Til Røde Fane si heimeside
Til heimesida til AKP


Dikt frå midt i landet

av Jørgen A Strickert

Røde Fane nr 4, 1998

Her er med nokre fleire dikt enn dei det vart plass til i bladet.


Manifest

Eg syng ikkje om blomster og romantikk og finvær
og måneskin og fuglesong og elskov og syrintrær.
Kanhende er det kjeisamt, ja dårleg til og med.
Men faen, det er ekte – du kjem ikkje frå dét.

Eg dansar ikkje foxtrot og flamenco og balett,
et ikkje kanapéar, eg et for å bli mett.
Eg syng ikkje my baby, she loves you yeah, yeah, yeah.
Men eg syng ramme alvor – visst faen gjer eg det!

Vesle kvalp

-Vesle kvalp, kva tenkjer du
bak dine kvalpeaugar?
-På lange turar, kan du tru,
og bein i svære haugar!
-Men vesle kvalp, kva meiner du
om raseteori?
-Nei, eg bryr meg lite, ser du,
om kva bak eg snusar i.

Mot sal av kropp

På veggen heng det ei dame,
ho stortrivast, kan du sjå.
Ho er ein bikinireklame.
Ho er så frigjort, så!

På Narvesen hyler det mot oss:
-Kom og ta meg no!
Ein ideologi som fortel oss
at jenter er kjønn nummer to.

"Jamstelling", lyg barnelæra,
men damer i Noregs land
vil sloss til kvart kvinnfolk i verda
er frigjort frå stat og mann.

Kroppen din er kun ein vare
på storkapitalen sin disk.
Og sånn vil det rekke og vare
så lenge det er lurt å vere grisk.

Heisann, sossegut!

Det du kallar flatfyll
kallar eg kultur.
Det du kallar Schengen
kallar eg mur.
Det du kallar fridom
kallar eg bur.

Det du kallar staten
kallar eg fut.
Det du kallar politi
kallar eg snut.
Det du kallar konge
kallar eg stut.

Når du seier du veit
er det noko du trur.
Når du er tilfreds
er eg opprørsk og sur.
Det du kallar fridom
er ditt diktatur.

Livsløgn

Eg ynskjer eg hadde eit livsverk,
eit mål med mitt virke på jord;
ei magesekkjensle så krutsterk,
ei oppgåve – glitrande, stor!

Da skulle eg nok via livet
til denne, min digre visjon,
og våke om natta og knive
for min lagnadsbundne misjon.

Men eg er jo kun ein av mange
som ligg slik om kvelden og skriv.
Forbi meg så snik seg mitt lange
totalt unaudsynlege liv.

Til Ola Olsen

Hold kjeften på deg, Ola,
du er skapt for slit og strev.
Du skal slett ikkje sjå sola,
du er grunnskoleelev.

Hold kjeften på deg, Olsen,
sjølv om du er trøytt og klar.
Du er skapt for slavearbeid,
du e berre proletar.

Hold kjeften din, herr Olsen,
om så kvar ein dag er trist.
Det er sånn det heile funkar
for ein minstepensjonist.

Reager!

Vi ungdom i Trondheim har mykje å bråke for, så ikkje sov.
Vår skolekvardag er ikkje verna av rett og lov.
Men finn vi oss i ein jobbsituasjon så kummerleg grov?

Når skolebøker er steindyre og du er pengeveik,
når du ikkje når fram med formelle brev og høfleg preik,
når du vert overkjøyrd av dei med makta, så gå til streik!

Når vi krev vår rett til fritidstilbod og ingenting skjer,
når dei trampar oss ned i søla, så reager!
Når dei ikkje vil prate som vettuge folk, så okkuper!

Kva dei seier

Dei seier at klassekampen
er steindaud og gravlagt for godt.
Og hadde det vore så lettvint
og glimrande enkelt og finfint,
så hadde jo alt vore flott.

Dei flirer av idealismen
og kaller vår tanke naiv.
Men er det naivt, vil eg vite,
om vonet er enda så lite,
å draume om betre eit liv?

Dei seier på Dagsnytt at Noreg
går godt og at velferden gror.
Men sjå på deg sjølv, så på Røkke,
så ser du; det er nok eit støkke
igjen til ei rettvis jord.

Pust i bakken

Eg eig ei feskestang og ein hund,
og sommarnatta har gull i munn,
og heile livet er eitt sekund.

Eg sit aleine ei tropenatt
og tenkjer på torsken eg nyss har dratt,
men resten av verda har eg forlatt.

Eg snortar lukta av tang og hav
og vil ha slut på alt slit og kav.
Fy faen, det er da eit rimeleg krav.


Vi som savner Profil

Hvis du er ung og revolusjonær og skriver dikt - hvor går du hen med diktene dine da? Hvor møter du et publikum, hvor møter du kritikk som kan gi deg mulighet til å lære håndverket? For tretti år siden fantes tidsskriftet Profil, som i skiftet mellom 60- og 70-tall beveget seg ut av kottene på Blindern og tok kontakt med de mange folkelige bevegelsene i den ytre verden.

Det åpnet spaltene for folk som skreiv – innholdet fikk større vekt enn formen. Profil ble et pustehull, hvor det var mulig for unge og uerfarne folk å komme til orde. Det ble mulig å eksperimentere og prøve seg fram med dikt som inneholdt rim og rytme (like umoderne da som nå), med dikt med åpenbart opprørsk politisk innhold, og med skildringer av alminnelige menneskers hverdag, liv og problemer.

Profil blei et veksthus for en frodig litterær blomstring. De beste fruktene av denne blomstringa blir allerede regnet til den viktige litteraturen i Norge.

Men Profil blei kuppa av postmodernister og gikk inn. Og noe litterært tidsskrift med brei appell har ikke venstresida hatt siden den gangen. Behovet er ikke blitt mindre.

Røde Fane trykker her noen dikt av den unge dikteren Jørgen A Strickert fra Trondheim. De er fulle av engasjement, av ungdommelig glød, men formen er ikke fullkommen. Vi inviterer gjerne til kritikk og debatt.

Hva vurderer våre lesere som bra, og hva er mindre bra eller kanskje til og med dårlig? Innhold og form! La oss diskutere det, så kan vi alle bli klokere og noen av oss kan skrive bedre dikt. Og kanskje er det andre som også har dikt i skuffen – eller som gjerne vil prøve å skrive noen?

Redaksjonen