Til Røde Fane si heimeside
Til heimesida til AKP


Kva slag hemmelege tenester?

av Erling Folkvord

Røde Fane nr 4, 1998

Dette er ei omarbeidd utgåve av ei innleiing forfattaren hadde på sommarleiren til AKP og RV 1998.


Viss vi skaffer oss kunnskap om korleis dei statlege, hemmelege tenestene arbeider, får vi og kunnskap om kor langt ytringsfridom og andre demokratiske rettar går i Norge.

La oss - som eit slags tankeeksperiment - godta påstanden om at Norge er det landet som er best i verda når det gjeld demokratiske rettar for enkeltindivida. Om vi så ser på korleis staten sine hemmelege tenester har arbeidd gjennom drygt 50 år, får vi eit visst bilete av korleis det står til med demokratiske rettar i "verdas beste demokrati".

Er det sånn at regjeringa og dei hemmelege tenestene respekterer vedtatte lover? Eller har vi eit system der kapitalistklassen bokstaveleg tala hersker over både enkeltpersonar, foreningar og politiske parti ut frå eigne interesser og utan omsyn til vedtatte lover?

Er dei hemmelege tenestene ein type utøvande statsorgan som gjer det som er nødvendig, når det er nødvendig?

Viss svaret på det spørsmålet er ja, så handlar kravet om full innsynsrett også om å få konkret, detaljert innsyn i korleis det skjuler seg eit diktatur bakom fasaden til det parlamentariske demokratiet. Da er ikkje innsynskravet lenger eit personleg overflatekrav.

Den norske staten har tre hemmelege tenester. Slik har det vori sia sist på 1940-talet. Dei tre har innbyrdes eit fleksibelt samarbeid og ei skiftande arbeidsdeling.

1) Etterretningstenesta

- til dagleg e-tenesta - høyrer under forsvarsminister Dag Jostein Fjærevoll, og har nyleg flytta til nytt hovudkvarter ved Lutvann i nordaustlege delen av Oslo. (Den nedste delen av anlegget ligg sånn omtrent midt mellom innsjøen Lutvann og det som skal bli den nye Gardermobanen.)

2) Forsvarets sikkerhetstjeneste

som forsvarsministeren og har ansvaret for, som har særleg hatt til oppgåve å stelle med personkontroll for stillingar som krev sikkerhetsklarering.

3) Overvakingspolitiet

er det det mest utskjelte firmaet i "familien". Dei siste åra har dei brukt forkortinga POT - Politiets Overvåkningstjenestene. Dei har hovudkvarter i øvste etasjane i Politihuset i Oslo og fjernarkiv i rom K24 i nedste kjellaren same stad. Ved alle politikammer er det tenestemenn som arbeider for POT.

Om vi gir kvar teneste ein sirkel så har desse sirklane skiftande forhold til kvarandre, alt etter kva situasjonen og oppgåvene krev. Ein del følsomme innretningar - viktige arkiv, dekkfirma, særskild personell, osv. - kan snart vere knytt til den eine og snart til den andre eller tredje tenesta.

Dei hemmelege tenestene samarbeider svært fleksibelt og overlappar kvarandre ut frå skiftande behov. Både innhaldet i og plasseringa avdet skraverte feltet (dvs dei sakene og operasjonane der alle tre tenestene er aktive med personell, dekkfirma osv) vil derfor variere frå år til år.

Om du følgjer eit dekkfirma eller ein person over ein del tid, kan du få seriøse problem med å finne ut kva for ei teneste som er arbeidsgivar. Dei store utanlandske bidraga - særleg til e-tenesta - har gjort dette enda meir kronglete. I den hemmelege delen av rapporten frå Karstad-utvalet er det opplyst at e-tenesta i 1987 rådde over eit fond på 570 millioner kroner.

Når POT har vorti mest kritisert dei siste åra, kjem det blant anna av at e-tenesta har vori flinkare til å brenne eller skjule arkiva sine. I mediaomtalen og den politiske debatten på 90-talet har POT på ein måte blitt tildelt omtrent den rolla som "pojkarna på Ap-huset" - SÄPO-hovudkvarteret - har i Jan Guillou sine romanar. Det er sjefane og nestsjefane i POT som gong på gong har vorti skifta ut etter at litt av det dei rutinemessige driv på med, har vorti offentleg kjend.

Dette må ikkje få oss til å tru at norske regjeringsmedlemmar har gått av vegen for å be dei to militære tenestene drive innanrikspolitisk kartlegging. Ein månads tid før den første folkeavstemminga om EU i 1972, ba forsvarsminister Alv Jakob Fostervoll Forsvarets Overkommando skrive rapport til han om Raud Front-sommarleiren på Herdla.

Det sivile POT blir sjølsagt delvis styrt av militære omsyn. Dei regjeringsautoriserte forskarane Bergh og Eriksen skriv om forøket på ei total registreringa av ml-rørsla: "Overvåkingstjenestens fokusering på ml-erne kan heller ikke utelukkende forklares som et uttrykk for etatens egne trusselvurderinger. (...) Det var også en del av det vestlige fellesopplegget, blant anna nedfelt i drøftinger i NATO Special Committee og NATO Security Committee, at maoister, som andre venstre- og høyreekstreme grupper skulle utelukkes fra forsvarsrelaterte stillinger." (1)

Samarbeid med Gestapo på 30-talet

Fiendebiletet endrar seg både for tenestene og dei regjeringane dei har som oppdragsgivar. Dei har tildels hatt andre fiendebilete enn dei har vedkjent seg offentleg. Eit tilbakeblikk til midten av 30-åra kan illustrere dette. Dvs. til den tida da tyske kommunistar alt hadde sitti nokre år i Hitler sine leirar, men framleis nokre år før andre verdskrig braut ut. Den tyske kommunisten Ernst Wollweber vart i november 1935 innkalla til møte i Moskva. Han fekk til oppgåve å starte oppbygginga av ein hemmeleg, anti-tysk sabotasjeorganisasjon. Arbeidet starta på nyåret 1936. Wollweber la hovudbasen for arbeidet til Oslo og ba Martin Hjelmen, ein 32 år gammal sjømann som nettopp hadde fått seg jobb som bygningarbeider på Rådhustomta i Oslo, om å arbeide for seg. Hjelmen fekk Nord-Atlanteren som ansvarsområde. Martin Hjelmen stod frå dette tidspunktet i spissen for oppbyggjinga av den organisasjonen som under krigen vart kjend som "Osvald"-gruppa. Skipsattentata som Wollwebers organisasjon gjennomførte skapte trøbbel for Hitler, med 1938 som eit toppår. Gestapo jobba for å få til samarbeid med skandinavisk politi. I juli 1938 fekk Gestapo ei melding frå kriminalassistent Bjerring i Københavnpolitiet, som hadde etterforska skipssabotasjonen over ei viss tid. Han peika ut Ernst Wollweber som ansvarleg. Ein Gestapo-delegasjon reiste få dagar seinare til Göteborg og Stockholm for å setje samarbeidet med svensk politi i system. I tida som følgte vart det drivi omfattande internasjonalt politisamarbeid mellom dei tre nordiske landa og Gestapo.

- og på 40-talet

10. februar 1940 gjennomførte over 2.000 svenske politifolk husundersøkjing hos 1.009 kommunistar. Aksjonen kasta lite av seg som aksjon mot det svenske kommunistpartiet, men heime hos tapetseraren Theodor William Jonsén i Ängby utafor Stockholm trefte politiet tilfeldig på nordmannen Fridtjof Johannesen. Han viste seg å ha nordiske reisekort på to namn til, og etter tre dagars arrest oppga han rette navnet sitt: Martin Rasmussen Hjelmen. Han var den einaste som vart sitjande fengsla etter storrazziaen. 20. januar 1941 vart han utlevert til norsk politi på Kornsjö og dagen etter vart han plassert i fengslet i Åkebergveien i Oslo. Han vart henta av Gestapo neste dag og så sendt til Hamburg.

Alle desse opplysningane er henta frå Lars Borgersrud si doktoravhandling om Wollweber-organisasjonen i Norge. I Riksarkivet har han saman med andre dokument om "Den interskandinaviske bolsjevikbanden" funni eit papirark datert 22.1.41: "Martin Rasmussen Hjelmen. Løslatt fra fengselet, blir hentet av tysk sikkerhetspoliti, - meddeler Dybhavn." Under denne teksten hadde ein betjent føyd til: "Angj. hentet av det tyske sikkerhetspoliti klokka 17."

Gestaposjefen sjøl, Reinhard Heydrich, var svært fornøgd med at det internasjonale politisamarbeidet som kom i gang på 30-talet, fortsette upåverka av krigen. I eit brev til utanriksminister Ribbentropp 8. august 1941 skriv Heydrich mellom anna at "ved hjelp av det omfattende materiale som det svenske politi har oversendt til det tyske sikkerhetspoliti, er det blitt mulig såvel å arrestere og overføre den norske sabotasjelederen Hjelmen i hendene på Gestapo, ..."

Etter langvarig tortur vart Hjelmen dømt til døden. Han vart halshogd i Brandenburg 30. mai 1944.

Norske, hemmelege tenester under 2. verdskrig

Men korleis arbeidde så dei hemmelege norske tenestene under krigen, dvs. dei som sto under kommando av London-regjeringa? Gjorde dei sitt til å samle alle krefter til kamp mot nazi-Tyskland, eller var det ein annan, indre fiende som til dels hadde høgare prioritet?

Asbjørn "Osvald" Sunde overtok leiinga av den norske avdelinga av Wollwebers organisasjon etter at Hjelmen vart arrestert. Året etter Hjelmen vart utlevert til Tyskland sprengte "Osvald-gruppa" Statspolitiet sitt hovudkvarter i Henrik Ibsensgate i Oslo og drap ein av dei mest forhatte torturistane der. Heimefrontleiinga sende da straks brev til Londonregjeringa og kravde tiltak for å få slutt på slike aksjonar. Statsminister Nygårdsvold følgte opp med to tiltak. For det eine fordømte han aksjonen i ein tale over London Radio. For det andre innleidde Londonregjeringa eit samarbeid med C-byrån i den svenske Försvarstaben om registrering av alle kommunistar blant norske flyktningar som kom til Sverige. Svensk politi sørga både for tett overvaking av kommunistane så lenge dei var i Sverige og for at kommunistlistene vart sende til Berlin. Hitler fekk dermed mulighet til å følgje opp det mellomstatlege politisamarbeidet mot kommunistisk sabotasje som vart innleid på 30-talet.

Etter krigen reiste NKP krav om at norske myndigheter skulle krevje erstatning frå Sverige til Martin Hjelmens etterlatne. Den norske regjeringa reiste eit slikt krav, men Lars Borgersrud dokumenterer at fungerande utanriksminister Einar Gerhardsen i august 1947 sende ein hemmeleg instruks til den norske legasjonen i Stockholm om "å handtere saken 'mest mulig i stillhet' fordi saken 'har vakt oppsikt i visse kretser i Norge'". Dette var eit halvt år før same Gerhardsen heldt den berykta Kråkerøy-talen der han starta ei landsomfattande heksejakt på kommunistar.

Det ville nok svekka folks tiltru til den norske Londonregjeringa om det hadde vorti kjend at Nygårdsvold & co hadde sett i gang ei kommunistregistrering som førte til at namna på alle dei Sverige-flyktningane som fekk kommuniststempel, vart sendt til Berlin. Etter krigen var kommunistarkivet frå Sverige ein del av startkapitalen til dei nye hemmelege tenestene som Gerhardsen-regjeringa bygde opp.

Dette kan tene som bakgrunn både for noen ord om det dei hemmelege tenestene har drivi med dei siste tiåra og for diskusjonen om det dei driv på med i dag, etter at Danielsen-utvalet har lansert sine idear for å modernisere Overvakingspolitiet.

POT-tenestemenn på landsmøte i NGS

Eit tilfeldig sitat frå Bergh/Eriksen kan gi ein liten peikepinn: "Politiet i Trondheim skaffet seg flere informanter i studentmiljøene i byen og POT-ansatte her var ofte selv til stede på åpne møter, blant anna i Studentersamfunnet. Overvåkingspolitiet kunne dermed kartlegge ml-virksomheten og enkeltpersoner i Trøndelagsområdet med et tilsynelatende vellykket resultat. Overvåkingspolitiet fulgte på 1970-tallet også den politiske radikaliseringen i Norsk Studentunion, Landslaget for norske Lærerstudenter, Norges Gymnasiastsamband og Yrkesskoleelevene og lærlingenes interesseorganisasjon. NGS-landsmøtene i 1973 og 1976 ble overvåket, og polititjenestemennene forsøkte å blinke ut deltakere etter politisk oppfatning på lister de på forhånd hadde skaffet seg. Generelt ble det drevet en meget detaljert og omhyggelig registrering av ml-ere i utdannelsessystemet, særlig i første halvdel av 1970-tallet. (...) Overvåkingspolitiets interesse for ml-dominert virksomhet favnet vidt. Det hadde sammenheng med, som en tjenestemann uttrykte det at 'AKP og Rød Ungdom har etterhvert opprettet en rekke komiteer til aksjon mot litt av hvert'. Disse framstilles riktignok som tverrpolitiske, 'men det er ikke vanskelig å se at ml-erne har en finger med i slike aksjoner'. (Det siste er eit sitat frå politifullmektig Asmund Seiersten i eit notat til politimeisteren i Florø. E.F.s merknad.) (...) Et eksempel på hvor langt POTs interesser kunne gå, er registreringen av ml-aktivister i borettslag i Oslo og Asker." Men, skriv Bergh/Eriksen: "Langt mer ressurser brukte overvåkningspolitiet på å kartlegge ml-ernes internasjonale solidaritetsarbeid. Det gjaldt arbeidet i organisasjoner som Antiimperialistisk komite for den 3. verden, FNL-gruppene, Den norske solidaritetskomite for Vietnam, Chileaksjonen og Norge ut av NATO. POT forsøkte i noen grad å identifisere solidaritetsorganisasjonenes lokale kontakter."

Overvakingssjefen godtok innbrot og lommetjueri

Overvakingspolitiet har gjort innbrot, slik som hos FNL-gruppene i Trondheim på 70-talet, dei har drivi med romavlytting og telefonavlytting, dei har utført arbeid på oppdrag for israelske Mossad i strid med norsk lov, osv osv. La oss berre ta med eit par av Bergh/Eriksen sine anonymiserte eksempel på kriminell handlemåte. Ein politiinfiltratør var på sommarleir i Trøndelag på 1970-talet: "Vedkommende, eller politifolk som denne slapp inn etter at kontrollsystemet var blitt sjaltet ut om natten, foretok bl.a. 'innbrudd' på leirkontorer. Vesker og dokumentmapper ble åpnet og undersøkt. Politiet skaffet seg på denne måten kopier av ml-materiale, flere navnelister over medlemmer og de personlige notatene til den lokale ml-lederen. Overvåkingssjefen ble holdt informert om de spesielle arbeidsmetodene som ble benyttet av overvåkingspolitiet i Trondheim." (2) Det får klare seg med eitt eksempel til: "Da Tramteatret i 1977 gjestet Trondheim, skaffet Overvåkingspolitiet seg, uvisst på hvilken måte, en av de kvinnelige skuespillernes notater, telefonliste og 7. sans." (3)

Interneringslister før og no

Eitt anna saksområde er interneringslistene. Det er planene for kven som skal arresterast utan lov og dom i tilfelle ein krise- eller beredskapssituasjon. Fram til utpå 70-talet laga POT særskilde A- og B-lister over personar som skulle internerast. Det var tidkrevjande arbeid, og listeføringa var alltid litt på etterskott. Systemet i Norge vart endra sist på 70-talet og først på 90-talet.

La oss igjen sjå kva POTs eigne biografar skriv: "Omleggingen av interneringssystemet i 1978 hadde først og fremst en praktisk begrunnelse. Sist på 70-tallet kunne overvåkingssjefen konstatere at antallet overvåkingssaker (dvs. personar som vart konstant overvaka, E.F.s merknad) nærmer seg oppgavene over listeførte A og B-personer. Videre mente han at dersom det var opprettet en overvåkingssak på en person, ville det i en beredskapssituasjon med meget få unntak foreligge vilkår for pågripelse og forvaring. Følgelig så man muligheten for et 'columbi egg'. Overvåkingssakene kunne rett og slett legges til grunn for internering. (...) Med dette grepet slapp overvåkingstjenesten alt arbeidet med en særskilt liste, blant anna veiing av A- og B-kandidater og regelmessig ajourføring og sanering."

Noverande nestsjef i POT, Per Gammelgård, har fortald til Bergh/Eriksen at det i 1978/79 var 350 norske borgarar som skulle pågripast i tillegg til 100 utlendingar.

Justisminister Cappelen ville internere 40 ml-arar

"Når omlag 40 ml-ledere var plassert på interneringslister i 1980, dvs. omlag 20 prosent av det totale antallet som skulle pågripes, var det selvsagt et uttrykk for at overvåkings- og sikkerhetstjenesten så ml-virksomheten som en potensiell trussel i en krigssituasjon. Også justisminister Andreas Cappelen ble orientert om dette forholdet og må ha godkjent at det av sikkerhetsmessige grunner var nødvendig å internere en rekke ml-ere. Hvorvidt dette var en realistisk trusellvurdering tatt i betraktning ml-bevegelsens sterkt antisovjetiske innstilling, er et helt annet spørsmål og høyst tvilsomt". (4)

Men sjøl om dette var aldri så tvilsamt, så hadde justisministeren altså godtatt at 40 tillitsvalde i AKP og RV skulle fengslast på ubestemt tid - utan lov og dom, omtrent sju-åtte år etter at AKP vart stifta og RV stillte til val for første gong. Fleire av dei som stod på interneringslistene, brukte mykje av den politiske arbeidskrafta si i 1980 til å dra i gang arbeidet i den nystifta Afghanistankomiteen.

Fagleg strid om interneringslistene

Interneringssystemet har vori og er omstridd i POT, på eit reint fagleg grunnlag. Bergh/Eriksen røper at det mot slutten av 1980-talet var usemje om korleis ein skulle sikre at dei rette folka vart internert: "Helge Claussen, leder for overvåkingstjenesten i Nord-Norge gav uttrykk for at i en krisesituasjon burde egentlig en rekke personer i observasjonsarkivet pågripes før en del av overvåkingsobjektene. Flere alternative ordninger ble drøftet internt." (5) Men det er vanskeleg å leggje om til eit nytt system: "På et inspektørmøte høsten 1988 endte man imidlertid opp med å fastholde at overvåkingssakene fortsatt skulle danne grunnlaget for beredskapstiltaket."

Kva er så status i dag? Det vi kan lese hos Berg / Eriksen, er at det var overvakingssjef Grøndahl som i 1992 gjennomførte enda ei modernisering. Han "avskaffet systemet med internering av forhåndsbestemte personer (...) Istedet grep overvåkingstjenesten til en ad hoc-betont løsning: Den aktuelle krise- eller krigssituasjon skulle danne grunnlaget for hvor mange og hvilke grupper som skulle bli gjenstand for forvaring. Interneringsfullmakten lå fast, men ingen bestemt person var altså forhåndsuttatt." (6)

Det viser at POT er i stand til å kvitte seg med gamle metoder og utvikle nye, utan å tape målet av syne. Viss nokon av oss blir fengsla utan lov og dom i det regjeringa kallar ein krise- eller beredskapssituasjon, kan vi trøyste oss med at det er ei ad hoc-løysing som Jan Grøndahl tenkte ut da han var overvakingssjef. Grøndahl er i dag politimeister på Hamar. (Litt av det lovstridige avlyttingssamarbeidet hans med Telenor i 1994 er dokumentert i boka Livet bak murene, sidene 60 -69. RV-kontoret har enda nokre bøker igjen.)

Det nyaste eksemplet med romavlytting som Bergh og Eriksen nemner, er eit kurdarmøte arrangert av AKP i 1980. Det var det året generalane i Tyrkia gjorde statskupp, men Bergh/Eriksen opplyser ikkje om det var før eller etter militærkuppet.

Fotnoter:

Trond Bergh og Knut Einar Eriksen: Den hemmelige krigen. Overvåking i Norge 1914-1997, Oslo: Cappelen akademisk forlag 1998, 2 bind, utarbeidet på oppdrag av Justisdepartementet.