Til Røde Fane si heimeside
Til heimesida til AKP


Høgare utdanning mot år 2000

av Kjell Arnestad

Røde Fane nr 1, 1999


Høgare utdanning har endra seg i raskt tempo dei siste åra. Råmene kring studia har vorte trongare, både økonomisk og i høve til dei faglege kåra. Samstundes vert studentane skulda for å vera uengasjerte. Kva endringar er det som ligg bak denne utviklinga, og korleis bør venstresida møta stoda?

I haust kasta Bernt Hagtvet inn ein brannfakkel i studentordskiftet. I ei rekke artiklar i Dagbladet uttrykte han frustrasjon over late og pensumfikserte studentar. Frå ein snever og nærsynt ståstad har han heilt rett. Studentar av i dag er altfor opptekne av kva som er eksamensrelevant og lite kritiske. Når han kom til å skulla setja ord på årsakene, spora han imidlertid av og gløymde alle reglar for samfunnsvitskap. Det er ikkje slik at studentane er late av di dei er vorte sydd puter under armane. Det finst ei mykje meir samansett fagleg og økonomisk forklåring på utviklinga.

Utviklinga sidan 1960

Då Universitets- og høgskulekomitéen 1960, den sokalla Kleppekomitéen, vart oppretta, var stoda den at ein ikkje hadde kapasitet til å utdanna nok akademikarar til å stetta "det samfunnsmessige behov". For fyrste gong skulle sosialøkonomiske analysar liggja til grunn for politikken for universitets- og høgskulesektoren (UH-sektoren). To faktorar skulle vera avgjerande:

  1. Venta auke i studenttalet
  2. "Samfunnet sitt behov", dvs næringslivet sitt behov for høgt utdanna arbeidskraft. Motsetnaden mellom arbeid og kapital fanst ikkje, samfunnet var ein objektiv og fast storleik, heilt i tråd med den rådande sosialdemokratiske tidsanden. Kleppekomitéen la til grunn at talet på studentar ville vera 30.000 i 1970. Denne framskrivinga slo òg til. Behovet var likevel ikkje meir enn 18 000. Komitéen sitt arbeid førte til ei nær tredobling av løyvingane til UH-sektoren frå 1961 til 1966.
Ottosen og 1968

Inntil no hadde ein satsa på å byggja ut dei eksisterande universiteta. Med Ottosenkomitéen mot slutten av 60-åra endra staten tilnærminga si og la vekt på rasjonalisering og utbygging av eit system med distriktshøgskular. Utbygginga på byrjinga av tiåret hadde ikkje gjeve dei resultata ein ynskte. Høgare utdanning måtte rasjonaliserast, og ho måtte produsera den rette typen arbeidskraft.

Det nye høgskulesystemet sameinte til dømes lærar-, sosial-, sjukepleiarskular og tekniske skular. På universitetssida vart studietida korta ned og effektivisert. Det vart i tillegg utvikla eit sams evalueringssystem både for universitet og høgskular, vekttalssystemet.

Ottosenkomitéen representerte ikkje noko sernorsk fenomen. Over heile Vest-Europa skjedde det liknande reformer. Når dei vart sette ut i livet, utløyste dei massive studentkampar. Det skulle vera kjent kva omfang det var på denne protestbølgja frå 1968 og nokre år frametter.

Reformene vart likevel gjennomførte og resulterte i auka eksamenspress og meir ukritisk læring. Oppsplittinga av fag og nedkorting av studietida gav eit lågare fagleg nivå på utdanninga. På den andre sida vart det oppretta fleire studieplassar, og på den tida førte det òg auka løyvingar med når kapasiteten skulle byggjast ut.

Utdanningseksplosjonen som tok pause

Ottosenkomitéen såg for seg ein ubroten vokster i studenttalet inn i 80-åra. Slik gjekk det ikkje. Auken stoppa opp kring 1975 av hovudsakleg to årsaker. Kapitalismen gjekk inn i ei alvorleg krise og alle sektorar som ikkje gav nok overskot, vart bygde ned. Den andre faktoren var den tradisjonelle utdanningsvegen som ikkje lenger tente næringslivet sitt behov. Stimuleringa til å ta ei lang utdanning forsvann, og talet på studentar gjekk tilbake. No skulle skiljet mellom skule, arbeidsliv og vaksenopplæring brytast ned. "Livslang læring" er eit omgrep som har fått varig innpass i både språket og samfunnsdebatten.

Årsaka til at planane ikkje fekk dei tilsikta resultata, var både ein massiv motstand blant studentane og at staten ikkje kontrollerte styringsorgana ved universiteta. Sosiologiprofessor Gudmund Hernes kom då inn på banen for fyrste gong. Utvalet han leidde, produserte i 1988 rapporten Med viten og vilje (NOU 1988:28). Krav om betra konkurranseevne og auka internasjonalisering ville gjera det naudsynt med både meir effektiv utnytting av eksisterande ressursar og større løyvingar. Rapporten kom med ei rekke framlegg til åtgjerder:

  1. betre studiefinansiering og studentvelferd
  2. nasjonal samkøyring og styring av universitet og høgskular
  3. styrking av forskingsråda og oppbygging av eit nasjonalt forskarnett
  4. større løyvingar til grunnforsking
  5. oppløysing av profesjonane
  6. samanslåing av høgskular, og institutt innan same institusjon skulle slåast saman

No kom den auken i talet på studentar som Ottosenkomitèen hadde foregripe. Arbeidsløysa auka, og høgare utdanning vart ein "lagringsplass". Dette såg staten som ei grei løysing på eit elles kinkig problem, og det vart i ein periode løyvd midlar til utbygginga. Men målet om meir direkte styring av UH-sektoren var ikkje gløymd, og vegen til dette målet gjekk då som no gjennom pengesekken. Denne sekken vart etterkvart slankare, og nedbygginga av lågt prioriterte utdanningar har halde fram til i dag.

Studiefinansieringa har ikkje halde tritt med korkje lønsnivå eller auka levekostnader. På dette punktet slo ikkje Hernes’ tilrådingar gjennom. Han gjorde ikkje akkurat mykje for å fylgja opp dette sjølv medan han var statsråd.

Kutt, struping og andre overgrep

Som me har vore inne på, studie vert delt i lågt og høgt prioriterte, alt etter kva næringslivet har behov for av arbeidskraft. Til dømes er studia innan IT-, helse- og lærarfag høgt prioriterte i år og neste år i fylgje framlegget til statsbudsjett. Tilsvarande er filologiske og samfunnsvitskaplege fag lågt prioriterte.

Dei reelle konsekvensane av dette er dramatiske. Fag vert lagt ned, og serskilt har det gått hardt ut over språk- og områdedisiplinar. På nokre fag er det berre undervising i vår- eller haustsemesteret. Universitetet i Oslo har nasjonalt ansvar for ein rad mindre fag. Likevel ser me at fleire og fleire slike fag vert lagt ned.

Universitet og høgskular har ein stillingsstruktur som bind opp det aller meste av løyvingane i faste lønskostnader. Det som er fleksibelt, er midlane til hjelpelærarar og vitskapleg utstyr. Reduseringar på budsjetta går difor ut over kvaliteten på undervisninga på ulike vis som gjer både tilsette og studentar fortvilte. Eit grelt døme er Institutt for kulturstudie ved Universitetet i Oslo. Av løyvinga på 13,5 millioner kroner som er framlegget for 1999, vil 13 millioner gå til faste lønskostnader. Kollokviegrupper, ekskursjonar og skrivekurs er lagt ned, hjelpelærarane er sparka. Om det ikkje vert gjort noko, vil det heller ikkje kunne haldast eksamen neste år. Om det var mogleg, ville instituttet vore konkurs.

Eit anna strukturelt sertrekk er at når eit fagmiljø fyrst er bygt ned eller utradert, tek det både lang tid å byggja det opp att, og det krever i mange høve store ressursar. Kapitalismen si manglande evne til langsiktig tenking vert difor eit alvorleg trugsmål for kvaliteten i høgare utdanning.

Pensumfetisjismen

Når me no har greidd ut om nokre av dei økonomiske problema som møter universitets- og høgskuleutdanninga i dag, må det òg seiast at det finst idémessige årsaker til fagleg og sosialt sløvsinn hjå studentane. Frå grunnskule og vidaregåande vert elevar lært opp til at det som tyder noko, er høge karakterar. På 80-talet var arbeidsløysa ein grunn til dette, og haldningane sit i enno. Det umoglege i å leva på studielånet gjer det heilt naudsynt å arbeida deltid og ofte meir enn det. Dette gjer sitt til at medvitet om seg sjølv som student vert svekt, og ein kjem i ei mellomstilling mellom intellektuell og arbeidar.

I mest alle offentlege dokument som tek for seg UH-sektoren, er gjennomstrøyming eit sentralt mål. Ein vert stimulert gjennom ulike tilbakebetalingsletnader til å fylgja normert studietid. Større og større pensa skal lærast på kortast mogleg tid.

Tek ein so med i rekninga eit overfylt læringsmiljø, vert det tronge kår for kritisk læring og forsking. Fagkritikk er so og seia eit framandord. Auka mengd administrative oppgåver og akvisisjonsarbeid (pengeskaffing) gjer det vanskeleg for lærarane å inspirera til kritikk og interesse for stoff utanom det som er eksamensrelevant. Den motsetnaden som av dette oppstår mellom forsking og undervising, er skadeleg for både akademia og samfunnet i det heile. Forskingsbasert undervising er eit ideal, men neppe innan rekkevidde under desse tilhøva. Grunnlaget for pensumfiksering og karakterjag har endra seg frå 80-talet, men er like fullt ein del av den akademiske røyndomen i 1998.

Ei nedkorting av lågare gradsstudia har vore på tale frå departementet. Cand.mag. skal erstattast av mastergrad for å internasjonalisera gradssystemet. Dette er sjølvsagt eit vikarierande motiv. I røynda er skilnaden mellom det norske gradssystemet og strukturen i andre land ikkje noko problem. Den eigentlege årsaka er at cand. mag.-studiet er for langt i høve til kva næringslivet har bruk for. I tillegg vil det verta naudsynt å velja om ein skal ta ei forskarutdanning eller ikkje på eit mykje tidlegare tidspunkt enn tilfellet er no.

Børs og akademia

Universitetslova som kom i 1995, inneber mellom anna eksterne representantar i ulike styringsorgan ved universitet og høgskular. Samstundes aukar graden av oppdragsforsking dramatisk, noko leiingane ved institusjonane so langt har helsa velkomen. I 1997 kom mykje meir enn den budsjetterte summen inn gjennom oppdragsforsking. Staten sett inn insentiv for å bryta ned dei strukturane ved UH-sektoren som næringslivet har kritisert: at institusjonane er rigide, isolasjonistiske og for lite opptekne av "samfunnet sine behov". Noreg er medlem av EUs forskingsprogram. I Råmeprogram 4 (1994-98) får sokalla fri forsking 300 millioner kroner, medan delprogramma som er beinveges retta inn på næringslivet, får 1,3 milliardar. Ei anna side av same sak er at Forskingsrådet her heime alt gjer sitt beste for å styra forskinga inn på anvendt vitskap.

Jamvel om dei fleste forskarar har ein høg grad av etisk integritet, vil langtidsverknadene av oppdragsforsking og -undervising vera ei forflating og kommersialisering av høgare utdanning. Dette bør vera eit grunnlag for å byggja alliansar mellom studentar og tilsette. Korkje student eller forskar kan sjå seg tent med at grunnforskinga og dimed vitskapen, stoppar opp. Når universitet og høgskular no meir og meir skal ta seg av etterutdanninga, vil marknadsstyringa auka ytterlegare.

Eit symptom er nytala i KUFs stortingsmeldingar. Ord som "kunnskapsmarknad", "kunnskapstilbydere" og "entreprenørskap" er teikn på den nye tenkinga. Dette er truleg den viktigaste trenden i utviklinga av utdanningspolitikken i dag. Entreprenørskap er faktisk ein dygd som skal framelskast alt i den vidaregåande skulen.

It's a man's world

Av søkjarmassen til høgare utdanning i 1997 var 61 prosent kvinner. 625 personar tok doktorgraden dette året. Av desse var berre 32 prosent kvinner. Ikkje på noko fagområde er det eit fleirtal av kvinnelege doktorandar, sjølv om andelen er større innan humaniora og samfunnsvitskap. 89 av 100 professorar er menn.

Universiteta har lagt og skal leggja planar for jamstilling. Det har lenge vore gode intensjonar om å bøta på ulikskapane. Aktiv bruk av post doc- og stipendiatstillingar er ein verkemiddel som har vore nytta. Undersøkingar frå Norsk institutt for studier av forskning og utdanning viser at menn kjem raskare til vitskaplege stillingar enn kvinner.

Dei tradisjonelle "kvinnefaga" er heller ikkje dei disiplinane som næringslivet har størst interesse av å stø opp under. Med eit stort fleirtal av menn mellom dei tilsette står desse faga òg lagleg til for hogg når den interne budsjettkampen skal avgjerast.

Eit institusjonelt problem

Studentkampen i dag er eit sørgjeleg syn. Den samanblandinga av interesseorganisasjon og styringsorgan som Norsk Studentunion er vorte til del gjennom Universitetslova, gjer det vanskeleg å unngå ansvarleggjering og korrumpering av ein organisasjon som kunne vore ei kraft mot åtaka på og kommersialiseringa av høgare utdanning. NSUs arbeidsmåtar er prega av lobbyverksemd og byråkratisering.

Dei radikale kraftene som finst, har valt utanom "parlamentarisk" jobbing som hovudverksemd. Progressive har lenge forsømt utdanningspolitikken. På grunn av dette må kompetansen på området byggjast opp att, i mange høve frå botnen av. Innan fagkritikk, interessekamp og organisering er det eit stort arbeid som står framfor oss. Eit større samarbeid mellom studentar og tilsette, mellom fagforbund og studentorganisasjonar og mellom tidlegare og noverande studentar må utviklast. Det er dei same hovudtrekka i kapitalismen me kjempar mot, og røynsler kan utvekslast på dei fleste felt.

Radikal konservatisme

Universitetskonservative som står for nokre av dei tradisjonelle ideala når det gjeld å halda på sjølvstendet og integriteten til institusjonane, er i dag i mange høve radikale studentar og tilsette sine beste forbundsfellar. Friherre Wilhelm von Humboldt, den prøyssiske lingvisten og embetsmannen som la mykje av grunnlaget for utviklinga av sekulær vitskap og undervising ved byrjinga på 1800-talet, spelar i dag ei sers progressiv rolle. Det er ein defensiv kamp å vera radikal i utdanningspolitikken i dag.


Kjelder: