Til Røde Fane si heimeside
Til heimesida til AKP


Debatt:

Etter naturøydeleggingane

av Olav Randen

Røde Fane nr 1, 2000

Olav Randen er småbrukar med geit og sau i Ål i Hallingdal.
I tillegg driv han forlaget Boksmia.
Han har skrive fleire bøker, sist Golfballar kan ikkje etast, ei bok om golf og miljø.
Randen har hatt mange tillitsverv i Norsk bonde- og småbrukarlag og Noregs mållag.


Debatten mellom Morten Falck (Røde Fane nr 2 og 5, 1999) og meg (nr 4, dessutan Miljølaget i Oslo AKP i nr 5) handlar om å velje side. For eller imot naturen.

Noko forenkla er Falcks syn slik: Det eine, store problemet, også for miljøet, er kapitalismen. Når me har kvitta oss med den, er utsiktene lyse. For det finst ingen skjebne, me formar vår eiga framtid.

Noko forenkla og delt i to tema er mitt syn slik:

Utanom dette hovudskiljet tillegg Falck meg ein del synsmåtar eg ikkje har og ikkje har gitt uttrykk for. Om han gjer det fordi eg har uttrykt meg uklart, fordi han ikkje har forstått det klare eller fordi han har som mål å "vinne" debatten, veit eg ikkje. Men eg må bruke litt av plassen til å rydde opp.

Miljøpolitikk og innsikt

Falck skriv: "Randen konkluderer med at behovet for kunnskap øker mer enn kunnskapen. Han gjør ikke noe forsøk på å dokumentere påstanden. Jeg tror ikke han kan."

Men eg konkluderte ikkje slik. Eg berre stilte spørsmål om forholdet mellom kunnskapar og kunnskapsbehov. Slik ordla eg meg: "Spørsmålet er altså ikkje om kunnskapane aukar, det gjer dei, men om kunnskapsauken held tritt med behovet for kunnskapsauke."

Dette spørsmålet er eit av dei viktigaste og vanskelegaste menneskeheita står overfor. Eg har ikkje noko klart svar og trur heller ingen annan har det. Til det er problemstillinga for komplisert og naturen for uforutsigbar. Men spørsmålet er ikkje mindre viktig for det. La meg illustrere behovet for å spørje slik med nokre hovudtrekk ved tre årstal:

År 1900: Verdas innbyggjartal var på rundt 1,6 milliardar. Verdas naturressursar var store i høve til dette, og ein heil del av dei var ubrukte eller lite brukte, men kunnskapane om korleis dei skulle brukast og teknikken for å bruke dei stod også til atters jamført med hundre år seinare. Mange sjukdommar som seinare har vorte svekte, herja. Døme er koppar, difteri, lepra og poliomyelitt.

Dei 1,6 milliardane menneske trong altså kunnskapar for å meistre desse rammevilkåra. Med ein fornuftig planøkonomi verda over hadde det gått bra. I staden valde det meste av verda marknadsøkonomi, undertrykking av fleirtalet, krigar og naturøydeleggingar. Me lever på mange måtar i ei unødvendig samtid, for å låne eit uttrykk frå Jan Myrdal.

År 2000: Verdas innbyggjartal er på 6 milliardar. Det finst ikkje lenger ubrukte naturressursar. Verdas havfiske har stagnert, nesten all dyrkbar jord er teken i bruk, kunstig vatning har gjort at vasstanden i grunnvassbassenga har minka dramatisk, halvdelen av det fossile brenselet danna gjennom hundretals millionar år er brukt opp dei siste tiåra, den globale gjennomsnittstemperaturen har stige rundt 1 grad, og vêret har vorte meir uroleg. Antibiotika har gjort nedkjemping av bakteriesjukdomar vesentleg lettare. Somme av dei sjukdomane som herja hundre år attende, er bortimot utrydda. Men nye sjukdomsvirus som aids og ebola har utvikla seg eller spreidd seg, tuberkulose er i ny framgang, og bakteriar av mange slag har utvikla resistens mot antibiotika. Ordninga med global vare- og menneskeflyt gjer det svært vanskeleg å bruke grenser i kampen mot sjukdomsspreiing.

Me 6 milliardar treng altså tilstrekkelege kunnskapar for å meistre desse rammevilkåra.

År 2100: Det globale innbyggjartalet har stige til 10 eller 12 milliardar. Mattilgangen har ikkje stige. Verdas lager av fossilt brensel er med få unntak tømde. Den globale gjennomsnittstemperaturen har stige med ytterlegare 1 til 3 grader. Eit av resultata er langt meir uroleg vêr, eit anna forørkning av store område, eit tredje høgare havnivå, kanskje eit fjerde at Golfstraumen svekkjest eller i verste fall snur. Meir matjord er øydelagd av nedbygging, erosjon og klimaendringar. Somme sjukdommar er nedkjempa, men mikrobar er kreative vesen, og nye har oppstått. Bakteriar av ulike slag har oppnådd totalresistens mot antibiotika, altså resistens mot alle typar antibiotika.

Dei 10 til 12 milliardane treng altså tilstrekkelege kunnskapar for å meistre slike rammevilkår.

Stordelen av dei problema eg har nemnt over, er problem våre etterkommarar vil stri med same om dei får kapitalistiske eller sosialistiske rammevilkår, men rett nok i ulikt omfang og med ulike føresetnader for å vinne over dei.

Falcks framgangsmåte er altså:

I staden for å prøve å parkere ein meddebattant på slike, lite konstruktive måtar, burde Falck dokumentere det han sjølv påstår. For formuleringa over kan vanskeleg tolkast på anna vis enn at han trur han har svaret, og at svaret hans er at kunnskapane aukar snøggare enn behovet for nye kunnskapar.

La meg gjere oppgåva konkret. Falck kan ta utgangspunkt i dette, sitert frå artikkelen hans: "Vi har nådd enorme kunnskaper om naturen. De er tilstrekkelige til å hindre store menneskeskapte naturkatastrofer." Etter eit slikt postulat bør Falck forklare oss andre korleis me med våre enorme og tilstrekkelege kunnskapar kan hindre den globale oppvarminga. Om han kan forklare dette på ein fullgod måte, trur eg heile den miljøengasjerte verda vil vere interessert og Røde Fane for første gong nå global spreiing.

Tukling med natur

"Det kan virke som han er mot tukling med naturen", skriv Falck om meg. Tru kvifor han skriv det. Som AKP-medlem gjennom mange år må Falck ha opplevd at få metodar er så effektive for å stoppe argumentasjon som å tilleggje andre dei mest ekstreme synsmåtar. Å vere mot norsk EU-medlemskap er det same som å vere for full isolasjon av Noreg. Den som meiner at bra ting skjedde i Sovjet i mellomkrigstida, blir stilt til ansvar for alt Stalin gjorde og alt det blir påstått han gjorde. Den som ser på Mao som ein god leiar, blir møtt med alle rykte om Maos seksualliv. Slikt må då også Falck ha opplevd. Likevel tillegg han meg, utan fnugg av belegg i det eg skreiv, synsmåtar så ekstreme at forsvar av Stalins konsentrasjonsleirar og Maos mogeleg laussleppte seksualliv blir småtteri i jamføring. For det å vere mot tukling med natur inneber å vere mot det meste av det menneske har gjort etter eldre steinalder.

Husdyrhald, grasdyrking, åkerbruk og hagebruk er sjølvsagt alt saman menneskes tukling med natur. Det å vere mot tukling med natur ville innebere at klodens innbyggjartal må reduserast til talet i eldre steinalder, til rundt tusendelen av talet i dag.

Den som har som mål å skaffe seg større innsikt for med det å gjere verda betre, må analysere det havet som finst av synsmåtar mellom Falcks forsvar av bioteknologi og det å vere mot tukling med natur.

Risikabel teknologi

Falck skriv: "Jeg får lyst til å spørre Olav Randen om hva han mener er den største trusselen: Utvikling av ny kunnskap, eller kapitalismens jag etter profitt." Det er ei lyst han kunne ha fått tilfredsstilt lenge sidan, med å lese artikkelen han polemiserer mot. Eg skreiv som referert over om behovet for kunnskapsauke, og då kan eg ikkje samtidig meine at kunnskapar er ein trussel.

Med teknologi er det meir problematisk. Normalt bør me helse teknologiske nyvinningar med glede. Men på mange måtar utviklar teknologi seg i vår tid fortare enn innsynet i korleis teknologien kan brukast på fornuftig vis. Då blir bruken av teknologien risikabel eller til skade. I slike høve kan det vere nødvendig å setje grenser mot arbeid for å utvikle nye teknikkar og endå meir mot å drive dei eksperimenta som kan vere nødvendige for å prøve ut teknikkane. I staden for å hente eit allment svar i Marx sin kritikk av maskinstorming må me altså gå konkret til verks.

Organplantasjonar frå art til art er eit døme. Det finst tunge argument for å transplantere organ og celler frå dyr, til dømes gris, til menneske (mange menneskeliv kan bergast, mangel på organ no, den usmaklege handelen med organ frå u-land til i-land og frå fattigfolk til rikfolk kan ta slutt osv.). Det vil sjølvsagt vere vitskapleg interessant og eit enormt framsteg for legevitskapen om slik organflytting lykkast. Under kapitalismen vil det vere eit spørsmål om profitt, og både under kapitalisme og sosialisme vil det vere spørsmål om nyfikne for dei som har høve til å gjennomføre eksperimenta og om internasjonal, vitskapleg anerkjenning viss dei blir vellykka.

Det er berre eit lite problem, nokre ørsmå organismar som ikkje ein gong klarar seg åleine. Alle artar har sine eigne virus, eller rettare skrive retrovirus. Transplantasjonane gjer at dyrevirus blir overførde til menneske, og me veit ingen ting om kva følgjer det kan få for dyrearten homo sapiens.

Dersom Falck eller eg eller ein av våre kjære treng eit nytt organ for å leve, vil det vere vanskeleg for oss å gå mot organtransplantasjon og seie at langvarig liv ikkje er noko mål i seg sjølv og døden ein naturleg ting. Dersom kirurgen har sjanse til å gjennomføre ein slik plantasjon på ein av sine nære, vil han vere sterkt freista til å gjere det. Slik vil det vere i dagens kapitalistiske Noreg, men slik vil det også vere etter ein revolusjon. Altså må slike spørsmål avgjerast på prinsipielt grunnlag og ikkje når ein står overfor enkeltsaker.

Fosterdiagnostikk er eit av dei mange vanskelege vala me står overfor. Foreldre ønskjer normale barn og opplever avvik som problem. Med avanserte diagnostikkmetodar i vanleg bruk kan foster med avvik av alle slag veljast vekk. Resultatet av dei individuelle vala over tid, hundre eller tusen år, vil bli ein meir homogen menneskerase. Alle enkeltval kan vere velgrunna, men i eit evolusjonsperspektiv kan variasjonar innanfor ein art vere avgjerande for at arten skal overleve og utvikle seg vidare. I eit evolusjonsperspektiv trengst kanskje nettopp eigenskapane til dei som blir valde vekk fordi dei vik av frå norma.

Skal me då reagere mot at teknologien blir utvikla, mot at han blir brukt eller mot så å seie alle samfunns normalitetsoppfatningar? Det fører for langt å gi mine (uferdige) svar her, så eg avgrensar meg til å hevde at spørsmålet må stillast og drøftast til botnar. Falcks ukritiske hylling av framstega står i vegen for ei slik drøfting.

Respekt for det me ikkje veit

Blant dei døma Falck dreg fram på positiv genforsking, er arbeidet for å finne ein kur mot malaria. Dette byggjer på alle dei kunnskapane menneske har skaffa seg med genteknologi dei siste tiåra. Er ikkje slikt positivt, spør han. Og eg synest det høyrest positivt ut. Men då Falck sine og mine foreldre i 50-åra las eller høyrde i radioen om thalimodid, den nye vidundermedisinen vesttyske kjemikarar hadde utvikla og som kurerte så vel kvalme som lepra, hylla dei truleg framsteget.

Det var først etter ei tids bruk at somme av medisinbrukarane fekk ungar – med deformerte armar, føter og øyre. Då foreldra våre fekk dei grøne boksane og sprøytene med DDT som utrydda skadeinsekt utan sideverknader, gav oss reine grønsaker og heldt malaria og andre sjukdommar unna tropiske område, såg dei det truleg som under av menneskelege framsteg utan å ofre mange tankar på kreftfare og sterilitetsrisiko. Då dei høyrde om rein og ufarleg atomkraft som erstatta all problematisk energibruk, tenkte dei at framtida er lys. Det var før Harrisburg og før Tsjernobyl.

Når det gjeld ny teknologi, trengst altså først og fremst ei føre var-tenking. Sjølv om me lever i ei knapp verd som sårt treng betre teknologi og dei kunnskapane utprøving av ny teknologi fører med seg, er vår innsikt i samanhengane i naturen så skrøpelege at den nye teknologien lett blir gambling med natur og menneske.

Incitamenta til gambling med natur og menneske ligg, som Falck poengterer gong på gong, i kapitalistars ønske om profitt. Men dei ligg også, som Falck nærast ignorerer, i forskarars nyfikne og draum om anerkjenning og verdsnamn og prisar. Dei ligg i ønsket om å sjå resultat av eige arbeid. Har me sagt A, må me også seie B, seier dei som har utvikla teknologien, og meiner med B å prøve ut teknologien i praksis. Incitamenta ligg i situasjonar der forskarar eller andre aktørar kan prioritere eigne interesser framfor globale samfunnsinteresser. Så lenge aktørar flest attåt er oppflaska med ei ravgalen tenking om at menneske er eller er i ferd med å bli naturens herskarar, vil grensene for utvikling og bruk av ny teknologi lett bli tøygde.

I staden må ein politikk for ei berekraftig framtid byggje på stor varsemd og respekt for det me ikkje veit. Me må konsentrere innsatsen om arbeidsfelt der risikoen er mindre. Det vil seie landbruk ut frå folks eigne driftsmåtar framfor Monsantos bioteknologi, vass- og vindkraft, energisparing og mindre transportavhengige samfunn framfor atomenergi, og godt helsestell og tradisjonell medisinbehandling framfor xenoplantasjonar.

Vanlegvis er også resultata større av arbeid på desse felta om måla er overleving, mat til dei svoltne, betre helse og lengre levealder for folk flest, endå mange forskarar oppfattar dei små stega framover som traurige saker jamført med store ting som grøne og blåe revolusjonar og genendringar og xenoplantasjonar og atomreaktorar.

Skjebnen, finst den?

Det finst ingen skjebne, skriv Falck. Framtida er ikkje føreåtbestemt, skriv han. Slike påstandar blir like misvisande som det motsette, at skjebnen, gudar eller ein abstrakt lagnad eller kva det no kallast, styrer alt og at alt i framtida er føreåtbestemt.

Om me skal gjere vårt for å forme ei betre framtid, må me i staden for tomme proklamasjonar av dette slaget bruke metoden med konkret analyse av menneskas handlerom innanfor dei rammene naturen og artens handlingar til no har lagt. Dette handlerommet blir mindre til større økologiske skadar me og våre etterkommarar får å stri med. Den eine dyrearten homo sapiens legg beslag på minst 40 prosent av klodens fotosyntese. Me blir fleire og fleire om å dele livet på denne kloden, og ingen teknologisk nyvinning og ingen ny kunnskap tyder på at me i framtida kan forsterke fotosyntesen.

Atomnedfall kan ha tusen års nedbrytingstid, bioinvasjonar er irreversible, nye organismar skapte gjennom genmanipulering like eins. Dersom Golfstraumen snur, er me neppe i stand til å reversere prosessen. Dei artane me har utrydda og dei som blir borte dei neste hundre åra på grunn av naturøydelegging som alt er gjort, kjem ikkje att med ein revolusjon, og dei oljemengdene me har brent opp etter krigen, treng truleg om lag hundre millionar år på å byggje seg opp att.

Det finst ingen delete-tast for det skjedde. Difor er vår skjebne å forme ei framtid etter dei skadeverka menneska har gjort og gjer. Det er ingen spesielt lys skjebne. Når Falck ser bort frå dette og lullar seg inn i trua på at me vel framtid på øvste hylle, bagatelliserer han dei økologiske øydeleggingane som har funne og finn stad.

Når han attåt framstiller kommunismen som Løysinga med stor L, ser han bort frå at også i eit sosialistisk og eit kommunistisk samfunn finst drivkrefter for øydelegging av natur. Berre om me trengjer til botnar i desse, blir me i stand til å forme framtidssamfunn innanfor naturens varige tåleevne.

Det realiserbare

Til slutt nokre ord om merknadene frå miljølaget til AKP i Oslo. Dei tolkar mitt førre innlegg som eit programframlegg og set det opp mot Falck sitt. For det om dei langt på veg er samde med meg i sak, meiner dei eg går for langt og bruker adjektiv som asketisk og utopisk.

Men innlegget mitt var ikkje eit programframlegg. Det var ein kritikk av eit programframlegg fordi ei prinsipiell tenking om natur ikkje låg til grunn. Difor prøvde eg å skissere ei slik tenking. Dette må vere første steget i utforminga av eit miljøprogram. Slik tenking må vurderast ut frå om ho er rett eller feil, ikkje ut frå om ho er realiserbar eller utopisk. Det neste steget i utforminga av eit miljøprogram er å finne det realiserbare.

La meg illustrere skiljet med eit par saksområde. I ei varig verd kan ikkje menneska og naturen utrydde fleire artar enn det blir skapt nye. I dag utryddar me ein stad mellom ti og hundre artar kvar einaste dag. Kanskje skaper naturen frå ein til ti nye artar i året. I ei berekraftig verd må ikkje menneska bruke meir fossilt brensel enn det naturen byggjer opp att. No bruker me mange tusen gonger så mykje.

Men om me har som program for dei første ti eller hundre åra å lage eit næringsliv og ein økonomi som reduserer artstapet og bruken av fossilt brensel til fornyingsnivået, vil resultatet bli at me blir politisk isolerte. Eller, om me får gjennomført programmet, massesvolt og veldige problem fordi menneske ikkje klarar omstillinga.

Difor må konkret miljøpolitikk vere ein mellomveg. Tiltaka må gjere at me nærmar oss måla, slik at våre etterkommarar om 200 eller 2.000 år kan leve i ein natur i balanse. Men det er ikkje til å unngå at vår tid på mange felt må gå på akkord og skuve problem framfor oss, for det er det einaste realiserbare.

For å skrive det på ein måte til: Miljøpolitikk i år 2000 må ha som siktemål at me tøyer oss så langt det i det heile er mogeleg i retning naturens jamvektsnivå. Om me let vere å analysere dette nivået fordi slik analyse kan tolkast som askese eller utopi, blir me heller ikkje i stand til å tøye oss i retning det.