Til Røde Fane si heimeside
Til heimesida til AKP


Debatt:

Dei viktige kvartera
- halvtimen rundt revolusjonen

av Dag Lykke

Røde Fane nr 2, 2000


Harald Minken har i Røde Fane nr 4 og 5, 1999 ein stor artikkel om dei første femten minutta av revolusjonen - korleis desse vil arte seg, og kva for grep folk kan og bør ta straks dei tek over makta. Artikkelen er opphavleg ei sommarleirinnleiing, og han finst også i AKP sin nye studiesirkel. Mykje av det Minken skriv er spanande. Men som alle andre innleiingar lyt ho følgjast opp med debatt (og kan hende med ein konklusjon etter kvart). Her er nokre spørsmål og tankar til ordskiftet frametter.

Det klokaste står kan hende i det første avsnittet. Dette gjorde meg oppriktig glad: "Forskjellen på kapitalisme og sosialisme er at under sosialismen har folket mulighet til å diskutere og bestemme sjøl. Ganske tåpelig da hvis vi allerede på forhånd har bestemt for dem hva de skal prioritere og hvordan de skal organisere seg for å få det gjennomført." Denne påminninga kunne vi gjerne skrive på baderomsspegelen, sånn at vi må lese ho kvar morgon.

Den største mangelen med artikkelen er nok at Minken har valt å sjå revolusjonen i eit vakuum. Han snakkar om det første kvarteret etter, men nemner ikkje det siste kvarteret før omveltinga. Noko har skjedd i Noreg sånn at "vi" (= arbeidarane, folket) tar makta. Lesarane får ikkje vite noko særleg om den generelle situasjonen, innanlands eller utanlands. Men vi skjønner at det meste er snilt og venleg, for den internasjonale kapitalen lar seg fredeleg kjøpe ut. (Minken vil at dette skal gjerast med pengar frå Oljefondet, noko som verker som ein ganske underleg tanke.)

Dette er nok eit medvite val frå forfattaren. Det finst naturleg nok eit hav av ulike scenario for den før-revolusjonære perioden, og det går ikkje å seie noko konkret om tida etterpå utan å velje eitt av desse. Minken freistar altså å gjere det vitskapsfolk kallar eit kontrollert eksperiment (og det var nok dette sommerleirleiinga bad han om): Han endrar ein einskild variabel for å sjå kva som skjer rundt omkring elles. Dette kan vere spanande og lærerikt, men å halde fram i dette sporet er truleg ganske meiningslaust.

For at det skal bli revolusjon, må vi ha ein revolusjonær situasjon, dvs at makthavarane ikkje lenger er i stand til å styre dei undertrykte, som på si side må kjenne kvardagen som så utåleleg at det er verdt å ta sjansen på noko heilt nytt. Det tyder at dei må oppleve naud, kvantitativt eller kvalitativt. Eg trur det er utenkjeleg med ein revolusjon - i tydinga eit omfattande folkeleg opprør - utan ein slik bakgrunn.

Det er den kvantitative nauden det oftast har blitt skrive om i sosialistiske skrift: mangel på mat og arbeid, krigssituasjonar, imperialistisk undertrykking og utbytting, etter kvart kanskje også miljøkatastrofar. Det er slett ikkje utenkjeleg at Noreg kan oppleve sånt. Vi ligg framleis i grenselandet mellom atommaktene. Vi har ein relativt einsidig økonomi.

Men som situasjonen ser ut akkurat no, er det kanskje meir nærliggjande å sjå på den kvalitative nauden. Få lir direkte fysisk naud i Noreg i dag. Men enda om samfunnet (= landet og innbyggarane samla sett) flyt over av pengar, så er fordelinga og bruken av dei heilt på trynet: Skolane ramlar saman, kulturlivet vert kommersialisert, psykiske lidingar breier om seg, overklassen pralar med rikdommen sin medan dei gamle og sjuke må ut med stadig større eigenandelar, postkontor stengjer, større og større delar av infrastrukturen vert lagt ut på marknaden, det same gjeld stadig fleire sider av det vi er vane med å rekne som normal menneskeleg kontakt. Det er openbart for alle som vil sjå, at ting kunne vore gjort mykje mykje annleis - og betre. (Og dersom vi tenker oss om, vil vi og sjå at dette er ein naud av ein anna type. Rett nok har han sine kvantitative sider, men han kan berre delvis avhjelpast med meir pengar.)

Det er ikkje vanskeleg å få folk med på at verda ikkje heng på greip. For den som kan og vil organisere politisk arbeid, er tilhøva særs gode. Dersom dette held fram (og det er liten grunn til å tru noko anna), skal vi ikkje sjå bort frå at det kan utvikle seg til ein verkeleg revolusjonær situasjon.

Same kva variant som blir den verkelege: Noreg det siste kvarteret før revolusjonen vil vere eit heilt anna Noreg enn det vi har i dag. Situasjonen for arbeidarklassen vil vere utåleleg, for borgarskapet og maktapparatet umogleg. Det er nettopp difor det blir revolusjon. Minken kjem ikkje inn på dette i det heile.

Korleis vil overklassen og omverda reagere på revolusjonen i Noreg, eller til og med på den før-revolusjonære situasjonen? Er det mogleg å tru at dei vil slå seg til ro og lite på Minken sitt program som seier at alle utlendingane skal få full refusjon? Neppe. Men kva vil dei gjere? Sette inn økonomiske mottiltak, til dømes fryse oljefondet eller blokkere utanrikshandelen? Eller meir drastisk, hærsette boreplattformene eller gå til full invasjon?

Det er ikkje vanskeleg å innsjå at dette - som på eit eller anna vis må skje - vil ha svært stor innverknad på korleis samfunnet vidare skal organiserast. Når Lenin ikkje fekk hand om statskassa frå første dag (eit døme frå artikkelen), så var det naturlegvis fordi det var strid om kravet var rettmessig. Det er ingen grunn til å tru at vi eller våre etterkommarar vil få det annleis. Minken sitt tankespinn kan difor vere interessant, men det er også farleg, for det har i seg ei reformistisk kime - trua på den snille overgangen.

Som ei vidareføring av denne mangelen, må eg også nemne at Minken, når han greier ut om kva for utgifter den nye staten vil ha, ikkje seier noko som helst om forsvaret. Heller ikkje om gjenoppbygging av infrastruktur som måtte vere blitt øydelagt.

Ei anna skeiv side ved artikkelen er at han er så gammalmodig i eksempla. Datateknologien endrar produksjonsmidla med stor fart. Produktiviteten aukar dramatisk. Vi treng framleis skipsverft og mekaniske verkstader, men desse krev langt mindre arbeidskraft enn før. Tungindustrien i vår tid (dvs. produksjonen av produksjonsmidla) er i mykje større grad enn før intellektuell; skolar, forsking, teknologifirma og ingeniørdelen av sjølve produksjonen. Dette tyder slett ikkje at Minken tar feil når han seier at den viktigaste oppgåva etter revolusjonen vil vere å hushaldere med arbeidskrafta. Men Sovjet måtte altså sørgje for å ha ein traktorfabrikk og nokre ingeniørar ferdig i tide for at produksjonen skulle gli. Kva kjem vi til å trenge?

Dei fleste av oss på venstresida har vore for lite flinke til å ta denne utviklinga inn over oss. (Dvs. mange har enda opp i databransjen, men dei har kan hende ikkje så mykje føling med politikken lenger?) Vi har ein teori som er fullt brukande i dagens situasjon - og også på morgondagens, vonar eg. Da er det best om vi bruker han på aktuelle situasjonar, og ikkje rotar oss bort i museumstenking.

Noko anna som manglar i artikkelen er ei spesifisering av kven "vi" som lagar revolusjon, er. Det er mogleg det kan verke opportunistisk, men lyt vi ikkje i perioden rett etter revolusjonen sjå litt ekstra til kven som bidrog mest til omveltinga når vi prioriterer? Er det ikkje grunn til tru at kvinnene vil ha en mykje meir sentral plass i denne revolusjonen enn i dei vi har sett tidlegare? Og bør ikkje det føre til at kvinnekrav kjem høgare opp på lista etterpå.

Ungdommen har alltid stått sentralt i opprør. Det nye vil vere at vi har ei stor gruppe høgt utdanna ungdom. Vil det være mogleg å byggje opp det nye samfunnet utan å ta særskilt omsyn til deira ønskje og behov?

Den siste innvendinga eg vil ta opp, er av det økonomisk-teoretiske slaget. Dette er artikkelforfattaren sin heimebane, men det får våge seg. Spørsmålet er: Har Minken sitt etter-revolusjonære samfunn avskaffa kapitalen slik han påstår? Det vil framleis vere graderte løner og insitament for innsats og påfunn, sånn at folk kan oppnå ein viss personleg rikdom. Bedriftene skal handle med kvarandre. Dei skal gå med overskott, noko som skal skje ved hjelp av auka arbeidsintensitet og rasjonalisering. Dei skal konkurrere på den internasjonale marknaden.

Argumentet for at kapitalen er avskaffa er at det ikkje skjer ein privat akkumulasjon av meirverdi. Men kan ein måle lønnsemd utan at det vert produsert meirverdi, eller i alle fall eit meirprodukt? Og er det sånn at det tyder mindre utbytting at det er samfunnet eller staten som tar hand om dette meirproduktet? (Nei, Minken vedgår at det ligg ei fallgruve her.)

Eit hovudtrekk ved kapitalismen i Vesten i dag (marknadsliberalismen som han gjerne vert kalla) er at stadig fleire sektorar vert overtekne av marknaden. Velferdsstaten vert bygt ned og private ordningar tar over. Det tyder at stadig fleire sider ved samfunnslivet møter krav om meirverdi og profitt. Og det tyder også at dei får varekarakter. Og slik eg hugser Marx, er det dette som er grunnlaget for framandgjeringa av mennesket. Skal vi få demokrati og reelt menneskeverd, er det ikkje berre kapitalen som må vekk, men heile vareproduksjonen. Er det da godt nok med den langsame revolusjonen som Minken skriv om?

Rett skal vere rett, Minken har skrive ein artikkel nokon har bede han skrive. Og eg kritiserer han altså fordi han ikkje skreiv noko heilt anna. Men likevel må eg undrast: Er det verkeleg ein revolusjon han skriv om?

Neste utfordring blir likevel å vere så modig som han er. Eg lyt difor også skrive noko om korleis eg ser for meg revolusjonen. Men det vert i alle fall ikkje i dag.