsøk i ein ny samanheng å leggja merke til kor lang tid det tar før du veit at ein person er heterofil. Måten du utfører dette eksperimentet på er å høyra etter og notera deg kvar gong nokon forteller at dei såg ein fin film med kjærasten, smakte ein ny vin med mannen, var i eit brullaup med kona osv. Kor lang tid tar det før du har fått sterke indisier på at dei fleste i gruppa er heterofile? Ikkje særleg lang tid ...

Eksperiment 2:

Forsøk når du pratar i ein ny samanheng å bytta kjønn på din eventuelle heterofile kjærast/samboar/ektefelle. Studer reaksjonane nøye. Dei vil antageleg kunne delast i tre deler: 1: Dei som tar det heilt normalt. 2: Dei som føler seg beæra fordi ein har fortalt noko så personleg (at ein har dame!) 3: Dei som reagerer med at ein er ekkel, eller at ein fortel alt for personlege og intime ting (at ein såg ein fin film med kjærasten!).

Heterofil sosialisering

Frå me er små regner folk med at ein er heterofil. Små jenter vert pynta i små kjolar og små kåper, og små gutar vert pynta i små dressar med små hattar. Og så vert dei sett saman og fotografert, og alle seier: "så søtt lite par". På barneskulen vert ungane erta for kjærastepar viss dei har vener av motsett kjønn, og på seinare er spørsmålet til ei jente: "Har du type? Kva for ein gut er du forelska i?" Ein vert heile tida pressa inn i eit heterofilt ideal, og dei som ikkje passar inn i idealet vert lett usynlege. For det er enklare å unngå spørsmåla, eller å lyga, enn å svara "Eg er forelska i Grete".

Heterofil til det motsette er bevist

Og vidare i livet hender ofte akkurat det same. For det gjeld ein regel: "Alle er heterofile inntil det motsette er bevist." Heterofile kan fortelja om helga med mannen, den fine typen dei såg på byen osv. Det å sleppa ein slik tilfeldig bemerkning kan for homofile og lesbiske vera vanskeleg, fordi ein då gjer ein aktiv handling. Ein seier ikkje berre tilfeldigvis kva ein gjorde i helga, ein fortel og noko om seksualiteten sin. Og ein veit ikkje alltid kva reaksjonen er. Ei heterofil dame får ikkje eit forbausa spørsmål: "Har du mann?", mens ei lesbisk jente kan venta å få alle reaksjonar. Dette gjer det enkelt å usynleggjera seg sjølv. For sjølv om ein som regel får ein eller annan positiv reaksjon, så kan ein risikera at helvete er laus, berre fordi ein opplyste at filmen ein gjekk på med kjærasten var fin.

Patriarkatet

Grunnen til at reaksjonane kan vera negative, ligg i eldgamle samfunnsstrukturar. Samfunnet vårt fram til no har vore støtta opp av det eldgamle patriarkalske systemet. Systemet er ein måte å organisera ein institusjon der mange av samfunnsoppgåvene vert tekne vare på. Den institusjonen er familien. Det å oppdra ungar, det å sørga for at arbeidsmannen, og etterkvart kona, har ein stad å koma heim til, ein stad der mat vert laga, og ein kan slappa av, vert organisert gjennom familien. Dette systemet er og bygd opp rundt kvinneundertrykking. Ein har ett kjønn, kvinner, som gjer flesteparten av dei ekstra oppgåvene. Kvinner gjer framleis mest husarbeid og tener berre litt over halvparten av menn (fordi dei jobbar mykje deltid, har lågtlønnsyrker osv). Kvinner vert utsette for vald i heimen, for det meste av menn.

Fram til no har det å laga ein homofil familie ikkje vore så sentralt. Og då er dei homofile og lesbiske ei gruppe som fell utanfor den vanlege måten å organisera seg på, utanfor det vanlege samfunnet. Samtidig er ein av grunnane til at det ikkje har vore aktuelt å laga ein homofil familie før no, det at samfunnet rundt ikkje ville ha godteke det.

Homofile før

NOVA-rapporten fortel om akkurat det når dei oppsummerer tidlegare forskning om homofile. Dei referer til forskning som har vist at homofile, spesielt menn, har levd på utsida av samfunnet, eller hatt eit dobbeltliv. Dei har ofte hatt heterofile familiar, og i tillegg oppsøkt eit homofilt miljø. Det å "komma ut" til familie og vener har ikkje vore noko sentralt, heller det å komma inn i miljøet og finna likesinna. Først på 60- og 70-talet vart det å komma ut sentralt. Korleis lesbiske kvinner har løyst dette problemet er meir uklart. Antageleg har dei ikkje hatt så stor sjanse til å treffa andre lesbiske på byen, og har nok anten levd gifte eller som ugifte frøkener, og eventuelt levd ut legninga si i nære venskap.

Det å starta ein homofil eller lesbisk familie var altså ikkje eit alternativ, og det at ein ikkje levde i nesten normale familiar, var ein av grunnane til at ein vart stigmatisert. Kapitalismen tener på kvinneundertrykkinga og patriarkatet, og ser ingen grunn til at nokon skal kunna visa alternative livsformer som kan truga dette systemet. Det å krevja å få vera lukkeleg og ikkje i ein tradisjonell framilie truger systemet. Det å krevja å vera homofil, lesbisk, eller for den saks skyld einsleg gjer at fleir kan hende kunne tenkja seg å leva alternativt frå normen.

I tillegg til å tena på å stigmatisera homofile og lesbiske fordi dei har falt utanfor familiesystemet, tener kapitalismen generelt på å stigmatisera homofile og lesbiske. Det å stigmatisera ei gruppe gjer at andre grupper tek ut aggresjonen på den gruppa, og ikkje på kapitalismen. Men no når det å vera homofil og lesbisk nesten vert normalt, treng den gruppa nødvendigvis å vera dei homofile? Kva hender viss homofile, lesbiske og bifile vert normale?

Kva er normalt?

Kva liv som er den såkalla normalen no, er vanskeleg å sei. Men sjølv om det å ha sex med personar av same kjønn ofte vert framstilt som "mote", ser eg ein annan tendens i samfunnet mot det å laga ein god gammaldags familie. Det å forlova seg med fin ring til jenta, å planleggja gigantbryllaup i i alle fall eit år, og det at mora til ungane er heime nokon år (fordi barnehagar skal vera usunt), har blitt eit ideal.

Dette idealet er vanskeleg å leva opp til for heterofile. No skal ein først ha ei utsvevande ungdomstid, og så skal ein laga ein trygg gammaldags familie, i ei tid der folk vert skilde like ofte som tidlegare. Ofte er det økonomiske hensyn som gjer at folk tar valget om å bli 50-tals familie. Det å ha ei heimeverande mor er ofte billigare enn at mora går i jobb fordi barnehage er vanskeleg å få tak i, mora tener ofte mykje mindre enn faren, og kontantstøtta er omtrent like mykje som differansen mellom mors lønn og barnehageprisen.

Syn på homofili

Spørreundersøkingar kan sei ein del om korleis grupper vert oppfatta. NOVA-rapporten fortel om ei positiv utvikling i korleis ser på homofile. Dei har sammenligna spørreundersøkingar frå 1967, 1983, 1988 og 1992 og fann følgande framgang på spørsmål:

Dessutan meinte 25 % i 1988 at "homofile må gjøre alt de kan for å bekjempe sine spesielle tilbøyeligheter" mot 72 % av mennene og 81 % av kvinnene i 1967.

Desse tala viser framgang, men seinast i 1988 meinte 25 % av befolkninga at me som ikkje er heterofile ikkje burte tenkja og føla slik me gjør.

Me har sett den siste tida at samfunnstoppar har stått fram indirekte eller direkte. Anne Holt inngjekk partnerskap, Per Kristian Foss fortalte at han var homofil. Det å vera høgt oppe i Høgre og samtidig homofil er ikkje eit stort problem lenger, slik det var då Wenche Lowzow stod fram. Desse folka er jo eksempel på folk som endeleg meinte at det å stå fram ikkje kunne skada dei meir enn dei tålte.

Homofile lesbiske og bifile vil antageleg bli sett på som normale, viss ein tilpassar seg 50-talets familieideal. Og det er eit ideal som er idealet til mange homofile lesbiske og bifile og. Dei vil finna ein person som dei kan leva trygt saman med resten av livet, og som dei kan starta ein liten familie med.

Spørsmålet er om dei fleste homofile og lesbiske passar inn i dette idealet, og eit stort spørsmål er og kva som då hender med den mangfaldige homokulturen som finst i dag.

Seksuell fristad

Homorørsla har skapa eit samfunn på sida av det andre samfunnet, der forskjeller frå den såkalla normale seksualiteten lettare vert godteke. Me har folk som ikkje føler seg vel i den kjønnsrolla dei har, og tek ut andre sider av seg, slik som butch lesber og femi homser. Folk som ikkje føler seg som det biologiske kjønnet sitt i det heile tatt, dei transseksuelle, høyrer og ofte til miljøet. I homoparadar viser ein stolt fram lærhomser, sterke topplause lesber, menn i miniskjørt og høghela sko, og kvinner og menn som går hand i hand og ser heilt vanlege ut.

Nye samlivsformer

Det homofile miljøet har på mange måtar vore ein seksuell fristad, og her har det blitt utvikla nye samlivsformer. Når ein først har havna utanfor det tradisjonelle familiemønsteret, er det enklare å utforska vidare vegane livet har. Og folk lever på heilt ulik måte. Nokon har eit fritt seksualliv, og lever åleine men med gode vener, fordi dei ikkje føler for å stifta ein familie, noko heterofile ofte føler eit sterkt press om. Nokon har forhold til fleir personar på ein gong. Og mange lever i vanlege parforhold. Kjønnsrollene vert og lettare utforska, ein har ikkje ferdig laga roller slik som dei heterofile. Sjølv om heterofile har større variasjon i kjønnsrollene sine no enn for 30 år sidan, så havner ein likevel ofte i dei gamle fellene. Når ein er to av same kjønn kan ikkje begge ha problem med å takla kjensler, slik som den tradisjonelle kjønnsrolla for menn er, og begge kan heller ikkje berre tenkja på den andre slik som den tradisjonelle kjønsrolla for kvinner er. Arbeidsdelinga i heimen er heller ikkje så sjølsagt, jenter har ofte lært det arbeidet som mora gjorde, og gutter det arbeidet faren gjorde. Og det er litt vanskeleg når begge kan mekka bil og ingen kan laga mat og omvendt. Eg trur at det fører til at homofile, lesbiske og bifile må tenkja gjennom og utprøva fleir ting som heterofile tar for gitt.

Sjølv når homofile lagar ein familie, er det ofte dei ikkje lagar ein tradisjonell familie. To jenter og to gutar kan ikkje laga barn av seg sjølv, og difor hender det at ungar i homofile familiar har fire foreldre som samarbeider om å ta seg av dei.

Levande utopi

Homomiljøet har og blitt ein utviklar for ny teori rundt kjønn og legning. Egalias døtre av Gerd Brantenberg er eit eksempel på det. I romanen vert kjønnsroller sett på hovudet, og kvinnehistoria vist gjennom eit alternativt samfunn der kvinnene er direktørar og menn husfedrer. Romanen fortel om korleis historia kanskje kunne ha gått, viss andre ting hadde hendt ein gong i urtida. Andre har òg laga slike utopier som seier mykje om samfunnet vårt. Ei amerikansk forfattar som heiter Marge Piercy har laga ein slik i boka Kvinne ved tidens rand. Ho har laga ein positiv framtidsutopi, der kjønn, familie og legning ikkje eksisterer på same måte som her. Alle menneske får ta ut dei sidene dei har, og difor er det ikkje stor forskjell på kjønn. Og når kjønn ikkje finst, men menneska er ulike og spanande, foresker ein seg i personar og ikkje kjønn. Familien er og organisert litt på same måte som dei homofile familiane eg nemde; ei lita gruppe av menneske oppdrar ungar saman.

Desse spanande tankane vart skapa av kvinner som er feministiske og lesbiske/ inspirert av det homofile miljøet. Dei set saman radikale tankar, med dei ideane kring kjønn og famile som har blitt prøvd ut i det homofile miljøet. Utan at forfattarane hadde forsøkt å sprenga grensene kjønn og heteroseksualitet lagar hadde ikkje desse spanande bøkene blitt til.

Retten til å vera "normal"

Sjølvsagt skal homofile ha rett til å gifta seg, få ungar og alt det andre heterofile får. Men viss ein berre krev slike ting, vert det lett å glømma alle dei som ikkje kan eller vil passa inn i den nye hetero-liknande normen. Sjølv om legninga vår har blitt undertrykt i mange hundre år, tyder ikkje det at me må svelga alt det dei heterofile har rått.

Det å pressa seg inn i 50-talets familieideal med kjernefamilie og tradisjonelle kjønnsroller er ikkje sunt, verken for heterofile eller homofile. Men biletet av familien er jo ikkje så svart kvitt. Etter det store heterofile brullaupet ender som regel kjerenfamilien i dag i eit par skilsmisser. Ynsker me å ta del i den delen av kjernefamilien og?

Kan homofile, lesbiske og bifile bli normale i dette samfunnet? Og viss me kan det, kva er dei positive og negative konsekvensene for oss som enkeltpersonar og gruppe?